søndag 1. mars 2009

Vinterferiar er ei bra tid for å...

... gjenoppdaga filmar, musikk og slikt som ein har gløymt, til dømes:

Malcolm Middleton. Eg skulle skriva melding (anmeldelse) i KK'en, og trong ein "tekst" frå 2008. Platekompaniet, tenkte eg. Der må eg finna noko. Og eg såg i hyllene med ny musikk, og tykte at dette omslaget var litt kult:

Trur kanskje eg hadde sett ei melding av plata i aftenbladet eller noko, der ho sikkert fekk bra kritikk, så eg kjøpte iallfall plata og gjekk heim for å skriva KK-oppgåve. Medan eg gjorde det, fann eg ein ny kjærleik. Og i dag, som akkompagnement til frukosten, var Malcolm der att og song til meg.

"We're having a week off, we're having a rest
Look at the way we cough, it's for the best
The party's over, it's been a long long night
When we get sober, you'll see that I'm right"

Juno.


Har du sett den? Litt i Napoleon Dynamite-stilen, berre litt mer innhald... (eg elskar ND, altså, ikkje misforstå!) No når eg såg Juno for andre gong, la eg meir merke til musikken, som gjer filmen så spesiell. Songen som Juno og Bleeker syng for kvarandre i slutten er kanskje den perfekte kjærleikssongen, på ein litt nerdete og kul måte:

"You're a part-time lover and a full-time friend
The monkey on your back is the latest trend
I don't see what anyone can see in anyone else
But you

(...)

Here is the church and here is the steeple
We sure are cute for two ugly people
I don't see what anyone can see in anyone else
But you"

New Amsterdam.


Då denne serien gjekk på TV, fekk eg sett to episodar før eg fann ut at eg heller burde gjera lekser. Men eg var fascinert, og no i vinterferien fekk eg endeleg sett resten på SurfTheChannel. Det er kanskje ikkje den beste serien i verda, men eg diggar konseptet. Ein mann er på ein måte 400 år, samstundes som han er 35 år. Han dør ikkje og vert ikkje eldre før han finn "den rette". Perfekt fairytale for ein sucker som meg (orsak engelsken. Eg tykkjer eigentleg eg har lov).

"I've watched the world change. Best invention: indoor plumbing. Worst invention: the alarm clock."

Damien Rice. Kanskje ikkje så originalt, men korleis kan ein motstå han?


Ja. Eg meiner eigentleg røysta hans, men han er jo ikkje så galen å sjå på heller.

"What I am to you, is not real
What I am to you, you do not need
What I am to you, is not what you mean to me
You give me miles and miles of mountains
And I'll ask for the sea"

Men nye ting har av ein eller annan grunn berre ikkje vore ein suksess i denne ferien. Då meiner eg mest i filmvegen. Av nye filmar har eg nesten berre sett merkelege/uforståelege/grusomme/bisarre greier. Nesten, altså.

Meir seinare, kanskje...

5 kommentarer:

Anne sa...

Åååh eg ELSKE Juno!! Skuespillerne e kule, musikken e søt og historien e rørende, men samtidig morsom. Den e rett og slett prefection! Nesten jaffal.

Sara sa...

Ikkje sant? :D åååå. Ellen Page e digg, og Michael Cera e sånn der søt nerd som ein bare vil ta med seg hjem :D

L. sa...

Eg elske Juno!!! Og musikken e magisk. Og egentlig heile filmen. Eg elske korleis dei e ein uvanleg, men likevel funksjonell familie. Det e så herlig.
Damien Rice e eg så med på:) <3

Sara sa...

Jaaa :)

Ka då, stemmen hans eller det andra? ;D

L. sa...

ALT! :P

Eg fikk foresten med meg Juno soundtracket him frå London så det e blitt min bakgrunsmusikk for tida :)