mandag 5. mai 2008

Sumarmåndag

Eg tykkjer det er litt kult at...

- leiaren i NMU har ein peikar til bloggen min på bloggen sin!
- eg gjekk barføtt heile skuledagen idag
- Mona og eg har så lite til felles, og likevel kjem så godt overeins
- franske filmar har så rare endingar
- Simon kan The Julekalender-songane like godt som meg
- mange seier at Tarjei Vesaas skriv så gammaldags, medan eg tykkjer det er perfekt
- det går an å planleggja så mykje, og gjennomføra så lite
- KJ trur ho skal vinna poke-konkurransen. Ho kjenner meg tydelegvis ikkje.

4 kommentarer:

L. sa...

ju maik mi laf..

eg og syns det e litt tult..

ka film dykk såg i fransk?

:)

Sara sa...

:)

Det va "Jeux d'enfants", eg og Sunniva såg an på filmklubben då. Den va ganske tøffe ^^

L. sa...

OOO kult... eg like Paris je t'aime. Den må du se om du ikkje alt har set an:) og ein langvarig forlovelse.. og amli, men den har vel alle sett:P

Sara sa...

Paris je t'aime e dødsbra!
Den andre har eg kje sett tror eg...
"Amli" tenke eg = Amélie? Hehe. Den e så best.