Viser innlegg med etiketten bussar. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten bussar. Vis alle innlegg

lørdag 21. mars 2009

Så mykje rart kan skje på ein fredagskveld

Eg likar:

- Jakob Håkon Band når dei tar av
- Tou Scene, eit utruleg kult bygg som har masse bra konsertar - eg skulle ha gått der meir
- hyggelege middelaldrande damer som bur i Frankrike og som vert "øvejidde" når teite ting skjer og som pratar på veg heim frå busshaldeplassen
- å få post av NMU, det er heilt annleis enn å få post frå andre organisasjonar, fordi eg faktisk kjenner dei som har skrive breva og lagt dei oppi konvoluttane

Eg likar ikkje:

- fulle folk, særleg unge jenter som ikkje greier å røra på seg
- at tyveri er ein så stor risiko på fullstappa konsertar
- stygge bussjåførar som berre køyrer vekk frå uskuldige folk som er ein tur i minibanken fordi sjåføren er vanskeleg og ikkje lar dei betala med reisekonto
- at folk er pålogga på msn og ikkje svarer når ein sender melding
- å nesten innsjå at eit prosjekt er nesten håplaust, men likevel prøva å halda motet oppe i tilfelle det går bra likevel, fordi det isåfall hadde vore så sjukt verdt det

Dette er iallfall heilt sikkert: Eg må gjera alt eg kan for at resten av denne helga skal vera dritbra. Elles kjem eg til å tenkja for mykje, og det er ikkje bra for meg.

EDIT: Ærleg talt, eg er så jente. *slår seg i panna*

lørdag 15. november 2008

Utfordring, juhu!

Stine har gitt meg ei morosam utfordring. 7 ting de kanskje ikkje visste om meg:

1) Eg er alltid litt smånervøs når eg søv i vanlege senger, for dei er så høge, og eg er redd for å falla gjennom senga til golvet. Dette er fordi mi eiga seng er "innebygd" i golvet. (De må nesten sjå det for å skjøna det.) På grunn av dette tykkjer eg det er betre å sova på golvet enn på toppen av ei køyeseng.

2) På ungdomsskulen vurderte eg å søkja om fritak frå sidemål (som då var nynorsk), for å ha ein mindre ting å læra. Husdyret gjorde det, nemleg.

3) Eg likar å ta bussen åleine. Det er herleg å berre sitja der og høyra på musikk eller på andre sine samtaler, eller berre tenkja. Det same gjeld sykling, og då kan eg i tillegg syngja ;)

4) Eg tykkjer det er kjempegøy å fylla ut skjema og spørjeundersøkjingar, men likar ikkje slike der eg må vera veldig samd, litt samd eller ikkje samd eller liknande. Og når eg må velja mellom fleire ting (kva likar du best av blablabla eller noko slikt) når eg eigentleg ville hatt med alle, så får eg litt panikk. Eg er altså ganske kresen på korleis spørsmåla/felta skal vera.

5) Då eg var lita, høyrte eg på kassettar då eg ikkje orka å vera med i samtaler. Det kunne vera barnemusikk, amerikansk patriotmusikk eller slike kassettar der du skulle tenkja deg ein framand planet eller eit sirkus eller noko, og teikna det. Etter kvart som eg oppdaga at eg ikkje var så flink til å teikna, så slutta eg å gjera det og berre høyrte på i staden. Då eg vart kristen, byrja eg å høyra på bibelsongar. Slik pugga eg alle bøkene i Bibelen, i rett rekkjefølgje. Det tok ikkje lang tid heller.

6) På barneskulen dikta eg opp ein kjærast (sjølve gutten var ekte :P). Eg har ofte tenkt at det hadde vore morosamt om me faktisk vart kjæraster seinare!

7) Eg drøymer om å syngja i eit gregoriansk kor, eller ei a cappella-gruppe. Kanskje båe deler!

No vil eg at Lisabeth, Ragnhild, Eva og Monique skal gjera dette. Og alle andre som har lyst.

torsdag 8. mai 2008

Kjolebussgraslesing

Idag gjekk eg med kjole. Eg trur kanskje det er fyrste gongen eg har gått med kjole på skulen. I alle høve er det fyrste gongen utan strømpebukse. Dette medførte at eg vart unaturleg medviten om kvar einaste kroppsdel. Men det var litt kjekt. Eg innbilte meg at eg fekk litt sol på beina, men dei er sjølvsagt framleis nøyaktig same kvitfarge som magen min. Jaja.

Då eg venta på bussen heim, byrja ei dame å snakka til meg. Dette skjer aldri på busshaldeplassar, som de sikkert veit. Denne dama var indisk (eller liknande, sør-aust-asiatisk er vel det korrekte), og lurte på kor eg var frå. Ho såg nemleg at eg las ei engelsk bok, og kommenterte at det ikkje er mange norske ungdommar som gjer slikt. Me snakka om språk, Noreg, ungdom, og bussar. Så kom bussen min, men ikkje hennar (?).

Då eg gjekk av bussen, skreik føtene mine. Nesten bokstaveleg talt. Eg klarte ikkje å gå, så eg tok av meg skorne og gjekk på den der gras-greia heile vegen heim. Spanande!

Eg hadde eigentleg tenkt å øva til mattetentamen idag i tri timar. I staden las eg. Men veit du kva? Det gjorde ikkje noko! Eg har ikkje dårleg samvit! Det er heilt utruleg. Det er offisielt: eg likar no å lesa! (For fyrste gong sidan... tja... barneskulen?)

Takk for seg.

lørdag 5. april 2008

Sær observasjon

Kva er eigentleg dei 3 små prikkane på stopp-knappen på bussen til for? Er det blindeskrift? Inneheld ordet "stopp" berre 3 prikkar på blindeskrift? Eg er forvirra.