onsdag 30. april 2008

"Demain, je partirai en Amérique..."

Idag skreiv eg min siste obligatoriske franskstil. Eg trur eg er den einaste i klassen som tykkjer det er vemodig. (Utanom Sunniva, kanskje?)

Eg skulle i utganspunktet skriva noko heilt fiktivt, om ei jente som dreg til USA for å studera engelsk. Problemet er at eg levde meg ganske mykje inn i det. Eg skreiv om alt eg likar med California, og om alt eg kunne finna på der borte. Det virka eigentleg ganske attraktivt...

Men om eg flyttar til USA...
- vil eg ikkje sjå dei fleste norske venene mine medan eg er der
- vil eg slita med å skipa mållag :P
- kan det henda eg likar meg so godt at eg ikkje kjem attende...!

Framtida er skummel. Lagnad hadde vore ein fin ting no.

søndag 27. april 2008

Landsmøte dag 2

Veldig merkeleg dag.

Såg ein på bussen som eg helst ikkje ville sjå. Sette på musikk så eg ikkje skulle høyra om han kviskra til kameraten sin om meg. Sat som ein tulling og fantaserte om alt eg kunne seia til han om eg hadde vore modigare.

Kom fram til feil plass, vart utdrita av svenske musikarar, kom fram til rett plass, var den einaste der over 15 år (utanom læraren). Øvde i 3 timar på alle koreografiane eg likar minst. Gjekk ned på sølvberget, sto og venta i hundre år i den stygge t-skjorta medan fjortisane sto og vrikka seg og ei av dei klinte med typen.

Trefte plutseleg ei veninne til mor mi, og visste ikkje at ho hadde sonen med seg. Han kom bort til meg og ga meg ein klem. Eg skjøna kven han var, men hadde ALDRI skjønt det om eg ikkje hadde snakka med mor hans rett før. Fy søren! Det er _minst_ 5 år sidan sist eg såg han, men eigentleg må det vera lenger enn det. Sprøtt. Men då han lo, såg eg han, han eg beundra då eg likte å leika prinsesse. Smilet hans er der enno.

Dei fann ikkje CD'en, eller so funka han ikkje. Uansett vart det til at eg ikkje dansa. Eg sa til han at han måtte koma på Dansefesten. Han virka veldig ivrig. Ei stund sto eg og tenkte meg om. "Should I stay or should I go?" Landsmøtet venta, men her sto altso han. Å sjå han ville jo aldri vera så rart igjen som det var no. Eg ville ikkje gløyma det.

Men eg gjekk.

Kom på landsmøtet, midt i normeringsordskiftet. Dramatisk! Var ikkje heilt inspirert, sat og skreiv lappar med Odin ganske lenge. Vart køyrd heim, skifta til kjole, og gjekk på kinarestaurant med dei som ikkje hadde tinga plass på landsmøtemiddagen. Kinamaten var GRUSOM. So gjekk me på Consensus, nok ein gong, der var der enno mer normeringsdrama. Det var eigentleg litt overveldande.

Gjekk attende til hotellet for å dansa, innsåg kor ukristeleg svolten eg var, ga opp. Og her er eg, heime, i kjole.

For ein merkeleg dag.

torsdag 24. april 2008

Grøn sokk og trekantar

Grøn sokk

Førre onsdag mista eg dei grøne sokkane mine. Dei med rosa kant rundt. Dei var slike korte sokkar som sklir ned når ein går mykje, men som ikkje lagar sånne flaue merke på leggen. Det var det einaste lysegrøne sokkeparet eg hadde. Eg vil alltid sakna dei, djupt og inderleg. Men eg kan berre håpa på at dei no er på ein betre stad.

Trekantar

... er geometriske figurar. Dei har 3 sider, 3 hjørne/vinklar og 180 grader. Ein trekant er helvta av ein firkant, eller eit parallellogram. Det finst likesida trekantar, likebeina trekantar og rettvinkla trekantar. Og tapartrekantar, som ikkje er nokon av delane. Stakkars... Pytagoras likte trekantar så mykje at han laga ei læresetning om dei. Denne vert brukt av matematikarar og miserable skuleelevar over heile verda. På ungdomsskulen lærer ein å konstruera desse trekantane med eit instrument som vert kalla "passer" (compass på engelsk). Dette tar mykje tid, og kan ikkje brukast til noko seinare i livet.

Eg treng meir tid på krabber og hummer.

tirsdag 22. april 2008

"E du kristen du? Om du ber 5 ganger te dagen å sånn??"

Det var interessant at Lisabeth nemnte bøn idag, for det er noko eg har tenkt mykje på i det siste.

Då eg var yngre og nettopp hadde vorte kristen, hadde eg ei veninne som spurde meg korleis eg ba. Ho var ikkje som dei andre, som berre spurde for å plaga eller drita meg ut. Ho var faktisk nyfiken. Eg svara at eg berre sa det eg ville. Ho innrømte for meg at ho hadde bede ein gong, for å sjå om det funka.

I byrjinga ba eg både på norsk og engelsk, det var like "naturleg". Men eg tykte alltid at det var vanskeleg å formulera ei bøn. Det vart for stivt, eller for tåpeleg, eller for konstruert, eller for eitt-eller-anna. Eg høyrte andre be, og prøvde gjera likt som dei. Det funka ikkje.

I bibelgruppa sa dei alltid "viss de vil be høgt, så kan de det. Men det er ikkje noko press"... Hah! Eg kjente det kvar gong leiaren var ferdig med å seia sitt, at det vart pinleg stille fordi ingen torde å be høgt. Det er eit merkeleg fenomen, det der, at ein skal få prestasjonsangst for måten ein ber på!

Eg søka nettopp på "bønn" på google, og fann noko skremmande: "Bønn dreper".

"Foreldrene mente bønn ville kurere datterens diabetes. Etter en måned med kramper og voldsomme smerter, døde 11-åringen. Nå risikerer foreldreparet å bli tiltalt for drap. Obduksjonen av 11 år gamle Madeline Neumann viser at hun døde som følge av ubehandlet diabetes. Dersom foreldrene hadde brakt jenta til lege, ville sykdommen enkelt blitt behandlet med insulin. Men foreldrene Leilani og Dale Neumann i byen Weston i Wisconsin mente legehjelp var unødvendig…"

Hoisann.

Eg reagerer på det, når kristne trur så sterkt at dei ikkje vil la noko anna hjelpa seg enn sjølve bøna. Eg høyrte faktisk ein vits om det ein gong, om ein mann som heldt på å drukna, og han ba Gud om å redda han. Det kom både båtar og helikopter, men mannen sa at Gud skulle redda han. Han døydde, sjølvsagt, og spurde Gud kor han vart av. "Eg stolte på deg, og du redda meg ikkje!" osb. Gud svara: "Eg sendte deg jo både båtar og eit helikopter, kva meir hadde du forventa?"

Hahahah... Ikkje misforstå meg, eg tykkjer absolutt at bøn er fint, men eg trur ikkje at det er ein "krisetelefon" som me berre kan oppsøkja når me treng å verta redda. Til dømes "la meg stå matteprøven". For meg er det berre godt å ha nokon å snakka med når eg er lei av å snakka med vanlege folk. Eller når eg ikkje trur dei hadde skjønt kva eg følte. Eller når eg ikkje eigentleg vil ha noko svar. Det einaste "svaret" eg får, er ro. Det er faktisk særs avslappande å ta sjansen på at nokon høyrer.

mandag 21. april 2008

Idé frå med-konferansier

Då eg i haust vart kjend med Maria, fortalde ho meg noko interessant. I ein norsk(?)time hadde klassen hennar fått ei oppgåve kor dei fekk eitt ord og skulle snakka fritt om det. Innhaldet var ikkje i fokus (for ein gongs skuld!), det viktigaste var at dei fekk øva seg på å snakka. Dei skulle ikkje førebu seg, berre seia det som falt dei inn.

Eg tykte altså dette var ein særs god idé, og hadde lyst til å prøva det sjølv. Og idag kom eg på noko! Eg kan gjera det her! :D hoho

Ja. Det eg meiner er. Viss DU skriv ein kommentar her, med eit ord eller ein frase eller eit bilete eller eitt eller anna, så skal eg gjera mitt aller beste for å skriva noko. Eg kan ikkje lova at det vert bra, eller morosamt, eller fornuftig, eller meiningsfullt. Men eg kan lova at eg skal gjera mitt beste :)

Klar, ferdig, GÅ

søndag 20. april 2008

Jaja...

Eg har no skrive mitt aller første møtereferat. På nynorsk. *pustar ut*

Dei gamle er heime, og er seg sjølve. Dei snakkar om Roma konstant, latar som dei er interessert i det eg snakkar om, og snakkar vidare om Roma. Roma, Roma, Roma. Italia, Italia, Italia. Blærk.

Eg vil vekk.

Heilt seriøst, eg orkar ikkje dette i eit år til. Eit år og ni veker, for å vera nøyaktig. Eg er ei mus, i eit musehus, med katteforeldre.

fredag 18. april 2008

Jaja :)

Dei gamle kjem heim i morgon.

På onsdag hadde eg og Lisabeth fotoshoot, det vart faktisk fleire kule bilete. Eg vart møkkete på føtene, og mista sokkane. Så fekk eg besøk av Stine :) og fekk ikkje lagt meg så tidleg som eg burde ha gjort. Men det hadde eg kanskje ikkje gjort uansett.

Igår mista eg bussen til balletten, gjekk heim og åt frosenpizza. Seinare hjalp eg ein eg så vidt kjenner med å flytta inn i ein leilegheit (æsj, stygt heit-ord) på Løkkevegen. Han inviterte meg til innflyttingsfest, eg vurderte det, men orkar ikkje. Så i kveld vart det Sunniva&Monique-tid. Eg trur me treng det alle tre.

Idag skippa eg mattetimane og sov til 8. Fantastisk! Får håpa at fråveret mitt ikkje drep meg og øydelegg framtida mi og sånt. (Kvifor må dei alltid føra fråver når eg ikkje er der, og ikkje når eg er der? Kan du seia meg det?)

God helg!

tirsdag 15. april 2008

Idag

... våkna eg av meg sjølv
... åt eg frukost åleine
... låste eg huset
... rakk eg bussen
... rakk eg skulen
... gjekk eg på Finns
... drakk eg kakao på Finns
... drakk eg kakao på Finns med Lisabeth
... prata eg massemasse og smilte massemasse
... planla eg og Mona filmkveld
... fann eg ut at Mona er glad i meg
... kunne eg faktisk ein del av svara i historietimen
... vart eg ikkje spurt i historietimen
... fekk eg 6 på franskstilen
... las eg ferdig Peer Gynt
... hadde eg ein kjekk dansetime
... treffte eg Solveig på bussen heim
... åt eg rosinene til Solveig
... kom eg nokså tidleg heim
... låste eg opp huset
... var eg åleine heime.

Merkeleg.

lørdag 12. april 2008

Pikekorkveld! :D

Me var 9 stk hos Jasmin igår kveld. Me song "Now is the month of Maying", åt den beste kaka eg har smakt på lenge, og prata og prata som jenter gjer. Det er merkeleg å tenkja på at me har sunge saman så lenge utan å eigentleg kjenna kvarandre (les: utan at 2. klassingane kjente 1. klassingane...), men no har me altså gjort noko med det. Dei er så herlege alle saman! Stephanie viste seg å vera litt dansk, Jeanette avslørte at ho vil studera litteratur med fordjupning i fransk, og alle song finare enn dei plar. Så mange oppdagingar på ein kveld...! :D

Seriøst, ALLE har bursdag for tida. 4 stk berre idag. Dette er ikkje bra for økonomien min. Velvel.

Elles er eg plutseleg inspirert til å skriva brev igjen, og saknar Sonja av heile mitt hjarte. Kom attende! <3

torsdag 10. april 2008

Eg vandrar på solskinn, å-å

Kurt Nilsen var faktisk skambra live. DEN røysta, fy søren, eg kunne ha gifta meg med ho.

Idag skjøna eg, ein gong for alle (eller noko) kvifor alle dansetimene er så sinnssjukt verdt pengane. Sam tok meg i handa og sa "If nothing else, it's been a great year. You've improved tremendously". Viss du lurte, så er det cirka det største komplimentet ein kan få i danseverda. Lykkerus.

tirsdag 8. april 2008

O glade dag =D

Kvifor får eg alltid god karakter når eg skriv om Bibelen? :)

Eg vurderer å leggja ut stilen her, for å opna for andre sin kritikk. Men eg veit ikkje om eg tør.

mandag 7. april 2008

Det virkar naturleg til meg!

Idag fann eg ut at det er feil å seia: "Det ser rett ut til meg", og liknande setningar. Eg veit ikkje lengre kven eg er.

Ja, eg er unaturleg oppteken av språk.

søndag 6. april 2008

Are you crooked?

Eg har alltid tykt at det var rart når ordet "skeiv" vart brukt om konkrete ting som hadde eitt eller anna med skeive menneske å gjera. Til dømes "skeive gavepakker", "skeive dagar", "skeive filmar" osb. Eigentleg er jo ordet i seg sjølv ganske merkeleg. Viss du slår opp i ei norsk-engelsk ordbok, står det til dømes "wry, crooked, lopsided, skew, worn down on one side, bent"... Det er litt rart å tenkja på at det er slik me karakteriserer ikkje-heterofile menneske. Eller?

lørdag 5. april 2008

Sær observasjon

Kva er eigentleg dei 3 små prikkane på stopp-knappen på bussen til for? Er det blindeskrift? Inneheld ordet "stopp" berre 3 prikkar på blindeskrift? Eg er forvirra.

fredag 4. april 2008

Welcome to existence

Etter å ha lese ymse målfolk sine bloggar, tenkte eg at eg kanskje skulle byrja att med blogging eg og. Livejournal vart slitsamt, greatestjournal vart lagt ned... så no er eg her.

Kven skal eg vera her inne då? Meg sjølv, javel. Men eg tør ikkje å vera heilt open om alt her på veven. Så eg skal vel kanskje berre vera open om det ufarlege. Så får det "farlege" stå ein annan plass.

Eg har litt prestasjonsangst for nynorsken min. Det er ikkje så lenge sidan eg verkeleg byrja å læra det. Viss nokon vil korrigera meg, så er eg takksam og svært vanskeleg å fornærma :)

Elles tenkjer eg at eg kanskje vil leggja ut nokre tekstar eg har skrive. Skulearbeid og slike ukristelege ting. Skal eg det? Det kan eg tenkja på seinare.

Denne veka har eg 10 timer dans. Eg er sliten. Så sinnssjukt sliten. Og skal opp klokka 7 i morgon. Kvifor gjer eg dette? Eg trur det var noko om at det var kjekt. Ja, det var vel det.

Men nok klaging - no skal eg nyta sjokoladen min og sjå One Tree Hill (dette er uvant...!)

Godnatt, etter kvart.