tirsdag 24. juni 2008

It won't be long till happiness steps up to greet me

Eg fekk 6 på franskeksamen, og eg er nr. 3 på vervetoppen. Eg berre nemner det. :)

Elles har eg funne ut at eg ikkje orkar å prøva å oppsummera kva som har hendt sidan sist. Eg vil heller seia noko om kva som kjem til å henda. Eg kjem til å overraska meg sjølv, og verda kjem til å overraska meg. Ei forandring kjem. (Dette vart litt Tony i West Side Story. Hm.) Sidan "planen" ikkje gjekk så bra, er det berre rettferdig om noko anna skjer. Og det gjer det nok. Eg gler meg!

Heilt konkret så skal eg reisa til Paris på sundag. Eg har droppa Skjærgårds (med Jars of Clay, for søren!!) og sumarleir med NMU (med sjølvsagte føremoner, hihi) for å gjera dette. Det bør verta bra! Og det gjer det nok.

Etterpå har eg ingenting å gjera. Eg har ikkje jobb, eg har ikkje fleire planar, eg har ikkje ein fantastisk idé til særemnet som eg kan byrja å skriva på. (Det tyder ikkje at eg ikkje skal prøva, men) difor har eg masse tid til å gjera Kva Eg Vil. Og kva det er, vel, det kjem i eit anna innlegg.

Til slutt litt "metafiksjon" som ikkje er fiksjon. No når eg skriv dette, klarer eg ikkje irritera meg over at det eg skriv ikkje vert lagra undervegs. Kva har hendt? Det var jo den beste funksjonen med heile greia! Nesten. Dette er ikkje bra. Kva om dataen min hadde skrudd seg sjølv av no? Då måtte eg jo ha skrive heile innlegget om att. Huff og huff.

11 kommentarer:

Anonym sa...

men kva fekk eva i matte?!

Sara sa...

Ho fekk 5!

Anonym sa...

=( vart ho trist?

Sara sa...

Eg veit ikkje, eg sendte berre melding, og ho svara berre "Takk". Så... :/

Anonym sa...

ho der altså! det ordnar seg nok.

kvifor har eg ikkje deg på mzn eigentleg? er det fordi du bur på sola?

Sara sa...

Ja, det gjer nok det :)

Eg må seia at eg tykkjer ikkje bustaden min er bra nok grunn til å ikkje ha meg på "mzn". Så eg vil tru det er fordi du aldri har spurt. :P

saraBAKKESTREKnidayKRØLLALFAhotmailDÅTTKÅMM

L. sa...

Eg har mangen ideer om ka du kan gjør i august... Du ser, eg lure på om eg ska prøve å få t ein hyttetur i slutten av ferien. Det hadde våre kos det:) Hadde antagelig blitt ein underlig sammensetning av folk, men det e jo bare morro. Så da syns e du kan bli med:)

L. sa...

Seff blir paris bra. Dert e jo PARIS!!!

Og i Paris kan du finne nye romantiske objekter å studere:P Og laga nye planer:) Du har vel tilgang t internett der?

har de tatt vekk lagre funksjonen? Det e jo nesten kriminelt!!!

Sara sa...

Å, det hadde vore kjempekjekt :D eg e med eg!

Jaja, så klart :D glede meg som en liten unge! Ja, eg ska ha med laptopen, der e trådlaus på skulen så vidt eg vett. Og kanskje på huset og, det vett eg ikkje.

Eg håbe virkelig ikkje det, men ingenting blei lagra mens eg skreiv dette innlegget i hvertfall... ikkje bra!

Anonym sa...

Synd at eg ikkje fær sjå deg på sumarlægeret :(

Sara sa...

Jaaa :( det er ganske surt, men slik er det... men eg kjem på ALLE andre tilskipingar frå no av! :)