lørdag 28. juni 2008

Leaving on a jetplane...

Om 2 og ein halv time er eg på veg til Sunniva, og eit døgn seinare er eg i Paris.

Oppdatering og bilete kjem sannsynlegvis, stej tiund!

tirsdag 24. juni 2008

It won't be long till happiness steps up to greet me

Eg fekk 6 på franskeksamen, og eg er nr. 3 på vervetoppen. Eg berre nemner det. :)

Elles har eg funne ut at eg ikkje orkar å prøva å oppsummera kva som har hendt sidan sist. Eg vil heller seia noko om kva som kjem til å henda. Eg kjem til å overraska meg sjølv, og verda kjem til å overraska meg. Ei forandring kjem. (Dette vart litt Tony i West Side Story. Hm.) Sidan "planen" ikkje gjekk så bra, er det berre rettferdig om noko anna skjer. Og det gjer det nok. Eg gler meg!

Heilt konkret så skal eg reisa til Paris på sundag. Eg har droppa Skjærgårds (med Jars of Clay, for søren!!) og sumarleir med NMU (med sjølvsagte føremoner, hihi) for å gjera dette. Det bør verta bra! Og det gjer det nok.

Etterpå har eg ingenting å gjera. Eg har ikkje jobb, eg har ikkje fleire planar, eg har ikkje ein fantastisk idé til særemnet som eg kan byrja å skriva på. (Det tyder ikkje at eg ikkje skal prøva, men) difor har eg masse tid til å gjera Kva Eg Vil. Og kva det er, vel, det kjem i eit anna innlegg.

Til slutt litt "metafiksjon" som ikkje er fiksjon. No når eg skriv dette, klarer eg ikkje irritera meg over at det eg skriv ikkje vert lagra undervegs. Kva har hendt? Det var jo den beste funksjonen med heile greia! Nesten. Dette er ikkje bra. Kva om dataen min hadde skrudd seg sjølv av no? Då måtte eg jo ha skrive heile innlegget om att. Huff og huff.

torsdag 19. juni 2008

Avslutningar

Når skuleåret er over, er òg pikekoråret over. Dette medfører at koret må samlast i ein hage på Sola. På måndag gjorde me nett det. Etter mykje stress og gåing-av-på-feil-haldeplass, var me fulltalige og kunne setja i gong med å syngja (medan naboungane spionerte), eta pizza (og etter kvart kake), leika og sjå Mary Poppins. Koseleg! Det er så mykje kjekkare å syngja i kor når alle kjenner kvarandre litt betre enn me gjorde i byrjinga. Kanskje det er bra me ikkje er så mange?

Når skule- og pikekoråret er over, er òg nynorsk-året over. (For min del, i alle høve, sidan eg ikkje skal på sumarleiren... trist!) Dette medfører at nynorsk-folk må samlast (uoffisielt, vel å merka) i ein hage på Sandnes. Igår gjorde me nett det. Fyrst var me berre 5 personar, men det kom fleire etter kort tid. Det var ein innhaldsrik kveld, men vanskeleg å oppsummera :P stikkord er regn, mais, og ei brisen Eva. Interessant ;)

Når skuleåret faktisk offisielt er over, må skulen gjera noko sprøtt for å syna seg for turistane. Idag gjorde me nett det: me "dansa" polynese i byen. Lærarane var søte, me andre var våte. Likevel tykte eg det var litt kjekt. Etterpå sto me foran hovudtrappa og høyrte på/såg underhaldninga til 3. klassingane. Morosamt nok, det, heilt til 3D song "Pikekoret, sorry, alle hate dokk!" Eg vart sjølvsagt djupt såra og vonbroten, men tok det som ein mann (?) og gjekk bort til kakebordet for å sikra meg eit stykke. Så sto me der og åt kake og fraus.

Gjev eg var i eit varmare land!

tirsdag 17. juni 2008

Herr og fru Rege Gårdsvoll

Då har eg vore i bryllaup, for andre gong i livet mitt. Det var ganske spesielt, av fleire grunnar. Men det kjem eg tilbake til.

Det heile byrja med ein SMS frå Sigrid om at Helge hadde fridd, og at ho hadde sagt ja. Ikkje så lenge etter fekk eg vita datoen for bryllaupet. Ei stund etter det spurde Sigrid om eg kunne gjera henne ei teneste. Ho skulle nemleg ha ein gjest frå Canada, og trong nokon til å omsetja for henne. Det høyrtest jo spanande ut, det, så eg sendte ein mail til denne jenta, Christi heitte ho visst.

Fram i tid. Det er onsdag før bryllaupet, altså dagen for utdrikningslag, og eg stressar livet av meg for å koma til Sandnes (det er rushtid og eg har brukt for mykje tid på å finna noko å ha på meg. Kvifor er det så vanskeleg, eigentleg? Eg plar ikkje stressa så mykje med slikt. Jaja.) og kjem omsider fram til Amfi Vågen og spottar dei andre. Gir Sigrid ein klem, og får greie på kven det er som er Christi. Me byrjar å vandra rundt i Sandnes...

Sigrid fekk nokre telefonnummer som ho skulle ringa til for å spørja om ekteskapsråd. (Dei sa slikt som "Snakk mykje saman" og "Ver uegoistiske" og "Byt på å laga middag".) Ho fekk ein saksofon i handa, og skulle spela til inntekt for brudekjolen. (Ho fekk 2 kroner.) Ho fekk 10 raude roser som ho skulle gi til framande menn, helst attraktive menn. (Fleire sa nei takk!) Så dro me heim til forlovar Marit, og åt taco.

Så kom laurdagen, og eg gjekk fyrst til frisøren. Ho sette opp håret mitt i ein ganske fænsi frisyre sett saman av mange fletter av ulik tjukkleik. Ho brukte 43 hårnåler og 9 fliseklemmer og 13 strikker. Ho skulle sjølv gifta seg ganske snart, og dei skulle til Okinawa på bryllaupsreise. Spanande!

Snart måtte eg skunda meg i kyrkja, og drog med meg den store eska med bryllaupsgåva, som var ein brødristar (typisk amerikansk gåve) og ei kokebok som heiter "Gi oss idag..." og inneheld oppskrifter på brød (bibelhumor, ja!). Gudstenesta var heilt perfekt, ikkje for klissete og ikkje for keisam. Presten, Sindre Eskedal, kjenner Sigrid (og meg, for den saks skuld) godt frå Ljosheim Ungdomsgruppe. Difor vart talen hans akkurat passe personleg. Musikken var òg fin, trass i at forsangardama var litt for Celine Dion for min smak. Så ga dei kvarandre ringane, og alt det der. Det heile skjedde ganske fort, men det var veldig fint.

Etterpå køyrde me bort til festlokalet Himmel&Hav (tidlegare Strandleiren). Christi og eg sto og såg medan nokre jenter pakka opp gåvene. Me åt nokre druer og snakka om ymse ting, men hovudsakeleg Noreg. Om me ikkje hadde hatt kvarandre, kunne den ventetida vore uuthaldeleg. Men det var ganske hyggeleg.

Middagen var SKAMGOD. Seriøst. Det var ganske enkel mat, eg kunne sikkert ha laga det sjølv, men det smakte heilt himmelsk! Og så kom det jo dessert OG kaker i tillegg... *vann i munnen* det var rett og slett fantastisk. Berre maten var nok til at eg tykte bryllaupet var vellukka! Men sjølvsagt var der mykje meir enn det, òg. Til dømes talene. Alle greidde faktisk å halda talen sin utan å gråta, og dei var både morosame og vakre. KK-Anja hadde vore nøgd ;) det var ei utfordring for meg å omsetja dei sunnmørske folka sine taler, særleg når eg sleit med å forstå sjølv. Men det gjekk greitt.

Nokre av veninnene til Sigrid hadde underhaldningsinnslag etter middagen. Til dømes vart brudeparet testa i kor godt dei kjente kvarandre. Dei var samde om det meste, det lover godt, tykkjer eg! Elles var det masse fotografering, alle ville ha bilete av Sigrid og av seg sjølv saman med Sigrid og av Sigrid saman med familien og av Sigrid og Helge og av Ju Nejm Itt. Eg gler meg til å sjå bileta.

(Dette treng eit eige avsnitt.) Sigrid var den vakraste bruden i heile universet, og eg overdriv ikkje. Ho er jo alltid flott, då, men i brudekjolen var det nærast umogleg å sjå vekk frå henne. Skjørtet var digert, men ikkje på ein sånn tacky måte. "Overdelen" hadde korte ermer, og det var slik ei snøring-sak i ryggen. Så hadde ho roseknopper i håret. Nydeleg var ho!

Plutseleg var festen over, og plutseleg var det Dagen Derpå. Eg hadde avtalt å treffa Christi i byen, av di ho ikkje hadde noko å gjera heile dagen. Medan eg sat på bussen, byrja eg å blø naseblod. Typisk random uflaks som skjer med meg på ulike transportmiddel. Måtte stoppa det med jakkeermet og gå av med apoteket og få hjelp. Stress. Etter mykje om og men gjekk eg opp til Domkyrkja og sette meg ned med Christi. Eg visste ikkje heilt kva me skulle finna på, i Stavanger, på ein sundag. Me byrja å vandra, nok ein gong.

Me gjekk opp i Valbergtårnet og kikka utover byen. Eg peikte på ting eg visste kva var. Christi tykte utsikten var fin. Eller, ho sa iallfall det :P så gjekk me i Holmegata, og nedover mot Oljemuseet. Ho tykte det høyrtest interessant ut, så me gjekk inn. Fyrst las me alle dei greiene om oljehistorien, så vart det keisamt og me gjekk i Kattastroferommet. Ho greidde det på mykje kortare tid enn meg! Me gjekk i den der nett-sklie-greia, med ein liten gut rett bak oss. Me såg 3D filmen med dinosaurane. Så var me lei av museet, og gjekk på Le Café Francais og åt baguetter. Etter kvart måtte eg dra heim, og me vart samde om at me måtte treffast igjen ein gong.

For å oppsummera, så veit eg ikkje heilt korleis eg skal gjera det. Kanskje eg berre skal skriva at helga har vore fantastisk... ja, eg trur det held.

Helga har vore fantastisk, og dette har vore eit langt innlegg.

fredag 13. juni 2008

Du ju rait de vej ju tåk?

Er det berre eg som tykkjer det er slitsamt å lesa når folk skriv dialekt heilt ortofont?
(Døma er tekne vekk.) Ikkje for å henga ut nokon, eller nemna namn, men Nokon skriv slik konsekvent, og det gir meg hovudverk etter ei stund. Synd, for vedkomande er ganske grei elles :P

Det verste er at eg veit at eg skreiv slik før, eg òg. Men det var på ungdomsskulen, så eg vil tru eg er tilgjeve.

Ikkje misforstå, eg har ikkje noko imot at folk skriv dialekt, eg er faktisk veldig for det, og gjer det sjølv. Men når ein må lesa det fleire gonger og tilmed prøva å lesa det høgt før ein forstår det, så har det kanskje gått litt langt. Eller?

(Sjølvsagt er det annleis med inglisj, for det er berre morosamt. Yay for inglisj!)

tirsdag 10. juni 2008

Skuleåret er i ferd med å pakka kofferten sin.

Nokre ting er for bra til å skriva blogg om. Det er berre for vanskeleg å velja dei rette orda. Merkeleg, men det er ikkje noko å gjera med det.

Standpunktkarakterane kom idag! O lukkelege dag! Eg fekk no akkurat dei karakterane eg forventa, likevel var det godt å få det stadfesta. Frametter har me berre fri og infomøte og fri og infomøte og rebus og så er det plutseleg siste skuledag! Hæ? Allereie?

Kan eg sutra litt? Viss du tykkjer nei, ikkje les vidare. Det var sumaravslutning med dansen idag, eg trur det er fyrste gongen eg har vore i same rom med talentklassen utan å trena. Dette førte til ei oppdaging: eg har absolutt INGENTING (utanom dans, då) til felles med desse jentene. Det er litt teit at etter eit heilt år i ei dansegruppe, så er eg like lite ein del av gruppa som eg var på auditionsdagen. Dansarar kan vera særs usympatiske.

Velvel. No må eg koma med ein hyllest til min nye beste ven, Buksa. Etter å ha brukt Buksa 3 gonger, er alle andre bukser ubehagelege. Eg kjem til å slita henne ut, så sykt òg. Takk, Cubus, for at de heldt fram med å selja Buksa!

Utdrikningslag i morgon. Difor skal eg no stilla eit spørsmål som ikkje er typisk meg i det heile tatt, av den enkle grunn at eg absolutt ikkje har peiling i dette tilfellet. Nemleg: Kva skal eg ha på meg?

torsdag 5. juni 2008

Karamell og loff og slikt

Kjekk liste-sak

- Skulen er meir eller mindre over!
- Dansefesten gjekk strålande!
- Eg har billett til Coldplay-konsert!
- Sigrid skal gifta seg om 9 dagar!
- Det er framleis fint ver!
- Denne helga vert morosam!

Ikkje-så-kjekk liste-sak

- Streiken er over.
- Eg har hatt min siste dansefest.
- Snart flyttar alle 3. klassingane vekk.
- Eg er plutseleg allergisk.
- Pengar veks ikkje på tre.
- Jobbar veks endå mindre på tre.

Å-korleis-skal-dette-gå liste-sak

- Ein venskap er i ferd med å verta heila?
- Me får snart karakterane?
- Husdyret er heime og eg har høve til å snakka med han?
- Eg må finna kostyme til bursdagen i helga?
- Har ca 3 veker på meg til å fullføra "planen" min?
- Som truleg går i vasken uansett?

tirsdag 3. juni 2008

Eg vart utfordra! :D

Yay! (Takk til Eirik)

Dette skal eg altså gjera:

- plukk opp den nærmaste boka
- opna henne på side 123
- finn den femte setninga
- legg ut dei tre neste setningane
- «tagg» nokre folk og heidra henne eller han som «tagga» deg

På bordet her er det berre ordbøker. Eg har særs lite lyst til å berre skriva tri ord, så eg tek den nærmaste boka som inneheld heile setningar. Og det er "Undringens labyrinter" av Trond Berg Hansen, diverre på bokmål.

"Ingen kan nemlig bestride kontradiksjonsprinsippet uten å benytte seg av det. Den som ville lage et begripelig argument mot det, ville like fullt måtte legge prinsippet til grunn for sitt angrep. Ingen diskusjon er mulig uten på dette grunnlaget."

Dette var kjekt, trur kanskje eg skal lesa meir i den boka.

No vil eg at Lisabeth, Monique og Ragnhild skal gjera dette. Ver så god!