onsdag 23. mars 2011

OKEI KØYR SUPERBUDSJETT!

Eg beklagar (dels på forskot) for misbruk av caps lock. Sorry, eg er sliten og i ein personleg finanskrise.

Eg har 800 kroner å leva på fram til neste studielån, altså cirka 3 veker. For å greia det skal eg:

- Bruka opp all den obskure maten eg har i skapet og kjøleskapet og ikkje kjøpa NOKO nytt før eg absolutt må.
- Kjøpa ein stor sekk med ris på innvandrarsjappe og ein sekk med potetar og og og kva anna er billeg då?
- Drikka vatn, oh yeah! Ingen juice, ingen mjølk. Eg skal tilmed eta havregrynet mitt med vatn i staden for mjølk. Stusseleg, men naudsynt.
- Ikkje kjøpa månadskort når det går ut om to veker, men GÅ og GÅ og GÅ overalt. (Her har eg faktisk ikkje noko val, for eg kjem rett og slett ikkje til å ha 350 kroner om to veker.)
- Ha med meg banan/eple og knekkebrød på Blindern og halda meg LANGT UNNA kantinene!!!!!! (Fredagar er unnatak pga matpakkesamling, då har eg lov å kjøpa graut for det vil sjela mi trenga.)


For å forhindra nye kriser skal eg:

- Betala leia den dagen lånet kjem (det burde eg jo allereie ha skjønt) - og i sommar skal eg betala eit par månaders leie på forskot med ein gong eg får sommarjobbløna.
- BERRE kjøpa First Price og tilsvarande. Billegmat, billegshampo, billegALT!
- Sjå om det går an å leva utan månadskort sidan eg no bur litt meir sentralt. Det bør eigentleg gå an.
- ALDRI kjøpa alkohol nokosinne.
- Sjå om det finst ein jobb til eg kan ha, som tar om lag like lite tid som den eg allereie har... ehe.
- Drita i å reisa nokon plass. :(
- Aldri meir kjøpa avisar eller blad, men kun lesa på internett... dette krev sannsynlegvis at eg fysisk lukkar augo når eg går forbi avis-/bladhyllene.

Kva meir kan eg gjera? Eg treng tips! Masse tips! Hjelp meg!
Kva kan eg gjera NO for å klara å overleva på 800 kroner i tre veker, og kva kan eg gjera FRÅ NO AV for å klara å overleva på 1700 kroner i månaden?
Hugs at dette ikkje berre hjelper meg, men alle sånne som meg som vel å bu i ein fin leilegheit framfor å leva.

8 kommentarer:

Anonym sa...

Oi. Dette var dårlige greier. Bare 1700 å leve for i måneden.. etter husleie? En gjennomsnittlig person bruker jo cirka 2000 på mat i måneden.. Men en ting jeg tror er lurt, er å spise mye havregrøt. Halvparten vann, halvparten melk. Og så slenger man oppi hasselnøtter og/eller mandler. Næringsrikt og billig. Dessuten ikke ha mer enn max to pålegg av gangen i kjøleskapet for å unngå mugg og dermed bortkasta penger. Det lever jeg etter. Så gjelder det å lage middag hjemme, gjerne dobbel porsjon så man har til neste dag - eller fryse ned middager hvis man er skikkelig proff.. Og siden du ikke får kjøpt deg månedskort: ordne deg et bysykkelkort isteden. Det koster 90 kroner, og jeg fikk mail i dag om at syklene settes ut om cirka en ukes tid. :)

L. sa...

Gulerøtter og lauk er også billig :D

Sara sa...

Du har heilt rett i at det er dårlege greier. Men det er heldigvis berre ut semesteret.

Tusen takk for gode tips! Noterer meg samtlege bak øyret!

L. sa...

Eit anna tips er lag sjølv. Lag eigne knekkebrød og brød. Heimelaga knekkebrød er meir mettende enn dei ein kjøper og heimelaga brød er billigare.

Lauksuppe er billig. ^^ Det er stekt egg og ris og :) Hjemmelaga komler e lett, og ellers kan du skjekke ut www.studentmat.net og gå på 0 - 25 kr.

Sigrid sa...

Ellers kan du også nytte tida fram til busskortet ditt går ut til å spise ofte middag hos oss! Eg treng tips til kva eg kan laga, for veggisgreier er IKKJE min forte, men dude, for you I can do anything.

Sara sa...

Likar at det finst eigne nettsider for slikt som dette :D

Sigrid, du er fantastisk! Det vil eg veldig veldig gjerne. Det finst ein del oppskrifter på http://veg-veg.no/mat/ og på hundrevis av matbloggar :)

Marit sa...

For å sette plaster på avisforbudsåret, Morgenbladet har en kampanje for tiden der de gir vekk gratis avis i tre uker. http://www.morgenbladet.net/kampanje/twitter.php

Anonym sa...

First Price Penne-pasta!