Idag skreiv eg min siste obligatoriske franskstil. Eg trur eg er den einaste i klassen som tykkjer det er vemodig. (Utanom Sunniva, kanskje?)
Eg skulle i utganspunktet skriva noko heilt fiktivt, om ei jente som dreg til USA for å studera engelsk. Problemet er at eg levde meg ganske mykje inn i det. Eg skreiv om alt eg likar med California, og om alt eg kunne finna på der borte. Det virka eigentleg ganske attraktivt...
Men om eg flyttar til USA...
- vil eg ikkje sjå dei fleste norske venene mine medan eg er der
- vil eg slita med å skipa mållag :P
- kan det henda eg likar meg so godt at eg ikkje kjem attende...!
Framtida er skummel. Lagnad hadde vore ein fin ting no.
2 kommentarer:
Hei Sara *waves* Som Sunniva sa, du skrive fantastisk bra på nynorsk! Det e utrolig herlig å lese alle de random tingene du skrive, og som e utrolig deg. Eg kjenne eg blir glad av å lese innleggene dine.
Eg satt faktisk òg igjen med en litt vemodig følelse. Eg e glad eg slippe å tenke på karakterer, men eg komme te å savne de små oppgavene. Men men. Me slippe i alle fall fransk med de-du-vett neste år. Me ses på madag ^^
Trenge eg å skrive navnet mitt, eller kan du lese kem eg e?
Eg ser så sinnssykt kem du e =D du e herlige du ^^
Tusen takk for komplimentet/komplimenten/ka det nå hette...! Utrolig kjekt å få positive tebagemellinger :D
Ja, komme kje te å savna franskklassen akkorat, men læreren derimot! Hu e så bra!
Legg inn en kommentar