torsdag 7. august 2008

Bizarre.

Dei siste dagane har eg overraska meg sjølv. Ganske mykje.

Til dømes har eg oppdaga kor merkeleg sætisfaiing det kan vera å stappa daude tre i ein maskin som hakkar dei til fillebitar.

Eg har greidd å halda rommet ryddig. Då meiner eg ikkje ryddig nok til å kunna manøvrera seg rundt i rommet og kanskje, med litt flaks, kunna finna ting. Eg meiner ryddig, sånn etter standarden til ein person som plar ha eit ryddig rom. For det plar nemleg ikkje eg.

I staden for å kjeda meg halvt i hjel, går eg på dansekurs denne veka. Har sakna å dansa! Det skal eigentleg vera jazz nivå I-II, men eg trur heller det er nærare II-III. Teknikk-delen er grei, men koreografien er skitvanskeleg. Mest fordi det går sinnssjukt fort. Men det er kjempegøy! Instruktøren er svensk og lagar kule lydar for rørsler og takter.

Det eg ikkje har fått gjort, er å byrja på særemnet. Eg har ikkje eit tema eingong. Tenkte litt på å skriva om bøker som går føre seg i t.d. New York, det var ein idé eg fekk av særemne-mentoren. Men eg veit ikkje. Eg er så dårleg på dette.

Elles har eg KONSTANT songen "I'm yours" av Jason Mraz, som jo er ein ganske søt song, men etter kvart irriterande, på hjernen. Kan me ikkje få ei ny landeplage snart?

6 kommentarer:

Anonym sa...

Kva er dette seremnet? Skal du skriva stil?

Det kann vera kwait sættisfaiing å kløyva ved, ja. :)

Sara sa...

Ja, det er ein lengre stil som skal handla om anten litteratur, film eller språk. Dei fleste skriv om litteratur, til dømes samanlikning av 2-3 bøker. Det er ein ganske bigg diil på Kongsgård. Men eg greier ikkje koma opp med noko bra :/

meg sa...

eg føle med deg! særemne va liksom det styssta høsten i tredje..men! hvis du vil ha ett tips fra meg. så velg någe du virkelig interessere deg for, og som du lige. eg begikk den store feilen å bare velga tri bøker eg ikkje hadde någe videre forhold te og sammenligna di, og det va seriøst sykt kjedeligt. hvis eg konne valgt igjen ville eg tatt utgangspunkt i ein av yndlingsbøkene mine og se på de aktuelle temaene som blir tatt opp i nettopp den, også finna bøker som tar opp samme tema, men på ein aen måte. gah, dette blei litt lengre enn eg hadde tenkt men jaja. lykke te uansett!! :)

Sara sa...

Sunniva! Begynt å blogga igjen? :D

Takk for tipset, eg tror du seie noge der. Det e jo ikkje interessant å lesa hvis det ikkje e interessant å skriva ;)

Anonym sa...

Hei, sara! innlegget ditt fikk meg til å tenke på dette klippet frå bye og rønning:

http://www.youtube.com/watch?v=fFPfHNEfEg8&eurl=

haha!

klaus :-)

Sara sa...

Heisann Klaus!

Haha, skambra :D lagt til i favorittane mine ;)