tirsdag 23. september 2008

Skjedd og skal skje

Eigentleg har eg ikkje tid til å skriva dette innlegget. Men eg gjer det for det.

Førre veke var eg 3 dagar i Lillehammer. Der leikte eg diplomat, eller noko. Snakka engelsk, vart kjend med sære folk frå heile landet, diskuterte politikk og kultur og utdanning, laga resolusjon, og debatterte. I tillegg til teite men morosame leikar og songar som berre passar seg i ein slik organisasjon (eller NMU, så klart) og lite svevn og dårleg mat. Men det var gøy, altså!

Etterpå måtte me (eg og Simen) skunda oss til Oslo for å gå på Coldplay-konsert! Jasmin og Benjamin var der allereie, og det tok litt tid før me fann dei i Spektrum, men det gjekk til slutt. Konserten var heilt fantastisk. Kva meir kan eg seia.

Så var det bursdagsfeiring (Jasmin) og middag på irsk pub, etterfølgt av Jasmins første tur på polet. Ho fekk gratulasjon av kassedama. Resten av kvelden gjekk til å tømma innkjøpet...

Men no er me komne attende til røynda (er det rett ord?) og har cirka 100 gjeremål og cirka null tid. Dette er så deprimerande at eg må nesten laga ei liste over ting eg gler meg til. Tek berre det som skjer før nyttår.

- helga med to bursdagar
- Relax-leiren
- haustferien
- mang.sem.
- pikekorkveld
- juleferien

Var det litt stusseleg?

7 kommentarer:

Anonym sa...

Det er rett ord. Eldes kann du skriva "røyndi".

Eg gler meg au til haust- og joleferiane! :D

L. sa...

Hørres skoy ut da Sara... Eg saknar deg foresten. No e d øve ei uka siå eg har sett deg :O

Sara sa...

Victor: OK, takk!

Klart du gjer! Fri[dom] :D

Lisabeth: Eg saknar deg og! Kom attende til skulen...! :O

L. sa...

i morgon i morgon men ikkje i dag, for i dag gjer eg ikkje eit slag

Sara sa...

Jaha?

Anne sa...

Korfor klage alle øve maten på EYP? Eg syns den va overraskende bra eg! Baguette: good. Chicken: good. Bread with chocolate spread: good. Subway: FREAKISHLY gooood. What's the problem?

Sara sa...

Eg ska fortella deg ka problemet e. Eg e vegetarianer.

1) Den vegetarmaten som fantes, va dritdårlig.

2) Te middag på torsdagen fant eg ikkje vegetarmat, så eg spurte han duden som ga den vanlige maten. Han sa "I don't give a shit". Deretter ga han meg ris og salat, fint det, og spurte om eg ville ha saus te. Ja takk sa eg, og fekk kjøttretten OPPÅ all risen.

3) Et eller aent må ha vore gale, for eg hadde vondt i magen fra torsdag te mandag.