onsdag 1. april 2009

Nye idear, kanskje kanskje

I det siste har eg tenkt ganske mykje på framtida mi, sånn der karrieremessig og slikt. Sidan eg skal på folkehøgskule neste år, treng eg ikkje søka på universitet heilt enno, men det er jo greitt å ha ein plan. Og det siste året har eg nesten berre tenkt at eg ville gå noko språkgreier (t.d. lingvistikk eller nordisk), men eg er ikkje lenger heilt sikker på om det er mi greie. Så her er nokre av ideane mine:

- Eg kan jo til dømes studera botanikk. Det gjorde far min. Han likte det. Blomar er fine.
- Eller geologi. Det var jo "ytre krefter"-kapitlet eg likte best i geografifaget.
- Men det som eigentleg fristar mest nett no, det er å verta prest. Tenk deg det, å stå og snakka om det aller viktigaste i livet ditt for eit par hundre menneske kvar sundag, og få betalt for det.

Dersom eg bestemmer meg for det siste, inneber det at eg anten reiser til utlandet for å studera, eller vert buande her og går på Misjonshøgskulen. Det siste er kanskje best. Då kan eg jo bu heime ei stund til.

7 kommentarer:

L. sa...

men prester jobbe mye kveld, har få helger fri, snakke med masse mennesker og egentlig virke det bare stress. Pluss at det e utrolig kjipt å ver i familie med ein prest. Og du kna hvertfall ikkje bo i samme område som du jobbe for da blir heile familien din definert utifra kem du e. Då blir de prestedattera osv... Men men, vett du ka joi sa når han va liten? Han skulle bli prest som pappa for det va så lett, da bare gikk du opp på prekestolen på søndag og sa no greier så fikk du penger :)

Sara sa...

Null problem! Skal ikkje ha familie, eg!

Hehe, nettopp :D men eg trur i tillegg at eg er ein prestetype. Litt sånn konvensjonell og koseleg statskyrkjeprestetype. Kanskje litt Bjørn Eidsvåg. Eller. Han er kanskje ikkje så konvensjonell. Hmmm. Dette må eg tenkja over.

Víkþórr Veggiss Berurjóðr sa...

Aprilsnarr?

Sara sa...

Hihi... det var kanskje ikkje så vanskeleg, eigentleg :P

L. sa...

Eg tro heilt klart du e ein prestetype Sara, ein rødvinsdrikkende, ukulele spillende, nynorsk prestetype. Og om du ikkje ska ha familie eg e veldig for, uansett om det e aprilsnarr eller ikkje :P

Sara sa...

Hehehe. Om eg var prest, skulle eg sjølvsagt drukke raudvin og spelt ukulele og brukt nynorsk. Men alle dei tinga gjer eg jo allereie! :D

(Pluss at eg egentlig aller helst vil ha familie. Men ikkje på 1. april.)

Sara sa...

Usj, skriveleifar kjem visst i massevis når ein er høg på sjokolade og freistar skriva filosofitekst.