onsdag 6. april 2011

Ny blogg?

Eg er litt lei av bloggen eg har no. Heile greia er liksom så... 2008. Til dømes er eg ikkje så nøgd med utsjånaden/utforminga, det er rotete og vanskeleg å jobba med. Tittelen og adressa er heller ikkje heilt meg lenger. Eg har ein draum om å få laga ein blogg som er presentabel og som eg tør å fortelja litt fleire om og leggja ut på facebook osb.

Men så lurer eg på så mange ting.

1. Skal eg byta til ein annan... kva heiter det, bloggleverandør? Wordpress er litt herleg å jobba med (har eg høyrt frå Sandra Nilsen i MÅL og BART), men det praktiske med Blogger er at her har eg samla denne vanlege bloggen, dansebloggen (som ligg litt i dvale for augneblinken) og bokbloggen i ein konto, på ein måte. Viss eg startar ein wordpress-blogg, vil eg måtta logga på to ulike konti. Eg kan rettnok berre laga ein ny Blogger-blogg, men æh. Hm.

2. Skal eg prøva å laga ei utforming og eit "design" sjølv, få ein ven til å gjera det, eller betala nokon for å gjera det? Det siste trur eg eigentleg ikkje eg vil, i min økonomiske situasjon, og særleg når eg har så få lesarar.

3. Skal eg gjera ei sånn redirect-greie frå den gamle til den nye, eller skal eg berre linka frå den gamle til den nye? Det hadde jo vore litt kjekt å få med nokre av dei gamle innlegga. Hm.

4. Skal eg snevra inn innhaldet i bloggen? Skal eg ha eit "tema"? Eller skal eg halda fram slik som no?

Så mange spørsmål, så få svar. Eg tar imot alle innspel med stor takksemd!

4 kommentarer:

Steinrausi sa...

Wordpress er mest chill, spør du meg. Billigt (gratis*!) er det au. Mange av designi som fylgjer med er gjorde vel og høver for dei fleste bloggar.

Du tykkjest ha mykji vettugt på hjartærotæ (som det heiter i Helgeland), så det er vel berre godt om fleire les det du skriv.

* Under kår. Treng du eigen CSS og dilikt, går det nokre fåe kronor åt dét. Men du slepp du å kampa med ting som tenardrift, installasjon og alt derne.

Tove sa...

Wordpress er det som er best om du har kunskapen (på skolen lærer vi om wordpress, det er mer komplisert enn det høres ut) og tiden til å sitte på putle med det. Det er i tillegg en hel HAUG med forskjellige temaer å velge mellom, og der trenger du minimalt med kunskap for å bytte.

Det som er kipt om du bytter er jo at du ikke får med alt du har skrevet. Men ny blogg nye muligheter...

Jeg har vurdert å bytte til wordpress jeg også, men som sagt jeg har jo alle de andre bloggene på blogger, så har ikke orket.

Men husk: its not all about the looks! (:

Odin / Velmont sa...

Du kann, som NMU-jente, få nynorsk.no-blogg gratis. Det er WordPress, og du kann lett og enkelt laga eige tema gratis. Altso, treng du eigen CSS so treng du IKKJE betala for det. Du treng heller ikkje drifta ein tenar, og du fær ei kul adresse som t.d.

sara.nynorsk.no

Du kann òg kopla eit anna domene til dersom du vil det, -- det er gratis frå vår side, men du må jo ha eit domene då.

Sara sa...

Takk for gode innspel, alle! Nynorsk.no-blogg freistar jo litt, då :)