mandag 29. juni 2009

Sjiraffen Laffen gir alltid blaffen

... i om det er fløte nok i kaffen *syng*

Eg er komen heim frå sumarleir. Det var digg, og du som ikkje var der kan angra, og koma neste år! :D Ja. Meir om det seinare, kanskje. (Men tendensar har vist at når eg seier "meir seinare", så er det sjeldan sant. Likevel, eg skal prøva.)

Men, sidan eg kom heim har eg ikkje gjort så mykje produktivt, bortsett frå å teikna sjiraffar, då. Og det er ikkje så uviktig som det kanskje høyrest ut. Sjekk det ut, då vel. Til no har eg teikna 4 sjiraffar: 1 på sumarleiren og 3 nett no. Dersom du gjer som meg, kan det henda at målet om ein million vert nådd!

Så, utfordringa mi til deg er:
* Teikn minst ein sjiraff og send inn (instruksar finst på vevsida). Den einaste regelen er at det skal vera handteikna, men du kan naturlegvis senda bilete av teikninga. Eitt ark/ei teikning kan innehalda fleire sjiraffar, og alle tel med.
* Utfordra folk du kjenner til å gjera det same. Lag gjerne eit blogginnlegg som dette, eller snakk om prosjektet ved middagsbordet, eller på fest. Arranger gjerne ein teiknesirkel med ein venegjeng! (Der er mange måtar å mobilisera på.)

Enkelt, er det ikkje? Og kanskje eitt av dei koselegaste prosjekta det går an å vera med på. Grunnen til at eg tykkjer det, finn du dersom du skrollar ned til siste avsnitt på denne sida.

Lukke til!

4 kommentarer:

L. sa...

eg like å tegna sjiraffer. Det e gøy :D

Ragnhild sa...

Så fint prosjekt! Fekk lyst te å tegna nå :)

Odin Hørthe Omdal sa...

Eg laga ei statistikkside for giraffprosjektet som er litt enklare å forstå (grafar, yay):

http://giraff.s0.no/

Odin Hørthe Omdal sa...

Eg laga ei statistikkside for giraffprosjektet som er litt enklare å forstå (grafar, yay).