Viser innlegg med etiketten fine ting. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten fine ting. Vis alle innlegg

lørdag 15. januar 2011

Havskilpaddemammainstinkt

Om natta når eg ikkje gidd å leggja meg eller ikkje får sova, då får eg idear. Ein av desse ideane er litt rar. Men eg har fått han fleire gongar no, og rare idear som er litt gjengangarar er kanskje ikkje så frykteleg rare likevel? Okei, her kjem ideen.

Eg likar veldig godt skilpadder, som de kanskje veit. Havskilpadder er litt ekstra fine. Om eg kunne ha ein heime så ville eg det. Uansett. Atlantis Utveksling har eit program for havskilpaddehelse i India. Her er litt av informasjonen deira, fritt omsett og parafrasert og forenkla:

I Goa i India går m.a. turismen hardt utover havskilpaddehelsa. Kun 1 av 1000 fødde havskilpadder blir vaksen. Bråk og folkemassar sjenerer dei og difor trekker dei seg tilbake til sjøen og formeirar seg ikkje. Kunstig lys tiltrekker havskilpaddebabyar i feil retning, og mange av dei går seg vill og finn aldri tilbake til sjøen. Strendene der havskilpaddene lagar "reir" er i tillegg forureina og forsøpla, og ofte ulevelege.

Det hyggelege er at det finst kjempekonkrete tiltak for å forbetra levekåra for favorittdyret mitt. Ein kan til dømes reisa til Goa og finna områda der havskilpaddene legg egg, rydda området for søppel, skjerma det for kunstig lys og inntrengarar, og driva informasjonsarbeid for turistar slik at dei ikkje får koma inn og øydeleggja.

Eg føler meg så idealistisk når eg skriv om dette. Det er litt merkeleg å tenkja på at noko så særskilt som havskilpaddehelse kan engasjera meg. Men er det ikkje viktig? Det tykkjer eg.

No veit eg ikkje så mykje om Atlantis Utveksling. Prosjektet høyrest seriøst ut, og eg har ingen grunnlag for å vera skeptisk enno, men eg vil gjerne ha innspel om det er nokon som er meir opplyste enn meg. Ein annan ting eg gjerne vil vita er om nokon "der ute" kunne tenkja seg å vera med meg til India. Long shot, kanskje, men det kan jo henda. Eg reiser nok uansett, ein gong, men det er jo hyggeleg å ha med ein ven. Det er snakk om minst 4 veker, og eg vil gjerne gjera det i år eller seinast neste år.

No tykkjer eg du skal biletgoogla "havskilpadde" eller "turtle" og sjå kor himla fine dei er. <3, for å seia det sånn.

fredag 8. januar 2010

Ein superfin bursdag

Wow, bra bloggevane på gang her!

Ja, så eg har nettopp hatt bursdag tusen takk. Det var utruleg fint å ha bursdag på Sagavoll, for her får ein uhyre mange gratulasjonar og klemmar i løpet av dagen, og dei syng bursdagssongen ved middagen, og ein får ikkje så mange gåver men det gjer ikkje noko for ein får mykje godt å eta og dei arrangerer tilmed fest med kake og skitpreik (i positiv tyding). Og så vert eg sjukt rørt fordi dei seier så mykje fint og eg får vondt i kinna av å smila så mykje, men eg kan ikkje slutta heller, så eg får heller skjelvingar i kinna og tårer i augo og vert stappa full av kake og kjærleik.

Så fekk eg ikkje det eg ønskte meg aller mest, men veit du kva. Det kan eg faktisk jobba for dei neste fire månadene. Og om det ikkje går då heller, så er me jo ferdige, så det er ikkje så farleg. (Men det hadde vore... du veit. Fantastisk, eller noko.)

Takk for ein glitrande dag.

lørdag 2. januar 2010

Godt nytt år. Veldig godt, kanskje?

Desember var ein skikkeleg fin månad. Det var månaden eg fant ut at det eigentleg var litt digg å ha einerom. Det var månaden alle laga jolegåver og sat på etasjen og åt peparkaker og høyrte på jolemusikk og hadde det koseleg. Det var månaden eg gjekk opp x kilo og ikkje brydde meg om det. Det var månaden eg gjekk med skjørt i 18 dagar (det er ganske imponerande til å vera meg. Men gratulerer til Tove, som faktisk greidde heile månaden!). Det var månaden eg skreiv hemmelege lappar og håpa bittelitt på å bli avslørt (ssssh). Det var månaden med joleverkstad, etasjeunderhaldning, ljosmesse og jolefest. Det var månaden eg reiste heim på joleferie og fant ut at eg verkeleg, verkeleg sakna Sagavoll. Det var månaden det likevel var litt godt å vera heime.

Og no er det januar. Månaden med bursdag. Månaden med kanskje endå meir vinter enn før. Månaden med slanketips og nye sjansar. Månaden Safari-klassen reiser til Afrika og skulen blir litt mindre. Og ein heilt ny og ukjend månad (eit heilt nytt og ukjent år, for den saks skuld) som kan bringa kva som helst. Gler du deg like mykje som eg?

mandag 29. juni 2009

Sjiraffen Laffen gir alltid blaffen

... i om det er fløte nok i kaffen *syng*

Eg er komen heim frå sumarleir. Det var digg, og du som ikkje var der kan angra, og koma neste år! :D Ja. Meir om det seinare, kanskje. (Men tendensar har vist at når eg seier "meir seinare", så er det sjeldan sant. Likevel, eg skal prøva.)

Men, sidan eg kom heim har eg ikkje gjort så mykje produktivt, bortsett frå å teikna sjiraffar, då. Og det er ikkje så uviktig som det kanskje høyrest ut. Sjekk det ut, då vel. Til no har eg teikna 4 sjiraffar: 1 på sumarleiren og 3 nett no. Dersom du gjer som meg, kan det henda at målet om ein million vert nådd!

Så, utfordringa mi til deg er:
* Teikn minst ein sjiraff og send inn (instruksar finst på vevsida). Den einaste regelen er at det skal vera handteikna, men du kan naturlegvis senda bilete av teikninga. Eitt ark/ei teikning kan innehalda fleire sjiraffar, og alle tel med.
* Utfordra folk du kjenner til å gjera det same. Lag gjerne eit blogginnlegg som dette, eller snakk om prosjektet ved middagsbordet, eller på fest. Arranger gjerne ein teiknesirkel med ein venegjeng! (Der er mange måtar å mobilisera på.)

Enkelt, er det ikkje? Og kanskje eitt av dei koselegaste prosjekta det går an å vera med på. Grunnen til at eg tykkjer det, finn du dersom du skrollar ned til siste avsnitt på denne sida.

Lukke til!

lørdag 23. mai 2009

Kosmos og kaos

På piknik på torsdag måtte eg vera ærleg med meg sjølv. Rommet mitt, skulearbeidet mitt og kanskje tilmed hovudet mitt er i ein kaotisk tilstand. Kvifor er eg då så roleg? Eg er aleine heime, har masse tid og plass til å rydda opp i alt, og kva vel eg å gjera? Sjå Ugly Betty. Syngja. Skriva brev. Planleggja ei bursdagsgåve. Fleire, faktisk. Og ikkje minst å bruka litt meir tid på å eta og lesa aviser. Er det noko gale med det, då?

Nei, no er slutten så nær at eg treng å ikkje gidda å stressa (rar setning, men likevel). Det har eg gjort lenge nok. Snart er skuleåret over - snart er vidaregåande skule over - så der er ikkje så mykje meir å stressa over. Eksamen er der jo, men altså. Det eg ikkje har lært no, vert eg ikkje ekspert på før eksamen. Så eg får ta det som det kjem heller.

Tykkjer det er passande å ha Stine (som kitlar meg på magen) på film-og-is-besøk to dagar før skriftleg eksamen, eg. Kvifor i all verda ikkje.

tirsdag 5. mai 2009

Filosofi over ein is

Så, eg hadde eigentleg tenkt å venta med å skriva eit nytt innlegg til eg gadd å ta bilete av tinga eg ville visa dykk, men så fann eg ut at eg eigentleg ikkje kom til å gidda på ei stund, så eg droppar det førebels. Vil heller dela litt andre ting.

Har du tenkt på korleis sansane av og til kan overkøyra kvarandre? Sånn til det positive? Det tenkte eg på idag. Når du til dømes sit på ein dobbeldekkarbuss og ser eit dådyr (midt i byen), tenkjer du ikkje på kor bråkete det er der inne. Når du et ein skikkeleg god is med pære- og jordbærsmak, tenkjer du ikkje på kor kaldt det er å halda isen. Når du vandrar i Oslo og pratar med ein hyggeleg NMU'ar om målfolk og festing, tenkjer du ikkje på det vonde gnagsåret på høgrefoten. Når du får masse klemmar og fine ord før du drar frå ein fest, kan det tilmed vera litt mindre stress å sitja på det nattoget og gå på skulen etterpå.

Men somme ting lar seg ikkje overkøyra, iallfall ikkje med ein gong.

Tidevatn går opp og ned
Uendeleg i alt slags ver

tirsdag 27. januar 2009

Leppestift, lesing og prinsesse Leia

Kven visste at ei lita sak i ei tube med "pigmenter, olje, voks og bløtgjørende midler" (wikipedia) kunne gi så mykje glede?

Tidlegare har eg hata leppestift, og har berre brukt det på ballettframsyningar. Men så har eg i det siste byrja tenkja at det ikkje er så gale likevel. I går kveld fann eg ein djupraud leppestift i skåpet mitt, nesten ubrukt. Med litt Vaselin oppå var det eigentleg ganske fint. Og i dag var eg så inspirert at eg kjøpte ein ny, visstnok jordbærfarga leppestift. Dette er litt kjekt.

No for tida les eg Popsongar av Frode Grytten. Ganske fint. Ein dag skal eg leita etter alle songane som novellene er inspirerte av. Ein kan aldri høyra for mykje fin musikk. Sjølve boka er interessant oppbygd, og forteljingane er søte/djupe/merkelege. Likar det.

I går gjekk den fyrste Star Wars-filmen på NRK, så eg såg han for fyrste gong sidan den gongen eg sovna på kinoen (eg kan ikkje ha vore eldre enn sju år). Bra film! Og no ynskjer eg at eg hadde tjukt nok hår til å laga Leia-frisyra.