søndag 28. februar 2010

Kviskring - den nye eufemismen?

Ein person eg kjenner godt har ein merkeleg vane. Dei fleste kjenner ho som litt høglytt og særs munter. Ho bruker røysta si, kan ein seia. Men eg har erfart ei anna side ved ho, særleg dei siste åra. Når ho snakkar om noko ho ser på som tabu eller ubehageleg, eller når ho kritiserer nokon eller fortel om noko ho ikkje er heilt for, byrjar ho å kviskra. Kvar gong. Om ho enn er på ein gudsforlaten stad og har ein samtale på tomannshand og det er 100% garanti for at ingen andre på nokon måte kan koma til å høyra, så kviskrar ho.

Eigentleg er dette eit praktisk signal for meg (eller den som høyrer på), fordi eg veit at kviskringa indikerer ei haldning ho har til det ho snakkar om. Då veit eg litt betre korleis eg bør gå fram i samtalen for å unngå krangel, men likevel seia det eg meiner. Problemet er berre at eg periodevis høyrer dårleg, og det er jo lite slagkraft i eit argument som samtalepartnaren ikkje høyrer. Det er òg som regel hovudpoenget som blir kviskra. Utruleg upraktisk.

Uansett. Etter at eg byrja å merka denne vanen hjå denne personen, har eg òg sett det skje eit par gonger på film/tv. Det interessante med det er at det er alltid dei litt pripne, gamaldagse, kritiske og/eller overfølsame typane som kviskrar. Kva er greia? Er det eit litterært verkemiddel? Kan det overførast til røynda?

Teorien min er iallfall at kviskringa er ein slags "self-preservation"-metode, eller ein spesiell type eufemisme (dette har eg nesten skrive særemne om, å lukke). Det kan henda det er litt lettare å kviskra noko skandaløst enn å seia det med vanleg innerøyst. Men funkar det eigentleg i lengden? Burde me ikkje alle heller seia kva me meiner om det me snakkar om? Jo, det tykkjer eg.

3 kommentarer:

Anonym sa...

*kviskrer* Det synes eg óg :)
- Jasmin

L. sa...

eg har aldri tenkt på det før, men no e eg blitt über var på det. Og i går medan eg venta på bussen observerte eg dette fenomenet med 3 fjortisjenter som stod der. Dei og kviskra med ein gang dei skulle snakke om noko litt meir alvorlig... kjempe fasinerande eigentleg...

Sara sa...

Jasmin: :)

Lisabeth: Sant? Det må vera noko psykologisk i spel her. Dette må undersøkast meir...