fredag 18. april 2008

Jaja :)

Dei gamle kjem heim i morgon.

På onsdag hadde eg og Lisabeth fotoshoot, det vart faktisk fleire kule bilete. Eg vart møkkete på føtene, og mista sokkane. Så fekk eg besøk av Stine :) og fekk ikkje lagt meg så tidleg som eg burde ha gjort. Men det hadde eg kanskje ikkje gjort uansett.

Igår mista eg bussen til balletten, gjekk heim og åt frosenpizza. Seinare hjalp eg ein eg så vidt kjenner med å flytta inn i ein leilegheit (æsj, stygt heit-ord) på Løkkevegen. Han inviterte meg til innflyttingsfest, eg vurderte det, men orkar ikkje. Så i kveld vart det Sunniva&Monique-tid. Eg trur me treng det alle tre.

Idag skippa eg mattetimane og sov til 8. Fantastisk! Får håpa at fråveret mitt ikkje drep meg og øydelegg framtida mi og sånt. (Kvifor må dei alltid føra fråver når eg ikkje er der, og ikkje når eg er der? Kan du seia meg det?)

God helg!

6 kommentarer:

L. sa...

sokkemysteriet!!!! hihihihi

hmm, merkelig å hjelpe ein ein så vidt kjenne å flytta inn. men merkeølig på ein kul måte:)

Lærere e ondet, sånn e det bare.. det e som om de lese tankene dine. Dei meine sikker ikkje å ver onde. det berre e sånn. Ikkje no å gjør med det.
Det va faktisk litt morro mattetime. men det va mest fordi eg va overtrøtt og lo av det meste.

:)

Sara sa...

^^

Jah, det va litt gøy egentlig. Følte meg så nyttig hahah.

Så sant så sant. De e ute itte oss, sjøl om de ikkje vett det sjøl. Men sånn ska kje me ver hvis me blir lærere, right? :)
Haha, såpass ja :P den dobbeltimen pleie å ver kjedeligheten sjøl.

L. sa...

me komme aldri t å bli onde lerere... me e jo godheten sjølv:)
ja... dei pleie å ver sånn at ein berre for lyst t å hoppe ut av vinduet å løoe t langtvekkistan og aldri mer ha skule i resten av sitt liv. men dei va kjekke på fredag:)

Sara sa...

*nodnod*
Hahah, stemme stemme :P
Så bra då! :) håbe det fortsette sånn framigjønå, de få timene me har igjen...

Eva Holthe Enoksen sa...

eg likar bloggen din :) Om du ikkje likar ordet leilegheit (det kling ikkje så bra, eg kan vera samd i det) kan du bruka husvære. Men det er ikkje heilt det same. Uansett, Jens vart jo kjend for å skriva framandspråklegheit eller noko slikt. Kva tykkjer du forresten om å laga ei epostliste for Rogaland? Eg treng litt innspel :p

Sara sa...

Takktakk! Kjekt med nye lesarar!

Det er aldri moro å bruka anbeheitelse-orda... :/

Kva skal du isåfall med epostlista? Tenkjer du på regionalsamlingar o.l.? Hadde kanskje ikkje vore så dumt det.