fredag 31. desember 2010

Det gamla og det nya

I 2010...

... gjekk eg på Sagavoll i eit halvår og det var fantastisk.
... var eg på interrail med mor og me kalla oss sjølve Professional Havers of the Fun.
... jobba eg på Solborg om sommaren og favorittkollegaen min var ei herleg dame med Down's syndrom.
... byrja eg på UiO og tykte heldigvis det var meir kjekt enn stress.
... har eg vore forelska i to personar som visste det og to som ikkje visste det (så vidt eg veit).
... var eg rusfri i fleire månader, studiestartfull eit par veker og rusa på livet ganske mykje av tida.
... budde eg mykje aleine og kjente meir og meir at eg ikkje er laga for å bu aleine.
... utvikla eg ein ny hobby, nemleg songomskriving.

I 2011...

... skal eg flytta hit og få det mykje, mykje betre.
... skal eg syngja i Kor Major, som har vore på Beat for Beat og er kjempeflinke og kjende for å ha godt miljø i tillegg.
... skal eg dansa igjen, kanskje tango og hiphop for å utfordra meg sjølv litt ekstra.
... skal eg ta 70 studiepoeng om alt går som eg vil.
... skal eg skriva meir brev og dagbok.
... skal fantastiske ting skje. Berre vent og sjå.

tirsdag 14. desember 2010

Flytursongen

Det kom ein song til meg på flytoget og flyet denne gongen, då eg var på veg heim i går. Sjå her vel:

Å Vestland, Vestland når eg ser deg slik
Ifrå eit fly, då høyrest det eit skrik
Eit skrik som jublar for mitt Rogaland
No er eg heime, kjære Solastrand

Å gode Jæren, eg flyr over deg
Og ser du ventar vent og mjukt på meg
Når flyet landar er eg ikkje harm
For eg er heime, kjære jordbærfarm

Å Røyneberg, omsider er eg her
I barndomsheimen som eg har så kjær
Om få minutt ser eg familien min
Og denne jula blir utruleg fin

(det finst ein alternativ slutt, spør viss du er nysgjerrig og toler kliss)

mandag 6. desember 2010

Eg hjarta SmiO, SmiO i mitt hjarta

Eg kom nettopp heim frå juleavslutning med SmiO, det var triveleg, og eg har akkurat rukke å bli i stand til å skriva cirka skikkeleg igjen. Så her kjem Den Offisielle Julesongen til Sara 2010:

(melodi: Blue Christmas)

I år e eg aleina i julå
Og ensomheten snike seg innpå
Julepynt, fin musikk
og lys i grønne trer
Gir ingen julestemning
Når ikkje du e her

Og nå når snøen begynne å falla
Då begynne savnet å kalla
Eg vett du klare deg fint
Med feiringå di
Men eg får vel ver aleina i julå

-------

Tykkjer forresten det er verd å nemna at Mål og makt-Marianne etter framføringa spurte om eg hadde gått på musikklinja. Fint at nokon ser talentet mitt ;D tjohei og god natt!

torsdag 2. desember 2010

Glimt av advent

I år greidde eg å finna den perfekte måten å innleia kyrkjeåret på. På fyrste sundagen i advent var det lysmesse i Majorstuen Kirke med flott korsong og det som elles høyrer til lysmesser. Det var inkje mindre enn magisk. Sentimental som eg var den dagen (ja, den dagen, shut up!) så grein eg meg gjennom heile greia.

I går var det som kjent 1. desember, det dei fleste tenkjer på som fyrste dagen i advent. Eg har ingen fysisk adventskalender i år, så eg har meldt meg på masse konkurransekalenderar pluss ein veldig fin Alternativ Julekalender, kor eg får lasta ned ein song kvar dag. Desse skal eg laga ein fin cd av og no røper eg kanskje ei julegåve men kanskje ikkje kven veit og gi til nokon til jul kanskje. Eller berre til meg sjølv, det funkar òg. Ein annan morosam kalender eg følgjer med på er ein på youtube som Fredrik frå ungdomskoret mitt lagar. Han "drøser" og syng og det er intenst.

Men, det eg eigentleg skulle seia om i går var at eg bestemte meg litt sånn halvspontant for å gå på solidaritetsgudsteneste i domkyrkja i samband med aidsdagen. Det var ei stemningsfull gudsteneste, og etterpå var det mange som var med og gjekk i fakkeltog (eg hadde ikkje tenkt å vera med, men de kjenner meg, eg har ein tendens til å bli med på ting likevel). Det var ei veldig fin oppleving.

På sundag er det juleavslutning med SmiO. Då skal eg syngja ein song, for å seia det sånn. Det er ikkje kvar dag. (Eller, jo, eigentleg. Men det er ikkje kvar dag eg bevisst syng for andre.) Som de kanskje veit så er ein av favoritthobbyane mine å omsetja/gjendikta songar, og då me i styret fekk i oppdrag å bidra med kulturelle innslag, så fekk eg eit påskot til å dikta ferdig julesongen min, og rimløysingane kom som vanleg til meg i dusjen. Så de som kjem til Jens på sundag får høyra eit... eh... ein song. (Eg skulle til å skriva meisterverk, men eg vil ikkje byggja forventningar. Eg er ikkje Elvis, liksom, eg berre latar som.)

Elles driv eg og les til eksamen for tida. Det kjenst litt vondt at eksamen skal prega adventstida såpass mykje, men heldigvis er eg heilt ferdig om litt over ei veke, og då kan eg reisa heim til dei gamle og ha ordentleg advent. Det blir fint.

Her er mi omdikting av det siste verset i "Have yourself a merry little christmas":
(Dette er ikkje den offisielle julesongen min - den skal de få sjå fyrst etter urframføringa!)

snart så ska du hjem te mor i julå
ka som måtte skje
får du bare overleva fram te det
så håbe eg at du får kjenna julefred

fredag 12. november 2010

Tenk om eg hadde gått på heildagsskule.

(Ei stund har eg hatt lyst å kommentera heildagsskuletanken, så her kjem eit lite forsøk.)

"Fra Danmark meldes det om en heldagsskole med flere konflikter og med barn som gråter og som ikke vil gå på skolen. Mange barn i den danske heldagsskolen - det er inntil videre en forsøksordning - synes nå at skolen er en trist plass å være." (frå bt.no)

Eh, ja. Meir om dette lenger nede.

«Heildagsskule gjev meir læring, det gjev elevar som trivst betre, det gjev meir fysisk aktivitet og eit betre og meir heilskapleg tilbod som foreldra er nøgde med.» (frå nrk.no)

Korleis i huleste veit dei at elevane trivst betre? Har dei gjort ei skriftleg undersøking, kanskje? Vel, eg veit litt om slike skriftlege undersøkingar då eg har vore med på mange sjølv, og resultata av slike er ikkje til å stola på. Det kan rettnok godt henda at elevane som trivst i utgangspunktet, trivst betre - men resten lyg. Meir om dette òg lenger nede.

Altså. *kremtar og rettar seg opp* I dag, i 2010, er eg vaksen nok til at det kjenst greitt å vera litt open om dette, så no skal eg fortelja litt korleis eg opplevde barneskulen. Eg ber om at lesarane tar hensyn og ikkje siterer meg på dette utan å spørja, eller snakkar med nokon som kan vera berørt av dette. Om nokon sjølv trur dei er berørt av det eg fortel, ver så snill og ikkje ta det ille opp. Du er truleg ikkje skuld i noko som helst.

Eg var usikker og aleine. Vener kom og gjekk. (Det gjer dei litt framleis, men no er det meir snakk om at graden av kontakt med den einskilde kjem og går.) Eg hadde vanskeleg for å halda på ein venskap. Ærleg talt veit eg ikkje om det var min eigen feil eller ikkje, men det var kanskje det. Dei gode venene eg hadde gjekk stort sett på andre skular. Eg opplevde at somme i klassen min var der for meg når det gjaldt, men eg greidde ikkje å oppretthalda kameratskap med dei i kvardagen. Og dei eg hadde ei kameratskapskjensle med, stolte eg ikkje heilt på. Det hjalp kanskje heller ikkje at eg hadde null sjølvinnsikt og difor ikkje greidde å finna ein gjeng eg passa inn i.

Mange, mange gongar fylte eg ut sånn derre "mobbeskjema". Kvar gong sat eg der med arket med førande spørsmål foran meg og hadde vondt i magen. Og eg kryssa av "nei" eller svarte blankt eller noko liknande, alltid, for eg blei jo ikkje mobba akkurat. (Eller, det kan kanskje diskuterast. Periodevis blei eg nok det, men det var så udefinerbart at eg greidde ikkje å setja ord på det.) Det einaste eg visste var at eg ikkje hadde det særleg godt.

Barneskulen varte evig. Kvar dag varte evig. Kvar time varte evig. Kvart friminutt varte evig.

Noko av det verste var skulereglementet. Til dømes den regelen om at ein ikkje fekk lov å vera inne i friminutta. Eg ser at intensjonen med den regelen var god. Det er viktig med frisk luft og rørsle og slikt. Og sosialt samver, for dei som greidde det. Men DU Å DU så kleint det er å stå ute i ein skulegard aleine! Det hendte eg prøvde å gøyma meg, og det hendte det funka. Men det er stusseleg, det òg, og kjempekleint om ein blir oppdaga.

Noko anna eg hata var at skulereglementet hadde eit forbod mot mobbing. Ikkje at det var ein dårleg regel i seg sjølv, men det hjalp jo ingenting. Det frustrerte meg så innmari, utan at eg kunne argumentera ordentleg for meg. No kunne eg sagt at det går jo ikkje an å handheva ein slik regel, pluss at den ikkje tar høgde for at elevar kan mistrivast utan at det er mobbing som er årsaka.

Okei, de har skjøna at barneskulen ikkje akkurat var ein dans på roser for meg. Nok om det. Men tenk om desse skuledagane, som allereie kjentest så smertefullt lange, skulle vore endå lengre. Tenk om eg skulle vore tvungen til å ha alle dei ekstrakurrikulære (det er vel ikkje eit ord men det drit eg i akkurat no) (okei det heiter kanskje berre fritids-) aktivitetane mine på skulen. Tenk om eg aldri hadde hatt fritid til å møta dei venene mine som gjekk på andre skular. Eg seier ikkje at "då hadde eg ikkje vore her i dag" eller noko såpass dramatisk. Men fytti. Sjeleglad hadde eg iallfall ikkje blitt.

Det eg prøver å seia er kanskje dette:
Heildagsskulen er ein god idé for dei elevane som trivest på skulen sin (merk: skulen sin, dvs den spesifikke skulen, og ikkje "skulen" som konsept) og som difor er motiverte for å vera der og læra. Dei vil ha glede av å kunna tilbringa meir tid på ein stad dei allereie likar å vera. Men: Dei elevane som er motiverte for å læra, og for å gå på skulen generelt, men som ikkje trivest på sjølve skulen der dei går, vil føretrekkja å få god tid heime til å gjera lekser på eiga hand. Og om dei blir tvungne til å bli på skulen lenger, vil dei berre mistrivast meir. Dette er eg heilt fullstendig 100% overtydd om.

Men eg vil veldig gjerne høyra kva andre meiner om saka, altså!

Helsing meg, litt sjenert.

mandag 1. november 2010

November blir litt av ein månad!

Jah. I år har eg to novemberprosjekt, takk til fjesbok (og litt overraskande moralsk støtte). Det eine er det ganske kjende No Shave November. Trur eg kjem til å få eit nydeleg skjegg. For mange handlar dette prosjektet kun om moro, eller å sjå kven som er mest "frodig" (i den botaniske tydinga). Men eg har gjort litt research, på fjesbok så klart, og funne ei hending som passar for feministar som meg. Den er laga av ei gruppe som òg markerer No Make-up March. Føremålet med begge prosjekta er å kritisera skjønnheitsideala og krava som kvinner må leva opp til kvar dag, og å oppmoda kvinner til å vera seg sjølve og ikkje uroa seg så mykje over korleis dei ser ut. (Eg kjem ikkje til å ta det som eit personleg nederlag om eg ikkje greier heile månaden. Det er tanken som tel.)

Det andre prosjektet eg er med på denne månaden er Rusfri November. Det er fleire grunnar til det. I studietida er det mykje drikking. Øl er eit sosialt konsept, og sprit er lik moro. Men er det eigentleg naudsynt? Kan me ikkje koma i kontakt med folk med ein kopp kaffe i handa i staden for eit glas øl? Kan me ikkje dansa og le høgt med brus på bordet i staden for sprit? Det trur eg. Dessutan er det eit kjempesignal å vera den som lar vera å drikka. (Respekt til dei som er fråhalds heile året, ass!) No i november vil eg spara litt pengar og stoltheit og nyta søndagsmorningane utan hovudverk samtidig som eg finn nye kreative måtar å ha det gøy på i helgene. Det trur eg blir bra.

tirsdag 26. oktober 2010

You think you've seen the sun, but you ain't seen it shine.

Av og til les eller høyrer eg folk sørga over kor god fortida var og over at ting aldri vil bli det same i framtida. Eit døme: "Skogturer og måltider og togturer som aldri blir det samme som da du var barn" (Eskeland, Filologen nr 3 2010). Eit anna døme: "Folkehøgskuleåret var det beste året i livet mitt" (mange, mange kjelder). Dette gjer meg trist. Ikkje fordi eg ser på framtida som håplaus og keisam. Tvert imot! Eg tykkjer det er kjempetrist at så mange tenkjer at dei allereie har levd den beste tida i livet sitt.

Sjølv har eg ein ambisjon om å leva eit endå meir meiningsfullt og morosamt og fargerikt liv i framtida enn eg har til no. The best is yet to come! håpar eg. Eg vel iallfall å ha den haldninga i staden for å lengta tilbake til ei fortid som eg ærleg talt ikkje hugsar på ein så romantisk måte som mange gjer. (Mykje bra har skjedd, men barndommen var ikkje problemfri.)

Ja, folkehøgskuleåret var fantastisk, og eg veit at eg aldri vil ha eit slikt år igjen. Men eg nektar å finna meg i at eg aldri vil ha eit like bra år igjen. Eg har iallfall planar om å leva så lenge eg lever! Kva med deg?

onsdag 20. oktober 2010

Haust i hovudstaden

Allereie har eg fått visse av symptoma på haustdepresjonen. Nesten alltid litt trøytt, held meg mykje innandørs, lite appetitt. Om sommaren trur eg alltid at eg er overfølsom mot lys, men om hausten merkar eg på kroppen kor lite lys det er.

Likevel er eg ikkje haustdeprimert. Ikkje slik eg plar bli. Der er ting ved denne hausten som gjer han uthaldeleg. Her og der, no og då, finn eg små augneblink - små lysmagnetar - som klistrar lyset til meg og gjer at eg orkar mørkret og kulda.

Kva er dine lysmagnetar?

lørdag 25. september 2010

Om eit lite menneske

Ein gong på ettermiddagen i går gjekk eg på t-banen og sette meg overfor ein liten gut på kanskje 3-4 år. Umiddelbart såg det ut som han sat åleine, men så såg eg ei lita gruppe med ungar og to unge vaksne litt lenger unna som eg tippa han eigentleg var i lag med. Men så sat han likevel der litt for seg sjølv. Dette lille mennesket såg på meg fleire gongar i løpet av den korte turen, med sånne forsiktige blikk og halvsmil. Ein annan av ungane sat og sa "Neste stasjon, Berg" osb for kvar stasjon før høyttalardama sa det, og kvar gong syntest eg at eg såg guten foran meg himla med augo. Gjer små ungar slikt? Kan henda eg berre innbilte meg det. Uansett. Då me kom til Ullevål stadion skulle tydelegvis desse ungane av. Ho eine vaksne sa til guten at han måtte koma. Han byrja å reisa seg og støtta seg på knea mine for å koma seg opp. Akkurat som det var den mest logiske måten å gjera det på. Ho vaksne såg på meg som om ho ville seia "unnskuld", eller noko. Eg kjente at det var veldig vanskeleg å formidla "ingenting å unnskulda for, eg elskar når ungar støttar seg på knea mine, dessutan må han vel få gjera slikt om han vil" med ansiktet, så eg ga ho heller eit halvsmil av liknande slag som det eg hadde fått av den lille tassen eit par minutt tidlegare. Han gjekk av t-banen før eg rakk å tenkja å, eg vil gi dette magiske lille mennesket ein klem.

Seinare same dagen møtte eg ein flokk med bråkete og plagsame ungar og skjøna ingenting.

torsdag 16. september 2010

Kyrkja på onsdag

Denne helga er det Taizé-treff i Oslo. Det har eg ikkje meldt meg på, fordi det kostar pengar og eg veit cirka ingenting om det. Men i går var eg på kveldsbøn i domkyrkjekapellet, i samband med dette arrangementet. Dei har møte kvar kveld på førehand, som alle kan koma på, og eg hadde ein kortvarig draum om å gå kvar kveld for å gjera opp for at eg ikkje har gjort noko kristeleg sidan... vel, sidan Skjærgårds. Men eg fekk ikkje til å gå før i går (det er ikkje tid til noko som helst for tida).

Eg trur eg var førebudd på heilt "feil" ting. Kanskje hadde eg sett for meg ein roleg gudsteneste med ein del folk der ein kunne delta eller ikkje delta og det ikkje hadde så mykje å seia. Roleg var det, men resten var ikkje heilt som eg trudde. Det var eit ganske lite rom, og få folk. Etter kvart satte dei fleste seg ned på eit golvteppe, og somme brukte ein liten krakk til å knela på. Eg kjente at det var ein type ting eg kunne gjort om eg var der med folk eg kjente, eller om det hadde vore ein større folkemengde å gøyma seg i, og litt betre plass. (Fekk forøvrig inntrykk av at alle der kjente kvarandre.) Så eg sette meg på ein stol, og følgde med.

Etter nokre minutt byrja ein av dei som sat der, å syngja. Det var ingen som sto foran og leia, ingen prest eller noko. Men ein fyr blant desse menneska byrja å syngja. Han hadde ein utruleg djup og klar røyst. Dei andre hang seg på, og plutseleg var songen fleirstemd og det var akkurat som desse menneska var eit kor.

Eg sat gjennom heile bønesamlinga, som besto av songar på norsk, engelsk, fransk, tysk og latin, og lytta.

No er eg litt usikker på om eg kan kalla dette ei religiøs oppleving. Sjølv hadde eg inga kjensle av kommunikasjon med Gud (men det plar eg heller ikkje ha), og det var jo ei gruppe menneske eg sat og lytta til. Men vakkert var det. Og eg kan kanskje ha gått derfrå litt inspirert.

fredag 3. september 2010

Om å gå på teater med pressebillett

(Musikalen Next to normal, Det norske teatret)

Det er kanskje flautt å innrømma kor glad eg blei då eg fekk to gratisbillettar til ein teaterpremiere. Eg forventa berre ein, og var førebudd på å sitja aleine og notera. Men eg gløymde å ha med penn, og gjekk ikkje aleine. Difor blei det mest som ein vanleg teatertur - bortsett frå at det var masse kjendisar i salen (igjen er eg litt flau over kor begeistra det gjorde meg).

Men no var eg jo der for å skriva ei teatermelding. Det kjentest litt som å vera tilbake i kommunikasjon&kultur-modusen, og eg tok meg i å dra fram diskursbegrepet og nesten halda teljing på klisjeane. Men for nokon fantastiske klisjear! Det må berre seiast at eg elskar dramatisk song om kjærleik og frustrasjon og galskap, særleg når setningar som "eg elskar deg" og "eg blir galen" vert gjentatt litt for mange gongar. Det er dei teite tinga ein fort kan bli rørt av.

Når det er sagt, var det eit ganske seriøst tema i stykket og alt var ikkje sånn der musikaldramasvada. Det er berre vanskelegare å få fram kvaliteten og seriøsiteten i eit hastverksblogginnlegg. Difor er det bra at det kjem ei fullstendig teatermelding i neste nummer av Motmæle. Les ho, men viktigare: Sjå stykket.

onsdag 1. september 2010

Hjelp, eg er ein himla dårleg bloggar!

(Tittelen er inspirert av alle dei himla dårlege filmane med himla teite titlar som byrjar med "Hjelp" og sluttar med ropeteikn)

Eg har ein ambisjon om å gjera denne bloggen litt interessant. Veit ikkje heilt korleis eg skal gjera det utan å verka som ein dårleg imitator av eitt-eller-anna, men me får sjå. Kanskje blir neste innlegg verdt å lesa og ikkje ei kvasiemosjonell skildring av det eg tenkjer på når eg er aleine om kvelden.

Følg med!

torsdag 5. august 2010

Ein tanke...

Går det an å vera kronisk forelska?

Eg kom til å tenkja på at det er frykteleg lenge sidan eg tok ein god, langvarig pause frå å vera forelska i nokon. Når eg tenkjer meg litt meir om så kan eg rett og slett ikkje hugsa sist eg hadde ein slik pause. (Kanskje var det eit par månader i byrjinga av Sagavoll-året, men det var liksom litt småting der òg.)

Denne lidinga eg kanskje er i ferd med å diagnostisera meg sjølv med, kan nesten klassifiserast som ei avhengigheit (er det eit ord?). Og det er eigentleg ein smule slitsamt. Sjølv om eg ikkje fryktar å pådra meg lungekreft eller hepatitt som konsekvens av kjenslemaratonen, så kan eg enda opp utrøysteleg skuffa dersom ingen av sjukdomsframtoningane fører til eit livsvarig sjukehusopphald (litt usikker på om det er ein god metafor for ekteskap/samliv, men klokka er trass alt snart 3 om natta, og som Ted Mosby veit så tenkjer ein ikkje klart etter klokka 2).

Dette må eg sova på.

lørdag 24. juli 2010

Sara tenkjer langsiktig! (say whaaat)

I det siste har eg måtta tenkja ein del på utdanning og yrkesveg og slike vaksne ting som eg eigentleg har lyst å utsetja. Eg endte opp med lingvistikk på 1. prioritet, og kom inn. Det er heilt greitt. Eg trur eg skal klara eit år med grammatikknerding, så får eg litt basiskunnskap om språk og mykje rar kunnskap som ingen av vennene mine utanfor NMU forstår at nokon kan bry seg om. Tippar eg.

Men etter dette året er det absolutt ingen garanti for at eg har kjempelyst å driva med endå meir lingvistikk. Det er ein sær interesse eg har, men eg ser ikkje for meg at det er ein yrkesveg for meg. Etter mykje positiv påverknad frå vener og bøker (:P) har eg fått meir og meir lyst til å jobba med noko meiningsfylt. (Veldig spesifikt, ai nåo.) Det gjekk verkeleg opp for meg kva eg vil då eg snakka med ein barndomsven som ynskjer noko heilt anna. Han vil heller ha ein jobb der han får utvikla eit produkt som er nyttig for samfunnet enn ein der han gjer små ting for menneske og iblant kanskje får sjå takksemd i augo deira. Då han sa det, var det plutseleg klinkande klart for meg at eg er heilt motsatt.

Så, korleis kan eg bruka språkinteressa for å gjera noko meiningsfylt for menneske? Jo, no skal du høyra: Eg kan jobba med innvandrarar. DING

Sjølv om eg personleg ikkje er den typen innvandrar som slit med integrering eller som kjem nederst i bunka av jobbsøknader eller som nokon eingong veit er utlending til eg seier eg er det, så er eg den typen som heile livet kjenner ei viss tilknytning til to stader, men aldri høyrer 100% til nokon av stadene. Born confused. Difor er eg kanskje bittelitt eigna til å jobba med andre menneske som ikkje er fødde i Noreg av norske foreldrar med norsk som morsmål.

Dette kjenner eg at eg er litt gira på. Men kva slags jobb kan eg ha? Det skal eg undersøkja. Følg med om du vil.

fredag 16. juli 2010

Tenk at eg bur her!

Dette er eit utbrot eg har kome med fleire gongar. "Tenk at eg bur her!" Det er heilt merkeleg for meg. Kanskje er det litt rart at eg tykkjer det å flytta ut er så stort og gøy, men det er jo ein grunn eller to til det. Eg har sett slik fram til fridomen (og ansvaret som følgjer med) ved å bu åleine. No er den tida komen, og det er fantastisk!

Hybelen min er 11kvm, og delvis møblert. Eg deler kjøkken og bad med ei eg ikkje enno har truffe (ho er sikkert på ferie). Det er i fyrste etasje, noko som var kjempepraktisk for innflytting. Vinduet på rommet mitt ser utover ein plen der folk av og til ligg og soler seg eller speler fotball. Førebels ser rommet mitt litt keisamt ut, men eg har store planar om å pynta!

Den tida eg er her før studiestart prøver eg å bli litt kjend i området og i byen. No greier eg å finna fram mellom hybelen og kiwien og kundesenteret og t-banen. Eg veit korleis eg skal koma meg til sentrum (det er rettnok ikkje så veldig vanskeleg), Sagene og Bjerke. I morgon skal eg få omvising/byvandring :)

Forresten så har eg jo fått ny adresse, og det er veldig kjekt å få post. Skriv til:
[Sett inn namnet mitt her]
Olav M. Troviks veg 54, H104
0864 Oslo

søndag 20. juni 2010

Eg trur, eg trur på sommaren

Etter nokre vanskelege avskjedar reiste eg, saman med mor mi, på tur. Me har vore på eit par mindre turar før, til London og Paris. Men no tenkte me at me trong ein skikkeleg tur for å utvida horisontane våre og bli betre "vener". Så me reiste på tur den same dagen som dei fleste frå Sagavoll reiste heim.

Det tok 3 dagar før me kom til eit eigentleg mål. Etter ei natt i Gøteborg og ei i Hamburg kom me til Praha. Flott by, mykje liv og musikk og spanande arkitektur og eigentleg noko for einkvar smak. Kjekk ferieby, og god start på turen. Vidare reiste me til Wien, fordi ein tsjekkisk student på eit tog sa at han elska Wien. Han må ha hatt ganske "vaksen" smak. Det var ikkje mykje me kunne sjå i den byen som var tiltalande for ungdom, og arkitekturen var det einaste som kunne vera interessant i det heile tatt (men den var òg langt i frå min eller mor sin smak). Det vart difor eit nokså kort opphald der. Neste stopp var Budapest, noko me hadde gleda oss til lenge. Fantastisk by! Ei brei elv deler byen i to (Buda og Pest, logisk nok). Pest har storbypreget, med shopping og turistfellar og masse som skjedde heile tida. Buda er "gamlebyen", mykje mindre folksamt og verdt å bruka litt tid på.

Me kunne nok vore i Budapest veldig lenge, men til slutt måtte me nesten vidare. Eigentleg hadde me tenkt å reisa heilt til Istanbul, men me oppdaga etter kvart at det ikkje var tid til det. Me hadde nemleg "berre" 3 veker på oss, og berre togturen til og frå Istanbul ville ta nesten to døgn. Så me reiste heller vestover. Me var innom Zagreb (koseleg) og Ljubljana (koseleg) før me kom til eit ganske varmt strøk - Verona i Italia. Tidlegare har eg vore skeptisk til Italia (det er eit kapittel i seg sjølv), og er framleis skeptisk til Roma, men Verona var akkurat passe stort og utruleg fint og difor "ein perfekt introduksjon til Italia" (mor sine ord). Den fantastiske maten og vinen me opplevde der var verdt besøket i seg sjølve.

Eitt mål mor hadde med denne turen, var å sjå Garmisch-Partenkirchen (gokk i Tyskland), der ho budde ein periode då ho var på min alder. Det vart difor neste stopp. Koseleg nok stad, typisk Bayersk, flott landskap... Ikkje noko for meg. Men det var nok fint for mor å sjå det att. No var me på nordover, og resten av stoppa var eigentleg berre "mellomlandingar" på veg heim. (München er dritkeisamt, så er det sagt.) Den siste natta på tur var på eit hotell i Hjørring i Danmark, der me såg MGP på storskjerm i lobbyen. Neste dag kom me heim.

Sidan det har eg jobba. Det har vore litt tid til å treffa vener òg, men mesteparten av tida har gått til fornuftige ting, for ein gongs skuld. Ein må jo tena litt pengar òg, etter å ha brukt såpass mykje som eg har det siste året... (Drit i, det har vore så sjukt verdt det.) Så eg jobbar på ein folkehøgskule (hehe, fekk ikkje nok) her i Stavanger og ryddar etter alle slags rare gjestar. Det er faktisk litt kjekt.

Snart skal eg møta att ein mengde sagavollingar på Skjærgårds, og gler meg allereie som ein unge til det. Rett etterpå, utan å reisa heim først, skal eg flytta inn på hybel i Oslo. Altså, eg kjem ein tur heim etter det, så frykt ikkje, rogalendingar :) Men så skal eg meir eller mindre starta eit nytt liv. Det vert spanande, og det vert fint.

Å, forresten! Veit de kva eg har funne ut? Alle landa eg har nokon gong har vore i, har eg vore i i 2010. Er ikkje det kult? (Det kjem eg aldri til å kunna seia att...)

God sommar!

tirsdag 11. mai 2010

Tider skal komme, tider skal henrulle

Kjære lesar. Dette blir eit høgst personleg innlegg, som eg ikkje eingong veit om eg skal la liggja på verdsveven lengre enn nokre timar. Så du er kanskje heldig som får lesa dette. Eg ber deg om tålmod dersom eg ikkje vil gå i detaljar om akkurat det som du kjem til å bli mest nysgjerrig på. Me får sjå om det er grunn til å skriva meir om det seinare.

Sidan sist har eg fullført skuleåret på Sagavoll. Det har vore avslutningar alle vegar, klemmar, gråt og helsingar i årbøkene. Men konseptet "slutten av året" har prega mykje meir enn det. Det har prega alt. Stemninga er forandra. Soveromma og stovene er tomme. Dagane er fullstappa av program. Det luktar reint overalt. Kroppen reagerer til og med (på ulike måtar). Og ikkje minst kjenslene. Ein kjenner sorg for at det er over, glede for at det har vore så bra, venekjærleik for alle dei fantastiske menneska ein er blitt kjend med, og mange kjenner nok så vidt at ei forelsking snik seg på dei - eller lagar storm i magen og kaos i hovudet og ein veit ikkje om ein skal gråta eller le. Og ein veit ikkje om ein kjenner det slik berre fordi det snart er slutt, eller om det verkeleg er noko der. Og ein veit ikkje om det er lurt å satsa, men det er isåfall no ein tør.

Tusen takk, kjære Sagavoll (representert ved cirka 160 personar) for at de ga meg eit utruleg meiningsfylt år. Og tusen takk til deg, kjære deg, med det himla fine smilet, som har fått meg til å smila 100 gonger så mykje som vanleg den siste tida.

lørdag 24. april 2010

I morgon skal eg løpa, frivillig.

I morgon er det sponsorløp på Sagavoll. Me løper for CRO Jinja (Child Restoration Outreach) i Uganda. For at det skal ha ei meining, treng me sponsorar. Viss du vil, kan du gi eit kilometerbeløp, eller ein fast sum. Me har forresten 2 timar på oss, og eg skal løpa så mykje eg kan og gå resten. ;) Alle bidrag, store og små, er kjempenyttige. Sei frå om du er interessert, så blir eg og barna kjempeglade. :)

OPPDATERING:
Eg løp 11 runder. Det vil seia litt over 12 kilometer, eigentleg, men eg skal visst kalla det 11. Uansett - de som kjenner meg veit at dette er ein kjempeprestasjon for meg og at eg ikkje har løpt på eit år og ikkje frivillig på 20. Løping er liksom ikkje mi greie. Så, er du imponert? Spons, då vel! :)

søndag 18. april 2010

Oh no.

I dag var eg inne og såg på nokre av emna som inngår i lingvistikkstudiet, fordi eg akkurat no har lingvistikk på 1. pri på samordna opptak. Då såg eg tilfeldigvis at dei fleste av emna har ei obligatorisk munnleg vurdering. Huff då, tenkte eg. Må eg revurdera dette? Så tenkte eg gjennom kva andre studie eg har satt opp. Dei fleste er innanfor språk. Då er det truleg munnlege vurderingar der òg. Hm. Når eg tenkjer meg godt om, så er jo det eigentleg litt sjølvsagt at språkstudia må vera til ein viss grad munnlege. Veit ikkje kvifor eg har sett for meg noko anna. Kvifor i all verda har eg peikt meg ut språk som ei interesse når eg absolutt ikkje er eit munnleg menneske?

tirsdag 16. mars 2010

J'adore Paris

I morgon skal eg til Pariiiis att og halleminn eg har sakna det.

Dersom de veit ein stad eg må gå når eg har fritid, så for all del fortel meg det no. Eg er der fram til laurdag morgon, så er det London neste. For ein tur! (For ein jentetur!)

---

Å, og forresten: A-laget jenter 09/10 vann volleyballturneringa! God stemning!

fredag 12. mars 2010

Volleyballtreff 2010

(Melodi: Jesus elsker alle barna)
Ingen banker 09/10
Ingen banker oss i år
Dere kan bare reise hjem, dere kan bare reise hjem
Ingen banker oss på Sagavoll i år

Gå i senga di og legg deg
Senga di er langt av sted
Der skal du få babygrøt, for du er jo veldig søt
Men du er'ke særlig god i volleyball

(Melodi: Billettsongen (veit ikkje tittelen))
Er dere late, har dere sovna?
Ja, for det kan nesten virke sånn.
Ser dere ballen, ser dere nettet?
Vil dere ende helt ned på bånn?
Nå er det nok! Nå er det nok!
Vi vil ha smash! Vi vil ha blokk!
For denne ballen må over nettet
hvis dere ønsker å få poeng.

(Melodi: Kveldssong for deg og meg)
Torbjørn står og griner
Feit og god og rund
Han ser ikke ballen
Nå må han ta en blund

("Melodi": Solbriller på)
Vi må ha, vi må ha, supersmash nå!

-------

Det var nokre av supportarsongane som er laga til volleyballtreffet som byrjar i dag. Plutseleg er folketalet på skulen mangedobla, rutinene skal gløymast, det er kampar heile dagane og masse anna gøy skal skje. Eg trudde aldri eg skulle bli så gira på eit idrettsarrangement... Oppdateringar kjem!

søndag 28. februar 2010

Kviskring - den nye eufemismen?

Ein person eg kjenner godt har ein merkeleg vane. Dei fleste kjenner ho som litt høglytt og særs munter. Ho bruker røysta si, kan ein seia. Men eg har erfart ei anna side ved ho, særleg dei siste åra. Når ho snakkar om noko ho ser på som tabu eller ubehageleg, eller når ho kritiserer nokon eller fortel om noko ho ikkje er heilt for, byrjar ho å kviskra. Kvar gong. Om ho enn er på ein gudsforlaten stad og har ein samtale på tomannshand og det er 100% garanti for at ingen andre på nokon måte kan koma til å høyra, så kviskrar ho.

Eigentleg er dette eit praktisk signal for meg (eller den som høyrer på), fordi eg veit at kviskringa indikerer ei haldning ho har til det ho snakkar om. Då veit eg litt betre korleis eg bør gå fram i samtalen for å unngå krangel, men likevel seia det eg meiner. Problemet er berre at eg periodevis høyrer dårleg, og det er jo lite slagkraft i eit argument som samtalepartnaren ikkje høyrer. Det er òg som regel hovudpoenget som blir kviskra. Utruleg upraktisk.

Uansett. Etter at eg byrja å merka denne vanen hjå denne personen, har eg òg sett det skje eit par gonger på film/tv. Det interessante med det er at det er alltid dei litt pripne, gamaldagse, kritiske og/eller overfølsame typane som kviskrar. Kva er greia? Er det eit litterært verkemiddel? Kan det overførast til røynda?

Teorien min er iallfall at kviskringa er ein slags "self-preservation"-metode, eller ein spesiell type eufemisme (dette har eg nesten skrive særemne om, å lukke). Det kan henda det er litt lettare å kviskra noko skandaløst enn å seia det med vanleg innerøyst. Men funkar det eigentleg i lengden? Burde me ikkje alle heller seia kva me meiner om det me snakkar om? Jo, det tykkjer eg.

torsdag 18. februar 2010

Let's fly away -- aimlessly

Ting som skjer frametter:

I morgon er det framsyning med "Jesus i musikken"-modulen. Det blir gøy. Eg skal vera Bjørn Eidsvåg, Michael Jackson, slave, munk, og fleire andre roller. Eg skal syngja og spela ukulele og drita meg ut.

Eit par timar seinare reiser eg til ein bygd på austlandet med ein veninnegjeng. Me skal aka, eta og tulla. Etter nokre dagar med eit slikt liv, skal eg på ein lang togtur heim. Då skal eg planlegga noko av det andre som skjer frametter.

I mars skal eg på linjetur til Paris og London. Eg gler meg, og eg gruer meg - henholdsvis fordi me skal gjera masse gøy, og fordi me skal vera 16 jenter på storbytur. Slitsamt. Men eg skal ikkje klaga frå no av, for det vert nok kjempekjekt uansett.

Nokså rett etter linjeturen skal eg tilbringa nokre nattetimar i Oslo før eg tek eit grusamt tidleg fly til Amsterdam og så eit til Los Angeles. Der skal eg feira 90-årsdagen til farmor, før eg og fæmlien tar ein liten køyretur rundt omkring i nasjonen vår. Det er på tide.

Så går det nokre veker og VIPS så er det sumarferie (eigentleg tør eg ikkje tenkja slik, men no gjer eg det likevel). Då skal eg på mini-interrail med ho gamle. Me skal prioritera stader me ikkje har vore før, eta mat me ikkje har smakt før, læra nyttige fraser på språk me omtrent ikkje har høyrt før.

Etterpå skal eg jobbajobbajobba og flytta inn på Fjellbirkeland Studentby og gjera meg klar for livet som student. Spanande!

(Forklaring av innleggtittelen: Eg hadde to faner opne, den eine var noko KLM-greier og heitte "Let's fly away", og den andre var ein youtube-video av STS9 og heitte "Aimlessly". Det var ein litt stileg samansetting, tykte eg.)

mandag 25. januar 2010

Det er viktig med kos og tull.

Er det noko eg verkeleg har lært meg her på Sagavoll, så er det at det er superviktig med kos og tull. Dei heng ofte saman. Her lærer me kverandre nye ting, me lagar mat saman, me trenar saman, me høyrer musikk og strikkar saman, me ler av god og dårleg humor, me legg på oss, me arrangerer kveldar med ulike tema, me har rollespel...

Neste år veit eg at eg vil få mykje mindre fritid. Studia, matlaging og ein eventuell deltidsjobb matlaging kjem til å ta opp eit vesentleg kakestykke av tidskaka. Likevel håpar eg at eg kan klara å halda fram med dei gode vanane for kos og tull som eg har lært meg her. Eg ser for meg avspenningsmodul på søndagar, strikking medan eg ser kveldsnytt og utover kvelden, dans i trappa når eg er tidleg ute til førelesinga, klimpring på ukulelen medan eg ventar på klesvasken eller at maten skal koka... Det treng ikkje vera store tiltak for at det skal minna om folkehøgskulelivet. Dei små tiltaka er det som utgjer sjølve livet, trur eg.

P.S. Sjå dansebloggen ...

torsdag 14. januar 2010

Sjokolade + gitar = sant

I dag fekk me på sjokolademodulen beskjed om at kvar av gruppene måtte skriva ein song om sjokolade, til melodien "When you say nothing at all". Som eg tippa, tydde det at me fekk besøk av gitarmodulen seinare (då kakene våre var ferdige), og spelte songane. Songen vår var så sinnssjukt hastverkprosjekt at eg tenkte "dette er så sjukt bloggmateriale". Her er han: (melodi av R. Keating, tekst av sjokolademodulgruppe 4 trur eg) (orsak bokmålsbruken)

Sjokolade er bra, ja den gjør oss så glad
Hjelper store og små når dagen er grå
Bittert og søtt, det gjør hjertet mitt bløtt
Daim og mandler og jordbær og fruktnøtt

Nå skal vi smake en firkløverkake
Eller sjokomilkshake hvis vi ikke vil bake
Og så en liten Smil før vi tar oss en velfortjent hvil
Men vi liker best --- sjokolade på fest

fredag 8. januar 2010

Ein superfin bursdag

Wow, bra bloggevane på gang her!

Ja, så eg har nettopp hatt bursdag tusen takk. Det var utruleg fint å ha bursdag på Sagavoll, for her får ein uhyre mange gratulasjonar og klemmar i løpet av dagen, og dei syng bursdagssongen ved middagen, og ein får ikkje så mange gåver men det gjer ikkje noko for ein får mykje godt å eta og dei arrangerer tilmed fest med kake og skitpreik (i positiv tyding). Og så vert eg sjukt rørt fordi dei seier så mykje fint og eg får vondt i kinna av å smila så mykje, men eg kan ikkje slutta heller, så eg får heller skjelvingar i kinna og tårer i augo og vert stappa full av kake og kjærleik.

Så fekk eg ikkje det eg ønskte meg aller mest, men veit du kva. Det kan eg faktisk jobba for dei neste fire månadene. Og om det ikkje går då heller, så er me jo ferdige, så det er ikkje så farleg. (Men det hadde vore... du veit. Fantastisk, eller noko.)

Takk for ein glitrande dag.

onsdag 6. januar 2010

Ambisjonar og planar og uvisse

"Kva skal du gjera til hausten?" Dette utruleg irriterande og altfor aktuelle spørsmålet har fillen gjort eit comeback. Så eg tenkte det var lurt å skriva litt om det her, i tillegg til litt fjernare framtidsplanar og slikt.

Til hausten skal eg nesten heilt sikkert til Oslo. Eg skal nesten heilt sikkert bu på studenthybel, vonleg saman med Ulrikke. Eg skal nesten heilt sikkert studera på uni, anten språk eller litteratur eller kjønnsstudium eller noko anna gøy. Og det skal eg nesten heilt sikkert trivast med.

Om eg får sjansen, vil eg reisa ein stad der kvardagen er heilt annleis enn her. Om eg får sjansen, vil eg ein gong jobba med noko verkeleg meiningsfullt. Om eg får sjansen, vil eg læra meg eit tredje språk flytande.

Ein eller annan gong i framtida håpar eg på å bli kjend med ein sånn der spesiell person. Det hadde vore frykteleg fint om det faktisk skjedde.

Kan dette kallast livsforsett?

lørdag 2. januar 2010

Godt nytt år. Veldig godt, kanskje?

Desember var ein skikkeleg fin månad. Det var månaden eg fant ut at det eigentleg var litt digg å ha einerom. Det var månaden alle laga jolegåver og sat på etasjen og åt peparkaker og høyrte på jolemusikk og hadde det koseleg. Det var månaden eg gjekk opp x kilo og ikkje brydde meg om det. Det var månaden eg gjekk med skjørt i 18 dagar (det er ganske imponerande til å vera meg. Men gratulerer til Tove, som faktisk greidde heile månaden!). Det var månaden eg skreiv hemmelege lappar og håpa bittelitt på å bli avslørt (ssssh). Det var månaden med joleverkstad, etasjeunderhaldning, ljosmesse og jolefest. Det var månaden eg reiste heim på joleferie og fant ut at eg verkeleg, verkeleg sakna Sagavoll. Det var månaden det likevel var litt godt å vera heime.

Og no er det januar. Månaden med bursdag. Månaden med kanskje endå meir vinter enn før. Månaden med slanketips og nye sjansar. Månaden Safari-klassen reiser til Afrika og skulen blir litt mindre. Og ein heilt ny og ukjend månad (eit heilt nytt og ukjent år, for den saks skuld) som kan bringa kva som helst. Gler du deg like mykje som eg?