onsdag 21. mai 2008

Our weekend starts on wednesday

For ein dag!!

Våkna klokkå 05:50 då eg eigentleg kunne ha sove til 07:00. Kjeda meg så mykje at eg las ein heil annonse for ein sportsbutikk, pluss frukostblandingseska, på bokmål og svensk. I dusjen fekk eg ein song på hjernen, og plutseleg byrja eg å byta ut nokre setningar frå songen med noko som passa meg, og før eg visste ordet av det hadde eg nesten dikta opp ein heil song! Spanande! Eg sprang opp på rommet for å skriva det ned før eg gløymte det. Så no har eg eit utkast til ein songtekst liggande på puta.

Så fekk me hovudmålsstilane tilbake, eg fekk rein 5 denne gongen, så trur eg får 5 i standpunkt! Håpar berre ikkje den går drastisk ned neste år, når eg truleg byter hovudmål til tredjespråket mitt :P kommentarane var mellom anna: "Svaret må kanskje få betegnelsen artikkel, men her finnes også tendenser til essay" xD typisk Jan Thrane-kommentar. Men det er litt morosamt, for det var eigentleg meininga at det skulle verta essay... hm.

Så var det gym, då. Mosvatnet på tid. Det einaste eg tenkte på veg opp til vatnet var "Drep. Meg. No.", men eg gjorde det. (Sprang, altså.) 30 sekund raskare enn sist! Hadde ukristeleg vondt overalt etterpå, men. Det er over. (For i år.)

Så kom eg ned til sentrum og var OMRINGA av mormonarar. Bokstaveleg talt. Eg har aldri vore så redd i heile mitt liv. Ikkje misforstå meg, eg har ikkje noko imot mormonarar. Det er berre det at eg sa at eg skulle vurdera (NB: vurdera) å koma på gudsteneste ein gong. Og det gjorde eg altså ikkje. Og desse mennene eg sa dette til, var blant dei som vandra rundt i sentrum. Æææ!

Men eg er framleis like heil.

Eg hadde eigentleg eit genialt bloggemne, men fant ut at det vart for vanskeleg. Eller for personleg, kanskje. Må hugsa at folk faktisk les dette.

3 kommentarer:

Ragnhild sa...

Haha, du e kule du Sara:)
Sangtekst e gøy. Sko ønska eg og hadde bare ein smule inspirasjon!

Har du begynt på vår fantastiske forskning på lilla då elle? xD

L. sa...

kan eg få høyra songen din?
mormonmene e skumle, men litt søt på ein måte der dei vandre rundt i dressen sin og ser ut som om de ikkje e norske i det heile tatt. (i måten de kler seg på lissom) s går de bare der, har aldri sett de snakka t andre, forsovidt snakke dei ikkej så møye t kverandre heller. Det syns eg e skjøngt... hahahaha

Sara sa...

Ragnhild: Hihi, kule kan du ver sjøl ^^

Åh! :D det holdt eg på å glømma! I'm on it ;D

Lisabeth: Hmmm. Kanskje når eg har bearbeida an litt, sove på an osb :P det va liksom så spontant at det kan umulig ver noge bra... men kanskje seinare ja :)

Ja, der e noge litt kult med de! Du ser jo med ein gang kem de e. Men eg tror altså de pleie å snakka me folk, de snakkte jo me meg... men kanskje de like å ver litt rolige og :) hehe nei de e tøffe altså!