onsdag 6. januar 2010

Ambisjonar og planar og uvisse

"Kva skal du gjera til hausten?" Dette utruleg irriterande og altfor aktuelle spørsmålet har fillen gjort eit comeback. Så eg tenkte det var lurt å skriva litt om det her, i tillegg til litt fjernare framtidsplanar og slikt.

Til hausten skal eg nesten heilt sikkert til Oslo. Eg skal nesten heilt sikkert bu på studenthybel, vonleg saman med Ulrikke. Eg skal nesten heilt sikkert studera på uni, anten språk eller litteratur eller kjønnsstudium eller noko anna gøy. Og det skal eg nesten heilt sikkert trivast med.

Om eg får sjansen, vil eg reisa ein stad der kvardagen er heilt annleis enn her. Om eg får sjansen, vil eg ein gong jobba med noko verkeleg meiningsfullt. Om eg får sjansen, vil eg læra meg eit tredje språk flytande.

Ein eller annan gong i framtida håpar eg på å bli kjend med ein sånn der spesiell person. Det hadde vore frykteleg fint om det faktisk skjedde.

Kan dette kallast livsforsett?

3 kommentarer:

L. sa...

Eg like det^^ Neste år skal eg til oslo på helgebesøk^^

-Lisabeth kva skal du bli når du blir stor?
- Lukkeleg

L. sa...

gratulerar med dagen, med vegen.
<3

Sara sa...

Ja, det skal du!

:)

Tusen takk søting! <3