tirsdag 27. januar 2009

Leppestift, lesing og prinsesse Leia

Kven visste at ei lita sak i ei tube med "pigmenter, olje, voks og bløtgjørende midler" (wikipedia) kunne gi så mykje glede?

Tidlegare har eg hata leppestift, og har berre brukt det på ballettframsyningar. Men så har eg i det siste byrja tenkja at det ikkje er så gale likevel. I går kveld fann eg ein djupraud leppestift i skåpet mitt, nesten ubrukt. Med litt Vaselin oppå var det eigentleg ganske fint. Og i dag var eg så inspirert at eg kjøpte ein ny, visstnok jordbærfarga leppestift. Dette er litt kjekt.

No for tida les eg Popsongar av Frode Grytten. Ganske fint. Ein dag skal eg leita etter alle songane som novellene er inspirerte av. Ein kan aldri høyra for mykje fin musikk. Sjølve boka er interessant oppbygd, og forteljingane er søte/djupe/merkelege. Likar det.

I går gjekk den fyrste Star Wars-filmen på NRK, så eg såg han for fyrste gong sidan den gongen eg sovna på kinoen (eg kan ikkje ha vore eldre enn sju år). Bra film! Og no ynskjer eg at eg hadde tjukt nok hår til å laga Leia-frisyra.

5 kommentarer:

Knut Natskår Svihus sa...

Prinsesse Leia e verdens vakraste person ever!!! Åså e hu å omsorgsfull og bare heilt fantastisk! Som ein morsfigur:)

Víkþórr sa...

Fyrste filmen, altso fjorde avsnitt? Gildt med SW. ^^

Sara sa...

Knut: Santvel? Hu e nydelige!

Viktor: Sjølvsagt. Den nye trilogien er jo drit i forhold.

L. sa...

Du kler lebestift:) Eg syns me ska dra t Odda. Det e der Grytten kjeme frå, om eg ikkje tar heilt feil. Eg såg nemlig en dokumentar han hadde lagt om Odda. Dei snakke fint der. Og me kan gå på bikubetur. Men da må me lese bikubesong. :)

Sara sa...

Lisabeth: takk ^^
Ja, det stemme det. Eg har faktisk vore der, va på breklatring på Folgefonna som ligge ved Odda. Digg! Vettkje kor fin sjølve byen e, men området rundt e jo flott. Sko gjerna sett mer av Hardanger.
Og ja, eg vil lesa Bikubesong :)