søndag 7. september 2008

Å ja, ja, byen e' Bergen...

I helga har eg vore så heldig å få eit skikkeleg godt inntrykk av Bergen. Det har vore sol! Akkurat som byen prøver å visa seg frå den beste sida for å få meg til å flytta dit.

Eg var altså i Bergen for å vitja Andrew (sjå! eg brukar namnet hans!) og feira at han er ferdig med bachelorgraden sin. Fekk gå på ein morosam seremoni (det var mest morosamt av di talarane var særs dårlege) og sjå studentsenteret (med fin bokhandel som fint kunne vorte min 2. heim) og treffa romkameratane. Dei er dritkule.

Bergen er digg når sola skin. Men eg veit at det slett ikkje alltid er tilfelle.

4 kommentarer:

L. sa...

bergen e digg når det e snøstorm og:) berre sånn viss du lurte...

Sara sa...

Greit å vita ;D

L. sa...

ikkje vel:P foresten, ka tid du drar t mangfaldseminaret, og korleis kjem du dit?

Sara sa...

Sjekk fjesbok :P