fredag 2. september 2011

Dette semesteret

Til dei som lurer på kva eg gjer dette semesteret, her er the 411 i form av eit intervju med meg sjølv.

Sara, kva fag tar du eigentleg dette semesteret?
Eg tar exphil, fordi "dei" anbefalte å ta det i det tredje semesteret. Det verkar greitt så langt, og eg tykkjer folk overdriv litt med sutringa over dette faget. Eg tar òg innføring i portugisisk, i håp om å få forkunnskapar til å ta 40-gruppe i portugisisk, i håp om å gjera noko kult i Brasil ein vakker dag. Det siste faget eg tar no er morfologi 2. Det handlar om ord og sånn. Det er nerdete og nyttig (håpar eg).

Skulle du ikkje ta ein masse andre ting... sånn som astronomi og barnelitteratur?
Jo, og eg har ikkje gitt opp tanken på det, eg berre utset det litt. Sjansen for å kunna utveksla er visst betre viss eg følgjer det anbefalte studieløpet sånn cirka. Og eg tykte det var rart å ikkje ta eit einaste lingvistikkemne, så eg kunne ikkje dy meg.

Okei, så det er det du gjer på skulen.
Ja.

Kva anna gjer du, då?
På måndagar syng eg i verdas kulaste kor. Me har vore med i ein vakker musikkvideo og me skal spela inn CD og me er big in Germany og det er dritgøy. Me er òg smånerdete og covrar denne medleyen!
Elles sit eg i nokre styre.

Typisk deg. Kva styre då?
Per no: Studentmållaget i Oslo, Mål og Makt (tidsskriftet til SmiO), Motmæle (medlemsbladet til NMU), landsstyret i Norsk Målungdom, studentutvalet (eigentleg eit fagutval) på ILN (institutt for lingvistiske og nordiske studie)... er det noko meir då? Trurkje det.

Travel, du!
Litt.

Kva med dansen og sånn?
Det tar eg litt pause frå akkurat no, fordi det er crazy dyrt og eg har jo eigentleg ikkje tid heller. Men heile kroppen min saknar det inderleg.

Kva andre ting har du på gang / planlagt? Du har jo alltid masse prosjekt i... lufta? (Er det det det heiter?)
Baller i lufta, trur eg det er noko som heiter. Det har eg. Eg har til dømes ein ambisjon om å lesa 52 skjønnlitterære bøker frå studiestart haust 2011 til studiestart haust 2012, og helst i form av éi i veka, og ikkje liksom 40 i juleferien. For at det skal gå, må eg lesa MASSE på søndagar og oftast ganske korte bøker. Men det er betre enn ingenting! Hurra! Eit anna prosjekt har eg saman med fine lesesalbuddy Liv, og det skal dokumenterast på denne bloggen her, og det handlar om matpakkar! Me skal rett og slett bli flinke på å laga matpakkar. (Eigentleg er Liv allereie veldig flink.)

Korleis får du tid til venner?
Heldigvis driv ein god del av vennene mine med dei same tinga som meg. Hurra for felles interessar! (Resten ser eg med ujamne mellomrom, men det kjenst alltid som om no time has passed, lizm.)

Takk for intervjuet, og lukke til!
Takk i like måte ;-)

Ingen kommentarer: