torsdag 2. april 2009

Berre tulla!

Eventuelt: aprilsnarr! Patetisk spøk frå mi side, men men.

(Eg har med andre ord framleis tenkt å studera noko språkgreier, og har definitivt tenkt å flytta heimefrå.)

I dag/kveld gjer eg dette:

- prøver å skriva filosofistil
- får det ikkje til
- prøver å rydda huset
- får det ikkje ferdig
- prøver å pakka
- får ikkje roen (trur eg har gløymt noko viktig)

Men etter at eg har gjort alt det, uansett om eg ikkje får det til / ikkje får det ferdig / ikkje får roen, så skal eg søren meg sova. Iallfall litt. Og så skal eg flyyy! Til landet av dei frie og heimen av dei modige! (for å omsetja direkte, slik eg aldri ville gjort, sånn eigentleg)

Dersom nokon har sånn ekstremt god peiling på islamisme og sånn ekstremt reflekterte tankar om demokrati, og helst sånn i samanheng-ish, så gje for all del lyd.

Elles får de ha god påskeferie! Igåvf

5 kommentarer:

L. sa...

Demokrati e såååå overvurdert. og egentlig ikkje realistisk. Og eg tror ikkje me har det. og einaste formen for demokrati eg like e direkte demokrati. Da snakke me god gang asså. Men sånn generlet e demokrati patetisk, for folk generelt e idioter, så koffer la de bestemme. La heller oss brilliante styra med det. Og nei, eg kjem ikkje t å utdype det mer :P

Foresten like eg islam. Sånn litt. Bare ikkje den ekstremt konservative forma. Men eg like ingen ekstremt konservative former for religion, så det e greit. Eg tro heller ikkje at noreg blir snikislamisert og sånn tull som ap og frp komme med. De e grisepulere heile gjengen. (ap og frp asså, ikkje muslimene, dei e kule, eller, hvertfall dei eg har møtt)

foresten så e kodeordet ANDUM, noe eg fant fasinerende og eg tror eg ska gi ein gøyal meining, eg må bare tenka meg litt om.

L. sa...

Foresent e eg ennå pro deg som prest...

Víkþórr Veggiss Berurjóðr sa...

Tja, eg lyt vel segja at folkestyret fyrebìls er noko låkt – utan Dei Grøne fær 51% ved valet. :p

Islam er som andre trudomar ... Sjølv er eg ikkje so glad i det. Men, eg er glad i einskildfrelsa til å velja.

Ænd, Sara, Aj så þrú jår skím. :D

Sigrid sa...

Eg har jo berre ekstremt reflekterte og informerte meiningar om det aller meste, eg då:P Ahem.

Skal eg berre leggje ut, eller vil du stille meg spørsmål?

Aj så þrú jår skím tú, sånn bai de vei.

Sara sa...

Oi, her kom det masse å svara på! Får byrja frå byrjinga :P

Eg er samd i at demokratiet er overvurdert, men ingenting anna har jo funka, så... me er på ein måte like langt.

Altså, det er ikkje islam som religion det er snakk om her, men islamisme - altså den politiske ideologien som legg islamske verdiar og lover til grunn for all politikk.

Sigrid, du kan berre leggja ut, så kan eg heller spørja deg om eg kjem på noko ;) problemet no er vel at eg eigentleg ikkje veit kva eg lurer på...

Sånn elles: de er så lure! Eller så kjenner de meg berre. Det er jo eigentleg fint.