tirsdag 2. september 2008

Hår og tær

(Etter førespurnad frå Lisabeth)

Tær
Tærne sit på enden av føtene. Dei fleste menneske har to føter, og fem tær på kvar fot. Det er vanleg at den inste tåa er ganske mykje større enn dei andre. På tuppen av tærne finn me noko som heiter "negler". Desse veks ganske fort, og kan stikka hol i sokkane om ein ikkje klipper dei jamleg.

Sjølv har eg ganske lange tær. Dei er ekstremt kjenslevare, men samstundes ikkje. Viss nokon kiler meg på tærne, kan eg nesten verta aggressiv. Men det kan òg kjennast godt. I kontakt med golv er eg takksam for at huden under tærne mine er høvesvis hard. Fanga i tåspisskor skrik dei og får av og til krampe. Men dei klarer no å halda meg oppe :)

Eg tykkjer det er herleg å gå utan sokkar heime og la tærne kjenna etter på golvet og slikt. Og om natta må tærne vera frie for alt som heiter sokkar. Dei toler det ikkje, jamvel ikkje om vinteren. Tærne mine likar generelt fridom, men kanskje ikkje i det offentlege. Dei er litt blyge.

Hår
Håret er noko merkeleg. Det finst ofte i større mengder på toppen av menneskehovudet, og kan vera langt, kort eller nesten ikkje-eksisterande. Nokre få menneske har ikkje hår på hovudet, dette kan vera eit medvite val eller eit resultat av kroppslege "tekniske feil". Men hår finst òg på andre delar av kroppen, og det er ikkje uvanleg å fjerna noko av dette. Mange unge kvinner vel å gjera det av estetiske eller andre grunnar.

Mitt hår (på hovudet) er no ganske langt. Eg trur faktisk det er det lengste det har vore nokosinne. Det er ufarga, og har alltid vore det. Vanlegvis går eg med det laust, men frå tid til annan tykkjer eg det er praktisk å halda det vekke frå andletet med noko som kallast "strikk".

Nokre menneske er "hårkjære", det er ikkje eg. Men eg mistar ein del hår, difor er eg skeptisk til å la andre menneske fikla med det. Viss du får fikla med håret mitt så stoler eg på deg. Den dagen du får fletta håret mitt, då kan du vita at eg er glad i deg. (Med mindre du er frisør.)

8 kommentarer:

Anonym sa...

Dette var eit koselegt og løygje innlegg. :) Ogso so mykje å læra av det. :p

Sara sa...

Hehe, jo takk :D det var kjekt å skriva det ^^

Ne-kee sa...

Du har latt meg fikla med håret mitt! You love me <3

Sara sa...

Sjølvsagt :) <3

L. sa...

Eg trur eg muligens har sett dine tær. Den dagen med dammen. Eg har korte tær eg. Og i likhet med dine like mine og å være fri. Samtidig elske de eit par nye sokker... Dilemma.
Eg har ikkje fått dilla med håret ditt, så eg e nesten litt fornerma, men eg e ikkje så glad i at folk dille med mitt så eg tror eg godtar det:P
Om du og miste mer hår itte du har vaska det?
Eg e foresten meget nøgd med innlegget. Eg tykjar det e moro:)
Og ettelengta:)
<3

Sara sa...

Det kan stemma at du har sett mine tær. De hadde kanskje ein god dag den dagen :)
Men eg e glad i mangen som ikkje har dilla med håret mitt, så det e ikkje et kriterium, bare et godt tegn :P
Jupp, alltid... :/
Så bra! :D <3

Anonym sa...

Du skrive så utrolig kult! Eg blir i godt humør bare av å lese det ^^

And ju hæs lett mi fikl vidd jør her!

-Jasmin

Sara sa...

Yaaay =D
<3