søndag 30. august 2009

Sagavoll, veke 2

For å svara på spørsmåla frå Lisabeth:

Fortell meg korleis det går. No går det mykje, mykje betre. Ting byrjar å verta lettare allereie. Folk er meir avslappa og opne. Dagane går meir av seg sjølve. Eg byrjar føla meg som heime.
Kva et du? Eg et vegetarmat! Kjøkkenstaben er nokre superkoselege kvinner som tydelegvis veit kva dei driv med. Så eg får dritgod og sunn og variert mat. Det vert ikkje betre enn det!
Korleis ser rommet ditt ut? Det er eitt av dei største, faktisk. Kvar av oss har ei god og breid seng, eit halvt skap til klede, tre hyller og eit skrivebord. I tillegg har me skikkeleg god utsikt.
Kven deler du rom med? Det har eg vel sagt allereie?
Når kjem du hem att? I haustferien! Altså ein gong tidleg i oktober. Hugsar ikkje datoane no.

Nokre stikkord om veka som har vore: "Fysiske utskeielser" (gym for pyser), koseleg linjedag utan trening, oppstartstur med fjelltur (Gaustatoppen) og drageverkstad, kakebakekonkurranse, landsdelunderhaldning, nynorskgudsteneste. Digg, digg, digg.

Og så har eg skrive nokre brev - kanskje er du mellom dei heldige som får eit snart! (Det er berre å seia frå om ein har lyst på :))

P.S.! Om nokon vil koma på besøk, så kan de det! Berre sei frå i litt god tid. Det kostar 40 kr å overnatta, og nokre myntar for måltid.
P.P.S.! Om de vil skriva brev til meg, så må de vita det fulle namnet mitt, som eg ikkje skriv her, og så skriv de det pluss "Sagavoll Folkehøgskole, 3810 Gvarv". Enkelt og greitt. Då vert eg superglad :)

4 kommentarer:

L. sa...

kakebakekonkurranse?!?! Eg og vil! Vant du?

Du hadde vist sagt kem du delte rom med. Unskyld.

I oktober e eg i Uganda :( Får du lov å ha besøk?

Høres ut som du har det fin fint^^ <3

Sara sa...

Hihi, nei... der var 4 kategoriar, og me vant ingen av dei. Men kaka vår var genial likevel :)

Hehe, det går bra :)

Det får eg! Det er berre til å koma!

Anonym sa...

Eg komme hjem 2-4 okstober (første helgen i høstferien). E det samtidig med deg? For hvis det e, så må me finne på någe :D

- Jasmin

Sara sa...

Åh! Ja, det e då eg komme :D satse på å ver hjemma fredag kveld. Då ses me jo, det va bra :D