tirsdag 25. oktober 2011

Det hender eg er redd likevel.

For ei tid sidan blei eg spurt kor i byen eg budde, av ei jente eg nettopp hadde møtt. Då eg svarte at eg budde på Alexander Kiellands plass, spurte ho om eg ikkje var redd. Det hadde visstnok vore ein valdtekt der nokre dagar før. Eg hadde ikkje høyrt om det, og trudde A.K. plass var ein trygg stad. Sidan har eg høyrt om fleire og fleire valdtekter som har skjedd på plassar kor eg ofte går og aldri har tenkt var spesielt shady.

Før var eg heilt uredd for denne byen. Eg visste at sjansen for at noko skjer med meg, er veldig lita. Det veit eg framleis, men noko i meg er blitt litt skremt. Det er ikkje lenge sidan eg sa at det nyttar ikkje å gå rundt og vera redd for at noko skal skje. Eg gjekk heim aleine utan å nøla. No har eitt eller anna skremt meg til å alltid sjå litt mistenksamt rundt meg viss eg skulle gå aleine når det er mørkt. Helst gjer eg ikkje det lenger.

Feministen i meg vil så veldig gjerne vera uredd og uavhengig, og våga å vera aleine, uansett situasjon. Eg ønskjer eg ikkje kjente det behovet for følgje heim. Men ting skjer, og ting kan skje med meg, og eg er ikkje fysisk i stand til å hindra det om eg er aleine. Når eg har følgje heim, tenkjer eg ikkje lenger på at "no har eg nokon med meg som kan banka opp valdtektsmennene", men eg gløymer at slikt er mogleg, og føler meg trygg.

Eg lurer på om behovet for å føla meg trygg er i ferd med å utkonkurrera behovet for å føla meg sjølvstendig. Det plagar meg nesten meir enn alle valdtektene.

Om me jenter alltid gjer alt me kan for å unngå farlege situasjonar... Tyder det då at me tar ansvar for oss sjølve, eller at me lar frykten gå inn på oss? Korleis burde me jenter tenkja og oppføra oss når me er ute om kvelden? Kva kan gjerast for at jenter skal bli uredde? Kva meiner du?