fredag 31. desember 2010

Det gamla og det nya

I 2010...

... gjekk eg på Sagavoll i eit halvår og det var fantastisk.
... var eg på interrail med mor og me kalla oss sjølve Professional Havers of the Fun.
... jobba eg på Solborg om sommaren og favorittkollegaen min var ei herleg dame med Down's syndrom.
... byrja eg på UiO og tykte heldigvis det var meir kjekt enn stress.
... har eg vore forelska i to personar som visste det og to som ikkje visste det (så vidt eg veit).
... var eg rusfri i fleire månader, studiestartfull eit par veker og rusa på livet ganske mykje av tida.
... budde eg mykje aleine og kjente meir og meir at eg ikkje er laga for å bu aleine.
... utvikla eg ein ny hobby, nemleg songomskriving.

I 2011...

... skal eg flytta hit og få det mykje, mykje betre.
... skal eg syngja i Kor Major, som har vore på Beat for Beat og er kjempeflinke og kjende for å ha godt miljø i tillegg.
... skal eg dansa igjen, kanskje tango og hiphop for å utfordra meg sjølv litt ekstra.
... skal eg ta 70 studiepoeng om alt går som eg vil.
... skal eg skriva meir brev og dagbok.
... skal fantastiske ting skje. Berre vent og sjå.

tirsdag 14. desember 2010

Flytursongen

Det kom ein song til meg på flytoget og flyet denne gongen, då eg var på veg heim i går. Sjå her vel:

Å Vestland, Vestland når eg ser deg slik
Ifrå eit fly, då høyrest det eit skrik
Eit skrik som jublar for mitt Rogaland
No er eg heime, kjære Solastrand

Å gode Jæren, eg flyr over deg
Og ser du ventar vent og mjukt på meg
Når flyet landar er eg ikkje harm
For eg er heime, kjære jordbærfarm

Å Røyneberg, omsider er eg her
I barndomsheimen som eg har så kjær
Om få minutt ser eg familien min
Og denne jula blir utruleg fin

(det finst ein alternativ slutt, spør viss du er nysgjerrig og toler kliss)

mandag 6. desember 2010

Eg hjarta SmiO, SmiO i mitt hjarta

Eg kom nettopp heim frå juleavslutning med SmiO, det var triveleg, og eg har akkurat rukke å bli i stand til å skriva cirka skikkeleg igjen. Så her kjem Den Offisielle Julesongen til Sara 2010:

(melodi: Blue Christmas)

I år e eg aleina i julå
Og ensomheten snike seg innpå
Julepynt, fin musikk
og lys i grønne trer
Gir ingen julestemning
Når ikkje du e her

Og nå når snøen begynne å falla
Då begynne savnet å kalla
Eg vett du klare deg fint
Med feiringå di
Men eg får vel ver aleina i julå

-------

Tykkjer forresten det er verd å nemna at Mål og makt-Marianne etter framføringa spurte om eg hadde gått på musikklinja. Fint at nokon ser talentet mitt ;D tjohei og god natt!

torsdag 2. desember 2010

Glimt av advent

I år greidde eg å finna den perfekte måten å innleia kyrkjeåret på. På fyrste sundagen i advent var det lysmesse i Majorstuen Kirke med flott korsong og det som elles høyrer til lysmesser. Det var inkje mindre enn magisk. Sentimental som eg var den dagen (ja, den dagen, shut up!) så grein eg meg gjennom heile greia.

I går var det som kjent 1. desember, det dei fleste tenkjer på som fyrste dagen i advent. Eg har ingen fysisk adventskalender i år, så eg har meldt meg på masse konkurransekalenderar pluss ein veldig fin Alternativ Julekalender, kor eg får lasta ned ein song kvar dag. Desse skal eg laga ein fin cd av og no røper eg kanskje ei julegåve men kanskje ikkje kven veit og gi til nokon til jul kanskje. Eller berre til meg sjølv, det funkar òg. Ein annan morosam kalender eg følgjer med på er ein på youtube som Fredrik frå ungdomskoret mitt lagar. Han "drøser" og syng og det er intenst.

Men, det eg eigentleg skulle seia om i går var at eg bestemte meg litt sånn halvspontant for å gå på solidaritetsgudsteneste i domkyrkja i samband med aidsdagen. Det var ei stemningsfull gudsteneste, og etterpå var det mange som var med og gjekk i fakkeltog (eg hadde ikkje tenkt å vera med, men de kjenner meg, eg har ein tendens til å bli med på ting likevel). Det var ei veldig fin oppleving.

På sundag er det juleavslutning med SmiO. Då skal eg syngja ein song, for å seia det sånn. Det er ikkje kvar dag. (Eller, jo, eigentleg. Men det er ikkje kvar dag eg bevisst syng for andre.) Som de kanskje veit så er ein av favoritthobbyane mine å omsetja/gjendikta songar, og då me i styret fekk i oppdrag å bidra med kulturelle innslag, så fekk eg eit påskot til å dikta ferdig julesongen min, og rimløysingane kom som vanleg til meg i dusjen. Så de som kjem til Jens på sundag får høyra eit... eh... ein song. (Eg skulle til å skriva meisterverk, men eg vil ikkje byggja forventningar. Eg er ikkje Elvis, liksom, eg berre latar som.)

Elles driv eg og les til eksamen for tida. Det kjenst litt vondt at eksamen skal prega adventstida såpass mykje, men heldigvis er eg heilt ferdig om litt over ei veke, og då kan eg reisa heim til dei gamle og ha ordentleg advent. Det blir fint.

Her er mi omdikting av det siste verset i "Have yourself a merry little christmas":
(Dette er ikkje den offisielle julesongen min - den skal de få sjå fyrst etter urframføringa!)

snart så ska du hjem te mor i julå
ka som måtte skje
får du bare overleva fram te det
så håbe eg at du får kjenna julefred