lørdag 10. januar 2009

Let the happiness come in

Det er heilt merkeleg, eg har vore i så godt humør så lenge no, at eg er nesten redd for at noko skikkeleg gale skal skje. Altså, rundt meg er det alvorlege og triste ting som går føre seg, og eg har sjølvsagt sympati med dei det gjeld, men samstundes har eg det berre så bra at eg ikkje kan skjula det!

Og så har eg plutseleg fått noko heilt spesielt å gleda meg til. Stej tund...

Skuleballet i går var det kjekkaste ballet eg har vore på. Kven visste at det var så mange pene folk på Kongsgård? Kven visste at lærarane kunne dansa? Pluss ein aldri så liten bonus: Marinen. Treng eg seia meir?

Eg har redigert "Neste år?!" og håpar på innspel. I tillegg har eg laga ein filosofiblogg (skuleprosjekt), og når eg kjem i gang med det, skal eg vurdera å leggja ein link her.

4 kommentarer:

Anonym sa...

So bra at alt er vel! Stej pǫssitivv, so gjeng nog alt bra. :)

Sara sa...

Ja, det ser slik ut :D

Anonym sa...

Hah, eg skipa ein blogg om ei bok eg skulle skriva om ein gong. Han finst framleis og – etter det LiveJournal fortel meg – har faktisk nettopp «fylt år», men eg er den einaste som veit kvar han finst

Sara sa...

Så... kjekt? Kvifor fortel du meg dette?