søndag 18. april 2010

Oh no.

I dag var eg inne og såg på nokre av emna som inngår i lingvistikkstudiet, fordi eg akkurat no har lingvistikk på 1. pri på samordna opptak. Då såg eg tilfeldigvis at dei fleste av emna har ei obligatorisk munnleg vurdering. Huff då, tenkte eg. Må eg revurdera dette? Så tenkte eg gjennom kva andre studie eg har satt opp. Dei fleste er innanfor språk. Då er det truleg munnlege vurderingar der òg. Hm. Når eg tenkjer meg godt om, så er jo det eigentleg litt sjølvsagt at språkstudia må vera til ein viss grad munnlege. Veit ikkje kvifor eg har sett for meg noko anna. Kvifor i all verda har eg peikt meg ut språk som ei interesse når eg absolutt ikkje er eit munnleg menneske?

6 kommentarer:

Vebjørn sa...

For å snu litt på flisa - er ikkje utdanning noko me tek (evt. burde ta) for å læra noko me ikkje kan frå før? Alt med måte, sjølvsagt, men om du ikkje er nokon racer i munnlege samanhengar, så finst det vel knappast betre boteråd enn å utdanna seg til å verta det?

Sara sa...

Det kan henda du har eit poeng. Eg kjem til å måtta jobba ganske mykje med det, då. Men det er kanskje det utdanning handlar om...

Eva Holthe Enoksen sa...

Kanskje du rett og slett kan øva deg i NMU? Me gjev ikkje karakter, ikkje bit me heller :) Men har du ikkje argumenta i orden, tapar du fort!

Sara sa...

Sant det. Eg må nok bli litt flinkare der òg. Kanskje dette skal vera prosjektet mitt for neste år? (Sånn i staden for å "finna den rette" og alt sånt skit...)

Eva Holthe Enoksen sa...

Samd. Eller, du kan jo ha fleire prosjekt, so får du kanskje til eit av dei. Trur det er enklare å læra seg å prata framfor folk, for å vera heilt ærleg :)

Sara sa...

Haha, eg byrjar å tru det, eg òg... Men kven veit! Ting kan skje!