onsdag 10. desember 2008

Tida har slutta å vera fienden min for ei stund.

Idag har eg hatt eit nært og traumatisk møte med fortauet. Konsekvensen av det var at eg fekk ein kopp med Twinings Organic Tea då eg kom heim. Noko godt kjem alltid av noko vondt ^^

Har endeleg gjort meg ferdig med boka "Eat, pray, love", som er mykje betre enn ho høyrest ut. Ei kvinne reiser til Italia for å finna "pleasure", India for "devotion" og Indonesia for balanse. (Eg slit med å finna gode norske ord, som de ser.) Eg er inspirert til å gjera noko lignande, ein vakker dag.

Lesedagar er fine. Særleg når ein ikkje heilt veit kva ein skal lesa på, og difor nyttar tida til kjekke ting. Og eg elskar å ha god tid til frukosten. Låt det aldrig ta slut.

søndag 7. desember 2008

"Hjertevarme, julespas og juuulestas"

Kva er betre enn ein dag med berre filosofi, peparkaker, kultur og gode vener? Det er vanskeleg å koma på noko.

Sjekk ut denne franske adventskalenderen og syng og smil. Det gjer godt å vera eit barn nokre minutt om dagen. (Bra er det for fransken òg, dersom det er aktuelt for deg.)

Eg samlar på julesongar på alle språk. Kommentér om du har ein fin song til meg, eller fleire =) han kan handla om Jesus eller nissen eller kva som helst.

Og hugs å tenna to lys.

mandag 1. desember 2008

Eg kjem ikkje til å skriva eit blogginnlegg kvar dag i adventen.

Og det er kanskje like greitt for dykk. Men akkurat i dag vil eg skriva eit litt seint Thanksgiving-innlegg. Sidan eg er amerikansk av opphav, har eg lov til det. På sjølve dagen sat eg forresten og skreiv på særemnet, men eg fekk gresskarpai, då =)

Eg er takksam for:

Gud (okei, to innlegg på rad kor eg nemner Gud, diil vitt itt)
familien min (ja, faktisk! Men dei irriterer meg grenselaust.)
venene mine (sans eux je serais perdue)
at eg bur i Noreg (og ikkje til dømes USA. Det er eit greitt land, det òg, altså. Men Noreg er mykje tryggare. Pluss at eg då sannsynlegvis ville vore einspråkleg.)
skulen min (med flinke lærarar og høge krav - eg har godt av det)
helsa mi (som faktisk er ganske grei, trass i at eg ofte trur ho ikkje er det)
musikk, litteratur, kunst og dei (som kan formidla kjenslene mine betre enn eg sjølv kan)
mat (som held meg levande og ofte gir meg mykje glede, til dømes når eg er i Paris)
blogglesarane mine (som held bloggen min i gang. Heilt sant!)
at eg er singel (det hadde de ikkje trudd! Ikkje at eg hadde hatt noko imot å ha ein kjærast, men på denne måten er eg jo fri til å flørta med kven eg vil.)
at særemnet er over (de aner ikkje kor letta eg er. Seriøst.)
at det finst ein julekalender på norsk fjernsyn som har min type humor (då meiner eg ikkje Blåfjell. Tipp tri gonger.)
[prøver igjen, lagt til 3. desember] nynorsken (me har endeleg funne kvarandre og det er ein livslang kjærleik.)

No har eg forventningar om at ein periode med mykje glede og tid til dei eg er glad i skal byrja. (Innfløkt setning.) God advent, alle saman!

torsdag 27. november 2008

Eg trur på Gud.

I tilfelle de ikkje visste det.

Så får eg ein slik epost som det er vanskeleg for meg å vita kva eg skal gjera med. (Ja, Lisabeth, den du sendte meg.) Det var ein fin bodskap, og det var ikkje tvil om kva føremålet var. Eg følte meg rett og slett pressa til å senda eposten vidare. Men eg likar ikkje å gjera det. Og det er ikkje fordi eg er flau over det eg trur på. Spør de meg om det, så skal de få svar. (Les de dette blogginnlegget, skal de få svar!) Eg veit berre kor irriterande kjedepost kan vera, og kor propaganda-aktig dei kan vera, iallfall i slutten. Dei byrjar alltid fint, så kjem "send denne vidare elles får du ulukke i kjærleiken". Denne var rettnok ikkje dramatisk, men likevel.

"If You Love God... And, are not ashamed of all the marvelous things HE has done for you... Send this forward, also to the person who sent it to you!"

Sorry, Gud. Eg elskar deg, men denne mailen sender eg ikkje vidare.

torsdag 20. november 2008

Snøballett

I dag fekk eg skyss heim (det vil seia til busshaldeplassen) frå kulturskulen. Medan eg gjekk heimover derfrå, falt det kvite krystallar ned frå himmelen og eg var pakka inn i ull og regntøy og av ein eller annan grunn kjende eg at eg var i ein musikal og berre måtte dansa. Så i ull og regntøy og med skulesekken på ryggen dansa eg i snøen, nedover dalen. Heile turen heimover var vals og piruettar og himmelhelsingar.

Eg var ganske andpusten då eg kom inn.

lørdag 15. november 2008

Utfordring, juhu!

Stine har gitt meg ei morosam utfordring. 7 ting de kanskje ikkje visste om meg:

1) Eg er alltid litt smånervøs når eg søv i vanlege senger, for dei er så høge, og eg er redd for å falla gjennom senga til golvet. Dette er fordi mi eiga seng er "innebygd" i golvet. (De må nesten sjå det for å skjøna det.) På grunn av dette tykkjer eg det er betre å sova på golvet enn på toppen av ei køyeseng.

2) På ungdomsskulen vurderte eg å søkja om fritak frå sidemål (som då var nynorsk), for å ha ein mindre ting å læra. Husdyret gjorde det, nemleg.

3) Eg likar å ta bussen åleine. Det er herleg å berre sitja der og høyra på musikk eller på andre sine samtaler, eller berre tenkja. Det same gjeld sykling, og då kan eg i tillegg syngja ;)

4) Eg tykkjer det er kjempegøy å fylla ut skjema og spørjeundersøkjingar, men likar ikkje slike der eg må vera veldig samd, litt samd eller ikkje samd eller liknande. Og når eg må velja mellom fleire ting (kva likar du best av blablabla eller noko slikt) når eg eigentleg ville hatt med alle, så får eg litt panikk. Eg er altså ganske kresen på korleis spørsmåla/felta skal vera.

5) Då eg var lita, høyrte eg på kassettar då eg ikkje orka å vera med i samtaler. Det kunne vera barnemusikk, amerikansk patriotmusikk eller slike kassettar der du skulle tenkja deg ein framand planet eller eit sirkus eller noko, og teikna det. Etter kvart som eg oppdaga at eg ikkje var så flink til å teikna, så slutta eg å gjera det og berre høyrte på i staden. Då eg vart kristen, byrja eg å høyra på bibelsongar. Slik pugga eg alle bøkene i Bibelen, i rett rekkjefølgje. Det tok ikkje lang tid heller.

6) På barneskulen dikta eg opp ein kjærast (sjølve gutten var ekte :P). Eg har ofte tenkt at det hadde vore morosamt om me faktisk vart kjæraster seinare!

7) Eg drøymer om å syngja i eit gregoriansk kor, eller ei a cappella-gruppe. Kanskje båe deler!

No vil eg at Lisabeth, Ragnhild, Eva og Monique skal gjera dette. Og alle andre som har lyst.

onsdag 5. november 2008

Congratulations, Joshua and Barack




In honour of the So you think you can dance finale and the USA presidential election, here is my very first (maybe only?) English post on this blog.

Months ago, Joshua Allen won So you think you can dance 2008. Yesterday, Norwegian dancers and dance fans saw it happen. Joshua is a hiphop dancer, 19 years old from Texas. He is the youngest winner so far. Before the competition, he had no formal dance training. Every week he received excellent reviews from the jury, and towards the end of the season he was praised for his versatility despite his lack of experience. On the day of the finale, nobody knew who would win the competition. It could have been anybody. The finalists this year were (in my opinion) the best yet. But to see such a young hiphop dancer win, was phenomenal. Congratulations!

Now for this morning. Everyone knows it. Today I am proud of my (perhaps temporary) nationality. Finally we have a president who can make us proud. Watch his speech, and remember this day.

mandag 3. november 2008

Du skal ikkje fæle den svale nott...

Om eg hadde skrive dette innlegget igår eller tidlegare idag, hadde det sannsynlegvis vore fullt av klager. Men det er jo ikkje gøy.

Okay då, ein ting må eg klaga over. Idag kvittar me oss med parafinovnen :( hadde fotosjut igår, eit av bileta skal verta det nye profilbiletet mitt på fjesbokji, så eg aldri gløymer korleis parafinovnen såg ut. <3

Men frå NO av skal eg vera positiv!

No for tida les eg boka Buzz Aldrin av Johan Harstad. Eg les ikkje så fort, men eg har ikkje lese ei bok så fort som denne på lenge. Eg veit ikkje kva det er, men eg er heilt fortrylla. Trur kanskje det er forteljarmåten. Les boka! Seriøst. Færøyene vert aldri det same igjen :P (sjølv om eg aldri har vore der.)

Eg har oppdaga mykje fin musikk i det siste, det gjer meg glad. Særleg når eg gjenoppdagar musikk frå barndommen. Utruleg mykje av det som eigentleg er gløymt, kjem fram når ein høyrer gamle lydar. Eg skulle lika å ta meg fri ein lengre periode for å høyra på musikk, kjend og ukjend. Kanskje får eg det til ein gong.

På onsdag kjem eg til å stå opp tidleg for å sjå valresultatet. Er du med?

tirsdag 21. oktober 2008

Neste år?!

Dersom du ein gong skulle kjeda deg så mykje at du ikkje aner kva du skal finna på, så veit eg nøyaktig kva du kan finna på. Du kan vitja desse folkehøgskulevevstadene! Og fortelja meg kva inntrykk du får. Dei som (eventuelt) faktisk gidd å gjera det, får ein premie. Ingen veit kva premien er. Om du berre skriv bittelitt om nokre få av skulane, så får du likevel premie. På førehand takk og eg diggar dykk.

P.S. Dersom du les dette og faktisk har gått på folkehøgskule sjølv (same kva for ein, det treng ikkje vera ein på lista), så kvifor ikkje fortelja meg litt om det? Både positivt og negativt. Eg veit det var gøy. Men eg veit òg at det ikkje var perfekt. Fortel! (Og for all del ikkje gløym å seia kva for ein skule det var.) På førehand osb.

P.P.S. Den aktuelle linja står i parantes.

P.P.P.S. Innlegget er redigert 10. januar 2009.

Follo (dans)
Fosen (økopilot)
Fredtun (søm)
Hardanger (design)
Manger (folkedans)
Nordhordland (Pilates og dans)
Olavskulen (kreativ gjenbruk)
Sagavoll (dans)
Seljord (tekstil)
Skiringssal (design)
Skogn (søm og design)
Sunnhordland (dans)
Trondarnes (mote og design)

mandag 13. oktober 2008

Gladnyhende for svoltne studentar!

"Krisen kan gjøre deg lykkelig"

I følgje... ehm... nokon folk, heng lukke saman med økonomi. På ein slags omvendt proporsjonal måte. Når me får mindre pengar, har me meir tid til kvarandre og tek opp nye interesser som ikkje kostar så mykje. Dette høyrest bra ut! BLAKK ER BEST, FOLKENS!

http://www.nrk.no/nyheter/okonomi/1.6253794

onsdag 8. oktober 2008

Sjå! Sjå!
















På eitt eller anna tidspunkt må eg ha hatt litt for mykje fritid.

(EDIT: Eg veit de ikkje kan sjå kva det er eg jublar over. Klikk på biletet.)

torsdag 2. oktober 2008

Statslaus

For ei veke sidan fann eg ut noko dumt, eg veit ikkje kvifor eg ikkje har skrive om det før. Her kjem det iallfall.

Eg finst ikkje.

Greitt, det er kanskje å overdriva litt. Men det kunne like gjerne ha vore sant. Veit du kvifor? Eg har ingen reell nasjonalitet. Eg har eit opphaldsløyve, og eg har eit statsborgarskap. Desse to høyrer naturlegvis ikkje til same land. Så har BÅE desse to landa avgjort at eg ikkje får røysterett. Ikkje her, fordi eg er framandlending. Og ikkje der, fordi alle reglar har unnatak. Regelen er: statsborgarar fødde i utlandet kan røysta, så lenge delstaten som foreldra deira sist budde i har ei ordning for det. "Well, guess what."

KVEN ER EG EIGENTLEG?!

Oooh, I'm an alien, I'm a legal alien.....

lørdag 27. september 2008

Ordfetisjist, men framandlending

Helene Uri er ordfetisjist. Det er eg òg. Eg elskar mange ord, til dømes vonbrot, duppeditt, klimpra, melodi, hjarte, lagnad, konsekvens, abstrakt, utopi, pluskvamperfektum (kunne gjort dette heile dagen!). På den andre sida er det somme ord eg hatar, til dømes bleie, skjød, og "tissue" på engelsk.

Men i det siste har eg merka at eg er framandlending. For der er nokre ord i det norske språket som eg høyrer stadig oftare, som eg rett og slett ikkje veit kva tyder. Eg kjem berre på to av dei no, men de får ei oppdatering dersom eg plutseleg hugsar fleire. *pustar inn* Orda "jamfør" og "føring". Eg veit ikkje kva dei tyder. Merkeleg nok inneheld båe orda "før". Hmmm.

Redd meg frå vankunna!

tirsdag 23. september 2008

Skjedd og skal skje

Eigentleg har eg ikkje tid til å skriva dette innlegget. Men eg gjer det for det.

Førre veke var eg 3 dagar i Lillehammer. Der leikte eg diplomat, eller noko. Snakka engelsk, vart kjend med sære folk frå heile landet, diskuterte politikk og kultur og utdanning, laga resolusjon, og debatterte. I tillegg til teite men morosame leikar og songar som berre passar seg i ein slik organisasjon (eller NMU, så klart) og lite svevn og dårleg mat. Men det var gøy, altså!

Etterpå måtte me (eg og Simen) skunda oss til Oslo for å gå på Coldplay-konsert! Jasmin og Benjamin var der allereie, og det tok litt tid før me fann dei i Spektrum, men det gjekk til slutt. Konserten var heilt fantastisk. Kva meir kan eg seia.

Så var det bursdagsfeiring (Jasmin) og middag på irsk pub, etterfølgt av Jasmins første tur på polet. Ho fekk gratulasjon av kassedama. Resten av kvelden gjekk til å tømma innkjøpet...

Men no er me komne attende til røynda (er det rett ord?) og har cirka 100 gjeremål og cirka null tid. Dette er så deprimerande at eg må nesten laga ei liste over ting eg gler meg til. Tek berre det som skjer før nyttår.

- helga med to bursdagar
- Relax-leiren
- haustferien
- mang.sem.
- pikekorkveld
- juleferien

Var det litt stusseleg?

lørdag 13. september 2008

No for tida...

... ser eg på det som livsoppgåva mi å retta på språklege (og andre typar) feil, fordi eg meiner at godt språk gjer verda til ein god plass å leva, medan dårleg språk høyrer heime i avgrensa typar humor og er reservert språkfrikar.
... tykkjer eg ein kompliment om bloggen min frå veslesøstera til veninna mi er verdt meir enn all løna eg kunne fått dersom eg hadde deltidsjobb i staden for å bruka tid på å skriva uinteressante ting om meg sjølv på ei vevside.
... gjer eg alt eg kan for å unngå å tenkja for mykje på ekle ting, til dømes kjærleik, og bruker heller tida og hjernekapasiteten min på fornuftige ting, til dømes FreeRice og Wikipedia.
... er eg livredd for at eg aldri skal klara å velja folkehøgskule (og linje) og universitet (og linje) og hatar eliminasjonsmetoden.
... kjem gamle interesser fram att i lyset og eg har ei lang liste over interesseorganisasjonar eg vil vera medlem av når eg har pengar til alle kontingentane.
... prøver eg å planlegga russebuksa og russekortet, oppdager at eg ikkje har plass til alt, får problem med å visa kven eg eigentleg er, og alt dette fører til identitetskrise og at eg hatar eliminasjonsmetoden endå meir.
... bør eg kanskje skriva norskstil.

søndag 7. september 2008

Å ja, ja, byen e' Bergen...

I helga har eg vore så heldig å få eit skikkeleg godt inntrykk av Bergen. Det har vore sol! Akkurat som byen prøver å visa seg frå den beste sida for å få meg til å flytta dit.

Eg var altså i Bergen for å vitja Andrew (sjå! eg brukar namnet hans!) og feira at han er ferdig med bachelorgraden sin. Fekk gå på ein morosam seremoni (det var mest morosamt av di talarane var særs dårlege) og sjå studentsenteret (med fin bokhandel som fint kunne vorte min 2. heim) og treffa romkameratane. Dei er dritkule.

Bergen er digg når sola skin. Men eg veit at det slett ikkje alltid er tilfelle.

tirsdag 2. september 2008

Hår og tær

(Etter førespurnad frå Lisabeth)

Tær
Tærne sit på enden av føtene. Dei fleste menneske har to føter, og fem tær på kvar fot. Det er vanleg at den inste tåa er ganske mykje større enn dei andre. På tuppen av tærne finn me noko som heiter "negler". Desse veks ganske fort, og kan stikka hol i sokkane om ein ikkje klipper dei jamleg.

Sjølv har eg ganske lange tær. Dei er ekstremt kjenslevare, men samstundes ikkje. Viss nokon kiler meg på tærne, kan eg nesten verta aggressiv. Men det kan òg kjennast godt. I kontakt med golv er eg takksam for at huden under tærne mine er høvesvis hard. Fanga i tåspisskor skrik dei og får av og til krampe. Men dei klarer no å halda meg oppe :)

Eg tykkjer det er herleg å gå utan sokkar heime og la tærne kjenna etter på golvet og slikt. Og om natta må tærne vera frie for alt som heiter sokkar. Dei toler det ikkje, jamvel ikkje om vinteren. Tærne mine likar generelt fridom, men kanskje ikkje i det offentlege. Dei er litt blyge.

Hår
Håret er noko merkeleg. Det finst ofte i større mengder på toppen av menneskehovudet, og kan vera langt, kort eller nesten ikkje-eksisterande. Nokre få menneske har ikkje hår på hovudet, dette kan vera eit medvite val eller eit resultat av kroppslege "tekniske feil". Men hår finst òg på andre delar av kroppen, og det er ikkje uvanleg å fjerna noko av dette. Mange unge kvinner vel å gjera det av estetiske eller andre grunnar.

Mitt hår (på hovudet) er no ganske langt. Eg trur faktisk det er det lengste det har vore nokosinne. Det er ufarga, og har alltid vore det. Vanlegvis går eg med det laust, men frå tid til annan tykkjer eg det er praktisk å halda det vekke frå andletet med noko som kallast "strikk".

Nokre menneske er "hårkjære", det er ikkje eg. Men eg mistar ein del hår, difor er eg skeptisk til å la andre menneske fikla med det. Viss du får fikla med håret mitt så stoler eg på deg. Den dagen du får fletta håret mitt, då kan du vita at eg er glad i deg. (Med mindre du er frisør.)

lørdag 30. august 2008

"Computer, define dancing."

Premiere på Wall-e igår! :D den var kjempekjekk! Me var 6 stk som gjekk saman i Sandnes. (Kan eg berre få nevna kor utruleg koselege dei alle er?) Filmen handla om roboten Wall-e som har brukt 700 år på å rydda opp på jorda. Ein dag kjem det ein annan robot til jorda, ho heiter Eve og er laga for å leita etter teikn til liv. Her byrjar den kulaste kjærleikshistorien evvår liksom. Dritbra!

Idag er det folkefrukost på Kongsgård. Eg gler meg!

mandag 25. august 2008

lørdag 16. august 2008

Humpty dumpty sat on a... bench

De veit dei benkane i busskura som det er umogleg å sitja på fordi ein berre sklir ned? Vel, Sara har svaret på dine plager.

Sit sidelengs!

Heilt seriøst. Eg prøvde det, og det funka! Viss du sit sidelengs med beina i kors, så sit du faktisk bom fast. Ikkje sånn bom fast at du ikkje klarer koma deg ned igjen, men sånn bom fast at du ikkje bruker alle musklene i heile kroppen for å halda deg oppe. Voilà.

mandag 11. august 2008

Kvalitetstid med ukulelen

No har eg altså lært meg ein av dei tøffaste songane eg veit om, på ukulele. Det er "It's too late" av Evermore. Men tingen er at eg har berre lært meg akkordane, og ikkje rytmen. Det får eg ikkje heilt til å stemma. Nokon [musikalske menneske] som kan hjelpa meg? Kanskje vankar det premie, til dømes ein date, eit kyss på kinnet eller ein privat konsert.

(Akkordane ligg forresten her)

EDIT: Fortsatt ingen som har vunne dejt, kyss eller konsert. Kom an, folkens!

torsdag 7. august 2008

Bizarre.

Dei siste dagane har eg overraska meg sjølv. Ganske mykje.

Til dømes har eg oppdaga kor merkeleg sætisfaiing det kan vera å stappa daude tre i ein maskin som hakkar dei til fillebitar.

Eg har greidd å halda rommet ryddig. Då meiner eg ikkje ryddig nok til å kunna manøvrera seg rundt i rommet og kanskje, med litt flaks, kunna finna ting. Eg meiner ryddig, sånn etter standarden til ein person som plar ha eit ryddig rom. For det plar nemleg ikkje eg.

I staden for å kjeda meg halvt i hjel, går eg på dansekurs denne veka. Har sakna å dansa! Det skal eigentleg vera jazz nivå I-II, men eg trur heller det er nærare II-III. Teknikk-delen er grei, men koreografien er skitvanskeleg. Mest fordi det går sinnssjukt fort. Men det er kjempegøy! Instruktøren er svensk og lagar kule lydar for rørsler og takter.

Det eg ikkje har fått gjort, er å byrja på særemnet. Eg har ikkje eit tema eingong. Tenkte litt på å skriva om bøker som går føre seg i t.d. New York, det var ein idé eg fekk av særemne-mentoren. Men eg veit ikkje. Eg er så dårleg på dette.

Elles har eg KONSTANT songen "I'm yours" av Jason Mraz, som jo er ein ganske søt song, men etter kvart irriterande, på hjernen. Kan me ikkje få ei ny landeplage snart?

torsdag 31. juli 2008

Post-Paris

Ja, etter ein episk Paris-blogg er det på tide med noko litt meir... vel, nytt. Dagen etter eg kom heim, byrja eg å skriva dagbok, sånn skikkeleg. Så eg skal konsultera den no.

Sidan eg kom heim, har eg vore på kino to gonger, sett altfor mange filmar, rydda to skuffer, jobba frivillig to dagar, spist is ca 100 gonger, gått med kjole to gonger, lese ut ei bok og byrja på ei ny, kjøpt 5 DVD'ar, laga ein pai, og hatt eit angstanfall. Ikkje heilt i den rekkefølga, då. I tillegg til å treffa vener, som eg trur eg hadde sinnssjukt godt av.

No gjenstår 2 og ei halv veke av sumarferien, og eg har ikkje gjort noko av det som eg tenkte eg burde gjera i sumarferien. Gjer det noko? Næh.

Sånn elles så er det no 100% avgjort at eg definitivt ikkje under any circumstances skal gå glipp av neste NMU-leir, om Gud vil. Så det så.

Paris, del 2

(Byrjar der eg slapp)

Torsdag:
Hadde framstegstesten idag i staden for i morgon, noko eg eigentleg visste, men ikkje hadde kome på. Difor var eg ikkje førebudd. Men eg greidde å tippa ein del, då. Resten av dagen gjekk roleg for seg, eg hadde ikkje krefter til å gå ut om kvelden, så eg sat på rommet og las.

Fredag:
Fekk prøven attende, det vart B! Hah. Etter skulen kjøpte eg og Ida ei flaske vin (dritbilleg) og litt piknik-mat. Fredag er nemleg ta-farvel-kveld, for dei som skal heim. Me var ein gjeng som treftest på Champs de Mars (park ved Eiffeltårnet), hadde piknik, prata, utveksla mail og fullt namn til facebook, osb. Eg hadde diverre vore smart nok til å ha med vinåpnar, som alle måtte låna. Heldigvis vart han ikkje øydelagt. Akkurat då vinflaska byrja å verta tom, byrja folk å dra. Det vart ein litt ustødig tur heim... Då eg kom inn på rommet, spurte Sunniva om det var kjekt. Neste morgon hugsa ho ikkje dette.

Laurdag:
Saman med Sunniva, Ida og Gochia (anar ikkje korleis dette skrivast) gjekk turen idag til Versailles. Då me kom fram, fant me ut at det var lurast å eta før me utforska. Så me gjekk inn til gågata og leita etter ein grei restaurant/café/kva som helst. Det tok litt tid, og då me endeleg sette oss ned vart Gochia kasta ut fordi ho åt sin eigen mat der inne. (?!?!) Men så fekk me sett slottet og hagen og alt det der, det var ganske flott... og digert. Og så spelte dei sånn uhyggeleg, "kongeleg" musikk. Fysj. Men speglsalen var heilt nydeleg. Sunniva og eg drøymte om å dansa der inne, med lange, kvite tyllkjoler. På toget til og frå Versailles var det mange ulike språk som vart nytta. Morosamt!

Etter me kom attende til Paris, hoppa eg og Sunniva av ved Bonne Nouvelle og kjøpte is, som me åt før middag. (Is+middag+dessert=to stappa jenter...) Me gjekk ut for å treffa folk som skulle på klubb, men det vart den same greia igjen: det tok så lang tid at me heller gjekk på café for oss sjølve. Me drakk noko lakris-liknande, ganske god ettersmak, sjølv om eg ikkje plar lika lakris. Det var ein koseleg café med nokre gamle bøker på hylla bak oss, og personalet var uvanleg trivelege.

Søndag:
Sov lenge. Gjekk ein liten tur rundt omkring nabolaget og skulen. Stoppa på ein bistro kor me åt kanskje verdens nest beste pizza ;) og så crème brulée! Her var det ein veldig kul kelner som berre brukte kroppsspråk for å kommunisera med oss. Me sat der ganske lenge og høyrte på den blanda musikken som gjekk på radioen. Så spaserte me heim. Om kvelden var me med Gochia, me sat på ei bru ved Eiffeltårnet og prata fransk. Me hadde faktisk heilt naturlege, intelligente samtaler på fransk! Utruleg, men gøy. På vegen heim åt me crèpes. Kjem til å sakna det.

Måndag:
Frankrikes nasjonaldag! Idag var det gratisframsyning av Signes, ein moderne ballett. Me sto i ein ukristeleg lang kø, og var blant dei siste som fekk koma inn. Balletten var utruleg kul, fargerik, kreativ. Me spleisa på DVD'en. Før framsyninga starta, sat me og prøvde å eta patisserie'ane våre utan at dama i dress såg oss. Det var utfordrande, men gjekk akkurat. Etterpå fant me ut at området rundt Bastille-operaen hadde ein del kjekke klesbutikkar...! :) og etter det fant me ein koseleg park kor me åt lunsj og såg mens nokon menn spelte pingpong. Om kvelden gjekk me (og Gochia) til Montmartre for å sjå fyrverkeriet... me såg diverre ingenting, men det var likevel ei oppleving å vera der. Stemningsfullt!

Tysdag:
Før skulen gjekk eg i 3 bokhandler, og tok heilt av med å kjøpa teikneseriar (mellom anna). Om kvelden tok me turen til La Villette, kor me fann ein utruleg fin café og hadde dessert og ein drink (karamellvodka på meg). Medan me sat der, vart eg sjekka opp av ein gamal franskmann som sa gong på gong at eg var vakker og at han var lei for å forstyrra oss. Eh, ja... :P

Onsdag:
På skrivetimen idag ville eg berre koma vekk derfrå. Kvifor valde eg dette faget, eigentleg? Idag var Mad ute, så me åt ein tidleg middag åleine, før me gjekk på kino (Sex and the city). Der var ein snopbod rett ved kinoen, me kunne sjølvsagt ikkje gå forbi ;) kinoen var i området kor eg budde sist gong eg var i Paris. Det var rart å vera der igjen...

Torsdag:
Etter skulen vart det ein liten shoppingtur med Ida i Marais. Det vil seia, ho gjorde mesteparten av shoppinga... me fann ein kjekk secondhandbutikk, dit vil eg dra igjen! Denne kvelden skulle vera Utekvelden (for meg, Ida, Katharina og Flavia), meir spesifikt skulle me eigentleg på gayklubb. Me hadde tilmed namnet på ein som me hadde høyrt var bra. Men då me drog inn til Marais og spurte om veien, fekk me vita at den klubben ikkje fantest meir. Katharina og Flavia drog heim, medan Ida og eg leita vidare i Bastille-området. Me fann ingenting gøy der heller, så me spaserte til Grands Boulevards og åt pommes frites og prata. Me hadde utruleg god tid, fordi metroen og toga ikkje byrja å gå før i 6-tida. Etter kvart gjekk me til Gare du Nord kor Ida tok toget heim, og eg gjekk heim. Så sov eg i 4 timar. Men ikkje misforstå meg, det var ein kjempekoseleg kveld/natt/morgon :)

Fredag:
Sto opp overraskande opplagt, til siste skuledagen. Tok farvel med klassen og læraren, tok nokre bilete. Men avtalte med dei som var interesserte å ha piknik igjen. Drog heim og pakka (det gjekk faktisk veldig fort!) og kjøpte blomar til Mad. Skreiv eit kort kor me takka henne for alt og skrøyt av maten hennar. Drog til Champs de Mars og klemte alle eg ville klemma, og sa ca 100 gonger at eg såg fram til å treffa alle på reunion. Håpar det faktisk skjer... etter litt dramatikk med å finna nattbuss til Ida (ho rakk ikkje siste toget) gjekk me heim og la oss (eller, sat i senga og tenkte, lenge).

Laurdag:
Pakka ferdig, og åt frukost for siste gong hos Mad. Brukte lang tid på det. Tok masse bilete av leilegheita (det der ordet...!!!), og eit av Mad. Veldig elegant! Så drog me... Sleit med koffertene i trappene, men det gjekk elles ganske greitt. Fann hotellet nesten med ein gong. Det var bittelite, men veldig koseleg. Mannen i resepsjonen snakka veldig sakte og tydeleg slik at me faktisk forsto alt han sa. Etter at me hadde lagt fra oss på rommet, drog me til Musée d'Orsay. Der var det mykje flott! Og det var mykje mindre stress å vera der enn på Louvre. Etterpå vandra me berre rundt i det nye nabolaget, og åt pizza igjen.

Søndag:
Gjekk på ein hjørnecafé og åt tartines (baguette med smør) til frukost. Minimalt, men godt. Der var ein marknad (med mat og klede) rett i nærleiken, så me kjøpte piknikmat der før me drog til Quartier Latin. Der var sjølvsagt det meste stengt, men det gjorde ikkje så mykje. Me oppdaga eit patisserie som var (på godt norsk) Beyond Belief. Gjekk bort til Jardin de Luxembourg og åt piknik-maten med korpsmusikk i bakgrunnen. Så gjekk me til vår nye favorittøy: Ile St. Louis. Åt is, såg i dei søte butikkane. Ville ikkje dra.

Måndag:
Kjøpte baguetter (min med chèvre) og åt dei i ein liten park. Drog til Forum des Halles, brukte mesteparten av tida på Fnac (diger butikk med bøker, CD'ar, DVD'ar osb). Gjekk til skulen for å levera bibliotekbok... det vil seia, la boka ved inngangsdøra med ein lapp: "Donnez moi à l'école". Hehe. Drog til Marais, åt salat og toast med chèvre, og ei terte. Vandra rundt omkring. Marais er eit herleg strøk! Me var samde om at me kunne tenkja oss å bu der neste gong... Så fann me ein restaurant i "Paris Topp 10"-boka som me ville gå på, men gjekk litt for langt då me leita etter han. Så me gjekk på den fyrste (nesten) restauranten me såg som framleis var open. Og det var jammen bra at me gjorde. Middagen min denne gongen var "nems de chèvre au miel" (ja, chèvre for 3. gong den dagen!), utruleg godt. På veg heim hadde me våre siste crèpes med kastanjekrem (fantastisk) før me pakka og høyrte på fransk radio og sovna.

Tysdag:
Me reiste heim.

Kunne ha skrive mykje meir om tysdag, for det var faktisk ein kjekk dag, det òg. Men no tykkjer eg det er på tide med litt post-Paris.

onsdag 16. juli 2008

Endeleg, oppdateringen de har venta på! :)

No er dette vel å merka litt utdatert, men eg skal nok få skrive vidare snart. Følg med!
---------
Søndag:
Me kjem fram i Paris, med alle kroppsdelar og all bagasje på plass. På veg frå flyplassen til byen, køyrer me plutseleg rett under Eiffeltårnet. Hoppsann! Det går opp for oss at me faktisk er i Paris. Me køyrer inn i ei lita gate som heiter Rue de l’Aqueduc, kor ei slank og elegant dame på 60 år ventar på oss. Madeleine Duchemin heiter ho. Ho skjønar fort at me ikkje er særleg flinke i fransk, og snakkar sakte og enkelt så me forstår det meste av det ho seier. Me går opp 5 etasjar med dei tunge koffertane, og ho viser oss rommet vårt og resten av leilegheita (æsj, der var det ordet igjen), som er i ein gamal bygard i La Villette, eit roleg område, men veldig sentralt. Middagen er klar kort tid etter me har lagt oss til rette, og me et eit fantastisk måltid saman. Samtalen er særs enkel, me er litt nervøse, men det er triveleg for det. Me sit på rommet i ein time etterpå og berre tenkjer over alt. Det er merkeleg å vera her, men me har ei kjensle av at dette vert bra.

Måndag:
Me sto opp tidleg for å gå på skulen. Fyrste skuledagen skal alle ”berre” ta ein prøve for å plasserast på rett nivå. Prøven var vanskeleg! Men det kan ikkje ha gått altfor gale, for eg vart plassert i klasse A2 (nivåa er A1, A2, B1, B2, C1 og C2). Etterpå gjekk me på ein liten tur rundt nabolaget og i Montmartre, og fekk ein del info og tips frå skulestaben. Forresten så er skulen kjempefin. Utsida ser heilt romantisk ut, det ser ikkje ut som ein skule i det heile tatt. Og innsida er heilt moderne og stilrein. Fænsi er det. På byturen snakka me ein del med ei frå Polen (eg klarer ikkje uttala namnet hennar, så eg trur heller ikkje eg tør freista skriva det) og ei frå Tyskland som heiter Sandra, og Mari frå Drøbak! Dei virka greie alle saman. Mari har gått på ein folkehøgskule som Sunniva (og for så vidt eg) er interessert i. Så det var kjekt å snakka med henne. Etter byturen fekk me timeplanane, og oppdaga at eg og Sunniva har heilt ulike timar. Me har berre nokre få av dei same fritimane. Men det er ikkje så farleg, me har alltid kveldane saman, og det går fort å verta kjent med andre elevar. Då me kom heim frå skulen, trefte me den andre eleven som bur hos oss. Ho heiter Maria, kjem frå Brasil og er eldre enn Mad (”c’est exceptionnel !”) og ganske morosam. Ho tek fransk B2, og er visstnok ganske flink til å skriva. Ho snakkar mykje, òg, men seier feil på litt rare plasser. Det er litt kjekt å høyra, hehe. Mad rettar på henne, då. Det er jo bra at ho òg kan læra av å snakka med vertinna.

Tysdag:
… var den fyrste verkelege skuledagen. Me fekk lærebok, og trefte læraren i Francais Général. Ho heiter Anne-Lise og er kjempesøt. Det beste med henne er at ho forklarar ting (nye ord, grammatikk osb) på ein enkel og forståeleg måte. Det er særs nyttig for meg, det, å læra franske ord og fransk grammatikk, på fransk, i staden for å gå vegen om norsk eller engelsk. C’est génial ! Om kvelden gjekk me på kino, me hadde eigentleg tenkt å sjå Narnia, på originalspråket, men denne kinoen hadde berre franske versjonar. Men me tykte det var greitt, og såg Narnia på fransk. Han var kjempebra! Og prinsen er absolutt godkjent (de som kjenner meg godt veit truleg at eg har ein stor crush på BBC-Caspian og var redd for at han nye skulle vera eit vonbrot, men det var han faktisk ikkje), og det viktigaste av handlinga (slik eg hugsar henne) er med. Eg greidde tilmed å forstå ganske mykje, heh. Det var vanskeleg, då. Kanskje litt meir poetisk språkbruk enn det me lærer på skulen. Elles var kinosalen diger og veldig fænsi, og skjermen me såg filmen på var 4 gonger så stor som skjermen me såg trailerane på (som var normal storleik) (me var overraska over å sjå ein ny skjerm verta rulla ned, plutseleg). Gøy!

Onsdag:
Trefte dei andre lærarane. Gilles er lærar i I-Lab, som er KEISAMT. Me gjer masse oppgåver på data, mange av same slag. Det er jo lærerikt, men ganske monotont. Og det er noko med Gilles som eg får avsmak av. Han er litt uhøfleg, og utålmodig. Men me arbeider jo mykje på eiga hand, så det gjer ikkje så mykje. Valfaget mitt vart Atelier d’ecriture, skriveverkstad. Læraren der heiter Sophie, og ho brukar mykje meir vakse språk enn Anne-Lise. Men ho er dyktig. På skulen i dag vart eg kjent med Ida frå Sverige og Katherine frå Tyskland. Dei er kjempekjekke båe to! Ida og eg snakkar nordisk saman, det er litt kjekt. Men utfordrande, det er nemleg ikkje alltid me forstår kvarandre. Etter skulen treftest eg og Sunniva og gjekk på ein ”liten” tur. Me gjekk fyrst oppover Champs Elysées, så opp i triumfbuen (spontan avgjering!). Utsikten var heilt perfekt, me kunne sjå alt derfrå. Så me sto der ganske lenge, sjølv om det regna. Mad drog til Marseille i dag, med middagar klar til oss i kjøleskåpet. Ho kjem heim på laurdag.

Torsdag:
… vart eg meir kjent med Ida, det var koseleg. Eg trefte og ei jente frå Nederland som var vegetarianar som meg. Ho var litt morosam! Eg lånte Bridget Jones’ dagbok på fransk, og byrja å lesa i ho. Gøy! Og faktisk ikkje så vanskeleg. Berre noko slang her og der. Forsto det meste frå konteksten. Dette var ein ganske roleg dag.

Fredag:
På skulen tok me ein liten framstegstest. Det var ikkje så vanskeleg, eigentleg, men på den eine oppgåva greidde eg å vita kva eg skulle gjera utan å vita kvifor. Hmm. I dag var skrivekurset drit. Fant ut at det me skriv skal hengast opp i klasserommet. Eg er veldig lite for. Men men. Etter skulen gjekk me på Louvre, noko eg før denne turen var ganske skeptisk til. Og det er eg i grunnen enno. Det var slitsamt å vera der. Så stort, så museum-aktig. Heh. Men det var så klart mykje spanande å sjå der, så eg angrar ikkje. Om kvelden tenkte me å treffa nokre folk for å gå på klubb, men me fann dei ikkje. Så me gjekk på ein café/bar for oss sjølve (eg og Sunniva, altså). Me drakk dyre cocktails og følte oss veldig parisiske. Heile vegen heim var me båe tissetrengte, men lukkelege.

Laurdag:
Sov lenge, herleg! Me fekk lyst til å utforska Quartier Latin, og tok ein metro bort der. Men me endte opp med å bruka mest tid på Ile St. Louis. Det var så koseleg! Stikkord er is (honningnugat), løksuppe, sjokoladebutikk… i sistnemnte kjøpte me kakaopulver med krydder, og eg kjøpte trøfler. Nam. Eg kjøpte sjal i ein bod ved Seinen, Sunniva kjøpte kjole i ein butikk ved Les Halles. På veg heim fekk me melding frå inntakskontoret i Rogaland, spanande…!

Søndag:
Sov endå lenger, herleg!! Sonen til Mad dukka opp. Han heiter Thomas og er rundt 30 år gamal. Mad fortalte oss seinare at han er litt handikapa. Han prata fort. Sunniva og eg drog til Eiffeltårnet, kor me kjøpte crèpes og hoppa på ein turistbuss. Det var overraskande kjekt! Me tok heile turen, og då me kom attende til Trocadero kjøpte me ein liten lunsj og sat og såg på alle dei interessante menneska som gjekk forbi.

Måndag:
Kom meg endeleg på internett for berre andre gong, fekk svart på alle facebook-greier og gratulert Stine med dagen på ein tilnærma verdig måte (skulle helst gjort det fejs tu fejs, men c’est la vie). Sendte òg ein førehandsskriven e-post til mor. Greitt å halda dei gamle oppdaterte. Litt herleg at dei er i USA, då, så dei ikkje ringer meg heile tida... Siste skuletimen i dag var ”conference”, kor Anne-Lise fortalde om teikneseriar, nærare bestemt Astérix. Eg vart veldig inspirert til å kjøpa masse franske teikneseriar. Medan Sunniva hadde time kjøpte eg ei veldig grei veske, ho er stor og passer til antrekka mine… ikkje at eg plar tenkja på sånt. Etter skulen tok me turistbussen igjen, sidan billettane var gyldige i to dagar. Hoppa av ved operaen, og beundra bygningen ei stund. Gjekk på Zara, for masse folk. Gjekk på Repetto, for useriøst (og for masse folk). Gjekk heim, åt ein fantastisk middag (som vanleg) og hoppa i seng.

Tysdag:
Medan Sunniva var på skulen, gjekk eg på Forum des Halles. Eg har vore der ein gong før, men av ein eller annan grunn såg det ganske annleis ut denne gongen. Det var digert. Eg kjøpte to tunikakjolesaker, eit par øyredobber og ei brosje, pluss nokre praktiske ting. Drog rett til skulen derfrå, hadde ein time, og så måtte eg heim igjen for å skifta klede til OPERAEN! Som sjølvsagt var fantastisk. Me såg ein ballett som heiter La Dame aux Camélias, billettane våre kosta 80 euro. Ouch. Men det var verdt det, og mykje meir. Bygningen i seg sjølv var heilt utruleg. Majestetisk. Storslått. Me vart vist til setene av dresskledde unge menneske. Plassane var heilt perfekte. Og balletten var VAKKER. Dansarane rørte seg så vent, og sårbart, på ein måte. Gode skodespelarar var dei òg. Og kostymene var flotte. Alt var ganske enkelt, men vakkert. Koreografien var ikkje heilt klassisk-klassisk, litt annleis. Nydeleg var det.

Onsdag:
Dette var ein uvanleg vanleg dag. Skulen var heilt gjennomsnittleg, men bra. Skrivetimen gjekk mykje betre i dag. Me kom opp med ein ganske kul idé til ein fait-divers, ein gjeng med rotter som har vore blindpassasjerar på metroen i 3 år og endeleg er tatt av politiet. Gøy. Etter skulen gjorde me enormt lite. Me vaska klede, kvilte litt, gjekk ein liten tur. Det var koseleg, då. Herleg å ikkje springa rundt og gjera så mykje som mogleg. Godt å ha litt god tid og slappa av. Så var me heile 5 stk rundt middagsbordet i dag, det var litt spesielt. Ganske livleg samtale. Resten av kvelden gjekk til å skriva dette. Takk for meg (for denne gongen)!

torsdag 10. juli 2008

Eg er i Paris...

... og har skrive ei ukristeleg lang oppdatering som eg ikkje vil pålegga dykk å lesa med mindre de faktisk er interesserte i alt kva eg har gjort i Paris til no. Difor skulle eg gjerne visst om ein måte å attach'a det her, er det nokon som veit korleis eg kan gjera det?

lørdag 28. juni 2008

Leaving on a jetplane...

Om 2 og ein halv time er eg på veg til Sunniva, og eit døgn seinare er eg i Paris.

Oppdatering og bilete kjem sannsynlegvis, stej tiund!

tirsdag 24. juni 2008

It won't be long till happiness steps up to greet me

Eg fekk 6 på franskeksamen, og eg er nr. 3 på vervetoppen. Eg berre nemner det. :)

Elles har eg funne ut at eg ikkje orkar å prøva å oppsummera kva som har hendt sidan sist. Eg vil heller seia noko om kva som kjem til å henda. Eg kjem til å overraska meg sjølv, og verda kjem til å overraska meg. Ei forandring kjem. (Dette vart litt Tony i West Side Story. Hm.) Sidan "planen" ikkje gjekk så bra, er det berre rettferdig om noko anna skjer. Og det gjer det nok. Eg gler meg!

Heilt konkret så skal eg reisa til Paris på sundag. Eg har droppa Skjærgårds (med Jars of Clay, for søren!!) og sumarleir med NMU (med sjølvsagte føremoner, hihi) for å gjera dette. Det bør verta bra! Og det gjer det nok.

Etterpå har eg ingenting å gjera. Eg har ikkje jobb, eg har ikkje fleire planar, eg har ikkje ein fantastisk idé til særemnet som eg kan byrja å skriva på. (Det tyder ikkje at eg ikkje skal prøva, men) difor har eg masse tid til å gjera Kva Eg Vil. Og kva det er, vel, det kjem i eit anna innlegg.

Til slutt litt "metafiksjon" som ikkje er fiksjon. No når eg skriv dette, klarer eg ikkje irritera meg over at det eg skriv ikkje vert lagra undervegs. Kva har hendt? Det var jo den beste funksjonen med heile greia! Nesten. Dette er ikkje bra. Kva om dataen min hadde skrudd seg sjølv av no? Då måtte eg jo ha skrive heile innlegget om att. Huff og huff.

torsdag 19. juni 2008

Avslutningar

Når skuleåret er over, er òg pikekoråret over. Dette medfører at koret må samlast i ein hage på Sola. På måndag gjorde me nett det. Etter mykje stress og gåing-av-på-feil-haldeplass, var me fulltalige og kunne setja i gong med å syngja (medan naboungane spionerte), eta pizza (og etter kvart kake), leika og sjå Mary Poppins. Koseleg! Det er så mykje kjekkare å syngja i kor når alle kjenner kvarandre litt betre enn me gjorde i byrjinga. Kanskje det er bra me ikkje er så mange?

Når skule- og pikekoråret er over, er òg nynorsk-året over. (For min del, i alle høve, sidan eg ikkje skal på sumarleiren... trist!) Dette medfører at nynorsk-folk må samlast (uoffisielt, vel å merka) i ein hage på Sandnes. Igår gjorde me nett det. Fyrst var me berre 5 personar, men det kom fleire etter kort tid. Det var ein innhaldsrik kveld, men vanskeleg å oppsummera :P stikkord er regn, mais, og ei brisen Eva. Interessant ;)

Når skuleåret faktisk offisielt er over, må skulen gjera noko sprøtt for å syna seg for turistane. Idag gjorde me nett det: me "dansa" polynese i byen. Lærarane var søte, me andre var våte. Likevel tykte eg det var litt kjekt. Etterpå sto me foran hovudtrappa og høyrte på/såg underhaldninga til 3. klassingane. Morosamt nok, det, heilt til 3D song "Pikekoret, sorry, alle hate dokk!" Eg vart sjølvsagt djupt såra og vonbroten, men tok det som ein mann (?) og gjekk bort til kakebordet for å sikra meg eit stykke. Så sto me der og åt kake og fraus.

Gjev eg var i eit varmare land!

tirsdag 17. juni 2008

Herr og fru Rege Gårdsvoll

Då har eg vore i bryllaup, for andre gong i livet mitt. Det var ganske spesielt, av fleire grunnar. Men det kjem eg tilbake til.

Det heile byrja med ein SMS frå Sigrid om at Helge hadde fridd, og at ho hadde sagt ja. Ikkje så lenge etter fekk eg vita datoen for bryllaupet. Ei stund etter det spurde Sigrid om eg kunne gjera henne ei teneste. Ho skulle nemleg ha ein gjest frå Canada, og trong nokon til å omsetja for henne. Det høyrtest jo spanande ut, det, så eg sendte ein mail til denne jenta, Christi heitte ho visst.

Fram i tid. Det er onsdag før bryllaupet, altså dagen for utdrikningslag, og eg stressar livet av meg for å koma til Sandnes (det er rushtid og eg har brukt for mykje tid på å finna noko å ha på meg. Kvifor er det så vanskeleg, eigentleg? Eg plar ikkje stressa så mykje med slikt. Jaja.) og kjem omsider fram til Amfi Vågen og spottar dei andre. Gir Sigrid ein klem, og får greie på kven det er som er Christi. Me byrjar å vandra rundt i Sandnes...

Sigrid fekk nokre telefonnummer som ho skulle ringa til for å spørja om ekteskapsråd. (Dei sa slikt som "Snakk mykje saman" og "Ver uegoistiske" og "Byt på å laga middag".) Ho fekk ein saksofon i handa, og skulle spela til inntekt for brudekjolen. (Ho fekk 2 kroner.) Ho fekk 10 raude roser som ho skulle gi til framande menn, helst attraktive menn. (Fleire sa nei takk!) Så dro me heim til forlovar Marit, og åt taco.

Så kom laurdagen, og eg gjekk fyrst til frisøren. Ho sette opp håret mitt i ein ganske fænsi frisyre sett saman av mange fletter av ulik tjukkleik. Ho brukte 43 hårnåler og 9 fliseklemmer og 13 strikker. Ho skulle sjølv gifta seg ganske snart, og dei skulle til Okinawa på bryllaupsreise. Spanande!

Snart måtte eg skunda meg i kyrkja, og drog med meg den store eska med bryllaupsgåva, som var ein brødristar (typisk amerikansk gåve) og ei kokebok som heiter "Gi oss idag..." og inneheld oppskrifter på brød (bibelhumor, ja!). Gudstenesta var heilt perfekt, ikkje for klissete og ikkje for keisam. Presten, Sindre Eskedal, kjenner Sigrid (og meg, for den saks skuld) godt frå Ljosheim Ungdomsgruppe. Difor vart talen hans akkurat passe personleg. Musikken var òg fin, trass i at forsangardama var litt for Celine Dion for min smak. Så ga dei kvarandre ringane, og alt det der. Det heile skjedde ganske fort, men det var veldig fint.

Etterpå køyrde me bort til festlokalet Himmel&Hav (tidlegare Strandleiren). Christi og eg sto og såg medan nokre jenter pakka opp gåvene. Me åt nokre druer og snakka om ymse ting, men hovudsakeleg Noreg. Om me ikkje hadde hatt kvarandre, kunne den ventetida vore uuthaldeleg. Men det var ganske hyggeleg.

Middagen var SKAMGOD. Seriøst. Det var ganske enkel mat, eg kunne sikkert ha laga det sjølv, men det smakte heilt himmelsk! Og så kom det jo dessert OG kaker i tillegg... *vann i munnen* det var rett og slett fantastisk. Berre maten var nok til at eg tykte bryllaupet var vellukka! Men sjølvsagt var der mykje meir enn det, òg. Til dømes talene. Alle greidde faktisk å halda talen sin utan å gråta, og dei var både morosame og vakre. KK-Anja hadde vore nøgd ;) det var ei utfordring for meg å omsetja dei sunnmørske folka sine taler, særleg når eg sleit med å forstå sjølv. Men det gjekk greitt.

Nokre av veninnene til Sigrid hadde underhaldningsinnslag etter middagen. Til dømes vart brudeparet testa i kor godt dei kjente kvarandre. Dei var samde om det meste, det lover godt, tykkjer eg! Elles var det masse fotografering, alle ville ha bilete av Sigrid og av seg sjølv saman med Sigrid og av Sigrid saman med familien og av Sigrid og Helge og av Ju Nejm Itt. Eg gler meg til å sjå bileta.

(Dette treng eit eige avsnitt.) Sigrid var den vakraste bruden i heile universet, og eg overdriv ikkje. Ho er jo alltid flott, då, men i brudekjolen var det nærast umogleg å sjå vekk frå henne. Skjørtet var digert, men ikkje på ein sånn tacky måte. "Overdelen" hadde korte ermer, og det var slik ei snøring-sak i ryggen. Så hadde ho roseknopper i håret. Nydeleg var ho!

Plutseleg var festen over, og plutseleg var det Dagen Derpå. Eg hadde avtalt å treffa Christi i byen, av di ho ikkje hadde noko å gjera heile dagen. Medan eg sat på bussen, byrja eg å blø naseblod. Typisk random uflaks som skjer med meg på ulike transportmiddel. Måtte stoppa det med jakkeermet og gå av med apoteket og få hjelp. Stress. Etter mykje om og men gjekk eg opp til Domkyrkja og sette meg ned med Christi. Eg visste ikkje heilt kva me skulle finna på, i Stavanger, på ein sundag. Me byrja å vandra, nok ein gong.

Me gjekk opp i Valbergtårnet og kikka utover byen. Eg peikte på ting eg visste kva var. Christi tykte utsikten var fin. Eller, ho sa iallfall det :P så gjekk me i Holmegata, og nedover mot Oljemuseet. Ho tykte det høyrtest interessant ut, så me gjekk inn. Fyrst las me alle dei greiene om oljehistorien, så vart det keisamt og me gjekk i Kattastroferommet. Ho greidde det på mykje kortare tid enn meg! Me gjekk i den der nett-sklie-greia, med ein liten gut rett bak oss. Me såg 3D filmen med dinosaurane. Så var me lei av museet, og gjekk på Le Café Francais og åt baguetter. Etter kvart måtte eg dra heim, og me vart samde om at me måtte treffast igjen ein gong.

For å oppsummera, så veit eg ikkje heilt korleis eg skal gjera det. Kanskje eg berre skal skriva at helga har vore fantastisk... ja, eg trur det held.

Helga har vore fantastisk, og dette har vore eit langt innlegg.

fredag 13. juni 2008

Du ju rait de vej ju tåk?

Er det berre eg som tykkjer det er slitsamt å lesa når folk skriv dialekt heilt ortofont?
(Døma er tekne vekk.) Ikkje for å henga ut nokon, eller nemna namn, men Nokon skriv slik konsekvent, og det gir meg hovudverk etter ei stund. Synd, for vedkomande er ganske grei elles :P

Det verste er at eg veit at eg skreiv slik før, eg òg. Men det var på ungdomsskulen, så eg vil tru eg er tilgjeve.

Ikkje misforstå, eg har ikkje noko imot at folk skriv dialekt, eg er faktisk veldig for det, og gjer det sjølv. Men når ein må lesa det fleire gonger og tilmed prøva å lesa det høgt før ein forstår det, så har det kanskje gått litt langt. Eller?

(Sjølvsagt er det annleis med inglisj, for det er berre morosamt. Yay for inglisj!)

tirsdag 10. juni 2008

Skuleåret er i ferd med å pakka kofferten sin.

Nokre ting er for bra til å skriva blogg om. Det er berre for vanskeleg å velja dei rette orda. Merkeleg, men det er ikkje noko å gjera med det.

Standpunktkarakterane kom idag! O lukkelege dag! Eg fekk no akkurat dei karakterane eg forventa, likevel var det godt å få det stadfesta. Frametter har me berre fri og infomøte og fri og infomøte og rebus og så er det plutseleg siste skuledag! Hæ? Allereie?

Kan eg sutra litt? Viss du tykkjer nei, ikkje les vidare. Det var sumaravslutning med dansen idag, eg trur det er fyrste gongen eg har vore i same rom med talentklassen utan å trena. Dette førte til ei oppdaging: eg har absolutt INGENTING (utanom dans, då) til felles med desse jentene. Det er litt teit at etter eit heilt år i ei dansegruppe, så er eg like lite ein del av gruppa som eg var på auditionsdagen. Dansarar kan vera særs usympatiske.

Velvel. No må eg koma med ein hyllest til min nye beste ven, Buksa. Etter å ha brukt Buksa 3 gonger, er alle andre bukser ubehagelege. Eg kjem til å slita henne ut, så sykt òg. Takk, Cubus, for at de heldt fram med å selja Buksa!

Utdrikningslag i morgon. Difor skal eg no stilla eit spørsmål som ikkje er typisk meg i det heile tatt, av den enkle grunn at eg absolutt ikkje har peiling i dette tilfellet. Nemleg: Kva skal eg ha på meg?

torsdag 5. juni 2008

Karamell og loff og slikt

Kjekk liste-sak

- Skulen er meir eller mindre over!
- Dansefesten gjekk strålande!
- Eg har billett til Coldplay-konsert!
- Sigrid skal gifta seg om 9 dagar!
- Det er framleis fint ver!
- Denne helga vert morosam!

Ikkje-så-kjekk liste-sak

- Streiken er over.
- Eg har hatt min siste dansefest.
- Snart flyttar alle 3. klassingane vekk.
- Eg er plutseleg allergisk.
- Pengar veks ikkje på tre.
- Jobbar veks endå mindre på tre.

Å-korleis-skal-dette-gå liste-sak

- Ein venskap er i ferd med å verta heila?
- Me får snart karakterane?
- Husdyret er heime og eg har høve til å snakka med han?
- Eg må finna kostyme til bursdagen i helga?
- Har ca 3 veker på meg til å fullføra "planen" min?
- Som truleg går i vasken uansett?

tirsdag 3. juni 2008

Eg vart utfordra! :D

Yay! (Takk til Eirik)

Dette skal eg altså gjera:

- plukk opp den nærmaste boka
- opna henne på side 123
- finn den femte setninga
- legg ut dei tre neste setningane
- «tagg» nokre folk og heidra henne eller han som «tagga» deg

På bordet her er det berre ordbøker. Eg har særs lite lyst til å berre skriva tri ord, så eg tek den nærmaste boka som inneheld heile setningar. Og det er "Undringens labyrinter" av Trond Berg Hansen, diverre på bokmål.

"Ingen kan nemlig bestride kontradiksjonsprinsippet uten å benytte seg av det. Den som ville lage et begripelig argument mot det, ville like fullt måtte legge prinsippet til grunn for sitt angrep. Ingen diskusjon er mulig uten på dette grunnlaget."

Dette var kjekt, trur kanskje eg skal lesa meir i den boka.

No vil eg at Lisabeth, Monique og Ragnhild skal gjera dette. Ver så god!

torsdag 29. mai 2008

Kjem du på Dansefesten på sundag?

Sjølvsagt gjer du det.

Kor?
Stavanger Konserthus. Stavanger. Noreg. (osb)
Når?
Sundag 1. juni 2008, klokka 15:00 eller 18:00 (merk: 1 time forskove!). Dei to framsyningane er prikk like. Men om du kan velja, tykkjer eg du bør satsa på klokka 18:00.
Kven?
Danseavdelinga ved Stavanger Kulturskule. Og publikum, då. Deriblant deg og venene dine, ikkje sant? Så klart.
Korleis?
Du kan kjøpa billettar på www.stavanger.kulturskole.no eller på konserthuset, eller på 2008-kontoret (der med turistinfoen og alt det der). Billettane kostar berre 50 kr med kulturkortet, og 80/130 elles.
Kvifor?
Fordi eg er med =D haha. Nei men seriøst. Dette bør du få med deg. Berre lukk augo på avslutningsnummeret (der eg dansar i berre minikjole og hotpants), så vert resten fantastisk!

EDIT: Der er framleis ledige billettar! (hint, hint)

søndag 25. mai 2008

Fransk skriftleg = svevn

Det har vore ei innhaldsrik helg, men eg trur ikkje eg skal skriva om kva eg har gjort / kva som har skjedd. Skuffande? Get over it.

Eg har ei utfordring til dykk alle saman: Kvifor bør eg / bør eg ikkje byta statsborgarskap? - kommentér!

Det er merkeleg å ha så mykje fri. Eg veit ikkje heilt kva eg skal gjera med tida. Der er mykje fornuftig eg kunne gjort, til dømes førebu meg til eksamen, trena, lesa. And yet. Denne veka vil eg gjera ting eg trudde eg aldri skulle få tid til. Så de må slå meg i hovudet med noko hardt viss eg sit heime for lenge.

onsdag 21. mai 2008

Our weekend starts on wednesday

For ein dag!!

Våkna klokkå 05:50 då eg eigentleg kunne ha sove til 07:00. Kjeda meg så mykje at eg las ein heil annonse for ein sportsbutikk, pluss frukostblandingseska, på bokmål og svensk. I dusjen fekk eg ein song på hjernen, og plutseleg byrja eg å byta ut nokre setningar frå songen med noko som passa meg, og før eg visste ordet av det hadde eg nesten dikta opp ein heil song! Spanande! Eg sprang opp på rommet for å skriva det ned før eg gløymte det. Så no har eg eit utkast til ein songtekst liggande på puta.

Så fekk me hovudmålsstilane tilbake, eg fekk rein 5 denne gongen, så trur eg får 5 i standpunkt! Håpar berre ikkje den går drastisk ned neste år, når eg truleg byter hovudmål til tredjespråket mitt :P kommentarane var mellom anna: "Svaret må kanskje få betegnelsen artikkel, men her finnes også tendenser til essay" xD typisk Jan Thrane-kommentar. Men det er litt morosamt, for det var eigentleg meininga at det skulle verta essay... hm.

Så var det gym, då. Mosvatnet på tid. Det einaste eg tenkte på veg opp til vatnet var "Drep. Meg. No.", men eg gjorde det. (Sprang, altså.) 30 sekund raskare enn sist! Hadde ukristeleg vondt overalt etterpå, men. Det er over. (For i år.)

Så kom eg ned til sentrum og var OMRINGA av mormonarar. Bokstaveleg talt. Eg har aldri vore så redd i heile mitt liv. Ikkje misforstå meg, eg har ikkje noko imot mormonarar. Det er berre det at eg sa at eg skulle vurdera (NB: vurdera) å koma på gudsteneste ein gong. Og det gjorde eg altså ikkje. Og desse mennene eg sa dette til, var blant dei som vandra rundt i sentrum. Æææ!

Men eg er framleis like heil.

Eg hadde eigentleg eit genialt bloggemne, men fant ut at det vart for vanskeleg. Eller for personleg, kanskje. Må hugsa at folk faktisk les dette.

søndag 18. mai 2008

Namnedag og Grunnlovsdag

16. mai

Det var ein nesten innhaldslaus skuledag, etterfulgt av nokre timar med planlegging og prat. Charleston gjekk betre enn det plar, læraren var frustrert i byrjinga men skrytte av oss i slutten. Me fekk gå over ein halvtime tidlegare enn vanleg, og eg fekk god tid til å eta og skifta osb før eg traska bort til Cemje. Var ein smule redd for at eg var den fyrste som var komen, og at eg måtte sitja lenge åleine. Men det slapp eg :) me vart ein god gjeng etter kvart. Desse menneska er fantastiske. Seriøst, eg kjem ikkje over kor mange bra folk eg kjenner. Men ja. Etter ei tid på Cemje fekk me lyst til å gå på Sjokoladepiken. Me åt og drakk usunne ting og prata om... vel, alt. Me sat til etter stengetid, og me prata med kasseduden. Han fekk sjokolade til å virka nesten religiøst.

Medan eg sat på kafeane, byrja eg å få ei kjensle i kroppen som eg veit at eg har hatt før, men som var sterkare enn eg hugsa. Det var som eg var nervøs, utan å vita kvifor. Det var ubehageleg (bm-ord, igjen!!) men herleg på same tida. Då eg vart samd med meg sjølv om kva det var, vart eg litt redd. Kunne det verkeleg henda så plutseleg? Ja. Det har hendt før.

Så veit eg ikkje om det er tåpeleg eller lurt, dette her. Men det er kanskje ikkje viktig.

17. mai

Fyrst sto eg opp altfor seint, og hadde ikkje tid til anna enn frukost og fornying av maskara :P hadde eigentleg tenkt å krølla håret, men. Får ta det ein annan gong. Drog til skulen, møtte eit bunadkledd pikekor, song to mai-songar og klemte nokre lærarar. Anja sa noko eg aldri vil gløyma. Og eg visste at ho hadde rett.

Gjekk i tog, song av full hals (eller, freista syngja av full hals - det er vanskeleg medan ein går) og vart oppløyste. Eg vandra ned til torget, kor eg trefte Ragnhild H. og takka Gud for det. (Det hadde vorte mange timar åleine viss ikkje. Pluss at Ragnhild er koseleg.) Me såg tog, me åt is, me prata, me var med fleire andre folk som eg ikkje kjente. Gøy!

Endeleg såg eg Solveig, og sprang over vegen midt i folketoget for å stå med henne, og Terje og nokre IB-gutar. Oppdaga etter ei stund at Sze Yan, Oda og Åse òg var der. Hadde ikkje sett dei på år og dag. Det var litt trist å vita at dei alle snart skulle flytta vekk. Velvel. Etter folketoget gjekk me (eg og Solveig og Terje og IB-gutane) på Subway. IB-gutane var morosame! Eg skjønte ikkje så mykje av skulesnakket, men det var kjekt for det. Eg vurderte rømmegrautkveld-situasjonen, og bestemte meg eigentleg for å ikkje gå. Men så gjekk eg og Solveig bort der likevel, berre for å sjekka... Me oppdaga fort at det ikkje var ein ungdomsfest, for å seia det slik. Så me ringte Oda, og gjekk heim til henne (ei anna venninne av dei var der òg) kor me spelte Nintendo 64 og lo og lo og lo.

18. mai

I'm in for it. Får sjå om eg klarar dette.

Takk for ei fin helg, alle saman! (De veit kven de er.)

tirsdag 13. mai 2008

Kvifor må eg ha ein tittel eigentleg?

Eigentleg gjer eg matte no. Men somme ting er verdt å ta bloggepause for.

Til dømes Sunniva sin bursdag! Det var utruleg koseleg. Me åt masse, prata, leika, sat oppe altfor lenge... Ein heil kveld og morgon gløymde me alt som heiter matte. (Me trong det nok.) Alle som var der er herlege menneske, med mange ulike ting som gjer dei heilt spesielle. Til dømes måten Jasmin snakkar saktare når ho er ironisk/sarkastisk, uttrykket til Monique når ho snakkar om noko ho likar, og korleis Sunniva konsentrerer seg når ho lagar mat.

Idag heldt eg to føredrag. Det eine gjekk greitt, eg snakka litt tull men kom meg gjennom det. Det andre heldt eg for 5 personar, utan å eigentleg vera klar, men det er kanskje det beste føredraget eg har hatt :P (ikkje at det var så bra, men eg greidde iallfall å snakka)

No lurer eg på kva eg skal gjera på fredag. Kan jo ikkje vera heime. Vil treffa folk, vil treffa NMU'arar, vil treffa klassekameratar, vil treffa alle!

Men no høyrer eg matteboka mi ropar på meg. Eg vil ikkje svara, men veit eg må. Men det er siste gong idag (God-willing). Endeleg!!

fredag 9. mai 2008

Spørjeundersøkjing

"Nå e eg sikker på det eina, men usikker på det andra" sa ho. Plar vera sånn.

Eg er nr 6 på vervetoppen! Hoho! om nokon vil melda seg inn i NMU, så sei frå! :)

Spørjeundersøkjinga

1. Kvar var du for ein time sidan?
For litt over ein time sidan var eg oppe på barneskulen og sa heihei til gamlelæraren. Ho hadde ikkje forandra seg i det heile tatt. Same gamle hårfrisyren. Men for nøyaktig ein time sidan var eg litt her, og litt på kjøkkenet. Der er seriøst ikkje ein skit å spisa i dette huset.

2. Kven blir ditt neste kyss frå?

Ein NMU'ar, håpar eg.


3. Kva var det siste du åt?
Cuba-sjokoladen. Eg og Sunniva oppdaga han saman, ingen av oss hadde prøvd han før. Herlegdom for 9 kr.

4. Kven var den siste du prata med i telefonen?
Monique. Den siste eg hadde ein verkeleg samtale med i telefonen, hugsar eg ikkje. For det gjer eg nesten aldri.

5. Har du noe husdyr?
Nei, han bur i Bergen :P har veldig lyst på skilpadde då.

6. Saknar du noen?
Ja, fleire. Saknar alle dei eg ikkje får tid til å vera med, saknar slekt og vener i USA, saknar NMU, saknar Sonja.

7. Kva slags humør er du i nå?
Har det eigentleg ganske fint, men har ikkje lyst til å gå på dansen idag. Charleston er umogleg. Så eg er kanskje i orkar-ikkje-humør?

8. Kor gamal er du?
Eg har høyrt at eg er 18 år, i følgje passet og bankkortet er det sant. Men eg har aldri sett fødselsattesten min, så kven veit. Kan henda heile verda lyg for meg. Uansett er 18 ein keisam alder. Eg har lov til å gjera masse ting, men gjer det ikkje.

9. Kven vil du treffe akkurat no?
Hm. Det hadde vore kjekt å treffa Sonja. Eller Eirik (Tengis^^). Men det er litt godt å vera åleine òg.

10. Korleis svarar du telefonen?
Anten "Hallo det e Sara" eller "Yellow" (hello) eller "Heisann" (viss eg veit på førehand at vedkomande skulle ringa)

11. Ringer du mykje?
Nei. Helst ikkje.

11. Kven er den siste du ringde?
Monique.

12. Kor mange timar sov du i natt?
Ca 6. Det vert som regel aldri meir enn det.

13. Sov du aleine?
Plar gjera det, ja :P

14. Kva ser du fram til?
Sunniva sin bursdag, sminkekurs (ja, du las rett. Eg skal på sminkekurs.), 17. mai, dansefest, Sigrid sitt bryllaup, sumarferie, Paris :D og seinare å flytta ut. Men det er lenge til.


15. Kva vil du ha akkurat nå?
Fri, god hukommelse (æsj, stygt bm-ord), kjærast... eller vil eg eigentleg det? Hm. Ja. Trur det.

16. Hvilken årstid er det nå?
Det er sumarver, men framleis vår. Det er eigentleg fint. Kan henda me får ein laaaaang sumar i år.

17. Er du forelska no?
Ja og nei. Av og til. Kanskje. Eg veit ikkje. Ææææ!

18. Har du vore utru?
Aldri. Det er litt synd, eigentleg. Eg meinar, eg tykkjer sjølvsagt det er galt og sånn, men det er berre så keisamt å berra svara "nei" på slike spørsmål. Men no har eg jo sagt litt meir enn det :P

19. Pratar du fortsatt med den du kyssa seinast?
Ja, men ikkje så ofte som eg vil.


20. Har du vore i utlandet?
Eh, ja. Men ikkje så mykje. Har vore i Noreg (det visste du ikkje!), Sverige, Danmark, England, Frankrike og USA. Utlandet er gøy.

21. Kva gjorde du kl 2 i natt?
Då sov eg som eit barn. Som eg jo er, eller var for 4 månader sidan. Uansett. Det var godt å sova. Vil tilrå det på det sterkaste!

22. Kva skal du gjere etter det her?
Prøva å hugsa Charleston-trinna, springa rundt i huset og leita etter skorne, gå på dansen.

23. Kva buss køyrar du med oftast?
5B, x50, 8 og 11. Eg brukar ganske mykje tid på å ta buss. Det er jo ein eigen livsstil.

24. Det siste teateret du såg?
Ehm, ehm, det er litt flaut at eg ikkje hugsar det. Var det kanskje Gift?

torsdag 8. mai 2008

Kjolebussgraslesing

Idag gjekk eg med kjole. Eg trur kanskje det er fyrste gongen eg har gått med kjole på skulen. I alle høve er det fyrste gongen utan strømpebukse. Dette medførte at eg vart unaturleg medviten om kvar einaste kroppsdel. Men det var litt kjekt. Eg innbilte meg at eg fekk litt sol på beina, men dei er sjølvsagt framleis nøyaktig same kvitfarge som magen min. Jaja.

Då eg venta på bussen heim, byrja ei dame å snakka til meg. Dette skjer aldri på busshaldeplassar, som de sikkert veit. Denne dama var indisk (eller liknande, sør-aust-asiatisk er vel det korrekte), og lurte på kor eg var frå. Ho såg nemleg at eg las ei engelsk bok, og kommenterte at det ikkje er mange norske ungdommar som gjer slikt. Me snakka om språk, Noreg, ungdom, og bussar. Så kom bussen min, men ikkje hennar (?).

Då eg gjekk av bussen, skreik føtene mine. Nesten bokstaveleg talt. Eg klarte ikkje å gå, så eg tok av meg skorne og gjekk på den der gras-greia heile vegen heim. Spanande!

Eg hadde eigentleg tenkt å øva til mattetentamen idag i tri timar. I staden las eg. Men veit du kva? Det gjorde ikkje noko! Eg har ikkje dårleg samvit! Det er heilt utruleg. Det er offisielt: eg likar no å lesa! (For fyrste gong sidan... tja... barneskulen?)

Takk for seg.

onsdag 7. mai 2008

Hm.

Æsj, eg fekk ikkje snakka med deg. Kan henda du la merke til at eg ville, men eg trur ikkje det.

Ingar Arnøy var dødsbra!

Tåkemorgon

Eg tykkjer det er dumt at...

- dei dagane ein faktisk greier å stå opp når ein skal, vert til dei dagane ein ikkje går ut av huset
- det er mogleg å seia så mykje teit, planleggja så nøye kva ein kan seia for å gjera det godt, for så å la vera...
- noko kan gå føre seg i nesten eitt år for ingenting
- tidspress gjer så mykje skade, og ingen nytte

Eg håpar ikkje du har fått intrykk av at eg har noko imot deg. For det har eg ikkje, heller tvert imot. Eg har berre ein tendens til å seia teite ting når du er der. Om eg tør, skal eg vera ærleg med deg idag.

mandag 5. mai 2008

Sumarmåndag

Eg tykkjer det er litt kult at...

- leiaren i NMU har ein peikar til bloggen min på bloggen sin!
- eg gjekk barføtt heile skuledagen idag
- Mona og eg har så lite til felles, og likevel kjem så godt overeins
- franske filmar har så rare endingar
- Simon kan The Julekalender-songane like godt som meg
- mange seier at Tarjei Vesaas skriv så gammaldags, medan eg tykkjer det er perfekt
- det går an å planleggja så mykje, og gjennomføra så lite
- KJ trur ho skal vinna poke-konkurransen. Ho kjenner meg tydelegvis ikkje.

torsdag 1. mai 2008

Norsk er eit morosamt språk.

Eg har gitt opp å skriva om krabber og hummer. Det interesserer meg berre ikkje. Sorry, Tove, du kan godt gje meg eit nytt emne! (Og alle de andre òg!)

Fann ei genial vevside der ein finn avløysarord for engelske (mange dataord o.l.). Nokre av dei beste orda:

backpacker -> trekksekk
blackout -> minnesvinn
boom -> høgkonjunktur
campus -> skulegrend
catwalk -> motemolo
clutch -> koplingspedal
discman -> lommedisko
equalizer -> utjamningsfilter
fastfood -> snøggmat
frisbee -> skjenebrett
geek -> datafantast
golden goal -> fyrstemålssiger
hacker -> datakløppar, datasnok
halloween -> graskarkveld
instant messaging -> snøggmeldingsteneste
jetlag -> døgnville
keyboard -> tangentfjøl
layout -> bladbunad
mainstream -> hovudstraums
multitasking -> fleiroppgåvekøyring
P2P network -> jambyrdsnett
peptalk -> kveikpreik
promotion -> salsframstøyt
roaming -> nettomstreifing
screen shot -> skjermbiletkopi
sit-up -> bukbøy
smoothie -> glattis
sound -> klangfarge
surfe -> vandre, navigere
surround sound -> kringlyd
tab -> arkfane
think-tank -> tenkjesmie, tenkjetank
thumbnail -> knøttbilete
tights -> trongbukse
time-out -> gå i tenkjeboksen
walkover -> gratissiger

onsdag 30. april 2008

"Demain, je partirai en Amérique..."

Idag skreiv eg min siste obligatoriske franskstil. Eg trur eg er den einaste i klassen som tykkjer det er vemodig. (Utanom Sunniva, kanskje?)

Eg skulle i utganspunktet skriva noko heilt fiktivt, om ei jente som dreg til USA for å studera engelsk. Problemet er at eg levde meg ganske mykje inn i det. Eg skreiv om alt eg likar med California, og om alt eg kunne finna på der borte. Det virka eigentleg ganske attraktivt...

Men om eg flyttar til USA...
- vil eg ikkje sjå dei fleste norske venene mine medan eg er der
- vil eg slita med å skipa mållag :P
- kan det henda eg likar meg so godt at eg ikkje kjem attende...!

Framtida er skummel. Lagnad hadde vore ein fin ting no.

søndag 27. april 2008

Landsmøte dag 2

Veldig merkeleg dag.

Såg ein på bussen som eg helst ikkje ville sjå. Sette på musikk så eg ikkje skulle høyra om han kviskra til kameraten sin om meg. Sat som ein tulling og fantaserte om alt eg kunne seia til han om eg hadde vore modigare.

Kom fram til feil plass, vart utdrita av svenske musikarar, kom fram til rett plass, var den einaste der over 15 år (utanom læraren). Øvde i 3 timar på alle koreografiane eg likar minst. Gjekk ned på sølvberget, sto og venta i hundre år i den stygge t-skjorta medan fjortisane sto og vrikka seg og ei av dei klinte med typen.

Trefte plutseleg ei veninne til mor mi, og visste ikkje at ho hadde sonen med seg. Han kom bort til meg og ga meg ein klem. Eg skjøna kven han var, men hadde ALDRI skjønt det om eg ikkje hadde snakka med mor hans rett før. Fy søren! Det er _minst_ 5 år sidan sist eg såg han, men eigentleg må det vera lenger enn det. Sprøtt. Men då han lo, såg eg han, han eg beundra då eg likte å leika prinsesse. Smilet hans er der enno.

Dei fann ikkje CD'en, eller so funka han ikkje. Uansett vart det til at eg ikkje dansa. Eg sa til han at han måtte koma på Dansefesten. Han virka veldig ivrig. Ei stund sto eg og tenkte meg om. "Should I stay or should I go?" Landsmøtet venta, men her sto altso han. Å sjå han ville jo aldri vera så rart igjen som det var no. Eg ville ikkje gløyma det.

Men eg gjekk.

Kom på landsmøtet, midt i normeringsordskiftet. Dramatisk! Var ikkje heilt inspirert, sat og skreiv lappar med Odin ganske lenge. Vart køyrd heim, skifta til kjole, og gjekk på kinarestaurant med dei som ikkje hadde tinga plass på landsmøtemiddagen. Kinamaten var GRUSOM. So gjekk me på Consensus, nok ein gong, der var der enno mer normeringsdrama. Det var eigentleg litt overveldande.

Gjekk attende til hotellet for å dansa, innsåg kor ukristeleg svolten eg var, ga opp. Og her er eg, heime, i kjole.

For ein merkeleg dag.

torsdag 24. april 2008

Grøn sokk og trekantar

Grøn sokk

Førre onsdag mista eg dei grøne sokkane mine. Dei med rosa kant rundt. Dei var slike korte sokkar som sklir ned når ein går mykje, men som ikkje lagar sånne flaue merke på leggen. Det var det einaste lysegrøne sokkeparet eg hadde. Eg vil alltid sakna dei, djupt og inderleg. Men eg kan berre håpa på at dei no er på ein betre stad.

Trekantar

... er geometriske figurar. Dei har 3 sider, 3 hjørne/vinklar og 180 grader. Ein trekant er helvta av ein firkant, eller eit parallellogram. Det finst likesida trekantar, likebeina trekantar og rettvinkla trekantar. Og tapartrekantar, som ikkje er nokon av delane. Stakkars... Pytagoras likte trekantar så mykje at han laga ei læresetning om dei. Denne vert brukt av matematikarar og miserable skuleelevar over heile verda. På ungdomsskulen lærer ein å konstruera desse trekantane med eit instrument som vert kalla "passer" (compass på engelsk). Dette tar mykje tid, og kan ikkje brukast til noko seinare i livet.

Eg treng meir tid på krabber og hummer.

tirsdag 22. april 2008

"E du kristen du? Om du ber 5 ganger te dagen å sånn??"

Det var interessant at Lisabeth nemnte bøn idag, for det er noko eg har tenkt mykje på i det siste.

Då eg var yngre og nettopp hadde vorte kristen, hadde eg ei veninne som spurde meg korleis eg ba. Ho var ikkje som dei andre, som berre spurde for å plaga eller drita meg ut. Ho var faktisk nyfiken. Eg svara at eg berre sa det eg ville. Ho innrømte for meg at ho hadde bede ein gong, for å sjå om det funka.

I byrjinga ba eg både på norsk og engelsk, det var like "naturleg". Men eg tykte alltid at det var vanskeleg å formulera ei bøn. Det vart for stivt, eller for tåpeleg, eller for konstruert, eller for eitt-eller-anna. Eg høyrte andre be, og prøvde gjera likt som dei. Det funka ikkje.

I bibelgruppa sa dei alltid "viss de vil be høgt, så kan de det. Men det er ikkje noko press"... Hah! Eg kjente det kvar gong leiaren var ferdig med å seia sitt, at det vart pinleg stille fordi ingen torde å be høgt. Det er eit merkeleg fenomen, det der, at ein skal få prestasjonsangst for måten ein ber på!

Eg søka nettopp på "bønn" på google, og fann noko skremmande: "Bønn dreper".

"Foreldrene mente bønn ville kurere datterens diabetes. Etter en måned med kramper og voldsomme smerter, døde 11-åringen. Nå risikerer foreldreparet å bli tiltalt for drap. Obduksjonen av 11 år gamle Madeline Neumann viser at hun døde som følge av ubehandlet diabetes. Dersom foreldrene hadde brakt jenta til lege, ville sykdommen enkelt blitt behandlet med insulin. Men foreldrene Leilani og Dale Neumann i byen Weston i Wisconsin mente legehjelp var unødvendig…"

Hoisann.

Eg reagerer på det, når kristne trur så sterkt at dei ikkje vil la noko anna hjelpa seg enn sjølve bøna. Eg høyrte faktisk ein vits om det ein gong, om ein mann som heldt på å drukna, og han ba Gud om å redda han. Det kom både båtar og helikopter, men mannen sa at Gud skulle redda han. Han døydde, sjølvsagt, og spurde Gud kor han vart av. "Eg stolte på deg, og du redda meg ikkje!" osb. Gud svara: "Eg sendte deg jo både båtar og eit helikopter, kva meir hadde du forventa?"

Hahahah... Ikkje misforstå meg, eg tykkjer absolutt at bøn er fint, men eg trur ikkje at det er ein "krisetelefon" som me berre kan oppsøkja når me treng å verta redda. Til dømes "la meg stå matteprøven". For meg er det berre godt å ha nokon å snakka med når eg er lei av å snakka med vanlege folk. Eller når eg ikkje trur dei hadde skjønt kva eg følte. Eller når eg ikkje eigentleg vil ha noko svar. Det einaste "svaret" eg får, er ro. Det er faktisk særs avslappande å ta sjansen på at nokon høyrer.

mandag 21. april 2008

Idé frå med-konferansier

Då eg i haust vart kjend med Maria, fortalde ho meg noko interessant. I ein norsk(?)time hadde klassen hennar fått ei oppgåve kor dei fekk eitt ord og skulle snakka fritt om det. Innhaldet var ikkje i fokus (for ein gongs skuld!), det viktigaste var at dei fekk øva seg på å snakka. Dei skulle ikkje førebu seg, berre seia det som falt dei inn.

Eg tykte altså dette var ein særs god idé, og hadde lyst til å prøva det sjølv. Og idag kom eg på noko! Eg kan gjera det her! :D hoho

Ja. Det eg meiner er. Viss DU skriv ein kommentar her, med eit ord eller ein frase eller eit bilete eller eitt eller anna, så skal eg gjera mitt aller beste for å skriva noko. Eg kan ikkje lova at det vert bra, eller morosamt, eller fornuftig, eller meiningsfullt. Men eg kan lova at eg skal gjera mitt beste :)

Klar, ferdig, GÅ

søndag 20. april 2008

Jaja...

Eg har no skrive mitt aller første møtereferat. På nynorsk. *pustar ut*

Dei gamle er heime, og er seg sjølve. Dei snakkar om Roma konstant, latar som dei er interessert i det eg snakkar om, og snakkar vidare om Roma. Roma, Roma, Roma. Italia, Italia, Italia. Blærk.

Eg vil vekk.

Heilt seriøst, eg orkar ikkje dette i eit år til. Eit år og ni veker, for å vera nøyaktig. Eg er ei mus, i eit musehus, med katteforeldre.

fredag 18. april 2008

Jaja :)

Dei gamle kjem heim i morgon.

På onsdag hadde eg og Lisabeth fotoshoot, det vart faktisk fleire kule bilete. Eg vart møkkete på føtene, og mista sokkane. Så fekk eg besøk av Stine :) og fekk ikkje lagt meg så tidleg som eg burde ha gjort. Men det hadde eg kanskje ikkje gjort uansett.

Igår mista eg bussen til balletten, gjekk heim og åt frosenpizza. Seinare hjalp eg ein eg så vidt kjenner med å flytta inn i ein leilegheit (æsj, stygt heit-ord) på Løkkevegen. Han inviterte meg til innflyttingsfest, eg vurderte det, men orkar ikkje. Så i kveld vart det Sunniva&Monique-tid. Eg trur me treng det alle tre.

Idag skippa eg mattetimane og sov til 8. Fantastisk! Får håpa at fråveret mitt ikkje drep meg og øydelegg framtida mi og sånt. (Kvifor må dei alltid føra fråver når eg ikkje er der, og ikkje når eg er der? Kan du seia meg det?)

God helg!

tirsdag 15. april 2008

Idag

... våkna eg av meg sjølv
... åt eg frukost åleine
... låste eg huset
... rakk eg bussen
... rakk eg skulen
... gjekk eg på Finns
... drakk eg kakao på Finns
... drakk eg kakao på Finns med Lisabeth
... prata eg massemasse og smilte massemasse
... planla eg og Mona filmkveld
... fann eg ut at Mona er glad i meg
... kunne eg faktisk ein del av svara i historietimen
... vart eg ikkje spurt i historietimen
... fekk eg 6 på franskstilen
... las eg ferdig Peer Gynt
... hadde eg ein kjekk dansetime
... treffte eg Solveig på bussen heim
... åt eg rosinene til Solveig
... kom eg nokså tidleg heim
... låste eg opp huset
... var eg åleine heime.

Merkeleg.

lørdag 12. april 2008

Pikekorkveld! :D

Me var 9 stk hos Jasmin igår kveld. Me song "Now is the month of Maying", åt den beste kaka eg har smakt på lenge, og prata og prata som jenter gjer. Det er merkeleg å tenkja på at me har sunge saman så lenge utan å eigentleg kjenna kvarandre (les: utan at 2. klassingane kjente 1. klassingane...), men no har me altså gjort noko med det. Dei er så herlege alle saman! Stephanie viste seg å vera litt dansk, Jeanette avslørte at ho vil studera litteratur med fordjupning i fransk, og alle song finare enn dei plar. Så mange oppdagingar på ein kveld...! :D

Seriøst, ALLE har bursdag for tida. 4 stk berre idag. Dette er ikkje bra for økonomien min. Velvel.

Elles er eg plutseleg inspirert til å skriva brev igjen, og saknar Sonja av heile mitt hjarte. Kom attende! <3

torsdag 10. april 2008

Eg vandrar på solskinn, å-å

Kurt Nilsen var faktisk skambra live. DEN røysta, fy søren, eg kunne ha gifta meg med ho.

Idag skjøna eg, ein gong for alle (eller noko) kvifor alle dansetimene er så sinnssjukt verdt pengane. Sam tok meg i handa og sa "If nothing else, it's been a great year. You've improved tremendously". Viss du lurte, så er det cirka det største komplimentet ein kan få i danseverda. Lykkerus.

tirsdag 8. april 2008

O glade dag =D

Kvifor får eg alltid god karakter når eg skriv om Bibelen? :)

Eg vurderer å leggja ut stilen her, for å opna for andre sin kritikk. Men eg veit ikkje om eg tør.

mandag 7. april 2008

Det virkar naturleg til meg!

Idag fann eg ut at det er feil å seia: "Det ser rett ut til meg", og liknande setningar. Eg veit ikkje lengre kven eg er.

Ja, eg er unaturleg oppteken av språk.

søndag 6. april 2008

Are you crooked?

Eg har alltid tykt at det var rart når ordet "skeiv" vart brukt om konkrete ting som hadde eitt eller anna med skeive menneske å gjera. Til dømes "skeive gavepakker", "skeive dagar", "skeive filmar" osb. Eigentleg er jo ordet i seg sjølv ganske merkeleg. Viss du slår opp i ei norsk-engelsk ordbok, står det til dømes "wry, crooked, lopsided, skew, worn down on one side, bent"... Det er litt rart å tenkja på at det er slik me karakteriserer ikkje-heterofile menneske. Eller?

lørdag 5. april 2008

Sær observasjon

Kva er eigentleg dei 3 små prikkane på stopp-knappen på bussen til for? Er det blindeskrift? Inneheld ordet "stopp" berre 3 prikkar på blindeskrift? Eg er forvirra.

fredag 4. april 2008

Welcome to existence

Etter å ha lese ymse målfolk sine bloggar, tenkte eg at eg kanskje skulle byrja att med blogging eg og. Livejournal vart slitsamt, greatestjournal vart lagt ned... så no er eg her.

Kven skal eg vera her inne då? Meg sjølv, javel. Men eg tør ikkje å vera heilt open om alt her på veven. Så eg skal vel kanskje berre vera open om det ufarlege. Så får det "farlege" stå ein annan plass.

Eg har litt prestasjonsangst for nynorsken min. Det er ikkje så lenge sidan eg verkeleg byrja å læra det. Viss nokon vil korrigera meg, så er eg takksam og svært vanskeleg å fornærma :)

Elles tenkjer eg at eg kanskje vil leggja ut nokre tekstar eg har skrive. Skulearbeid og slike ukristelege ting. Skal eg det? Det kan eg tenkja på seinare.

Denne veka har eg 10 timer dans. Eg er sliten. Så sinnssjukt sliten. Og skal opp klokka 7 i morgon. Kvifor gjer eg dette? Eg trur det var noko om at det var kjekt. Ja, det var vel det.

Men nok klaging - no skal eg nyta sjokoladen min og sjå One Tree Hill (dette er uvant...!)

Godnatt, etter kvart.