Viser innlegg med etiketten advent. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten advent. Vis alle innlegg

torsdag 2. desember 2010

Glimt av advent

I år greidde eg å finna den perfekte måten å innleia kyrkjeåret på. På fyrste sundagen i advent var det lysmesse i Majorstuen Kirke med flott korsong og det som elles høyrer til lysmesser. Det var inkje mindre enn magisk. Sentimental som eg var den dagen (ja, den dagen, shut up!) så grein eg meg gjennom heile greia.

I går var det som kjent 1. desember, det dei fleste tenkjer på som fyrste dagen i advent. Eg har ingen fysisk adventskalender i år, så eg har meldt meg på masse konkurransekalenderar pluss ein veldig fin Alternativ Julekalender, kor eg får lasta ned ein song kvar dag. Desse skal eg laga ein fin cd av og no røper eg kanskje ei julegåve men kanskje ikkje kven veit og gi til nokon til jul kanskje. Eller berre til meg sjølv, det funkar òg. Ein annan morosam kalender eg følgjer med på er ein på youtube som Fredrik frå ungdomskoret mitt lagar. Han "drøser" og syng og det er intenst.

Men, det eg eigentleg skulle seia om i går var at eg bestemte meg litt sånn halvspontant for å gå på solidaritetsgudsteneste i domkyrkja i samband med aidsdagen. Det var ei stemningsfull gudsteneste, og etterpå var det mange som var med og gjekk i fakkeltog (eg hadde ikkje tenkt å vera med, men de kjenner meg, eg har ein tendens til å bli med på ting likevel). Det var ei veldig fin oppleving.

På sundag er det juleavslutning med SmiO. Då skal eg syngja ein song, for å seia det sånn. Det er ikkje kvar dag. (Eller, jo, eigentleg. Men det er ikkje kvar dag eg bevisst syng for andre.) Som de kanskje veit så er ein av favoritthobbyane mine å omsetja/gjendikta songar, og då me i styret fekk i oppdrag å bidra med kulturelle innslag, så fekk eg eit påskot til å dikta ferdig julesongen min, og rimløysingane kom som vanleg til meg i dusjen. Så de som kjem til Jens på sundag får høyra eit... eh... ein song. (Eg skulle til å skriva meisterverk, men eg vil ikkje byggja forventningar. Eg er ikkje Elvis, liksom, eg berre latar som.)

Elles driv eg og les til eksamen for tida. Det kjenst litt vondt at eksamen skal prega adventstida såpass mykje, men heldigvis er eg heilt ferdig om litt over ei veke, og då kan eg reisa heim til dei gamle og ha ordentleg advent. Det blir fint.

Her er mi omdikting av det siste verset i "Have yourself a merry little christmas":
(Dette er ikkje den offisielle julesongen min - den skal de få sjå fyrst etter urframføringa!)

snart så ska du hjem te mor i julå
ka som måtte skje
får du bare overleva fram te det
så håbe eg at du får kjenna julefred

fredag 27. november 2009

Everything's changing...

1. Det er ein ny modulperiode. På måndag hadde eg smårettar med husmor og 7 andre elevar. Me laga spaghetti med saus/gryte med masse gode grønsaker. Og me prata og høyrte på dårleg musikk. I dag hadde eg kyrkjedans med søte danselærar og 3 andre elevar. Me lærte ein fin dans til "Å kom Immanuel" (instrumental). Så var det Dynamis (kor), og me song "Det lyser i stille grender" så fin som eg aldri har høyrt han før.

2. Veldig, veldig snart er det advent. Om berre pittelitt over eit døgn, faktisk. Der er sånne stjerner i vindauget i matsalen allereie. Snart skal eg byrja å laga julegåver. Julemusikken er i øyrene på folk. Ullklede er på kroppane. Veldig snart er peparkaker og marsipan i magane.

3. Romkameraten min har flytta ut. Eg er einebuar, og veit ikkje om eg er nøgd med det eller ikkje. (Så vidt eg veit er det ingen som har lyst å flytta inn.) Som eg sa til nokon i dag, så kjem eg til å sakna å ha nokon å seia god natt til rett før eg sovnar. Men det kan vera herleg å bu åleine òg. Må kanskje venna meg til tanken - og plutseleg finn eg kanskje ut at eg likar det best slik. Kanskje.

4. Tida går plutseleg dritfort og eg hatar det for eg vil ikkje at dette året skal ta slutt.

mandag 1. desember 2008

Eg kjem ikkje til å skriva eit blogginnlegg kvar dag i adventen.

Og det er kanskje like greitt for dykk. Men akkurat i dag vil eg skriva eit litt seint Thanksgiving-innlegg. Sidan eg er amerikansk av opphav, har eg lov til det. På sjølve dagen sat eg forresten og skreiv på særemnet, men eg fekk gresskarpai, då =)

Eg er takksam for:

Gud (okei, to innlegg på rad kor eg nemner Gud, diil vitt itt)
familien min (ja, faktisk! Men dei irriterer meg grenselaust.)
venene mine (sans eux je serais perdue)
at eg bur i Noreg (og ikkje til dømes USA. Det er eit greitt land, det òg, altså. Men Noreg er mykje tryggare. Pluss at eg då sannsynlegvis ville vore einspråkleg.)
skulen min (med flinke lærarar og høge krav - eg har godt av det)
helsa mi (som faktisk er ganske grei, trass i at eg ofte trur ho ikkje er det)
musikk, litteratur, kunst og dei (som kan formidla kjenslene mine betre enn eg sjølv kan)
mat (som held meg levande og ofte gir meg mykje glede, til dømes når eg er i Paris)
blogglesarane mine (som held bloggen min i gang. Heilt sant!)
at eg er singel (det hadde de ikkje trudd! Ikkje at eg hadde hatt noko imot å ha ein kjærast, men på denne måten er eg jo fri til å flørta med kven eg vil.)
at særemnet er over (de aner ikkje kor letta eg er. Seriøst.)
at det finst ein julekalender på norsk fjernsyn som har min type humor (då meiner eg ikkje Blåfjell. Tipp tri gonger.)
[prøver igjen, lagt til 3. desember] nynorsken (me har endeleg funne kvarandre og det er ein livslang kjærleik.)

No har eg forventningar om at ein periode med mykje glede og tid til dei eg er glad i skal byrja. (Innfløkt setning.) God advent, alle saman!