torsdag 5. februar 2009

Ny utfordring!


Takk til Ragnhild :)

Dette er utfordringa (eg gidd ikkje omsetja, får håpa de skjønar ;))

1. Gå innpå mine bilder/mapper.
2. Velg den 6 mappen.
3. Finn det 6 bildet.
4. Sett inn på bloggen og skriv litt om det.
5. Inviter 6 nye – link og gi beskjed om utfordringen til dem.

Dette biletet er frå 17. mai 2008, og det er av Kongsgårds Dannede Pigekor. Me er ei lita gruppe jenter som likar å syngja og ha det koseleg, og vanlegvis bruker me ein "skuleuniform" når me har konsert. Men på 17. mai er jo nesten heile poenget med dagen å sjå ekstra fin ut, så det forklårer bunadene og dei andre festkleda. Me hadde ein minikonsert på hovudtrappa før toget byrja. Eg hugsar ikkje kva me song, men det var nok fint uansett. Desse jentene er herlege.

Greitt, no gir eg stafettpinnen til Eva, Jasmin, Liv, Monique, Sigrid (og Helge) og Ulrikke. (Så håpar eg nokon tag'ar Mariell, for eg har lyst at ho skal gjera dette, men ho les sannsynlegvis ikkje bloggen min :P)

2 kommentarer:

Víkþórr sa...

This is obviously some kind of devil worship ritual! Take a close look at the instructions, and you'll see that the numbers form 666! :O

Men, ålvorlegt, de var fine der. ... Det høyrtest ut som eg meinte de er stygge til vanlegt, gjorde det ikkje? :S Eg meinte ikkje det, altso.

Hæppi Febbruæri!

Sara sa...

Eh... ja. Om ein er overtruisk, så kan ein vel sjå det slik...

Haha, takk :)

Ænd tu ju!