søndag 1. februar 2009

Helga som gjekk og året som kjem

Eg har alt fått svarbrev!
... frå alle 4 :S

Ja, altså. Det kom brev i posten i går, men eg opna dei ikkje før no i kveld. Og eg kom altså inn på alle folkehøgskulene eg søkte på. Dette var jo sjølvsagt hyggjelege nyhende for meg, men no må eg velja mellom dei! Hah. Har 3 veker på meg. Førebels ligg Manger høgt.

No er helga i ferd med å, ehm, verta ikkje-helg-lenger, og eg føler ikkje eg har hatt helg før rundt klokka 3 i dag. Men det har vore kjekt, både før og etter :) merkelege greier, eigentleg, eg har liksom følt meg frelst og forelska om kvarandre. (Oi, der avslørte eg meg. Ja, ja.)

Tralala. Det var det eg ville seia.

5 kommentarer:

Víkþórr sa...

Veit du kva eg trur? At du avslørte deg med vilje! :P

Forresten, som amerikanar kann vel du skriva under på dette: http://www.eattheview.org/ ? Dei spurde etter by og stat, so eg kunde ikkje.

Sara sa...

Hehe, eg skjønar ikkje kva du snakkar om ;P

Ehm, jo, kanskje det... skal sjå nærmare på det. Men eg bur jo ikkje i USA, så har ingen adresse...

Knut Natskår Svihus sa...

Det e egentlig litt kjekt å avsløre seg sjølv altså! Nesten så eg og ville ha gjort det, men det kan jo ver at kjæresten min ikje hadde likt det. Ops, der skjedde det visst...

Sara sa...

:O har du fått kjærast? FORTELL!

Knut Natskår Svihus sa...

Snakk med meg på facebook ein dag eller någe, lite lyst å offentliggjøre det på