tirsdag 1. september 2009

Berre på folkehøgskule...

... er visse vevsider sperra, sjølv om dei ikkje er pornografiske e.l.
... får ein gå svolten om ein kjem eit minutt for seint til middag.
... er der lang kø på vaskemaskinane, og ein må helst ha namnelappar på alle klede.
... er alt ope til 22:00, bortsett frå kjøkkenet, som er forbode utanom måltida.
... kan ein plutseleg få lyst til å køyra til Sverige på dagstur for å kjøpa snop, og det er heilt greitt, berre ein rekk middagen.
... kan 60-70 personar klumpa seg saman for å sjå Grey's Anatomy.
... består ein alle fag berre ein møter opp.
... har alle likevel lyst til å delta.

3 kommentarer:

L. sa...

hjå meg og er er visse vevsider sperra, sjølv om dei ikkje er pornografiske e.l. Det er noko på nettverket pappa har satt på.

Tove sa...

vi så også greys anatomy i går :) det var gøy. SElv om det er alt for lenge siden jeg har sett det sist, så jeg greide ikke helt å leve meg inn i det. MEn det var koselig. I kveld så vi gossip girl (:
VI får heller ikke mat om vi kommer for sent!!! det er en skikkelig teit regel.. Men på møter er det verre for der låser de døren og da får vi ravær!

Sara sa...

Lisabeth: Åh... okei då. Men det er vel ikkje så vanleg å gjera slikt?

Tove: Hehe, det er noko ekstra koseleg med å sjå tv på fhs :)
Ja, men eg synest eigentleg det er greitt, det er litt dumt om folk berre kjem når dei vil...
Hmm ja, me har det slik at om ein kjem eitt minutt for seint til morgonsamling så får me fråver. Til vanlege timar gjeld 15-minuttsregelen. Så litt strengt er det jo...