fredag 27. november 2009

Everything's changing...

1. Det er ein ny modulperiode. På måndag hadde eg smårettar med husmor og 7 andre elevar. Me laga spaghetti med saus/gryte med masse gode grønsaker. Og me prata og høyrte på dårleg musikk. I dag hadde eg kyrkjedans med søte danselærar og 3 andre elevar. Me lærte ein fin dans til "Å kom Immanuel" (instrumental). Så var det Dynamis (kor), og me song "Det lyser i stille grender" så fin som eg aldri har høyrt han før.

2. Veldig, veldig snart er det advent. Om berre pittelitt over eit døgn, faktisk. Der er sånne stjerner i vindauget i matsalen allereie. Snart skal eg byrja å laga julegåver. Julemusikken er i øyrene på folk. Ullklede er på kroppane. Veldig snart er peparkaker og marsipan i magane.

3. Romkameraten min har flytta ut. Eg er einebuar, og veit ikkje om eg er nøgd med det eller ikkje. (Så vidt eg veit er det ingen som har lyst å flytta inn.) Som eg sa til nokon i dag, så kjem eg til å sakna å ha nokon å seia god natt til rett før eg sovnar. Men det kan vera herleg å bu åleine òg. Må kanskje venna meg til tanken - og plutseleg finn eg kanskje ut at eg likar det best slik. Kanskje.

4. Tida går plutseleg dritfort og eg hatar det for eg vil ikkje at dette året skal ta slutt.

onsdag 18. november 2009

Buksefri desember!

Sidan eg ikkje er med på No Shave November, har eg bestemt meg for eit eige prosjekt, nemleg buksefri desember. Dette inneber at i heile desember er det heilt forbode å gå med langbukse (unnataka er trening og kostyme), og ein skal bli vener med strømpebuksa. Skjørt, kjole og shorts er altså det som er lov å bruka. Eg har ingen andre med meg på dette enno, men det er mykje fordi eg ikkje har nemnt det for nokon andre enno. Så, dei som vil, ver med! (Sei gjerne frå :))

Å, og straffa for uautorisert buksebruk er berre at så lenge ein har bukse på så har ein ikkje lov å eta noko godis (snop, kake, vaflar osb). Men oppfordringa er altså å la vera :)

For min del skal dette dokumenterast, så om de er heldige kjem det nokre bilete i slutten av prosjektet. Dette vert spanande!

fredag 13. november 2009

Nøff, nøff.

Det var visst ikkje nok å vera småsjuk ein dag i... var det oktober? Eg måtte sjølvsagt gjennom novemberdepresjonen i år òg. Og novemberdepresjonen anno 2009 har namnet "H1N1". Det heile byrja på tysdag, og er slutt i morgon, om Gud og husmor vil. Optimistisk som eg er (eller prøver å vera), så har eg funne små lyspunkt midt oppi den mørkaste keisemda. Til dømes har eg fått to pakkar i posten - eller, berre den eine førebels, men eg veit iallfall at ein til ventar på meg. Eg har òg fått kort og snop frå ein hemmeleg ven i danseklassen, og meir snop frå Julie. Folk frå etasjen har etter kvart måltid kome inn med mat til meg og frøken romkamerat. Ingeborg og Lisabeth har sendt meg fine meldingar som har fått meg til å smila. Frøken romkamerat og eg har ledd mykje, av ingenting. (Det er viktig å le, hugs det om du får nøffesjuka!) Så takk til alle hyggelege menneske som har holdt magen min og smilebandet mitt litt i form.

I tillegg har eg fått lese meir på desse dagane enn på fleire månader. Og eg har vorte venn med surfthechannel att. Og eg har høyrt meir på dei gode venene mine (Greg, James, Carole, hugsar du dei?). Og eg har sove. Og sove. Og sove.

Forresten. Der er ein song som har alltid ein litt terapeutisk effekt på meg når eg er sjuk (litt som ein kopp kamillete), fordi faren min pleide setja han på når eg var sjuk før. Det er "Say a little prayer" av min gode ven Greg Brown. Høyr songen, og så høyrer du på Aretha Franklin. Det funkar!

torsdag 5. november 2009

Larvik, Bergen, Oslo, Gvarv

Sidan sist har eg vore litt på tur.

Hugsar de eg skreiv om teambuilding på dansebloggen? Vel, for ei tid sidan fekk me beskjed om at lærarane på kunst og dans hadde ombestemt seg. Me skulle ha teambuilding likevel. Men for oss vart det ikkje sånn "ut-i-skauen-utan-mat"-greier, heldigvis. Me vart køyrde til togstasjonen, fekk ein konvolutt, gjekk på toget og opna konvolutten, fant togbillettar og følgde dei til ulike byar i Noreg. Hanna Maria, Hanna Marie, Birgitte og eg fekk billettar til Larvik. Så me reiste til Larvik. Med nokre instruksar og 200 kr og ryggsekkar fulle av ullklede.

Då me kom fram fekk me fleire instruksar på kommunehuset, og nokre tips frå ein hyggeleg mann som jobba der. Me hadde eit hovudoppdrag som var å laga ein reportasje om ein kunstnar frå byen, og mange små tilleggsoppdrag som hadde med lokal kultur å gjera. Eg orkar ikkje å skriva om alt som skjedde, men kort fortalt: Me kom i lokalavisa og på radioen, fekk masse tilbod om soveplass, sov hos ein velståande familie, brukte ingen av pengane, oppdaga ei lokal dansarinne som har jobba for dei store ballettkompania i verda, vart kjende med Larvik, vart kjende med kvarandre. (Veldig kort fortalt.) Det var altså ganske morosamt :)

Eit par dagar etterpå reiste eg til Bergen. Trefte vener, åt god mat, gjekk på Halloween-fest, sov. Fekk litt meir lyst til å flytta dit, og vart litt meir usikker på kva eg skal gjera neste år. Hjeeelp.

Så var det nattog til Oslo med Ingeborg, og 3 timar med tull og rare tidsfordriv (spionera på folk som jobba på operaen) før me trefte sosiologifolka. Me gjekk på SMI (senter mot incest, eller noko slikt) og Fyrlyset (kafé open for narkomane) og vandra på "feil" side av Akerselva. Det var eigentleg ganske fint, det. Så fant me ut at me ikkje gadd å reisa heim med ein gong, og gjekk på kino og såg Upperdog. Veldig bra film, litt rar slutt.

Her på Gvarv snør det. Er eg glad?

lørdag 17. oktober 2009

Bryllaup og sjukdom

På torsdag var det bryllaup på Sagavoll! Alle elevane fekk roller på førehand som var hemmelege, inkludert bruden og brudgommen og presten og ja. Eg var au pair frå USA. Michael Jackson, Spice Girls, Karius og Baktus og mange andre kjendisar var òg der, i tillegg til to terroristar og to siamesiske tvillingar og ein misjonær og ein engel og ein demon osb osb osb. Folk fann på så mykje sprell at det er ikkje mogleg. Det var vielse, fin middag og brudevals+disco. Det var rett og slett gøy :) Ei av dei som var flinkast med rolla si var Ingeborg, bestemora til brudgommen. Ho dansa med pukkelrygg og knuste ei plantepotte med rumpa si og døydde fleire gonger i løpet av kvelden. Hanna Marie var òg dritflink. Ho var militæroffiser og hadde ein omfattande tale der ho mellom anna samanlikna bryllaupsnatta med eit militært oppdrag. Håkon var brudens ekskjærast, og prøvde å vinna henne attende med kjærleikssongar, både før og etter vielsen. Som de skjønar, var det ein innhaldsrik dag.

I dag er eg sjuk. Eg merkar det er kjipt å ikkje ha ei mor her som kan gje meg kamillete og setja på lett underhaldande filmar til meg og ein far som er ekspert på å vera sympatisk og sjekkar heile tida at eg har det greitt (dvs at puta er fluffy nok og at eg ikkje frys og slikt). Sidan eg ikkje har dei, er det godt eg iallfall har Greg Brown og James Taylor og Carole King. Og ei god seng.

søndag 11. oktober 2009

Sakn i mange former

Uansett kor ein er, saknar ein noko. Det har eg funne ut. Når eg er på Sagavoll saknar eg:

- venene mine som ikkje går her
- dyre franske ostar
- raudvin
- større byar enn Bø
- flystøy
- gardslukt
- vinden
- at mor vaskar tøyet mitt

... og når eg ikkje er på Sagavoll, då saknar eg:

- venene mine som går her
- den gode maten
- togstøy
- epleplantasjane
- tørkerommet
- innlandsklimaet
- fridomen. Ja, faktisk.

Forresten. Eg har vore frykteleg dårleg til å blogga. Men filmen Julie&Julia har inspirert meg litt, så om de er heldige vert eg snart litt flinkare. (Det er ein fin film. Sjå han, om du likar mat.)

Takk for ein fin haustferie, Jasmin og Tone Mari og Monique og Ragnhild og Silje og Hans og Stine og Sunniva! <3

onsdag 23. september 2009

Mitt bidrag til diktkvelden som kjem, trur eg

Dette dikta eg i dusjen, og det er ganske personleg. Håpar de likar det.

---

Iblant når eg er sliten
Og treng ein stad å gå
Ein stad der det er roleg
Og menneska er få
Ein stad det alltid luktar reint
Og lufta er fuktig og mild
Om eg går der tidleg eller seint
Så veit eg at eg vil
Føla meg betre etterpå
Ikkje lenger trøytt og tom
For allting er i harmoni
På Sagatoppens tørkerom

søndag 13. september 2009

Fyrste frihelg på Sagavoll

På fredag etter etasjemøta reiste dei fleste Sagavollingane heim - sånn heim til mor, altså. Men cirka 20 av oss hadde funne ut at det var koseleg å vera att på skulen heller. Så dagen igår vart ein av dei beste dagane til no.

Fyrst fekk me "sundagsfrukost" (på vanlege veker får me særskilt god frukost på sundagane) klokka 9:30 og alle var faktisk opplagde og me fekk speila eigne egg inne på kjøkkenet. Brødet var nybaka og smøret smelta på eit sekund. Alle fekk plass rundt eit langbord, inkludert kokka, som tykte det var fint å ha tid til å sitta og prata med oss.

Då me var gode og mette, avtala eg og Maria frå Kristiansand at me ville sykla til "byen" (Bø) og handla litt. Det var ein herleg sykkeltur, og vêret var akkurat passe varmt og vegen var nokså flat og det var vind i håret og me var skikkeleg våkne då me kom fram. Fyrst gjekk me på Akademika og drøymde oss vekk om studielivet og var ganske nøgde med at me ikkje var der heilt enno. Så gjekk me innom nokre søte små butikkar med hobbyting og klede og gåver og helsekost. Maria kjøpte strikketøy for å strikka lue. Garnet var sånn litt blått og litt raudt og såg ut som det var oppfunne for henne. Eg kjøpte ei tjukk heklenål og noko lilla garn. Litt klede fann eg òg. Så var det lunsj på Meierismuget med iskaffi til. Me vandra rundt ei stund til før me vendte nasane attende til Gvarv.

Fyrst fekk me risgraut, så sat me i stova og putla litt og prata med dei andre som var der. Kveldsmaten var pitabrød med kikertburger oppi. Sindre (Krik-læraren, som hadde tilsyn) inviterte oss heim til seg, der me såg filmen Benchwarmers, ein hyllest til alle nerdar. Etterpå fekk me vafler og cultura i stova. Kvelden var framleis ung, så me sette i gang med å leika/spela Sagavoll-mafia. I denne morosame versjonen av den klassiske leiken var mafiaen erstatta med rånarar frå Bø, og etaten og husmora var healarar, og rektor og inspektør var sheriffar, og så var det ein etasjeassistent som ikkje hadde nokon funksjon i spelet (litt som i røyndomen, hihi), og så vanlege elevar, då. Eg var elev fyrste runde, så var eg husmor, og til slutt rånar. Eg vann aldri, men eg lo meir enn eg har gjort på lenge.

Det var altså ein uvanleg dag, og eg var utruleg glad for at eg ikkje hadde reist heim. I dag vil eg sitta ute i sola og putla og lesa og nyta at skulen ikkje er så bråkete som vanleg.

mandag 7. september 2009

Dancin' in September

Ja, no er hausten på veg og Sagavoll-året er sånn cirka offisielt godt i gang. Eg var i Oslo i helga, og det var godt å "byta boble" ei stund, som eg sa til nokre målfolk. Der laga eg ei t-skjorte med Ivar Aasen på og "Bokmål er fint i dikt". (Den går eg med no, og får masse blikk og spørsmål.) Elles hadde me eit skikkeleg bra landsstyremøte, og den naudsynte festen hos Eva&Janne&Odin (òg kjende som Håvard&Robert&eitt-eller-anna) etterpå. Gøy! (Ikkje så gøy å reisa klokka ti for så å møta ein sleskete mann på Haukeliekspressen. Ja, ja.)

Men før helga hadde eg mellom anna to intensive linjedagar med klassisk ballett og moderne med "impro". Dette, pluss gym på fredag, gjorde at eg gjekk rundt i Oslo med eit umenneskeleg gangsperr. Herleg!

Tenkte eg skulle fortelja litt om timeplanen og slikt på Sagavoll. Ei "typisk veke" (som eigentleg er ganske sjeldan) har me modular/valfag på måndag, torsdag og fredag, og linje på onsdag og torsdag. Laurdag er det seminar om dagen, og så elevkveld. Sundag er fri, men me får kyrkjeskyss om me vil, og der er ofte sundagsmøte om kvelden som er frivillig men hyggeleg. Alle kvardagar har me fri etter middag.

No til helga er det eigentleg fri frå laurdag til måndag. Dei fleste skal heim, men me er cirka 20-25 stk som skal vera att på skulen. Eg tenkjer litt på å reisa på dagstur til Porsgrunn eller noko. Får sjå kva eg gjer. Uansett vert det litt herleg å ha ei roleg helg.

tirsdag 1. september 2009

Berre på folkehøgskule...

... er visse vevsider sperra, sjølv om dei ikkje er pornografiske e.l.
... får ein gå svolten om ein kjem eit minutt for seint til middag.
... er der lang kø på vaskemaskinane, og ein må helst ha namnelappar på alle klede.
... er alt ope til 22:00, bortsett frå kjøkkenet, som er forbode utanom måltida.
... kan ein plutseleg få lyst til å køyra til Sverige på dagstur for å kjøpa snop, og det er heilt greitt, berre ein rekk middagen.
... kan 60-70 personar klumpa seg saman for å sjå Grey's Anatomy.
... består ein alle fag berre ein møter opp.
... har alle likevel lyst til å delta.