lørdag 26. februar 2011

Snøvlaren på N18

Det har skjedd fleire gongar at eg har blitt sjekka opp på bussen eller t-banen heim til Kringsjå, og særleg litt seint på kvelden i helga. Alle gongane før i går har det vore utlendingar (eg er som kjent utlending sjølv, så eg har ikkje noko problem med at dei er det - eg berre påpeikar tendensen). Men i går var det ein trøndar. Ein snøvletrøndar. I byrjinga både snøvla og knota han så mykje at eg ikkje høyrde at han var trøndar, men eg trur han la litt om då han høyrde at eg ikkje var innfødd. Opningsreplikken hans var "Får jeg lov å spørre...?" (peikar på dei to pappeskene eg held). Han bruker mykje tid på å snakka om desse pappeskene, og vekslar litt mellom å meina at det ser veldig slitsamt ut og at det ser veldig balansert ut. Eg forklarer at eg skal flytta, og han gjer store auge. Så bruker han litt tid på å vera fascinert over at eg skal flytta, og at eg ber desse eskene rundt i byen, og at eg skal flytta. Han spør kva eg driv med, og kor gamal eg er. Det han reagerer på, er sjølvsagt svaret på spørsmål to. Han røper fort at han er nesten 11 år eldre enn meg. Kva trur du skjer då? Jo, han bruker tid på å vera fascinert over det.

På bussen unnskuldar han seg for snøvlinga og seier at eigentleg har han tenkt å slutta å drikka, han spør om eg har eit mannfolk i livet mitt, eg seier nei, han spør kvifor ikkje, eg lyg og seier at eg tenkjer berre ikkje så mykje på slikt, han spør om eg ikkje likar menn, eg ler, han blir flau og seier at det hadde han så klart ikkje noko med, og så kan æ gi dæ et lite kyss? Eg seier nei helst ikkje. Han seier jaja eg er vand med å bli avvist. (Kva svarer ein då, liksom.) Det er nesten stille resten av bussturen, bortsett frå at han fleire gongar seier at det ikkje var meininga å gjera meg nervøs. Eg seier at det er eg ikkje. Så går han av på yrkesskolen.

onsdag 23. februar 2011

Opp ei trapp og ut ein veranda, mi adresse er forandra

Om ei veke så bur eg faktisk her. Det er så fantastisk at eg blir litt svimmel av tanken. Det tyder òg at alle brev frå no av må sendast hit:

[namnet mitt]
Kingos gate 1A
0457 Oslo

Og eg vil gjerne ha besøk! :D

Var berre det.

mandag 21. februar 2011

Miljøvenleg klesvask

Alle må me vaska klede. Iallfall alle som bur for seg sjølve. Tenk deg at du vaskar klede minst ein gong i veka. Kor mykje vatn trur du at du brukar på det? Kor mykje straum? Vaskemiddel? Tøymjuknar? Du skjønar kor eg vil hen. Alt dette er vanskeleg å gjera noko med, for me må jo vaska kleda våre. Likevel finst det enkle løysingar for å gjera klesvasken meir miljøvenleg. Tiltaka er ordna etter krav til innsats, og kjem med bonusar!

FOR DEG SOM IKKJE VIL GJERA NOKO DRASTISK
1. Vask på kaldare temperatur. Det som ikkje MÅ vaskast varmt, BØR ikkje vaskast varmt. Set maskina på eitt hakk kaldare enn du plar og eventuelt lettstelt, og tenk på at kleda dine vil halda seg fine lenger.
2. Tenk deg om før du kastar ulltøyet i vaskemaskina. Ull treng ikkje å vaskast så ofte. Prøv heller å lufta tøyet, og tenk på den friske lufta som ulla pustar inn.

FOR DEG SOM ORKAR LITT
1. Bruk tørketrommelen kun i naudstilfelle. Heng opp, og tenk på at kleda dine slepp å bli kasta rundt og klemt på og herja med - og at du byggjer musklar i armane.
2. Spar opp ei god mengd klede før du vaskar, og ikkje sorter på farge, kun på lyst og mørkt. Fyll opp maskina og kjenn kor godt det er å tømma skitentøyskorga.

FOR DEG SOM VIL GJERA ALT DU KAN
1. Følg alle råda over, og kle deg med godt samvit.
2. Kjøp deg vaskenøtter, eit miljø- og hudvenleg vaskemiddel, og tenk på at huda di slepp masse ekle kjemikalie som du ikkje veit namnet på - og at du no kan fortelja folk at du vaskar kleda dine med nøtter!

-----

Dette innlegget er eit bidrag til prosjektet Klima=Helse. Sjekk det ut her og delta gjerne, du òg!