tirsdag 22. april 2008

"E du kristen du? Om du ber 5 ganger te dagen å sånn??"

Det var interessant at Lisabeth nemnte bøn idag, for det er noko eg har tenkt mykje på i det siste.

Då eg var yngre og nettopp hadde vorte kristen, hadde eg ei veninne som spurde meg korleis eg ba. Ho var ikkje som dei andre, som berre spurde for å plaga eller drita meg ut. Ho var faktisk nyfiken. Eg svara at eg berre sa det eg ville. Ho innrømte for meg at ho hadde bede ein gong, for å sjå om det funka.

I byrjinga ba eg både på norsk og engelsk, det var like "naturleg". Men eg tykte alltid at det var vanskeleg å formulera ei bøn. Det vart for stivt, eller for tåpeleg, eller for konstruert, eller for eitt-eller-anna. Eg høyrte andre be, og prøvde gjera likt som dei. Det funka ikkje.

I bibelgruppa sa dei alltid "viss de vil be høgt, så kan de det. Men det er ikkje noko press"... Hah! Eg kjente det kvar gong leiaren var ferdig med å seia sitt, at det vart pinleg stille fordi ingen torde å be høgt. Det er eit merkeleg fenomen, det der, at ein skal få prestasjonsangst for måten ein ber på!

Eg søka nettopp på "bønn" på google, og fann noko skremmande: "Bønn dreper".

"Foreldrene mente bønn ville kurere datterens diabetes. Etter en måned med kramper og voldsomme smerter, døde 11-åringen. Nå risikerer foreldreparet å bli tiltalt for drap. Obduksjonen av 11 år gamle Madeline Neumann viser at hun døde som følge av ubehandlet diabetes. Dersom foreldrene hadde brakt jenta til lege, ville sykdommen enkelt blitt behandlet med insulin. Men foreldrene Leilani og Dale Neumann i byen Weston i Wisconsin mente legehjelp var unødvendig…"

Hoisann.

Eg reagerer på det, når kristne trur så sterkt at dei ikkje vil la noko anna hjelpa seg enn sjølve bøna. Eg høyrte faktisk ein vits om det ein gong, om ein mann som heldt på å drukna, og han ba Gud om å redda han. Det kom både båtar og helikopter, men mannen sa at Gud skulle redda han. Han døydde, sjølvsagt, og spurde Gud kor han vart av. "Eg stolte på deg, og du redda meg ikkje!" osb. Gud svara: "Eg sendte deg jo både båtar og eit helikopter, kva meir hadde du forventa?"

Hahahah... Ikkje misforstå meg, eg tykkjer absolutt at bøn er fint, men eg trur ikkje at det er ein "krisetelefon" som me berre kan oppsøkja når me treng å verta redda. Til dømes "la meg stå matteprøven". For meg er det berre godt å ha nokon å snakka med når eg er lei av å snakka med vanlege folk. Eller når eg ikkje trur dei hadde skjønt kva eg følte. Eller når eg ikkje eigentleg vil ha noko svar. Det einaste "svaret" eg får, er ro. Det er faktisk særs avslappande å ta sjansen på at nokon høyrer.

2 kommentarer:

L. sa...

Eg og har tenkt MASSE på bønn i dert siste... :)
off eg hate når folk ber meg om å be... det e grusomt og unaturlig. Eg ser på bønn vel så møye som ein samtale og eg går jo ikkje opp t vennene mine å begynne å snakka merkelig t de...
men eg har funnet ut at det e greit å be om at gud må gi oss det me trenge, for det e som oftest det an gjør. Sjølv om det ikkje va det su ville ha.. Gud e digg.

Sara sa...

Det e sant det, han e faktisk ganske flink te å ordna opp i ting på en heilt aen måde enn me hadde komt på sjøl. Hi vørks inn mistiriøs vejs (: