Viser innlegg med etiketten jobb. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten jobb. Vis alle innlegg

søndag 20. juni 2010

Eg trur, eg trur på sommaren

Etter nokre vanskelege avskjedar reiste eg, saman med mor mi, på tur. Me har vore på eit par mindre turar før, til London og Paris. Men no tenkte me at me trong ein skikkeleg tur for å utvida horisontane våre og bli betre "vener". Så me reiste på tur den same dagen som dei fleste frå Sagavoll reiste heim.

Det tok 3 dagar før me kom til eit eigentleg mål. Etter ei natt i Gøteborg og ei i Hamburg kom me til Praha. Flott by, mykje liv og musikk og spanande arkitektur og eigentleg noko for einkvar smak. Kjekk ferieby, og god start på turen. Vidare reiste me til Wien, fordi ein tsjekkisk student på eit tog sa at han elska Wien. Han må ha hatt ganske "vaksen" smak. Det var ikkje mykje me kunne sjå i den byen som var tiltalande for ungdom, og arkitekturen var det einaste som kunne vera interessant i det heile tatt (men den var òg langt i frå min eller mor sin smak). Det vart difor eit nokså kort opphald der. Neste stopp var Budapest, noko me hadde gleda oss til lenge. Fantastisk by! Ei brei elv deler byen i to (Buda og Pest, logisk nok). Pest har storbypreget, med shopping og turistfellar og masse som skjedde heile tida. Buda er "gamlebyen", mykje mindre folksamt og verdt å bruka litt tid på.

Me kunne nok vore i Budapest veldig lenge, men til slutt måtte me nesten vidare. Eigentleg hadde me tenkt å reisa heilt til Istanbul, men me oppdaga etter kvart at det ikkje var tid til det. Me hadde nemleg "berre" 3 veker på oss, og berre togturen til og frå Istanbul ville ta nesten to døgn. Så me reiste heller vestover. Me var innom Zagreb (koseleg) og Ljubljana (koseleg) før me kom til eit ganske varmt strøk - Verona i Italia. Tidlegare har eg vore skeptisk til Italia (det er eit kapittel i seg sjølv), og er framleis skeptisk til Roma, men Verona var akkurat passe stort og utruleg fint og difor "ein perfekt introduksjon til Italia" (mor sine ord). Den fantastiske maten og vinen me opplevde der var verdt besøket i seg sjølve.

Eitt mål mor hadde med denne turen, var å sjå Garmisch-Partenkirchen (gokk i Tyskland), der ho budde ein periode då ho var på min alder. Det vart difor neste stopp. Koseleg nok stad, typisk Bayersk, flott landskap... Ikkje noko for meg. Men det var nok fint for mor å sjå det att. No var me på nordover, og resten av stoppa var eigentleg berre "mellomlandingar" på veg heim. (München er dritkeisamt, så er det sagt.) Den siste natta på tur var på eit hotell i Hjørring i Danmark, der me såg MGP på storskjerm i lobbyen. Neste dag kom me heim.

Sidan det har eg jobba. Det har vore litt tid til å treffa vener òg, men mesteparten av tida har gått til fornuftige ting, for ein gongs skuld. Ein må jo tena litt pengar òg, etter å ha brukt såpass mykje som eg har det siste året... (Drit i, det har vore så sjukt verdt det.) Så eg jobbar på ein folkehøgskule (hehe, fekk ikkje nok) her i Stavanger og ryddar etter alle slags rare gjestar. Det er faktisk litt kjekt.

Snart skal eg møta att ein mengde sagavollingar på Skjærgårds, og gler meg allereie som ein unge til det. Rett etterpå, utan å reisa heim først, skal eg flytta inn på hybel i Oslo. Altså, eg kjem ein tur heim etter det, så frykt ikkje, rogalendingar :) Men så skal eg meir eller mindre starta eit nytt liv. Det vert spanande, og det vert fint.

Å, forresten! Veit de kva eg har funne ut? Alle landa eg har nokon gong har vore i, har eg vore i i 2010. Er ikkje det kult? (Det kjem eg aldri til å kunna seia att...)

God sommar!

mandag 20. juli 2009

Ofte stilte spørsmål

De opplever det sikkert, de og: Dei same spørsmåla har ein tendens til å gå att når ein møter folk. Eg skal demonstrera med døme på spørsmål eg får for tida, og heilt ærlege svar på dei. Desse er delte inn i høvelege kategoriar. (No ser eg forresten at det dukkar opp nokre ikkje-spørsmål innimellom. Det gir døma meir autentistisis-ja de veit.)

"Neste år"
Kva skal du gjera neste år?
Eg skal på folkehøgskule! Sagavoll, heiter skulen.
Å, kor ligg det?
Nokre kilometer frå Bø i Telemark.
Ååå, det vert sikkert kaldt. Kva skal du gjera der, då?
Eg skal dansa!
Det vert sikkert kjempekjekt.
Det trur eg òg.

"I sumar"
Kva skal du gjera i sumar?
Ingenting!
Hæ?
Jaja, det vil seia, eg har jo vore på leir og skal på ein til. Og eg skal stå på stand på Gladmat-festivalen. Og eg har vore litt i Suldal.
Det er jo ikkje ingenting, då.
Nei, nei.
Men jobbar du ikkje?
Jodå, på Gladmaten.
Ja. *ser litt usikker ut* Er det fint å ha fri, då?
Kva trur du? Eg elskar det!

"Kjærleiken"
Korleis går det med kjærleiken, då?
Ikkje framover, akkurat.
Å... Eg trudde du hadde noko på gang?
Jodå. "Hadde" er stikkordet her.
Så dumt.
Ja. Men det er greitt.

Dersom de framleis er usikre, så kan eg vel oppsummera dette med å seia at:

- nei, eg skal ikkje byrja på eit studium til hausten, eg skal derimot kosa meg
- nei, eg har ingen fast jobb i sumar, eg har derimot minst ein koseleg jobb på eit par dagar
- nei, eg har ikkje noko på gang lenger, eg er derimot fri og lukkeleg.

Til alle andre arbeidslause, einslege slaskar som veit å ha det kjekt: Fortsatt god sumar!