torsdag 1. januar 2009

Nytt år, nye klisjéfylte oppsummeringar

No kunne eg ha kopiert og limt inn "året som gjekk"-undersøkjinga frå fjesbok, men eg gir heller ei lita oppsummering, og litt til. (Eg er så original.)

I 2008:
- var eg singel heile året.
- tilbrakte eg 3 veker i kjærleiksbyen og åt den beste maten i verda og snakka det vakraste språket i verda (bortsett frå nynorsk, så klart) og vart betre kjend med ei livsviktig og nydeleg veninne.
- byrja eg å skriva dagbok att, og fann ut at det var litt greitt.
- vart eg medlem av NMU, noko som har hatt store konsekvensar på særs mange område.
- fekk eg mange nye vener, somme veit eg er permanente.
- var eg misnøgd med mykje, men nøgd med meir (trur eg).

I 2009:
- skal eg ut av den vidaregåande skulen og flytta heimefrå.
- vert Barack Obama president i fedrelandet mitt og Sarah Palin er arbeidslaus (ikkje heilt då, men ho bur i alle høve ikkje i Det kvite huset og kjem ikkje til å gjera det heller).
- er den nye ekteskapsloven vedteken og EG ER FOR! I tilfelle de er i tvil.
- kan så mykje godt skje, om me er opne for det.

Dette er år 2009. Kjem me til å hugsa det?

12 kommentarer:

Anonym sa...

Eg er ikkje samd i at maten i Paris er best i verdi, elder at franskt er det (næst) vænaste målet. Eg tykkjer den beste maten er frukt, og at det vænaste målet (til no) er japanskt. :)

Eg trur 2009 vert eit år verdt å minnast. I alle høve for meg. Ai hævv bigg plǽns, jú sí.

Bai ðe uei, byrja du skriva (ny)norskt fyre elder etter at du melde deg inn i NMU?

Vonar eg vert millom dei varuge vìnene dine. :)

Godt nyår!

Sara sa...

Jaja, det er jo ein smakssak :P

Det vert nok minneverdig for oss som er avgangselevar, ja. Men kva med, vel, verda?
(Kva er forresten dei bigge plænsane dine?)

Eg byrja så smått før eg vart medlem, men har fyrst gått heilt over (sånn i skulen og liknande) no i haust. Har framleis litt å jobba med, tenkjer ikkje så mykje over om eg skriv rett, så det vert sikkert ein del feil :P

=) godt mogleg det!

I like måte!

L. sa...
Denne kommentaren har blitt fjernet av forfatteren.
L. sa...

seff komme me t å huske dette året sara!!!! Me flytte jo. Seie Hasta la vista t Stavanger. Me e (k)Russ!!!! Me ska bli selvstendige (litt hvertfall) Og me ska ha det best året i vårt liv så langt, fyllt opp t randen av god humør, moro, optimisme og ikkje minst Astrid sine geniale kk timer.

Og om verda kjem t å huske det e jo avhengig av ka me små og ubetydelige folk gjør dette året, for det e med så utgjør verda, ikkje dei big shot politiker greiene osv...

Glad i deg <3

Sara sa...

Hehehe :D heilt sant! Me får sørga for at året blir best mulig - eller særast mulig? - sånn at me kan tenka tebage når me e gamle... "å ja, 2009, det va litt av et år" ^^

Glad i deg og <3

Anonym sa...

Mai bigg plǽns ár rå fúd æn pǫlyfæsikk slíp. ;) Æs uell æs džæpænís.

Sara sa...

Ai si, dåos ar indid kvait bigg plæns. Ai kæn åonli visj ju "ganbatte" :)

Anonym sa...

Arigatou! ^^

Knut Natskår Svihus sa...

Hei. Veldig lenge siden sist eg har lest på bloggen din, men du holde standarden oppe altså!

Du eg lure på ka NMU e.. Kan du svare på det:P?

Sara sa...

Hehe, takk for det! Sko likt å kunna skriva oftere, men har begynt å få prestasjonsangst. Savne innlegg fra deg, forresten!

NMU står for Norsk målungdom, som e den beste ungdomsorganisasjonen på planetens overflate. www.målungdom.no

Knut Natskår Svihus sa...

Eg sga melde meg inn i NMU eg og! Va ein veldig kos jente som va innenom oss i går i norsken og hadde et veldig interessant foredrag om nynorsken.

Sara sa...

Va det Eva? :D hu e venninnå mi! Bli kjent med henna, seriøst, hu e digg.