Viser innlegg med etiketten blogg. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten blogg. Vis alle innlegg

onsdag 6. april 2011

Ny blogg?

Eg er litt lei av bloggen eg har no. Heile greia er liksom så... 2008. Til dømes er eg ikkje så nøgd med utsjånaden/utforminga, det er rotete og vanskeleg å jobba med. Tittelen og adressa er heller ikkje heilt meg lenger. Eg har ein draum om å få laga ein blogg som er presentabel og som eg tør å fortelja litt fleire om og leggja ut på facebook osb.

Men så lurer eg på så mange ting.

1. Skal eg byta til ein annan... kva heiter det, bloggleverandør? Wordpress er litt herleg å jobba med (har eg høyrt frå Sandra Nilsen i MÅL og BART), men det praktiske med Blogger er at her har eg samla denne vanlege bloggen, dansebloggen (som ligg litt i dvale for augneblinken) og bokbloggen i ein konto, på ein måte. Viss eg startar ein wordpress-blogg, vil eg måtta logga på to ulike konti. Eg kan rettnok berre laga ein ny Blogger-blogg, men æh. Hm.

2. Skal eg prøva å laga ei utforming og eit "design" sjølv, få ein ven til å gjera det, eller betala nokon for å gjera det? Det siste trur eg eigentleg ikkje eg vil, i min økonomiske situasjon, og særleg når eg har så få lesarar.

3. Skal eg gjera ei sånn redirect-greie frå den gamle til den nye, eller skal eg berre linka frå den gamle til den nye? Det hadde jo vore litt kjekt å få med nokre av dei gamle innlegga. Hm.

4. Skal eg snevra inn innhaldet i bloggen? Skal eg ha eit "tema"? Eller skal eg halda fram slik som no?

Så mange spørsmål, så få svar. Eg tar imot alle innspel med stor takksemd!

onsdag 1. september 2010

Hjelp, eg er ein himla dårleg bloggar!

(Tittelen er inspirert av alle dei himla dårlege filmane med himla teite titlar som byrjar med "Hjelp" og sluttar med ropeteikn)

Eg har ein ambisjon om å gjera denne bloggen litt interessant. Veit ikkje heilt korleis eg skal gjera det utan å verka som ein dårleg imitator av eitt-eller-anna, men me får sjå. Kanskje blir neste innlegg verdt å lesa og ikkje ei kvasiemosjonell skildring av det eg tenkjer på når eg er aleine om kvelden.

Følg med!

tirsdag 12. mai 2009

Blogging og meg

Eg trur eg ventar med å endra bloggtittel.

Sånn elles har eg tenkt at eg kanskje eg skal byrja med eit lite nytt prosjekt. På den same brukaren som denne bloggen, har eg no laga ein danseblogg. Kanskje får eg nokon med meg, kanskje gjer eg det åleine. Men tanken er iallfall at eg skal konsentrera meg om dei danserelaterte opplevingane mine der, så kjem resten her. Men eg får sjå om eg gjennomfører det. Følg gjerne med, om de er interesserte (eg ventar ikkje at nokon som ikkje driv med dans gidd å lesa).

I tillegg er eg med på ein russeblogg. Eg var ikkje heilt sikker på om eg skulle "brifa" med det, men no er det jo berre nokre få dagar igjen, så det får gå greitt. (Edit: no har eg fjerna meg frå bloggen og har difor òg fjerna linken her.) Føremålet med russebloggen er å få superknute. Best å vera ærleg. Men så er det i tillegg litt underhaldande, då :)

lørdag 18. april 2009

Super title me

Okei, eg veit eg bryt ein løfte no ("resultatet av dette får de sjå i neste innlegg"), men fyrst må eg berre spørja dykk om noko.

Eg er litt lei av bloggtittelen. "Velkomen til planeten", liksom? Teit? Ja. Så eg trur kanskje det er på tide å finna ein ny tittel. De får 2 dagar (+-) på å gjera framlegg om tittel. Dersom ingen har framlegg, eller eg ikkje likar dei, så skal eg finna nokon som de kan røysta over, i stilen kva-skal-sykkelen-til-Lisabeth-heita. Eller dersom eg likar fleire av framlegga, så vert det den same prosedyren. Tog dokk an?

(Eigentleg skulle eg kanskje ha endra adressa òg, men. Det får venta litt.)

Ha ein glitrande laurdag! Det skal eg.

lørdag 10. januar 2009

Let the happiness come in

Det er heilt merkeleg, eg har vore i så godt humør så lenge no, at eg er nesten redd for at noko skikkeleg gale skal skje. Altså, rundt meg er det alvorlege og triste ting som går føre seg, og eg har sjølvsagt sympati med dei det gjeld, men samstundes har eg det berre så bra at eg ikkje kan skjula det!

Og så har eg plutseleg fått noko heilt spesielt å gleda meg til. Stej tund...

Skuleballet i går var det kjekkaste ballet eg har vore på. Kven visste at det var så mange pene folk på Kongsgård? Kven visste at lærarane kunne dansa? Pluss ein aldri så liten bonus: Marinen. Treng eg seia meir?

Eg har redigert "Neste år?!" og håpar på innspel. I tillegg har eg laga ein filosofiblogg (skuleprosjekt), og når eg kjem i gang med det, skal eg vurdera å leggja ein link her.