torsdag 31. juli 2008

Paris, del 2

(Byrjar der eg slapp)

Torsdag:
Hadde framstegstesten idag i staden for i morgon, noko eg eigentleg visste, men ikkje hadde kome på. Difor var eg ikkje førebudd. Men eg greidde å tippa ein del, då. Resten av dagen gjekk roleg for seg, eg hadde ikkje krefter til å gå ut om kvelden, så eg sat på rommet og las.

Fredag:
Fekk prøven attende, det vart B! Hah. Etter skulen kjøpte eg og Ida ei flaske vin (dritbilleg) og litt piknik-mat. Fredag er nemleg ta-farvel-kveld, for dei som skal heim. Me var ein gjeng som treftest på Champs de Mars (park ved Eiffeltårnet), hadde piknik, prata, utveksla mail og fullt namn til facebook, osb. Eg hadde diverre vore smart nok til å ha med vinåpnar, som alle måtte låna. Heldigvis vart han ikkje øydelagt. Akkurat då vinflaska byrja å verta tom, byrja folk å dra. Det vart ein litt ustødig tur heim... Då eg kom inn på rommet, spurte Sunniva om det var kjekt. Neste morgon hugsa ho ikkje dette.

Laurdag:
Saman med Sunniva, Ida og Gochia (anar ikkje korleis dette skrivast) gjekk turen idag til Versailles. Då me kom fram, fant me ut at det var lurast å eta før me utforska. Så me gjekk inn til gågata og leita etter ein grei restaurant/café/kva som helst. Det tok litt tid, og då me endeleg sette oss ned vart Gochia kasta ut fordi ho åt sin eigen mat der inne. (?!?!) Men så fekk me sett slottet og hagen og alt det der, det var ganske flott... og digert. Og så spelte dei sånn uhyggeleg, "kongeleg" musikk. Fysj. Men speglsalen var heilt nydeleg. Sunniva og eg drøymte om å dansa der inne, med lange, kvite tyllkjoler. På toget til og frå Versailles var det mange ulike språk som vart nytta. Morosamt!

Etter me kom attende til Paris, hoppa eg og Sunniva av ved Bonne Nouvelle og kjøpte is, som me åt før middag. (Is+middag+dessert=to stappa jenter...) Me gjekk ut for å treffa folk som skulle på klubb, men det vart den same greia igjen: det tok så lang tid at me heller gjekk på café for oss sjølve. Me drakk noko lakris-liknande, ganske god ettersmak, sjølv om eg ikkje plar lika lakris. Det var ein koseleg café med nokre gamle bøker på hylla bak oss, og personalet var uvanleg trivelege.

Søndag:
Sov lenge. Gjekk ein liten tur rundt omkring nabolaget og skulen. Stoppa på ein bistro kor me åt kanskje verdens nest beste pizza ;) og så crème brulée! Her var det ein veldig kul kelner som berre brukte kroppsspråk for å kommunisera med oss. Me sat der ganske lenge og høyrte på den blanda musikken som gjekk på radioen. Så spaserte me heim. Om kvelden var me med Gochia, me sat på ei bru ved Eiffeltårnet og prata fransk. Me hadde faktisk heilt naturlege, intelligente samtaler på fransk! Utruleg, men gøy. På vegen heim åt me crèpes. Kjem til å sakna det.

Måndag:
Frankrikes nasjonaldag! Idag var det gratisframsyning av Signes, ein moderne ballett. Me sto i ein ukristeleg lang kø, og var blant dei siste som fekk koma inn. Balletten var utruleg kul, fargerik, kreativ. Me spleisa på DVD'en. Før framsyninga starta, sat me og prøvde å eta patisserie'ane våre utan at dama i dress såg oss. Det var utfordrande, men gjekk akkurat. Etterpå fant me ut at området rundt Bastille-operaen hadde ein del kjekke klesbutikkar...! :) og etter det fant me ein koseleg park kor me åt lunsj og såg mens nokon menn spelte pingpong. Om kvelden gjekk me (og Gochia) til Montmartre for å sjå fyrverkeriet... me såg diverre ingenting, men det var likevel ei oppleving å vera der. Stemningsfullt!

Tysdag:
Før skulen gjekk eg i 3 bokhandler, og tok heilt av med å kjøpa teikneseriar (mellom anna). Om kvelden tok me turen til La Villette, kor me fann ein utruleg fin café og hadde dessert og ein drink (karamellvodka på meg). Medan me sat der, vart eg sjekka opp av ein gamal franskmann som sa gong på gong at eg var vakker og at han var lei for å forstyrra oss. Eh, ja... :P

Onsdag:
På skrivetimen idag ville eg berre koma vekk derfrå. Kvifor valde eg dette faget, eigentleg? Idag var Mad ute, så me åt ein tidleg middag åleine, før me gjekk på kino (Sex and the city). Der var ein snopbod rett ved kinoen, me kunne sjølvsagt ikkje gå forbi ;) kinoen var i området kor eg budde sist gong eg var i Paris. Det var rart å vera der igjen...

Torsdag:
Etter skulen vart det ein liten shoppingtur med Ida i Marais. Det vil seia, ho gjorde mesteparten av shoppinga... me fann ein kjekk secondhandbutikk, dit vil eg dra igjen! Denne kvelden skulle vera Utekvelden (for meg, Ida, Katharina og Flavia), meir spesifikt skulle me eigentleg på gayklubb. Me hadde tilmed namnet på ein som me hadde høyrt var bra. Men då me drog inn til Marais og spurte om veien, fekk me vita at den klubben ikkje fantest meir. Katharina og Flavia drog heim, medan Ida og eg leita vidare i Bastille-området. Me fann ingenting gøy der heller, så me spaserte til Grands Boulevards og åt pommes frites og prata. Me hadde utruleg god tid, fordi metroen og toga ikkje byrja å gå før i 6-tida. Etter kvart gjekk me til Gare du Nord kor Ida tok toget heim, og eg gjekk heim. Så sov eg i 4 timar. Men ikkje misforstå meg, det var ein kjempekoseleg kveld/natt/morgon :)

Fredag:
Sto opp overraskande opplagt, til siste skuledagen. Tok farvel med klassen og læraren, tok nokre bilete. Men avtalte med dei som var interesserte å ha piknik igjen. Drog heim og pakka (det gjekk faktisk veldig fort!) og kjøpte blomar til Mad. Skreiv eit kort kor me takka henne for alt og skrøyt av maten hennar. Drog til Champs de Mars og klemte alle eg ville klemma, og sa ca 100 gonger at eg såg fram til å treffa alle på reunion. Håpar det faktisk skjer... etter litt dramatikk med å finna nattbuss til Ida (ho rakk ikkje siste toget) gjekk me heim og la oss (eller, sat i senga og tenkte, lenge).

Laurdag:
Pakka ferdig, og åt frukost for siste gong hos Mad. Brukte lang tid på det. Tok masse bilete av leilegheita (det der ordet...!!!), og eit av Mad. Veldig elegant! Så drog me... Sleit med koffertene i trappene, men det gjekk elles ganske greitt. Fann hotellet nesten med ein gong. Det var bittelite, men veldig koseleg. Mannen i resepsjonen snakka veldig sakte og tydeleg slik at me faktisk forsto alt han sa. Etter at me hadde lagt fra oss på rommet, drog me til Musée d'Orsay. Der var det mykje flott! Og det var mykje mindre stress å vera der enn på Louvre. Etterpå vandra me berre rundt i det nye nabolaget, og åt pizza igjen.

Søndag:
Gjekk på ein hjørnecafé og åt tartines (baguette med smør) til frukost. Minimalt, men godt. Der var ein marknad (med mat og klede) rett i nærleiken, så me kjøpte piknikmat der før me drog til Quartier Latin. Der var sjølvsagt det meste stengt, men det gjorde ikkje så mykje. Me oppdaga eit patisserie som var (på godt norsk) Beyond Belief. Gjekk bort til Jardin de Luxembourg og åt piknik-maten med korpsmusikk i bakgrunnen. Så gjekk me til vår nye favorittøy: Ile St. Louis. Åt is, såg i dei søte butikkane. Ville ikkje dra.

Måndag:
Kjøpte baguetter (min med chèvre) og åt dei i ein liten park. Drog til Forum des Halles, brukte mesteparten av tida på Fnac (diger butikk med bøker, CD'ar, DVD'ar osb). Gjekk til skulen for å levera bibliotekbok... det vil seia, la boka ved inngangsdøra med ein lapp: "Donnez moi à l'école". Hehe. Drog til Marais, åt salat og toast med chèvre, og ei terte. Vandra rundt omkring. Marais er eit herleg strøk! Me var samde om at me kunne tenkja oss å bu der neste gong... Så fann me ein restaurant i "Paris Topp 10"-boka som me ville gå på, men gjekk litt for langt då me leita etter han. Så me gjekk på den fyrste (nesten) restauranten me såg som framleis var open. Og det var jammen bra at me gjorde. Middagen min denne gongen var "nems de chèvre au miel" (ja, chèvre for 3. gong den dagen!), utruleg godt. På veg heim hadde me våre siste crèpes med kastanjekrem (fantastisk) før me pakka og høyrte på fransk radio og sovna.

Tysdag:
Me reiste heim.

Kunne ha skrive mykje meir om tysdag, for det var faktisk ein kjekk dag, det òg. Men no tykkjer eg det er på tide med litt post-Paris.

Ingen kommentarer: