lørdag 5. november 2011

Eg har flytta!

Kom og sjå den nye bloggen min! Alle innlegga herfrå er importerte dit, og det er der eg kjem til å oppdatera frå no av. Hugs òg å endra bokmerke og lenkjer osb :)

fredag 4. november 2011

Nerdetidsfordriv + popkultur

Hei, eg såg du ringte men eg høyrer ingenting
Eg er på ein utestad med dårleg dekning
Kva kva kva kva sa du? å det bråkar så rundt meg
Eg kan ikkje høyra og det passar dårleg

Høyr her, det er yndlingssongen min dei speler no
Eg har ein drink i handa og eg må sånn på do
Du burde ringt meg tidlegare då eg hadde fri
Kan du 'kje snart gi deg, eg har lågt batteri

Ta hintet, ta hintet, eg vil ikkje tenkja i kveld
Hjartet mitt høyrer til på dansegolvet
Ta hintet, ta hintet, eg vil ikkje prata i kveld
Hjartet mitt høyrer til på dansegolvet

Telefonen min drive og vibrere og gnage
For ein lyd det lage, for ein lyd det lage
Snart skrur eg heile driten av for dette e ein plage
Du ringe inn og klage
E det rart eg ikkje svare?

----

Ser de kva song dette er? (Forresten, eg veit eg har blanda nynorsk og dialekt her, men den delen som er på dialekt er trass alt sungen av ein annan person enn resten ;-) Det passa berre best sånn!) Eg har eigentleg omsett heile songen, men er ikkje like nøgd med alle delane.

Ha ein fin fredag!

tirsdag 25. oktober 2011

Det hender eg er redd likevel.

For ei tid sidan blei eg spurt kor i byen eg budde, av ei jente eg nettopp hadde møtt. Då eg svarte at eg budde på Alexander Kiellands plass, spurte ho om eg ikkje var redd. Det hadde visstnok vore ein valdtekt der nokre dagar før. Eg hadde ikkje høyrt om det, og trudde A.K. plass var ein trygg stad. Sidan har eg høyrt om fleire og fleire valdtekter som har skjedd på plassar kor eg ofte går og aldri har tenkt var spesielt shady.

Før var eg heilt uredd for denne byen. Eg visste at sjansen for at noko skjer med meg, er veldig lita. Det veit eg framleis, men noko i meg er blitt litt skremt. Det er ikkje lenge sidan eg sa at det nyttar ikkje å gå rundt og vera redd for at noko skal skje. Eg gjekk heim aleine utan å nøla. No har eitt eller anna skremt meg til å alltid sjå litt mistenksamt rundt meg viss eg skulle gå aleine når det er mørkt. Helst gjer eg ikkje det lenger.

Feministen i meg vil så veldig gjerne vera uredd og uavhengig, og våga å vera aleine, uansett situasjon. Eg ønskjer eg ikkje kjente det behovet for følgje heim. Men ting skjer, og ting kan skje med meg, og eg er ikkje fysisk i stand til å hindra det om eg er aleine. Når eg har følgje heim, tenkjer eg ikkje lenger på at "no har eg nokon med meg som kan banka opp valdtektsmennene", men eg gløymer at slikt er mogleg, og føler meg trygg.

Eg lurer på om behovet for å føla meg trygg er i ferd med å utkonkurrera behovet for å føla meg sjølvstendig. Det plagar meg nesten meir enn alle valdtektene.

Om me jenter alltid gjer alt me kan for å unngå farlege situasjonar... Tyder det då at me tar ansvar for oss sjølve, eller at me lar frykten gå inn på oss? Korleis burde me jenter tenkja og oppføra oss når me er ute om kvelden? Kva kan gjerast for at jenter skal bli uredde? Kva meiner du?

fredag 30. september 2011

Reisesjuka, opplevingssjuka og kjærleikssjuka

Om eit år er eg truleg og vonaleg i Brasil. Eg veit ikkje kor i landet, eller kor lenge eg blir der, eller kva eg skal finna på der. Alt eg veit er at eg skal til Brasil og gjera noko kult.

Ei stund trudde eg hovudgrunnen til at eg ville til Brasil var reisesjuka. Det vil seia at eg alltid er litt "annige" på å flytta på meg og sjå nye plassar og starta litt på nytt. Å ha heilt blanke ark idet eg blir kjend med nye folk er noko som appellerer til meg. Dei eg møter i Brasil treng ikkje vita korleis eg levde i Noreg. Dei treng ikkje vita om fortida mi og om kven eg var før. Så eg har kanskje litt reisesjuka sånn inherent.

Men eigentleg, no når eg har budd i Oslo i eit år, blir eg berre meir og meir glad i byen. Når eg høyrer songar om Oslo eller ser ein plass eg kjenner att på tv eller film, føler eg at dette er byen min, her er eg. Iblant minner eg meg sjølv på at Sara, du bur i hovudstaden. Om det er lenge nok sidan sist eg tenkte over det, kjenst det nesten like merkeleg som dei første dagane på Kringsjå. Samtidig er eg blitt så godt kjend og komfortabel her og eg har laga meg eit liv her og kvardagen min er her og dei eg er glad i er i stor grad her. Eg trivest, og det er ikkje berre noko eg seier til damene som klyp meg i kinna i kyrkja når eg er heime på ferie.

Så det er nok ikkje det at eg vil vekk herfrå som driv meg.

Steg to er at eg trur eg vil til Brasil fordi eg så lenge har tenkt at der kjem eg til å oppleva ting. Eg opplever ting i Oslo stadig vekk, då. Det skjer alltid masse spanande her. Men eg har aldri budd utanfor Noreg. Eg har aldri hatt advent om sommaren eller påske om hausten. Eg har aldri budd ein stad der dei ikkje snakkar førstespråka mine. Eg har aldri vore heilt tvungen til å finna meg eit heilt nytt sosialt nettverk. Eg har aldri vore i kjempepinlege situasjonar på grunn av kulturelle misforståingar. Altså, eg anar ikkje kva det er eg kjem til å oppleva i Brasil, men eg veit eg kjem til å oppleva ting og eg veit eg kjem til å skriva kjenslelada brev heim og eg veit eg kjem til å ha det fantastisk bra og forferdeleg kjipt og alt det andre som går an. Faktisk trur eg ikkje eg byggjer opp urealistiske forventningar no. Dette kjem til å vera noko heilt nytt.

Kanskje det rett og slett er opplevingssjuka som driv meg.

I mellomtida har eg alltid det litt større problemet: Kjærleikssjuka. Det er nokså lett å lata som ein tykkjer det er heilt greitt å vera aleine, men ærleg tala, denne lengta etter ekte nærleik er ein kronisk plage. Så på den eine sida vil eg bli her i tilfelle noko av det som ikkje gjekk så bra går bra likevel. På den andre sida vil eg, og trur eg stundom at eg bør, starta på nytt og vera sterk aleine. Men kva skjer om eg forelskar meg rett før eg reiser? Eller om eg forelskar meg i ein brasilianar? Eller eller eller. Det er så mykje som kan skje og så mange ting ein kan uroa seg for når ein har denne "fatale sjukdomen".

Eg trur allereie det kjem til å bli veldig vanskeleg å reisa. Men eg må.

mandag 26. september 2011

(Førebelse) endringar

Det kjem til å skje nokre sånne framover her på bloggen. Eg veit ikkje heilt enno kva eg kjem til å gjera, men eg kjem til å starta med å endra tittelen på bloggen for den er så dårleg. Seinare kjem eg kanskje til å få meg ein nynorsk.no-blogg. Viss nokon har lyst til å bidra med innspel, tips, design, kva som helst, så blir eg veldig veldig glad og kan henda eg finn ein hyggeleg måte å takka dykk på.

Så er de førebudde på det, liksom!

Ha ein ustatistisk bra måndag!

fredag 16. september 2011

Google verb meme thing

This is the google verb meme thing.

Sara needs a job.
Sara looks like a horse.
Sara says boutique.
Sara wants a manly man.
Sara does Japan.
Sara hates pants.
Sara asks Stephanie to prom.
Sara likes puny Alan.
Sara eats stuff.
Sara wears Garcia.
Sara was arrested for stabbing Tony in the arm (etc)
Sara loves life.

fredag 2. september 2011

Dette semesteret

Til dei som lurer på kva eg gjer dette semesteret, her er the 411 i form av eit intervju med meg sjølv.

Sara, kva fag tar du eigentleg dette semesteret?
Eg tar exphil, fordi "dei" anbefalte å ta det i det tredje semesteret. Det verkar greitt så langt, og eg tykkjer folk overdriv litt med sutringa over dette faget. Eg tar òg innføring i portugisisk, i håp om å få forkunnskapar til å ta 40-gruppe i portugisisk, i håp om å gjera noko kult i Brasil ein vakker dag. Det siste faget eg tar no er morfologi 2. Det handlar om ord og sånn. Det er nerdete og nyttig (håpar eg).

Skulle du ikkje ta ein masse andre ting... sånn som astronomi og barnelitteratur?
Jo, og eg har ikkje gitt opp tanken på det, eg berre utset det litt. Sjansen for å kunna utveksla er visst betre viss eg følgjer det anbefalte studieløpet sånn cirka. Og eg tykte det var rart å ikkje ta eit einaste lingvistikkemne, så eg kunne ikkje dy meg.

Okei, så det er det du gjer på skulen.
Ja.

Kva anna gjer du, då?
På måndagar syng eg i verdas kulaste kor. Me har vore med i ein vakker musikkvideo og me skal spela inn CD og me er big in Germany og det er dritgøy. Me er òg smånerdete og covrar denne medleyen!
Elles sit eg i nokre styre.

Typisk deg. Kva styre då?
Per no: Studentmållaget i Oslo, Mål og Makt (tidsskriftet til SmiO), Motmæle (medlemsbladet til NMU), landsstyret i Norsk Målungdom, studentutvalet (eigentleg eit fagutval) på ILN (institutt for lingvistiske og nordiske studie)... er det noko meir då? Trurkje det.

Travel, du!
Litt.

Kva med dansen og sånn?
Det tar eg litt pause frå akkurat no, fordi det er crazy dyrt og eg har jo eigentleg ikkje tid heller. Men heile kroppen min saknar det inderleg.

Kva andre ting har du på gang / planlagt? Du har jo alltid masse prosjekt i... lufta? (Er det det det heiter?)
Baller i lufta, trur eg det er noko som heiter. Det har eg. Eg har til dømes ein ambisjon om å lesa 52 skjønnlitterære bøker frå studiestart haust 2011 til studiestart haust 2012, og helst i form av éi i veka, og ikkje liksom 40 i juleferien. For at det skal gå, må eg lesa MASSE på søndagar og oftast ganske korte bøker. Men det er betre enn ingenting! Hurra! Eit anna prosjekt har eg saman med fine lesesalbuddy Liv, og det skal dokumenterast på denne bloggen her, og det handlar om matpakkar! Me skal rett og slett bli flinke på å laga matpakkar. (Eigentleg er Liv allereie veldig flink.)

Korleis får du tid til venner?
Heldigvis driv ein god del av vennene mine med dei same tinga som meg. Hurra for felles interessar! (Resten ser eg med ujamne mellomrom, men det kjenst alltid som om no time has passed, lizm.)

Takk for intervjuet, og lukke til!
Takk i like måte ;-)

søndag 28. august 2011

"En svunnen tid"

(Veldig forseinka utfordringsblogginnlegg!)

Når eg høyrer orda "en svunnen tid", tenkjer eg på barndommen. Personleg er eg glad for at barndommen er over. Den har rettnok sin sjarm: Ein kan gjera veldig mykje rart og folk tykkjer berre ein er søt. Ein får veldig stor glede av veldig små ting, og tykkjer det meste er fascinerande. Ein har ingen ansvar, ingen tidsfristar, ingen økonomiske utfordringar. Ein lærer himla fort.

Likevel er eg glad for å vera vaksen: Ein er fri til å gjera nesten kva ein vil. Ein kan ta ansvar sjølv for å få det livet ein sjølv vil ha. Ein skjønar mykje meir. Ein er mykje mindre usikker på alt. Eg trur attpåtil at eg er ein heilt annan person enn eg var som barn. Dei fleste minna eg har frå barndommen er rett og slett vanskelege, og det er godt at så mykje har forandra seg.

Men sidan dette innlegget skal handla om "en svunnen tid" får eg nemna nokre gode minne eg har. Det er jo alltid hyggeleg med slike blogginnlegg.


Bada i sjøen og konkurrera om å hoppa i dei raraste positurane.
Plukka bær og stappa munnen full av dei.
Sjå magiske filmar og leika at ein var med i dei.
Leggja spionasjeplanar utan noko mål, berre for å sjå rare ting.
Eta lunsj oppe i eit tre.
Laga avis for barna i nabolaget.
Dansa med far i stova medan pizzadeigen hevde.
Ta med vener i symjehallen og dikta opp nye leikar.

Det er slike små hendingar eg hugsar og tykkjer er fine. Det er godt å ha dei, iallfall.

lørdag 20. august 2011

Eg elskar fadderungane mine.

Dei siste dagane har eg stort sett tilbrakt saman med ein gjeng lingvistikkspirer. To av dei er, som meg, andreårsstudentar og fadderar. 12 av dei er fadderungar og fantastiske. Det er INGEN i faddergruppa eg ikkje diggar. Dei er rebelske, sjølvsikre, heite, søte, hilariøse, sta, entusiastiske, mystiske, nerdete, uforutsigbare, diggbare og dritrare. My kind of gang.

Med desse folka kan eg diskutera språkpolitikk, høyra på jazz, klaga på dårleg vin, dansa (om enn litt nølande), synga med på songar me eigentleg ikkje likar at me likar, spela kortspel ingen kan reglane for, stå lenge i kø og aldri tenkja at det er keisamt, ta følge heim og bli forholdsvis edru på vegen...

Går det an å vera fadder neste år òg? :P

torsdag 11. august 2011

Kva er greia med visittkort for konfirmantar?

Eg er blitt utfordra. Eg må skriva noko. Eg har fått eit tema. Temaet er rart.

Temaet er altså: "Kva er greia med visittkort for konfirmantar?" Eg veit ikkje kven det er som har gitt meg dette temaet. Men tusen takk, og ikkje ta det personleg om eg ikkje lever opp til forhåpningane dine.

Eg har aldri visst at det fanst visittkort for konfirmantar, let alone at det var ei greie. Så eg måtte googla det. Då fann eg mellom anna dette. Det fyrste som slår meg er: Desse ser meir ut som "sjå-me-har-fått-baby"-kort enn noko som helst som har med konfirmasjon å gjera. Men babybilete er alltid koseleg, så nuvel. Så ser eg at teksten på korta består av namn, telefonnummer og epost. Hmm. Okei, så det er faktisk visittkort, og ikkje invitasjon eller takkekort? Jaha. Okei. Kva bruker ein dei til?

Truleg har mykje forandra seg sidan eg var konfirmant. Det er jo seks år sidan. Ærleg tala er det blitt eit litt tåkete minne. Eg gjekk på Alpha-kurs der presten snakka om viktige ting og ingen høyrte etter. Me reiste til London og sov i ei kyrkje og eg blei forelska i ein medkonfirmant med atferdsproblem og litt sånn. Me kledte oss i kvite kappar ein dag i mai og knelte og veninna mi på 18 sa eg knelte fint. Venene til foreldra mine fylte huset og åt kjøt og tok bilete av meg og eg blei trøytt av å smila. Venene mine kom bort seinare på kvelden og eg hadde fest i garasjen og veninna mi på 18 overtydde meg om at eg kom til å finna kjærleik til slutt og litt sånn.

Eigentleg blei eg berre konfirmert fordi det ville vore himla rart om eg ikkje gjorde det, sidan eg hadde meldt meg inn i kyrkja på eige insj nokre få år tidlegare. Somme av venene mine konfa seg for gåvene og pengane. Det gjorde ikkje eg, for å seia det sånn. Eg hadde ingen norsk slekt som sendte pengar. Eg hadde amerikansk slekt som sendte kort. Det var veldig, veldig hyggeleg av dei, for eg veit ikkje om dei eingong heilt visste kva konfirmasjon var. Likevel: Eg er ikkje stolt av dette, men eg var litt bitter. Dette heng framleis litt igjen når eg høyrer om folk som framleis har konfirmasjonspengane sine på sparekonto. Men men.

Konfirmasjon er ei rar greie i seg sjølv. Nesten ingen gjer det av religiøse grunnar lenger, så eg skjønar ikkje heilt vitsen. (Teorien min per no er at norske besteforeldrar berre treng ein merkedag for å skjemma bort barnebarna sine.) Så det der med visittkorta er kanskje eit minimalt mysterium i den store konfirmasjonsrelaterte samanhengen.

tirsdag 26. juli 2011

Noreg.

Dei siste dagane har eg sett kva dette landet er laga av. Eg må bli statsborgar.

tirsdag 19. juli 2011

Ein bra type reklame

Kjære lesar. Om du er som meg og ynskjer å gjera bra ting, så kan det henda at dette er noko for deg.

Du har heilt sikkert høyrt ein del om mikrofinans, særleg sidan 2006 då Muhammad Yunus og Grameen Bank fekk Nobels Fredspris for "advancing economic and social opportunities for the poor, especially women, through their pioneering microcredit work". Dette er bra greier, tenkte du kanskje då, og slo av tv-en. Du var kanskje 16 år og tenkte at det ikkje hadde noko med deg å gjera.

Men i dag (takk til Hank og John Green) fann eg ut at det er superduperlett å bidra ved hjelp av mikrofinans. Du treng ikkje vera ein bank, eller økonom, eller ha noko som helst med ein bank å gjera, eller kunna nokonting om pengar. Alt du treng er Paypal. Og det er det veldig mange som har. Og det er veldig lett å få.

Kiva.org gjer så heile jobben for deg. Dei tilsette hos Kiva vel ut prosjekt som dei vil skal finansierast. Det kan vera einskildpersonar eller grupper som treng eit lite lån for å starta opp ein bedrift, kjøpa ei ku eller ein symaskin eller... det er mange variantar. Du klikkar berre på ein person eller ei gruppe, kven som helst, og så trykkar du anten på "lend 25$" eller vel eit anna beløp. Så proceedar du til checkout, akkurat som du gjer når du handlar på internett (for det er det du gjer - berre at sjansen for at du får pengane tilbake er ganske stor! Statistisk sett over 98%), og loggar på Paypal og godkjenner og DER hjalp du nokon stort.

Så kan du følgja med på prosjektet, du får beskjed når prosjektet er "fully funded", og sånn. (Prosjektet eg valde blei fully funded i løpet av eit par timar.) Etter cirka eit halvt år skal du helst ha fått pengane tilbake. Utan renter, for dette er ikkje ei investering, det er eit mikrolån. Du skal ikkje tena pengar på det, men du skal aller helst ikkje "tapa" på det heller. Risikoen er der, for det er ikkje absolutt alle prosjekta som lukkast (pga makroøkonomi, naturkatastrofar, helseproblem...). Det må du vera klar over. Sjølv tykkjer eg det er ein heilt grei sjanse å ta. Når du vonaleg får pengane tilbake, kan du velja å låna dei vekk att, eller å "withdraw" dei til Paypal-kontoen.

Høyrest det bra ut?

Gå til Kiva.org og les meir eller berre gjer det. Det er trygt og lett og superbra.

fredag 15. juli 2011

Tisekundssongen

Dam dubidu dam dao
kama kama dam dubidu dam dao
kama kama dam dubidu dam dao
waking up is hard to do

Keep your alarm away from me
Don't you wake me during REM sleep
If you do, I'll be mad at you
'Cause waking up is hard to do

Remember when you said goodnight
And you tucked me in real tight
Come on babe, just let me snooze
'Cause waking up is hard to do

mandag 11. juli 2011

Lyriske perler frå sumarleir

Eg greier ikkje skriva eit veldig utfyllande, dagbokaktig blogginnlegg om sumarleiren. Difor vel eg heller å publisera dei av dikta eg skreiv på skrivekurset som blei lesne høgt, og songen eg og Heidi skreiv til melodikappleiken. Dikta har ikkje namn.

DIKT1
Før kunne eg ikkje dikta
No kan eg ikkje la vera
Å tjuvkikka på sidemannen

DIKT2
Ei kongle
Ein konge
Fall ned frå trona
Blei til ein øyredobb

SJÅ FOR DEG
(Melodi: John Lennon)

Sjå for deg ingen kjærleik
Og ingen målungdom
Ingen språk å slost for
Den gule ordlista er tom
Sjå for deg heile Noreg
Har gløymd Aasens arv
Buhuuu!

Ingen fortel ein løyndom
Det er aldri sumar meir
Vårt språk er på museum
Og vi på bokmålsleir
Sjå for deg marerittet
Bokmålsveldet vann
Buhuuu!

Du kan sei' at eg drøymer
Men eg har NMU
Eg håpar du vil bli medlem
Så vi kan sigra, eg og du

(modulasjon)
Sjå for deg det blir siger
Og nynorsk vinn sin rett
Målstriden er over
Bokmål på retrett
Sjå for deg heile Noreg
Skriv det norske språk
Juhuuu!

Du kan sei' at eg drøymer
Men eg har NMU
Eg håpar du vil bli medlem
Så vi kan sigra, eg og du!

lørdag 4. juni 2011

I WANT YOU

... to become a member of Norsk Målungdom!

Veit du kvifor? Jo, fordi:

1. Dialekt er viktig.

Kva forhold har du til dialekten din? Korleis ville du reagert om nokon kravde at du skulle snakka noko anna enn din eigen dialekt? Trur du barna dine kjem til å snakka som deg? Kva føler du viss dei ikkje gjer det?

Norsk Målungdom tykkjer dialekten din er viktig. Du skal kunna snakka den utan å føla deg uglesett. Dialekten skal få lov å overleva, slik at barna og barnebarna våre framleis syner kor dei er frå og kven dei er med måten dei snakkar på.

2. Norsk skriftspråk er viktig.

Tykkjer du me skal gå heilt over til å skriva engelsk her i landet? Tykkjer du me skal ha eitt eller to norske skriftspråk? Korleis ville du reagert viss du blei utsatt for språktvang?

Norsk Målungdom tykkjer det norske skriftspråket har livets rett. Medlemene våre er ikkje samde om eitt-/tospråksspørsmålet, men alle meiner det norske språket er viktig. Tufta vår seier me ynskjer at alle skal velja å skriva nynorsk - me vil altså ikkje tvinga det på nokon, men me ynskjer at alt skal liggja til rette for at det ikkje skal vera eit problem å skriva nynorsk.

3. Organisasjon er viktig.

Trur du nynorsken overlever utan at nokon kjempar for det?

Det kan henda - men eg trur det er heilt avgjerande at me finst. Det er me, ungdommen, som inspirerer andre ungdommar til å halda på nynorsken eller gå over til det. Det er me som får uttala oss i media i språkpolitiske spørsmål, særleg når det gjeld sidemål. Det er me som må ta ansvar.

4. Det er gøy.

Vinterleir, sommarleir, haustkonferanse, aksjonar, kos, grautkveld, sommargrilling, matpakkesamlingar, kos, gratis mat, hyttetur, nynorskkurs, kos - og mykje meir!

Kva vil DU at Norsk Målungdom skal gjera?

torsdag 26. mai 2011

Obligatorisk spørjeskjema

Eg forstår veldig godt viss de ikkje gidd å lesa dette. (Einskilde ting har forresten endra seg sidan eg fylte dette ut.)

1. Navnet ditt stavet baklengs?

A-R-A-S
2. Hvor ble foreldrene dine født?
Far i Chicago, Illinois. Mor i Oakland, California – trur eg.
3. Hva er det siste du lastet ned på PC-en din?
Eit arrangement av ein musikalsong som koret mitt skal bruka. Det var ein fil med heile arrangementet, og ein annan fil der fyrstealt var i føregrunnen.
4. Hva er favorittrestauranten din?
Eg likar så utruleg godt interiøret på Dattera til Hagen. Maten på Mangiamo er heilt nydeleg. Så ein av dei to.
5. Når svømte du sist i et basseng?
DET er lenge sidan, det. Eigentleg likar eg veldig godt å symja, men no har eg ikkje barbert meg på fleire månader, og då er det ikkje sånn superfreistande å ta på seg symjedrakta. Og så har eg berre ikkje hatt tid.
6. Har du noensinne deltatt i et skoleteaterstykke?
Ja, men berre VELDIG lågterskel. Eg er ikkje nokon skodespelar. Syngja og dansa, derimot, det kan eg litt.
7. Hvor mange barn vil du ha?
Ingen, trur eg eigentleg. Kanskje eit fosterbarn eller to.
8. Hva slags musikk misliker du sterkest?
Sånn som verken høyrest bra ut eller har noko innhald.
9. Har du stemmerett?
Ved kommunevalet på Sola? Ja. I Noreg, der eg bur? Nei. I USA, der eg er statsborgar? Nei. Er eg bitter? Ja.
10. Har du kabel-tv?
Ja, eller er det det det heiter? Har sånn der... Get. Har berre hatt det ei lita stund.
11. Har du noensinne kjørt moped?
Har sete bakpå eit par gonger, det kjentest veldig bra og veldig ulovleg.
12. Har du noensinne tulleringt til noen?
Ja, eg og ei veninne brukte sånn der ferdig innspelt tulletelefon ein gong, men det var ikkje så morosamt som eg såg for meg.
13. Har du noensinne fått parkeringsbot?
Far min fekk parkeringsbot ein gong me var på handletur. Tykkjer det tel litt.
14. Har du lyst til å hoppe i strikk eller fallskjerm?
Strikk hadde eg ALDRI TORD I NOKO TENKJELEG UNIVERS. Fallskjerm hadde vore vanvittig ekstremt kult, men eg trur ikkje eg tør det heller.
15. Det fjerneste stedet du noensinne har reist til er? (Altså det som ligger fjernest fra ditt normale tilholdssted.)
Kælifårnia.
16. Har du hage?
Ikkje i Oslo. Men eg har vakse opp med eit himmelrike av ein hage, og det skal eg ha når eg blir vaksen òg.
17. Hva er favorittegneserien din?
XKCD, BigComix... sånne. (Dei Hans viser meg, eigentleg.) Og Gustav og Gustav. Og Zits.
18. Kan du virkelig alle ordene i nasjonalsangen?
Eg kan dei tri versa som dei fleste kan. Eller er spørsmålet om eg veit kva alle orda tyder? Isåfall, nei. Kva tyder "lempet", til dømes? Eg har ikkje peiling.
19. Bad eller dusj, om morgenen eller kvelden?
Har ikkje hatt badekar på veldig mange år, og det er veldig trist. Dusjar oftast om morgonen, men tykkjer eigentleg kvelden er herlegare. Då har eg betre tid, og får leggja meg squeaky clean.
20. Den beste filmen du har sett den siste måneden?
Kongens tale, og The African Queen. Ein ny og ein gamal :)
21. Favoritt-topping på pizza?
Oooost og ananas og lauk og sopp og nøtter og og og. Mmmasse godt.
22. Potetgull eller popcorn?
Potetgull, for eg elskar å finna sånne stooore flak.
23. Hvilken leppestiftfarge bruker du vanligvis?
Passe raud. Eg er ganske god på å kombinera fleire!
24. Har du noensinne røkt peanøttskall?
Det har aldri falt meg inn.
25. Har du noensinne deltatt i en skjønnhetskonkurranse?
LOL. Ser eg sånn ut kanskje.
26. Appelsin- eller eplejuice?
Ja takk!
27. Hvem var den siste personen du gikk ut og spiste middag med, og hvor spiste dere?
Sunniva, me gjekk mange plassar i løpet av dagane ho var på besøk. Mykje godt!
28. Favorittsjokolade?
Walters Mandler! Mhm.
29. Når stemte du sist i en meningsmåling?
I dag.
30. Når spiste du sist en hjemmedyrket tomat?
Det er sikkert årevis sidan. Men bror min har visst planta tomatar heime no, så kanskje det ikkje blir så lenge til neste gong!
31. Har du noensinne vunnet et trofé?
Eg er liksom ikkje ein vinnartype.
32. Er du en god kokk?
For å sitera min kjære Malcolm: «I can't even cook a meal without falling into stress. It only takes some pasta to remind me of my total belief in the depth of my unworthiness.»
33. Klarer du å fylle bensin selv?
Nei, eg køyrer ikkje bil, så det har eg aldri trengt.
34. Har du noensinne bestilt en vare fra en reklame?
Sånn... på tv? Nei.
35. Sprite eller 7-up?
Kva er eigentleg forskjellen? Eg drikk vel litt sjeldan brus.
36. Har du noensinne måttet bruke uniform på jobb?
Ikkje enno!
37. Hva var det siste du kjøpte på apoteket?
Kva var det siste DU kjøpte på apoteket?
38. Har du noensinne kastet opp på et offentlig sted?
Ja. På hurtigruta. Eg hadde ete raud fløyteis, så oppkastet mitt var rosa.
39. Hva vil du helst; bli millionær eller finne ekte kjærlighet?
Akkurat no seier eg kjærleik. Hadde du spurt for fire månader sidan, hadde eg svart pengar. Men eg trur det er no som har rett.
40. Tror du på kjærlighet ved første blikk?
Eg veit det hender.
41. Noensinne ringt et 820-nummer?
Nei, kva er det?
42. Kan eks-er være venner?
Kvifor i all verda ikkje?
43. Hvem var det siste mennesket du besøkte på et sykehus?
Eit bittelite menneske.
44. Hadde du mye hår da du var baby?
Eg hadde... brunt hår. Eg veit ikkje.
45. Hvilken beskjed ligger på telefonsvareren din?
Eg har ikkje telefonsvarar, men eg har veldig lyst å laga ein som liknar på George Costanza sin.
46. Hvem er din favorittkarakter i Saturday Night Live?
Spør meg når eg har sett det.
47. Hva var navnet på ditt første kjæledyr?
Det var ein gullfisk som heitte... æh, hugsar ikkje. Noko uoriginalt.
48. Hva finnes i veska di?
Den lille skinnveska har akkurat plass til lommeboka, nøklane, to leppestifter og mobilen.
49. Favoritting å gjøre før du legger deg?
Ringja ein ven og prata til me nesten sovnar.
50. Nevn én ting du er takknemlig for i dag.
At eg faktisk har eit par kroner på konto.

lørdag 21. mai 2011

To gode vener


Her er to fine skjelpadder eg har fått av to fine personar. Skjelpaddene heiter Oida (forkorta av Chelonioidea) og Ted (forkorta av Testudinidae). Er dei ikkje herlege?

søndag 15. mai 2011

ESC 2011 nådelaust oppsummert

Mine kritikkar i stikkordsform slik dei blei notert undervegs. For dei som bryr seg, altså (truleg ingen, og eg tar det på ingen måte personleg :)) Noko av det er innspel frå Hans, Anette, Gina og mor.

FINLAND: Søt nerd eller fløtepus? Einmannsgitarballade. Reddplanetensong. Litt surt. Søt nok song, veldig uspanande. Barnehagesong.
BOSNIA-HERZEGOVINA: Søte klede! Forferdeleg song. Endå verre dansing. Koseleg gjeng, forsåvidt.
DANMARK: Svart lær. Kva sjanger ER dette? Pigghår! Blanda vibber. Kul song. Spring litt rundt.
LITHAUEN: Å nei. Dameballade. Fin røyst, stileg kjole. Fin sminke. Språkblanding. Pianist med kvit dress. Teiknspråk!
UNGARN: Agnetha-ish? Endeleg glorete disko-MGP. Grusom synging. Syng koristane eigentleg? Kule dansemenn. Diger blå ring, digert blått erme.
IRLAND: Playmomen åeå! Cola-inspirert? Hello hårvoks. Wobbly skulderpynt. Artige dansarar på bakgrunnsskjermen. Morosamt show.
SVERIGE: Epilepsi! Funky dansing med glasruter. Æææ for ein song. Dansinga er bra, då. Småhomo. To eller tre modulasjonar.
ESTLAND: Oi, kult! Liten by. Søt jente søt kjole. OI GLOREBY! Lett epilepsi. Songen er... meh.
HELLAS: Hiphop? Dristig. Wannabe-hardt. og SÅ blei det grampri. Dei prøver... Litt for gloregresk.
RUSSLAND: Hjelpemeg. Boybandgrampri? Eigentleg berre veldig grampri med boybandklede. James Dean-wannabe. Neineineiikkjeflørtmedkamera.
FRANKRIKE: Guteballadeklassiskaktiggreie på italiensk?! Ja ja. Gjesp. Fænsi bakgrunn. Lynvêr.
ITALIA: Jazzy! Søte menn. Koseleg song. Pianobakgrunn, kult. Lite grampriaktig (ja det er eit pluss).
SVEITS: Ååå denne er søt. Ukulele :) Stjerner og skyer. Ho syng litt for hardt. Fin kjole. Gladsong.
STORBRITANNIA: Kjendisfaktor. Oi, store portrett. Stygge blå klede. Dei syng greitt. Sjølvtillitsong, men ikkje noko fin. Litt fengande, då. Brad Pitt? Dårleg dansing.
MOLDOVA: Oi, hattar! (skvatt litt) Hattemannanimasjonar. Rosa dame på eitthjulssykkel. Ein må jo le. Ska-aktig. Festleg.
TYSKLAND: Lena. Kul dansing! Lena er blitt mystisksexy. Dansinga er faktisk dritbra. Stileg song. Annleis frå i fjor.
ROMANIA: Hm, koseleg? Ja, eigentleg! Meir reddverdagreier. Tidleg Abba, men med Broadway-utsjånad. Søt trommis. Uoriginal song.
AUSTERRIKE: Å nei. Beyonce med bob? Dameballade, eller? Glitremusikk. Disneymelodi. Usj usj usj. Idol-røyst. Minikor med kule damer.
ASERBAJDSJAN: Lion King? Nei. Dansa bak kvarandre. Grusom gut i kvit dress. Lopez-dame. Fin melodi? Berre nesten. Vind i håret. Uspanande.
SLOVENIA: Dameballade igjen? :( Idol-røyst igjen. "Sexy" stygg kjole. Koristar i svart lær (damer). Ho kan syngja, då. Mindre ballade etter kvart. Veks på meg.
ISLAND: Åh, koselege menn! Koseleg song. Aw-faktor. Ikkje grampri. Ingenting å utsetja her!
SPANIA: High school musical på harryklubb i syden? Dansarar i kvit dress. Forferdeleg song. Kul kjole. Forferdeleg dansing.
UKRAINA: Annleis, seier kommentatoren. Hm, kunst! Fantasykjole med fjør. Likar sandkunsten. Songen er keisam.
SERBIA: Sekstitals! Kjempesøt jente. Gøy :) Elskar kjolane. Oi, litt andpusten. Ja ja. Quirky.
GEORGIA: Mørkt og neongrønt. Kul song, ugramprisk. Damemetal. Ho kan syngja. Kult! Kjem ikkje til å koma langt.

Modulasjonar: minst 9.
Kjolebyte: ikkje så mange! Gløymde å telja.
Kvite dressar: altfor, altfor mange. Kva var greia med det?

Takk for i år, Europa! Lukke til med budsjettet, Aserbajdsjan...

lørdag 14. mai 2011

Det eg hatar med byen.

Bilar som prøver å meia meg ned når eg går på grøn mann.
Bussar som er stappa fulle av folk som ikkje eig buss-skikk.
Sirener og anna bråk utanfor vindauget.
Å føla at all lufta ein pustar inn er litt giftig.
At alt er så dyrt her at eg får vondt kvar gong eg drar kortet.
At det er farleg å gå ute aleine om kvelden.


Det eg elskar med byen.

Mangfaldet. Seriøst.
Å ta trikken kor som helst og føla at ein er på sightseeing.
Kollektivtransporten og at det faktisk går an å koma seg dit ein vil.
At det finst så mange koselege songar som er dedisert til byen eller ein bydel.
At bydelane er så forskjellige og at Grønland kjenst som eit anna land.
At det alltid skjer noko gøy her, og at det er her ting skjer.
At byen har ALT.
Men viktigst: At ganske mange av favorittmenneska mine bur her.

Kva hatar og elskar du med den plassen du bur?

onsdag 6. april 2011

Ny blogg?

Eg er litt lei av bloggen eg har no. Heile greia er liksom så... 2008. Til dømes er eg ikkje så nøgd med utsjånaden/utforminga, det er rotete og vanskeleg å jobba med. Tittelen og adressa er heller ikkje heilt meg lenger. Eg har ein draum om å få laga ein blogg som er presentabel og som eg tør å fortelja litt fleire om og leggja ut på facebook osb.

Men så lurer eg på så mange ting.

1. Skal eg byta til ein annan... kva heiter det, bloggleverandør? Wordpress er litt herleg å jobba med (har eg høyrt frå Sandra Nilsen i MÅL og BART), men det praktiske med Blogger er at her har eg samla denne vanlege bloggen, dansebloggen (som ligg litt i dvale for augneblinken) og bokbloggen i ein konto, på ein måte. Viss eg startar ein wordpress-blogg, vil eg måtta logga på to ulike konti. Eg kan rettnok berre laga ein ny Blogger-blogg, men æh. Hm.

2. Skal eg prøva å laga ei utforming og eit "design" sjølv, få ein ven til å gjera det, eller betala nokon for å gjera det? Det siste trur eg eigentleg ikkje eg vil, i min økonomiske situasjon, og særleg når eg har så få lesarar.

3. Skal eg gjera ei sånn redirect-greie frå den gamle til den nye, eller skal eg berre linka frå den gamle til den nye? Det hadde jo vore litt kjekt å få med nokre av dei gamle innlegga. Hm.

4. Skal eg snevra inn innhaldet i bloggen? Skal eg ha eit "tema"? Eller skal eg halda fram slik som no?

Så mange spørsmål, så få svar. Eg tar imot alle innspel med stor takksemd!

onsdag 23. mars 2011

OKEI KØYR SUPERBUDSJETT!

Eg beklagar (dels på forskot) for misbruk av caps lock. Sorry, eg er sliten og i ein personleg finanskrise.

Eg har 800 kroner å leva på fram til neste studielån, altså cirka 3 veker. For å greia det skal eg:

- Bruka opp all den obskure maten eg har i skapet og kjøleskapet og ikkje kjøpa NOKO nytt før eg absolutt må.
- Kjøpa ein stor sekk med ris på innvandrarsjappe og ein sekk med potetar og og og kva anna er billeg då?
- Drikka vatn, oh yeah! Ingen juice, ingen mjølk. Eg skal tilmed eta havregrynet mitt med vatn i staden for mjølk. Stusseleg, men naudsynt.
- Ikkje kjøpa månadskort når det går ut om to veker, men GÅ og GÅ og GÅ overalt. (Her har eg faktisk ikkje noko val, for eg kjem rett og slett ikkje til å ha 350 kroner om to veker.)
- Ha med meg banan/eple og knekkebrød på Blindern og halda meg LANGT UNNA kantinene!!!!!! (Fredagar er unnatak pga matpakkesamling, då har eg lov å kjøpa graut for det vil sjela mi trenga.)


For å forhindra nye kriser skal eg:

- Betala leia den dagen lånet kjem (det burde eg jo allereie ha skjønt) - og i sommar skal eg betala eit par månaders leie på forskot med ein gong eg får sommarjobbløna.
- BERRE kjøpa First Price og tilsvarande. Billegmat, billegshampo, billegALT!
- Sjå om det går an å leva utan månadskort sidan eg no bur litt meir sentralt. Det bør eigentleg gå an.
- ALDRI kjøpa alkohol nokosinne.
- Sjå om det finst ein jobb til eg kan ha, som tar om lag like lite tid som den eg allereie har... ehe.
- Drita i å reisa nokon plass. :(
- Aldri meir kjøpa avisar eller blad, men kun lesa på internett... dette krev sannsynlegvis at eg fysisk lukkar augo når eg går forbi avis-/bladhyllene.

Kva meir kan eg gjera? Eg treng tips! Masse tips! Hjelp meg!
Kva kan eg gjera NO for å klara å overleva på 800 kroner i tre veker, og kva kan eg gjera FRÅ NO AV for å klara å overleva på 1700 kroner i månaden?
Hugs at dette ikkje berre hjelper meg, men alle sånne som meg som vel å bu i ein fin leilegheit framfor å leva.

mandag 21. mars 2011

Nokre snuttar på poesidagen

I dag er den internasjonale poesidagen, og det må så klart markerast. Dei som tør å leggja ut sin eigen poesi, får gjera det - sjølv lar eg "greater minds" tala for meg i dag, og det er nokre av favorittsongskrivarane mine som får den æra.

MALCOLM MIDDLETON

unrelenting unconfidence
a badge that states "mess"
a lack of bike and gentle sleep
remind me of my total belief in the depth
of my unworthiness


GEORGE HARRISON

little darling
i feel the ice slowly melting
little darling
it seems like years since it's been clear
here comes the sun


JONI MITCHELL

she removes him like a ring
to wash her hands
she only brings him out to show her friends
i wanna free him
secrets and sharing soda
that's how our time began

JON FOREMAN (SWITCHFOOT)

it was a beautiful letdown
when you found me here
yeah, for once in a rare blue moon
i see everything clear
i'll be a beautiful letdown
that's what i'll forever be
and though it may cost my soul
i'll sing for free


GREG BROWN

see the city lights shining
when you're sick you look so tiny
i'm gonna put you in my pocket
go down to where it's warmer
i'm gonna throw you in the ocean
and you will turn into a dolphin


GORDON SUMNER a.k.a. STING

all this time the river flowed
in the falling light of a northern sun
if i had my way i'd take a boat from the river
men go crazy in congregations
but they only get better
one by one


PETER FURLER + PHIL JOEL (NEWSBOYS)

close as a brother
the way we used to be
i'll hold my breath
and i'll wait for you to breathe

-------------

Kva dikt/songtekstar/annan poesi likar du?

lørdag 26. februar 2011

Snøvlaren på N18

Det har skjedd fleire gongar at eg har blitt sjekka opp på bussen eller t-banen heim til Kringsjå, og særleg litt seint på kvelden i helga. Alle gongane før i går har det vore utlendingar (eg er som kjent utlending sjølv, så eg har ikkje noko problem med at dei er det - eg berre påpeikar tendensen). Men i går var det ein trøndar. Ein snøvletrøndar. I byrjinga både snøvla og knota han så mykje at eg ikkje høyrde at han var trøndar, men eg trur han la litt om då han høyrde at eg ikkje var innfødd. Opningsreplikken hans var "Får jeg lov å spørre...?" (peikar på dei to pappeskene eg held). Han bruker mykje tid på å snakka om desse pappeskene, og vekslar litt mellom å meina at det ser veldig slitsamt ut og at det ser veldig balansert ut. Eg forklarer at eg skal flytta, og han gjer store auge. Så bruker han litt tid på å vera fascinert over at eg skal flytta, og at eg ber desse eskene rundt i byen, og at eg skal flytta. Han spør kva eg driv med, og kor gamal eg er. Det han reagerer på, er sjølvsagt svaret på spørsmål to. Han røper fort at han er nesten 11 år eldre enn meg. Kva trur du skjer då? Jo, han bruker tid på å vera fascinert over det.

På bussen unnskuldar han seg for snøvlinga og seier at eigentleg har han tenkt å slutta å drikka, han spør om eg har eit mannfolk i livet mitt, eg seier nei, han spør kvifor ikkje, eg lyg og seier at eg tenkjer berre ikkje så mykje på slikt, han spør om eg ikkje likar menn, eg ler, han blir flau og seier at det hadde han så klart ikkje noko med, og så kan æ gi dæ et lite kyss? Eg seier nei helst ikkje. Han seier jaja eg er vand med å bli avvist. (Kva svarer ein då, liksom.) Det er nesten stille resten av bussturen, bortsett frå at han fleire gongar seier at det ikkje var meininga å gjera meg nervøs. Eg seier at det er eg ikkje. Så går han av på yrkesskolen.

onsdag 23. februar 2011

Opp ei trapp og ut ein veranda, mi adresse er forandra

Om ei veke så bur eg faktisk her. Det er så fantastisk at eg blir litt svimmel av tanken. Det tyder òg at alle brev frå no av må sendast hit:

[namnet mitt]
Kingos gate 1A
0457 Oslo

Og eg vil gjerne ha besøk! :D

Var berre det.

mandag 21. februar 2011

Miljøvenleg klesvask

Alle må me vaska klede. Iallfall alle som bur for seg sjølve. Tenk deg at du vaskar klede minst ein gong i veka. Kor mykje vatn trur du at du brukar på det? Kor mykje straum? Vaskemiddel? Tøymjuknar? Du skjønar kor eg vil hen. Alt dette er vanskeleg å gjera noko med, for me må jo vaska kleda våre. Likevel finst det enkle løysingar for å gjera klesvasken meir miljøvenleg. Tiltaka er ordna etter krav til innsats, og kjem med bonusar!

FOR DEG SOM IKKJE VIL GJERA NOKO DRASTISK
1. Vask på kaldare temperatur. Det som ikkje MÅ vaskast varmt, BØR ikkje vaskast varmt. Set maskina på eitt hakk kaldare enn du plar og eventuelt lettstelt, og tenk på at kleda dine vil halda seg fine lenger.
2. Tenk deg om før du kastar ulltøyet i vaskemaskina. Ull treng ikkje å vaskast så ofte. Prøv heller å lufta tøyet, og tenk på den friske lufta som ulla pustar inn.

FOR DEG SOM ORKAR LITT
1. Bruk tørketrommelen kun i naudstilfelle. Heng opp, og tenk på at kleda dine slepp å bli kasta rundt og klemt på og herja med - og at du byggjer musklar i armane.
2. Spar opp ei god mengd klede før du vaskar, og ikkje sorter på farge, kun på lyst og mørkt. Fyll opp maskina og kjenn kor godt det er å tømma skitentøyskorga.

FOR DEG SOM VIL GJERA ALT DU KAN
1. Følg alle råda over, og kle deg med godt samvit.
2. Kjøp deg vaskenøtter, eit miljø- og hudvenleg vaskemiddel, og tenk på at huda di slepp masse ekle kjemikalie som du ikkje veit namnet på - og at du no kan fortelja folk at du vaskar kleda dine med nøtter!

-----

Dette innlegget er eit bidrag til prosjektet Klima=Helse. Sjekk det ut her og delta gjerne, du òg!

lørdag 15. januar 2011

Havskilpaddemammainstinkt

Om natta når eg ikkje gidd å leggja meg eller ikkje får sova, då får eg idear. Ein av desse ideane er litt rar. Men eg har fått han fleire gongar no, og rare idear som er litt gjengangarar er kanskje ikkje så frykteleg rare likevel? Okei, her kjem ideen.

Eg likar veldig godt skilpadder, som de kanskje veit. Havskilpadder er litt ekstra fine. Om eg kunne ha ein heime så ville eg det. Uansett. Atlantis Utveksling har eit program for havskilpaddehelse i India. Her er litt av informasjonen deira, fritt omsett og parafrasert og forenkla:

I Goa i India går m.a. turismen hardt utover havskilpaddehelsa. Kun 1 av 1000 fødde havskilpadder blir vaksen. Bråk og folkemassar sjenerer dei og difor trekker dei seg tilbake til sjøen og formeirar seg ikkje. Kunstig lys tiltrekker havskilpaddebabyar i feil retning, og mange av dei går seg vill og finn aldri tilbake til sjøen. Strendene der havskilpaddene lagar "reir" er i tillegg forureina og forsøpla, og ofte ulevelege.

Det hyggelege er at det finst kjempekonkrete tiltak for å forbetra levekåra for favorittdyret mitt. Ein kan til dømes reisa til Goa og finna områda der havskilpaddene legg egg, rydda området for søppel, skjerma det for kunstig lys og inntrengarar, og driva informasjonsarbeid for turistar slik at dei ikkje får koma inn og øydeleggja.

Eg føler meg så idealistisk når eg skriv om dette. Det er litt merkeleg å tenkja på at noko så særskilt som havskilpaddehelse kan engasjera meg. Men er det ikkje viktig? Det tykkjer eg.

No veit eg ikkje så mykje om Atlantis Utveksling. Prosjektet høyrest seriøst ut, og eg har ingen grunnlag for å vera skeptisk enno, men eg vil gjerne ha innspel om det er nokon som er meir opplyste enn meg. Ein annan ting eg gjerne vil vita er om nokon "der ute" kunne tenkja seg å vera med meg til India. Long shot, kanskje, men det kan jo henda. Eg reiser nok uansett, ein gong, men det er jo hyggeleg å ha med ein ven. Det er snakk om minst 4 veker, og eg vil gjerne gjera det i år eller seinast neste år.

No tykkjer eg du skal biletgoogla "havskilpadde" eller "turtle" og sjå kor himla fine dei er. <3, for å seia det sånn.