torsdag 19. juni 2008

Avslutningar

Når skuleåret er over, er òg pikekoråret over. Dette medfører at koret må samlast i ein hage på Sola. På måndag gjorde me nett det. Etter mykje stress og gåing-av-på-feil-haldeplass, var me fulltalige og kunne setja i gong med å syngja (medan naboungane spionerte), eta pizza (og etter kvart kake), leika og sjå Mary Poppins. Koseleg! Det er så mykje kjekkare å syngja i kor når alle kjenner kvarandre litt betre enn me gjorde i byrjinga. Kanskje det er bra me ikkje er så mange?

Når skule- og pikekoråret er over, er òg nynorsk-året over. (For min del, i alle høve, sidan eg ikkje skal på sumarleiren... trist!) Dette medfører at nynorsk-folk må samlast (uoffisielt, vel å merka) i ein hage på Sandnes. Igår gjorde me nett det. Fyrst var me berre 5 personar, men det kom fleire etter kort tid. Det var ein innhaldsrik kveld, men vanskeleg å oppsummera :P stikkord er regn, mais, og ei brisen Eva. Interessant ;)

Når skuleåret faktisk offisielt er over, må skulen gjera noko sprøtt for å syna seg for turistane. Idag gjorde me nett det: me "dansa" polynese i byen. Lærarane var søte, me andre var våte. Likevel tykte eg det var litt kjekt. Etterpå sto me foran hovudtrappa og høyrte på/såg underhaldninga til 3. klassingane. Morosamt nok, det, heilt til 3D song "Pikekoret, sorry, alle hate dokk!" Eg vart sjølvsagt djupt såra og vonbroten, men tok det som ein mann (?) og gjekk bort til kakebordet for å sikra meg eit stykke. Så sto me der og åt kake og fraus.

Gjev eg var i eit varmare land!

6 kommentarer:

Anne sa...

Sorry men dåkk kan bare ikkje måla dåkk me pubertetskoret, av ulike grunner. No offence. D e liksom någe litt mer spennende me ein haug gutter i bar overkropp, som egentlig ikkje kan synga. D at de har muskler og (någen av de jaffal), e heller ikkje feil! Tihi. Nå forsvinne jo de fleste som e interessante å se på, så då blir dåkk kanskje litt mindre "hata" :)

Ragnhild sa...

Som Lisabeth sa:
De e elska fordi de spele på sex. Og ja, i tillegg på grunn av de for det meste dype, herlige stemmene..ahh.
Men eg blei litt såra eg og. På ein måte.

L. sa...

Du sa jo du syns det va løye ragge...

Sara sa...

Anne: Det e heller ikkje et mål for pikekoret å "måla seg" med pubertetskoret. Me e klar over at spenningsfaktoren ved knelange skjørt og musefletter e meget begrensa, men me e så mye mer kultiverte enn pubertetskoret, og mye finere å hørra på. Derfor syns eg det va mer frekt enn morsomt av klasse 3D å synga at "alle hate" oss.

Ragnhild: Det e sant det, me kan i hvertfall skryta på oss at stemmene våre e nok, at me ikkje trenge å spela på sex. (Det kan me eventuelt spara te andre samenhenger! For de som drive med slikt.) Hvis, derimot, guttekoret hadde vore et bra kor å hørra på, så hadde eg nok kjent konkurransen litt mer.

Anonym sa...

Vel...
Det som e e at Pubertetskoret e orginalt
Pikekoret har me sett tusen ganger før, og det e bare kjedelig!
Dere e søte en og en, men sammen blir det for sukkersøtt...

Sara sa...

Ehm, unnskyld meg?! Heile meiningå e at me ska ver ein motpart mot "barskheten" i pubertetskoret. Det ska kje ver "crowd-pleasing", det ska bare ver som pikekor va før i tiå. Hvis alt som ikkje e pretensiøst blir klassifisert som kjedelig, så får det vel bare ver. Der e ingen så tvinge deg te å hørra på oss. Sånn ellers syns eg det e ganske feigt av deg å kommentera anonymt. Det kan forstås som at du ikkje tør stå for meiningen din.