lørdag 30. august 2008

"Computer, define dancing."

Premiere på Wall-e igår! :D den var kjempekjekk! Me var 6 stk som gjekk saman i Sandnes. (Kan eg berre få nevna kor utruleg koselege dei alle er?) Filmen handla om roboten Wall-e som har brukt 700 år på å rydda opp på jorda. Ein dag kjem det ein annan robot til jorda, ho heiter Eve og er laga for å leita etter teikn til liv. Her byrjar den kulaste kjærleikshistorien evvår liksom. Dritbra!

Idag er det folkefrukost på Kongsgård. Eg gler meg!

3 kommentarer:

Anonym sa...

Kva er ein folkefrukost? Det er ikkje det eg tykkjer det høyrest ut som, vel? :o (Var ikkje du veggis forresten? Elder blandar eg no?)

Sara sa...

Viss du tykkjer det høyrest ut som me et folk, så er det feil. :P

Det er folkefrukost fordi det er ope for folket :D

http://www.gronnhverdag.no/artikkel.php?artikkelid=3734

Og jo, eg er vegetarianar :)

Anonym sa...

For eit bra upplegg! :D