lørdag 15. januar 2011

Havskilpaddemammainstinkt

Om natta når eg ikkje gidd å leggja meg eller ikkje får sova, då får eg idear. Ein av desse ideane er litt rar. Men eg har fått han fleire gongar no, og rare idear som er litt gjengangarar er kanskje ikkje så frykteleg rare likevel? Okei, her kjem ideen.

Eg likar veldig godt skilpadder, som de kanskje veit. Havskilpadder er litt ekstra fine. Om eg kunne ha ein heime så ville eg det. Uansett. Atlantis Utveksling har eit program for havskilpaddehelse i India. Her er litt av informasjonen deira, fritt omsett og parafrasert og forenkla:

I Goa i India går m.a. turismen hardt utover havskilpaddehelsa. Kun 1 av 1000 fødde havskilpadder blir vaksen. Bråk og folkemassar sjenerer dei og difor trekker dei seg tilbake til sjøen og formeirar seg ikkje. Kunstig lys tiltrekker havskilpaddebabyar i feil retning, og mange av dei går seg vill og finn aldri tilbake til sjøen. Strendene der havskilpaddene lagar "reir" er i tillegg forureina og forsøpla, og ofte ulevelege.

Det hyggelege er at det finst kjempekonkrete tiltak for å forbetra levekåra for favorittdyret mitt. Ein kan til dømes reisa til Goa og finna områda der havskilpaddene legg egg, rydda området for søppel, skjerma det for kunstig lys og inntrengarar, og driva informasjonsarbeid for turistar slik at dei ikkje får koma inn og øydeleggja.

Eg føler meg så idealistisk når eg skriv om dette. Det er litt merkeleg å tenkja på at noko så særskilt som havskilpaddehelse kan engasjera meg. Men er det ikkje viktig? Det tykkjer eg.

No veit eg ikkje så mykje om Atlantis Utveksling. Prosjektet høyrest seriøst ut, og eg har ingen grunnlag for å vera skeptisk enno, men eg vil gjerne ha innspel om det er nokon som er meir opplyste enn meg. Ein annan ting eg gjerne vil vita er om nokon "der ute" kunne tenkja seg å vera med meg til India. Long shot, kanskje, men det kan jo henda. Eg reiser nok uansett, ein gong, men det er jo hyggeleg å ha med ein ven. Det er snakk om minst 4 veker, og eg vil gjerne gjera det i år eller seinast neste år.

No tykkjer eg du skal biletgoogla "havskilpadde" eller "turtle" og sjå kor himla fine dei er. <3, for å seia det sånn.