onsdag 23. september 2009

Mitt bidrag til diktkvelden som kjem, trur eg

Dette dikta eg i dusjen, og det er ganske personleg. Håpar de likar det.

---

Iblant når eg er sliten
Og treng ein stad å gå
Ein stad der det er roleg
Og menneska er få
Ein stad det alltid luktar reint
Og lufta er fuktig og mild
Om eg går der tidleg eller seint
Så veit eg at eg vil
Føla meg betre etterpå
Ikkje lenger trøytt og tom
For allting er i harmoni
På Sagatoppens tørkerom

søndag 13. september 2009

Fyrste frihelg på Sagavoll

På fredag etter etasjemøta reiste dei fleste Sagavollingane heim - sånn heim til mor, altså. Men cirka 20 av oss hadde funne ut at det var koseleg å vera att på skulen heller. Så dagen igår vart ein av dei beste dagane til no.

Fyrst fekk me "sundagsfrukost" (på vanlege veker får me særskilt god frukost på sundagane) klokka 9:30 og alle var faktisk opplagde og me fekk speila eigne egg inne på kjøkkenet. Brødet var nybaka og smøret smelta på eit sekund. Alle fekk plass rundt eit langbord, inkludert kokka, som tykte det var fint å ha tid til å sitta og prata med oss.

Då me var gode og mette, avtala eg og Maria frå Kristiansand at me ville sykla til "byen" (Bø) og handla litt. Det var ein herleg sykkeltur, og vêret var akkurat passe varmt og vegen var nokså flat og det var vind i håret og me var skikkeleg våkne då me kom fram. Fyrst gjekk me på Akademika og drøymde oss vekk om studielivet og var ganske nøgde med at me ikkje var der heilt enno. Så gjekk me innom nokre søte små butikkar med hobbyting og klede og gåver og helsekost. Maria kjøpte strikketøy for å strikka lue. Garnet var sånn litt blått og litt raudt og såg ut som det var oppfunne for henne. Eg kjøpte ei tjukk heklenål og noko lilla garn. Litt klede fann eg òg. Så var det lunsj på Meierismuget med iskaffi til. Me vandra rundt ei stund til før me vendte nasane attende til Gvarv.

Fyrst fekk me risgraut, så sat me i stova og putla litt og prata med dei andre som var der. Kveldsmaten var pitabrød med kikertburger oppi. Sindre (Krik-læraren, som hadde tilsyn) inviterte oss heim til seg, der me såg filmen Benchwarmers, ein hyllest til alle nerdar. Etterpå fekk me vafler og cultura i stova. Kvelden var framleis ung, så me sette i gang med å leika/spela Sagavoll-mafia. I denne morosame versjonen av den klassiske leiken var mafiaen erstatta med rånarar frå Bø, og etaten og husmora var healarar, og rektor og inspektør var sheriffar, og så var det ein etasjeassistent som ikkje hadde nokon funksjon i spelet (litt som i røyndomen, hihi), og så vanlege elevar, då. Eg var elev fyrste runde, så var eg husmor, og til slutt rånar. Eg vann aldri, men eg lo meir enn eg har gjort på lenge.

Det var altså ein uvanleg dag, og eg var utruleg glad for at eg ikkje hadde reist heim. I dag vil eg sitta ute i sola og putla og lesa og nyta at skulen ikkje er så bråkete som vanleg.

mandag 7. september 2009

Dancin' in September

Ja, no er hausten på veg og Sagavoll-året er sånn cirka offisielt godt i gang. Eg var i Oslo i helga, og det var godt å "byta boble" ei stund, som eg sa til nokre målfolk. Der laga eg ei t-skjorte med Ivar Aasen på og "Bokmål er fint i dikt". (Den går eg med no, og får masse blikk og spørsmål.) Elles hadde me eit skikkeleg bra landsstyremøte, og den naudsynte festen hos Eva&Janne&Odin (òg kjende som Håvard&Robert&eitt-eller-anna) etterpå. Gøy! (Ikkje så gøy å reisa klokka ti for så å møta ein sleskete mann på Haukeliekspressen. Ja, ja.)

Men før helga hadde eg mellom anna to intensive linjedagar med klassisk ballett og moderne med "impro". Dette, pluss gym på fredag, gjorde at eg gjekk rundt i Oslo med eit umenneskeleg gangsperr. Herleg!

Tenkte eg skulle fortelja litt om timeplanen og slikt på Sagavoll. Ei "typisk veke" (som eigentleg er ganske sjeldan) har me modular/valfag på måndag, torsdag og fredag, og linje på onsdag og torsdag. Laurdag er det seminar om dagen, og så elevkveld. Sundag er fri, men me får kyrkjeskyss om me vil, og der er ofte sundagsmøte om kvelden som er frivillig men hyggeleg. Alle kvardagar har me fri etter middag.

No til helga er det eigentleg fri frå laurdag til måndag. Dei fleste skal heim, men me er cirka 20-25 stk som skal vera att på skulen. Eg tenkjer litt på å reisa på dagstur til Porsgrunn eller noko. Får sjå kva eg gjer. Uansett vert det litt herleg å ha ei roleg helg.

tirsdag 1. september 2009

Berre på folkehøgskule...

... er visse vevsider sperra, sjølv om dei ikkje er pornografiske e.l.
... får ein gå svolten om ein kjem eit minutt for seint til middag.
... er der lang kø på vaskemaskinane, og ein må helst ha namnelappar på alle klede.
... er alt ope til 22:00, bortsett frå kjøkkenet, som er forbode utanom måltida.
... kan ein plutseleg få lyst til å køyra til Sverige på dagstur for å kjøpa snop, og det er heilt greitt, berre ein rekk middagen.
... kan 60-70 personar klumpa seg saman for å sjå Grey's Anatomy.
... består ein alle fag berre ein møter opp.
... har alle likevel lyst til å delta.