torsdag 27. november 2008

Eg trur på Gud.

I tilfelle de ikkje visste det.

Så får eg ein slik epost som det er vanskeleg for meg å vita kva eg skal gjera med. (Ja, Lisabeth, den du sendte meg.) Det var ein fin bodskap, og det var ikkje tvil om kva føremålet var. Eg følte meg rett og slett pressa til å senda eposten vidare. Men eg likar ikkje å gjera det. Og det er ikkje fordi eg er flau over det eg trur på. Spør de meg om det, så skal de få svar. (Les de dette blogginnlegget, skal de få svar!) Eg veit berre kor irriterande kjedepost kan vera, og kor propaganda-aktig dei kan vera, iallfall i slutten. Dei byrjar alltid fint, så kjem "send denne vidare elles får du ulukke i kjærleiken". Denne var rettnok ikkje dramatisk, men likevel.

"If You Love God... And, are not ashamed of all the marvelous things HE has done for you... Send this forward, also to the person who sent it to you!"

Sorry, Gud. Eg elskar deg, men denne mailen sender eg ikkje vidare.

6 kommentarer:

Sigrid sa...

Hekkan. "Emosjonell utpressing", kalles det.

Sara sa...

Nettopp! :S

Anonym sa...

Hehe. Når eg leste tittelen på innlegget, trodde ef først at det stod "Eg trur ikkje på Gud", og ble følgelig ganske sjokkert.

Men eg e glad for at du ikkje sendte den videre. Eg tror ikkje å sende kjedebrev e den beste måten å vise at du e glad i Gud.

-Jasmin

Sara sa...

Haha, off :P ja ordet "ikkje" står jo rett under, så det er kanskje ikkje så rart at det såg slik ut :P

Det trur ikkje eg heller. Ein skal jo helst visa det i måten ein oppfører seg på i kvardagen :)

Anonym sa...

Eg trur ikkje på gud, men eg stydjer valet ditt um å gjera det.

Og eg hatar sånne meldingar som ein liksom skal senda til so og so mange ... eg er glad meldingi stogga hjå deg. :)

Sara sa...

Haha, takk :P