lørdag 4. juni 2011

I WANT YOU

... to become a member of Norsk Målungdom!

Veit du kvifor? Jo, fordi:

1. Dialekt er viktig.

Kva forhold har du til dialekten din? Korleis ville du reagert om nokon kravde at du skulle snakka noko anna enn din eigen dialekt? Trur du barna dine kjem til å snakka som deg? Kva føler du viss dei ikkje gjer det?

Norsk Målungdom tykkjer dialekten din er viktig. Du skal kunna snakka den utan å føla deg uglesett. Dialekten skal få lov å overleva, slik at barna og barnebarna våre framleis syner kor dei er frå og kven dei er med måten dei snakkar på.

2. Norsk skriftspråk er viktig.

Tykkjer du me skal gå heilt over til å skriva engelsk her i landet? Tykkjer du me skal ha eitt eller to norske skriftspråk? Korleis ville du reagert viss du blei utsatt for språktvang?

Norsk Målungdom tykkjer det norske skriftspråket har livets rett. Medlemene våre er ikkje samde om eitt-/tospråksspørsmålet, men alle meiner det norske språket er viktig. Tufta vår seier me ynskjer at alle skal velja å skriva nynorsk - me vil altså ikkje tvinga det på nokon, men me ynskjer at alt skal liggja til rette for at det ikkje skal vera eit problem å skriva nynorsk.

3. Organisasjon er viktig.

Trur du nynorsken overlever utan at nokon kjempar for det?

Det kan henda - men eg trur det er heilt avgjerande at me finst. Det er me, ungdommen, som inspirerer andre ungdommar til å halda på nynorsken eller gå over til det. Det er me som får uttala oss i media i språkpolitiske spørsmål, særleg når det gjeld sidemål. Det er me som må ta ansvar.

4. Det er gøy.

Vinterleir, sommarleir, haustkonferanse, aksjonar, kos, grautkveld, sommargrilling, matpakkesamlingar, kos, gratis mat, hyttetur, nynorskkurs, kos - og mykje meir!

Kva vil DU at Norsk Målungdom skal gjera?