onsdag 9. desember 2009

Julekos på Sagatoppen

Sidan romkameraten min flytta ut, har alt rotet mitt spreidd seg utover rommet. Seinare i dag skal eg ta ein skikkelig julereingjering. (Foreldra mine kjem nemleg på besøk i helga, så noko må gjerast...) Men eg har fått det ganske koseleg elles, då. Har hengt opp litt fleire bilete på veggen, og sjokoladekalender på døra, og kortkalender frå Karen på veggen, og stjerne frå Julie i vindauget, og sånn juletrelysgreier langs hyllene. Har tilmed ein diplom eg fekk i dag der det står "Årets kineser". Så når eg får rydda litt, vert det kjempekoseleg her!

I kveld skal stipendiatane gå rundt på etasjane og kåra den koselegaste juleetasjen. Eg trur me ligg ganske bra an, eigentleg. Me har masse levande lys, og peparkaker, og gløgg, og ymse pynt rundt omkring, og doveggar der folk skriv helsingar. Og stemningsfull musikk i bakgrunnen :) Alle som kjem på besøk skryter av Sagatoppen!

Den siste veka har me hatt eit utruleg fint prosjekt på skulen som heiter Secret Santa. Om de har vore med på "hemmeleg ven" så er det akkurat det same, eigentleg. Eg veit ikkje enno kven som var min hemmelege nisse, men håpar på å få vita det i dag. Det var iallfall ein koseleg person, det er sikkert! Eg har fått duftlys og juletresjokolade og reinsdyrsjokolade og eit lite kort der det står "Ha en fin dag, du er verdifull". (:

fredag 27. november 2009

Everything's changing...

1. Det er ein ny modulperiode. På måndag hadde eg smårettar med husmor og 7 andre elevar. Me laga spaghetti med saus/gryte med masse gode grønsaker. Og me prata og høyrte på dårleg musikk. I dag hadde eg kyrkjedans med søte danselærar og 3 andre elevar. Me lærte ein fin dans til "Å kom Immanuel" (instrumental). Så var det Dynamis (kor), og me song "Det lyser i stille grender" så fin som eg aldri har høyrt han før.

2. Veldig, veldig snart er det advent. Om berre pittelitt over eit døgn, faktisk. Der er sånne stjerner i vindauget i matsalen allereie. Snart skal eg byrja å laga julegåver. Julemusikken er i øyrene på folk. Ullklede er på kroppane. Veldig snart er peparkaker og marsipan i magane.

3. Romkameraten min har flytta ut. Eg er einebuar, og veit ikkje om eg er nøgd med det eller ikkje. (Så vidt eg veit er det ingen som har lyst å flytta inn.) Som eg sa til nokon i dag, så kjem eg til å sakna å ha nokon å seia god natt til rett før eg sovnar. Men det kan vera herleg å bu åleine òg. Må kanskje venna meg til tanken - og plutseleg finn eg kanskje ut at eg likar det best slik. Kanskje.

4. Tida går plutseleg dritfort og eg hatar det for eg vil ikkje at dette året skal ta slutt.

onsdag 18. november 2009

Buksefri desember!

Sidan eg ikkje er med på No Shave November, har eg bestemt meg for eit eige prosjekt, nemleg buksefri desember. Dette inneber at i heile desember er det heilt forbode å gå med langbukse (unnataka er trening og kostyme), og ein skal bli vener med strømpebuksa. Skjørt, kjole og shorts er altså det som er lov å bruka. Eg har ingen andre med meg på dette enno, men det er mykje fordi eg ikkje har nemnt det for nokon andre enno. Så, dei som vil, ver med! (Sei gjerne frå :))

Å, og straffa for uautorisert buksebruk er berre at så lenge ein har bukse på så har ein ikkje lov å eta noko godis (snop, kake, vaflar osb). Men oppfordringa er altså å la vera :)

For min del skal dette dokumenterast, så om de er heldige kjem det nokre bilete i slutten av prosjektet. Dette vert spanande!

fredag 13. november 2009

Nøff, nøff.

Det var visst ikkje nok å vera småsjuk ein dag i... var det oktober? Eg måtte sjølvsagt gjennom novemberdepresjonen i år òg. Og novemberdepresjonen anno 2009 har namnet "H1N1". Det heile byrja på tysdag, og er slutt i morgon, om Gud og husmor vil. Optimistisk som eg er (eller prøver å vera), så har eg funne små lyspunkt midt oppi den mørkaste keisemda. Til dømes har eg fått to pakkar i posten - eller, berre den eine førebels, men eg veit iallfall at ein til ventar på meg. Eg har òg fått kort og snop frå ein hemmeleg ven i danseklassen, og meir snop frå Julie. Folk frå etasjen har etter kvart måltid kome inn med mat til meg og frøken romkamerat. Ingeborg og Lisabeth har sendt meg fine meldingar som har fått meg til å smila. Frøken romkamerat og eg har ledd mykje, av ingenting. (Det er viktig å le, hugs det om du får nøffesjuka!) Så takk til alle hyggelege menneske som har holdt magen min og smilebandet mitt litt i form.

I tillegg har eg fått lese meir på desse dagane enn på fleire månader. Og eg har vorte venn med surfthechannel att. Og eg har høyrt meir på dei gode venene mine (Greg, James, Carole, hugsar du dei?). Og eg har sove. Og sove. Og sove.

Forresten. Der er ein song som har alltid ein litt terapeutisk effekt på meg når eg er sjuk (litt som ein kopp kamillete), fordi faren min pleide setja han på når eg var sjuk før. Det er "Say a little prayer" av min gode ven Greg Brown. Høyr songen, og så høyrer du på Aretha Franklin. Det funkar!

torsdag 5. november 2009

Larvik, Bergen, Oslo, Gvarv

Sidan sist har eg vore litt på tur.

Hugsar de eg skreiv om teambuilding på dansebloggen? Vel, for ei tid sidan fekk me beskjed om at lærarane på kunst og dans hadde ombestemt seg. Me skulle ha teambuilding likevel. Men for oss vart det ikkje sånn "ut-i-skauen-utan-mat"-greier, heldigvis. Me vart køyrde til togstasjonen, fekk ein konvolutt, gjekk på toget og opna konvolutten, fant togbillettar og følgde dei til ulike byar i Noreg. Hanna Maria, Hanna Marie, Birgitte og eg fekk billettar til Larvik. Så me reiste til Larvik. Med nokre instruksar og 200 kr og ryggsekkar fulle av ullklede.

Då me kom fram fekk me fleire instruksar på kommunehuset, og nokre tips frå ein hyggeleg mann som jobba der. Me hadde eit hovudoppdrag som var å laga ein reportasje om ein kunstnar frå byen, og mange små tilleggsoppdrag som hadde med lokal kultur å gjera. Eg orkar ikkje å skriva om alt som skjedde, men kort fortalt: Me kom i lokalavisa og på radioen, fekk masse tilbod om soveplass, sov hos ein velståande familie, brukte ingen av pengane, oppdaga ei lokal dansarinne som har jobba for dei store ballettkompania i verda, vart kjende med Larvik, vart kjende med kvarandre. (Veldig kort fortalt.) Det var altså ganske morosamt :)

Eit par dagar etterpå reiste eg til Bergen. Trefte vener, åt god mat, gjekk på Halloween-fest, sov. Fekk litt meir lyst til å flytta dit, og vart litt meir usikker på kva eg skal gjera neste år. Hjeeelp.

Så var det nattog til Oslo med Ingeborg, og 3 timar med tull og rare tidsfordriv (spionera på folk som jobba på operaen) før me trefte sosiologifolka. Me gjekk på SMI (senter mot incest, eller noko slikt) og Fyrlyset (kafé open for narkomane) og vandra på "feil" side av Akerselva. Det var eigentleg ganske fint, det. Så fant me ut at me ikkje gadd å reisa heim med ein gong, og gjekk på kino og såg Upperdog. Veldig bra film, litt rar slutt.

Her på Gvarv snør det. Er eg glad?

lørdag 17. oktober 2009

Bryllaup og sjukdom

På torsdag var det bryllaup på Sagavoll! Alle elevane fekk roller på førehand som var hemmelege, inkludert bruden og brudgommen og presten og ja. Eg var au pair frå USA. Michael Jackson, Spice Girls, Karius og Baktus og mange andre kjendisar var òg der, i tillegg til to terroristar og to siamesiske tvillingar og ein misjonær og ein engel og ein demon osb osb osb. Folk fann på så mykje sprell at det er ikkje mogleg. Det var vielse, fin middag og brudevals+disco. Det var rett og slett gøy :) Ei av dei som var flinkast med rolla si var Ingeborg, bestemora til brudgommen. Ho dansa med pukkelrygg og knuste ei plantepotte med rumpa si og døydde fleire gonger i løpet av kvelden. Hanna Marie var òg dritflink. Ho var militæroffiser og hadde ein omfattande tale der ho mellom anna samanlikna bryllaupsnatta med eit militært oppdrag. Håkon var brudens ekskjærast, og prøvde å vinna henne attende med kjærleikssongar, både før og etter vielsen. Som de skjønar, var det ein innhaldsrik dag.

I dag er eg sjuk. Eg merkar det er kjipt å ikkje ha ei mor her som kan gje meg kamillete og setja på lett underhaldande filmar til meg og ein far som er ekspert på å vera sympatisk og sjekkar heile tida at eg har det greitt (dvs at puta er fluffy nok og at eg ikkje frys og slikt). Sidan eg ikkje har dei, er det godt eg iallfall har Greg Brown og James Taylor og Carole King. Og ei god seng.

søndag 11. oktober 2009

Sakn i mange former

Uansett kor ein er, saknar ein noko. Det har eg funne ut. Når eg er på Sagavoll saknar eg:

- venene mine som ikkje går her
- dyre franske ostar
- raudvin
- større byar enn Bø
- flystøy
- gardslukt
- vinden
- at mor vaskar tøyet mitt

... og når eg ikkje er på Sagavoll, då saknar eg:

- venene mine som går her
- den gode maten
- togstøy
- epleplantasjane
- tørkerommet
- innlandsklimaet
- fridomen. Ja, faktisk.

Forresten. Eg har vore frykteleg dårleg til å blogga. Men filmen Julie&Julia har inspirert meg litt, så om de er heldige vert eg snart litt flinkare. (Det er ein fin film. Sjå han, om du likar mat.)

Takk for ein fin haustferie, Jasmin og Tone Mari og Monique og Ragnhild og Silje og Hans og Stine og Sunniva! <3

onsdag 23. september 2009

Mitt bidrag til diktkvelden som kjem, trur eg

Dette dikta eg i dusjen, og det er ganske personleg. Håpar de likar det.

---

Iblant når eg er sliten
Og treng ein stad å gå
Ein stad der det er roleg
Og menneska er få
Ein stad det alltid luktar reint
Og lufta er fuktig og mild
Om eg går der tidleg eller seint
Så veit eg at eg vil
Føla meg betre etterpå
Ikkje lenger trøytt og tom
For allting er i harmoni
På Sagatoppens tørkerom

søndag 13. september 2009

Fyrste frihelg på Sagavoll

På fredag etter etasjemøta reiste dei fleste Sagavollingane heim - sånn heim til mor, altså. Men cirka 20 av oss hadde funne ut at det var koseleg å vera att på skulen heller. Så dagen igår vart ein av dei beste dagane til no.

Fyrst fekk me "sundagsfrukost" (på vanlege veker får me særskilt god frukost på sundagane) klokka 9:30 og alle var faktisk opplagde og me fekk speila eigne egg inne på kjøkkenet. Brødet var nybaka og smøret smelta på eit sekund. Alle fekk plass rundt eit langbord, inkludert kokka, som tykte det var fint å ha tid til å sitta og prata med oss.

Då me var gode og mette, avtala eg og Maria frå Kristiansand at me ville sykla til "byen" (Bø) og handla litt. Det var ein herleg sykkeltur, og vêret var akkurat passe varmt og vegen var nokså flat og det var vind i håret og me var skikkeleg våkne då me kom fram. Fyrst gjekk me på Akademika og drøymde oss vekk om studielivet og var ganske nøgde med at me ikkje var der heilt enno. Så gjekk me innom nokre søte små butikkar med hobbyting og klede og gåver og helsekost. Maria kjøpte strikketøy for å strikka lue. Garnet var sånn litt blått og litt raudt og såg ut som det var oppfunne for henne. Eg kjøpte ei tjukk heklenål og noko lilla garn. Litt klede fann eg òg. Så var det lunsj på Meierismuget med iskaffi til. Me vandra rundt ei stund til før me vendte nasane attende til Gvarv.

Fyrst fekk me risgraut, så sat me i stova og putla litt og prata med dei andre som var der. Kveldsmaten var pitabrød med kikertburger oppi. Sindre (Krik-læraren, som hadde tilsyn) inviterte oss heim til seg, der me såg filmen Benchwarmers, ein hyllest til alle nerdar. Etterpå fekk me vafler og cultura i stova. Kvelden var framleis ung, så me sette i gang med å leika/spela Sagavoll-mafia. I denne morosame versjonen av den klassiske leiken var mafiaen erstatta med rånarar frå Bø, og etaten og husmora var healarar, og rektor og inspektør var sheriffar, og så var det ein etasjeassistent som ikkje hadde nokon funksjon i spelet (litt som i røyndomen, hihi), og så vanlege elevar, då. Eg var elev fyrste runde, så var eg husmor, og til slutt rånar. Eg vann aldri, men eg lo meir enn eg har gjort på lenge.

Det var altså ein uvanleg dag, og eg var utruleg glad for at eg ikkje hadde reist heim. I dag vil eg sitta ute i sola og putla og lesa og nyta at skulen ikkje er så bråkete som vanleg.

mandag 7. september 2009

Dancin' in September

Ja, no er hausten på veg og Sagavoll-året er sånn cirka offisielt godt i gang. Eg var i Oslo i helga, og det var godt å "byta boble" ei stund, som eg sa til nokre målfolk. Der laga eg ei t-skjorte med Ivar Aasen på og "Bokmål er fint i dikt". (Den går eg med no, og får masse blikk og spørsmål.) Elles hadde me eit skikkeleg bra landsstyremøte, og den naudsynte festen hos Eva&Janne&Odin (òg kjende som Håvard&Robert&eitt-eller-anna) etterpå. Gøy! (Ikkje så gøy å reisa klokka ti for så å møta ein sleskete mann på Haukeliekspressen. Ja, ja.)

Men før helga hadde eg mellom anna to intensive linjedagar med klassisk ballett og moderne med "impro". Dette, pluss gym på fredag, gjorde at eg gjekk rundt i Oslo med eit umenneskeleg gangsperr. Herleg!

Tenkte eg skulle fortelja litt om timeplanen og slikt på Sagavoll. Ei "typisk veke" (som eigentleg er ganske sjeldan) har me modular/valfag på måndag, torsdag og fredag, og linje på onsdag og torsdag. Laurdag er det seminar om dagen, og så elevkveld. Sundag er fri, men me får kyrkjeskyss om me vil, og der er ofte sundagsmøte om kvelden som er frivillig men hyggeleg. Alle kvardagar har me fri etter middag.

No til helga er det eigentleg fri frå laurdag til måndag. Dei fleste skal heim, men me er cirka 20-25 stk som skal vera att på skulen. Eg tenkjer litt på å reisa på dagstur til Porsgrunn eller noko. Får sjå kva eg gjer. Uansett vert det litt herleg å ha ei roleg helg.

tirsdag 1. september 2009

Berre på folkehøgskule...

... er visse vevsider sperra, sjølv om dei ikkje er pornografiske e.l.
... får ein gå svolten om ein kjem eit minutt for seint til middag.
... er der lang kø på vaskemaskinane, og ein må helst ha namnelappar på alle klede.
... er alt ope til 22:00, bortsett frå kjøkkenet, som er forbode utanom måltida.
... kan ein plutseleg få lyst til å køyra til Sverige på dagstur for å kjøpa snop, og det er heilt greitt, berre ein rekk middagen.
... kan 60-70 personar klumpa seg saman for å sjå Grey's Anatomy.
... består ein alle fag berre ein møter opp.
... har alle likevel lyst til å delta.

søndag 30. august 2009

Sagavoll, veke 2

For å svara på spørsmåla frå Lisabeth:

Fortell meg korleis det går. No går det mykje, mykje betre. Ting byrjar å verta lettare allereie. Folk er meir avslappa og opne. Dagane går meir av seg sjølve. Eg byrjar føla meg som heime.
Kva et du? Eg et vegetarmat! Kjøkkenstaben er nokre superkoselege kvinner som tydelegvis veit kva dei driv med. Så eg får dritgod og sunn og variert mat. Det vert ikkje betre enn det!
Korleis ser rommet ditt ut? Det er eitt av dei største, faktisk. Kvar av oss har ei god og breid seng, eit halvt skap til klede, tre hyller og eit skrivebord. I tillegg har me skikkeleg god utsikt.
Kven deler du rom med? Det har eg vel sagt allereie?
Når kjem du hem att? I haustferien! Altså ein gong tidleg i oktober. Hugsar ikkje datoane no.

Nokre stikkord om veka som har vore: "Fysiske utskeielser" (gym for pyser), koseleg linjedag utan trening, oppstartstur med fjelltur (Gaustatoppen) og drageverkstad, kakebakekonkurranse, landsdelunderhaldning, nynorskgudsteneste. Digg, digg, digg.

Og så har eg skrive nokre brev - kanskje er du mellom dei heldige som får eit snart! (Det er berre å seia frå om ein har lyst på :))

P.S.! Om nokon vil koma på besøk, så kan de det! Berre sei frå i litt god tid. Det kostar 40 kr å overnatta, og nokre myntar for måltid.
P.P.S.! Om de vil skriva brev til meg, så må de vita det fulle namnet mitt, som eg ikkje skriv her, og så skriv de det pluss "Sagavoll Folkehøgskole, 3810 Gvarv". Enkelt og greitt. Då vert eg superglad :)

søndag 23. august 2009

Sagavoll, veke 1

(Litt keisam tittel, men iallfall informativ)

Snart er den fyrste veka mi på Sagavoll Folkehøgskule over. Tida har gått fort og treigt og rundt og rundt i hovudet mitt. Eg forstår nok ikkje heilt kor eg er. Det er som eg trur eg er på leir og skal heim om nokre dagar. Men slik er det ikkje. Dette må eg venna meg til. Og det har eg allereie, litt iallfall. Det som gjer at det går, er medelevane og personalet og maten. Og det er jo ganske mykje!

Romkameraten min heiter Sofie, kjem frå Bergen og snakkar østlandsk. Ho går på KRIK-linja og er likevel veldig koseleg. Tone Mari er naboen min. Me har dei to romma som har best utsikt - me kan sjå heile skulen frå vindauget. I tillegg bur me på ein nyoppussa etasje, som tidlegare var husvære for stipendiatane. Etasjen heiter Sagatoppen. Dei andre jentene på etasjen er òg kjempekoselege. Det same gjeld danseklassen, trur eg. Me har hatt to linjedagar der me kjapt lærte ein dans som me viste for m.a. foreldra på opningsfesten igår (meir om det på dansebloggen min). Så me har ikkje vorte så godt kjende enno, men eg har ei god kjensle.

Personalet er kanskje dei mest hensynsfulle menneska eg har vore borti. Dei lærer oss gjerne om klesvask og anna husarbeid, dei oppmuntrar til å spørja dei om kva som helst, dei seier det er heilt greitt om me treng å vera litt åleine, og dei forsikrar oss om at dei fyrste vekene er dei tøffaste. Og sånn btw, dritgod mat. Eg meiner det.

Ein ting til må eg fortelja. Her på skulen har me ei heil bok (hefte, då) med alle valfaga me kan ta. Der er over 100 av dei, og me skal ha minst 15 for å få året godkjend. 7 av dei må vera innan kategoriane trusliv, samfunnsliv og eige liv. 2 av dei bør vera idrett, dans eller annan fysisk aktivitet. Elles er der allslags formingsfag, instrumentopplæring, matlaging... og eit kor, då, som heiter Dynamis. Det er som eit valfag som ein har heile året (frå etter haustferien). Der må eg jo vera med.

Nokre hundre meter borte er der eit "sentrum" med Kiwi, Prix, apotek, bank, bakeri, Bademiljø... eh ja. Og ein pub, men der har me strengt tatt ikkje lov til å gå. Ikkje drikka, iallfall. Uansett. Og ein sykkeltur unna ligg Bø, med kafear og frisørar og butikkar og kino og treningssenter og alt ein treng, eigentleg. Så dette er bra.

Snart må eg byrja å samla målungdommar!

torsdag 6. august 2009

Rare ting hender alltid på Furutangen.

... og Kontra er ikkje noko unnatak!

Om eg skal oppsummera tida til no, så er det slike stikkord eg kjem på: Hyggeleg samtale på evig lang busstur, god middag, kjærleiksbrev på oppslagstavle, kulturmønstring med varierande kvalitet, dårlege forsøk på fotografering, ukulelespel (tåla at yngre, framande personar låner han), uroleg søvn, morgonyoga, avlyst dansekurs, spontanpåmelding på elementært språkkurs (bosnisk), musikalsk bråk.

Det er berre litt av det rare som har gått føre seg dei siste cirka 17 timane. Men det raraste er å hugsa dei andre gongane eg har vore her. Så vilt ulike grupper, føremål, hendingar, stemningar. Den same staden vert heilt annleis.

Eg veit at eg ikkje heilt høyrer til her, men det gjer ikkje så mykje. Eg får berre observera denne verda, dette samfunnet, og læra noko av det. Det er jo alltid ein fin ting.

Men veit de kva det raraste til no er? Å høyra fråhaldsungdom syngja "Put some juleøl in your cup [rare lydar] when it's drukk you fill it up"...

søndag 2. august 2009

For å redda verda og slikt...

Hugsar de Free Rice? Eg tenkte berre eg skulle driva litt reklame for sida, fordi eg ser at statistikken har gått litt feil veg i det siste. Free Rice er eit "spel" der du kan testa deg sjølv i mellom anna engelsk vokabular, verdsgeografi, kjende måleri osb. Når du får rett svar, får du opp 10 riskorn. Dette tyder at ein sponsor sender pengar tilsvarande mengda med ris som du samlar opp, til SN-prosjektet World Food Program, som då sender mat til skular eller familiar som treng det. Dette er berre ein av måtane som SN prøver å "mata verda". Det funkar, og her kan du sjå nett kor bra det funkar. Men målet er sjølvsagt langt frå nådd. (No kjenner eg idealisten i meg spretta fram...) Om du vil hjelpa, om så berre litt, så kan du gjera det heilt gratis ved hjelp av Free Rice. Ver så snill. Det er kjekt for deg, og livsviktig for ein du ikkje kjenner.

mandag 20. juli 2009

Ofte stilte spørsmål

De opplever det sikkert, de og: Dei same spørsmåla har ein tendens til å gå att når ein møter folk. Eg skal demonstrera med døme på spørsmål eg får for tida, og heilt ærlege svar på dei. Desse er delte inn i høvelege kategoriar. (No ser eg forresten at det dukkar opp nokre ikkje-spørsmål innimellom. Det gir døma meir autentistisis-ja de veit.)

"Neste år"
Kva skal du gjera neste år?
Eg skal på folkehøgskule! Sagavoll, heiter skulen.
Å, kor ligg det?
Nokre kilometer frå Bø i Telemark.
Ååå, det vert sikkert kaldt. Kva skal du gjera der, då?
Eg skal dansa!
Det vert sikkert kjempekjekt.
Det trur eg òg.

"I sumar"
Kva skal du gjera i sumar?
Ingenting!
Hæ?
Jaja, det vil seia, eg har jo vore på leir og skal på ein til. Og eg skal stå på stand på Gladmat-festivalen. Og eg har vore litt i Suldal.
Det er jo ikkje ingenting, då.
Nei, nei.
Men jobbar du ikkje?
Jodå, på Gladmaten.
Ja. *ser litt usikker ut* Er det fint å ha fri, då?
Kva trur du? Eg elskar det!

"Kjærleiken"
Korleis går det med kjærleiken, då?
Ikkje framover, akkurat.
Å... Eg trudde du hadde noko på gang?
Jodå. "Hadde" er stikkordet her.
Så dumt.
Ja. Men det er greitt.

Dersom de framleis er usikre, så kan eg vel oppsummera dette med å seia at:

- nei, eg skal ikkje byrja på eit studium til hausten, eg skal derimot kosa meg
- nei, eg har ingen fast jobb i sumar, eg har derimot minst ein koseleg jobb på eit par dagar
- nei, eg har ikkje noko på gang lenger, eg er derimot fri og lukkeleg.

Til alle andre arbeidslause, einslege slaskar som veit å ha det kjekt: Fortsatt god sumar!

mandag 29. juni 2009

Sjiraffen Laffen gir alltid blaffen

... i om det er fløte nok i kaffen *syng*

Eg er komen heim frå sumarleir. Det var digg, og du som ikkje var der kan angra, og koma neste år! :D Ja. Meir om det seinare, kanskje. (Men tendensar har vist at når eg seier "meir seinare", så er det sjeldan sant. Likevel, eg skal prøva.)

Men, sidan eg kom heim har eg ikkje gjort så mykje produktivt, bortsett frå å teikna sjiraffar, då. Og det er ikkje så uviktig som det kanskje høyrest ut. Sjekk det ut, då vel. Til no har eg teikna 4 sjiraffar: 1 på sumarleiren og 3 nett no. Dersom du gjer som meg, kan det henda at målet om ein million vert nådd!

Så, utfordringa mi til deg er:
* Teikn minst ein sjiraff og send inn (instruksar finst på vevsida). Den einaste regelen er at det skal vera handteikna, men du kan naturlegvis senda bilete av teikninga. Eitt ark/ei teikning kan innehalda fleire sjiraffar, og alle tel med.
* Utfordra folk du kjenner til å gjera det same. Lag gjerne eit blogginnlegg som dette, eller snakk om prosjektet ved middagsbordet, eller på fest. Arranger gjerne ein teiknesirkel med ein venegjeng! (Der er mange måtar å mobilisera på.)

Enkelt, er det ikkje? Og kanskje eitt av dei koselegaste prosjekta det går an å vera med på. Grunnen til at eg tykkjer det, finn du dersom du skrollar ned til siste avsnitt på denne sida.

Lukke til!

onsdag 17. juni 2009

Sidan sist...

... har eg hatt eksamen (det har gått litt opp og ned, heldigvis litt opp på den siste)
... har eg avslutta vidaregåande, sånn bortsett frå å få alle karakterane og slikt
... har eg hatt min siste vanlege dansetime på kulturskulen
... har eg vore i Oslo. :)
... har eg hatt besøk av nokre av dei finaste jentene på jord (avgangskongsgårdjenter)
... har eg vore på nokre eksamenskonsertar
... har eg tapt i sjakk 2 gonger, mot Liv
... har eg vore på kino 2 gonger: Star Trek og Angels and Demons
... har eg kjøpt nye klede - to kjolar seinast i dag
... har eg byrja å gle meg til ting att

Det var kortversjonen, som sikkert manglar mykje viktig. Men men.

For å gå litt meir i detalj:

... så kan eg fortelja at eg har hatt skriftleg eksamen i norsk hovudmål, der eg skreiv ein reklameanalyse. Lurt? Usikker. Så var det historie og filosofi, der eg skreiv om fridom. Kjekt? Litt. Siste skriftlege var kommunikasjon og kultur, der eg skreiv om. Eh. Ja, sei det. Over til munnleg, så fekk eg fransk, som er det beste faget mitt. Tilfeldigvis var det i tillegg det skumlaste faget eg kunne hatt munnleg eksamen i, men det gjekk godt for det. Heldigvis. (Vitnemålet mitt treng litt... balanse.)

Vidaregåande er snart slutt. Det er faktisk slutt i morgon. Heilt rart. Me skal ha fest i skulegarden, med kake og polynese og "underhaldning". Ja, med hermeteikn. Kvar av tredjeklassane skal bidra med eit innslag (t.d. song), og av erfaring kan kvaliteten variera. Me får sjå. Og om kvelden skal me høyra på talar og sjå flinke folk få stipend og slikt.

Den siste veka på kulturskulen var utruleg vemodig. Som de veit hadde me ope hus, og foreldra mine stilte opp med kamera, og Sunniva med eit smil. Me hadde superkjekke klassar og berre koste oss. Og så måtte eg ta farvel. Det vart klønete, trist og fint. Og eg fekk vita at eg kunne koma innom når eg ville.

Turen til Oslo hadde eigentleg eit heilt fornuftig føremål, altså nemndsmøte. Men så er det jo i tillegg kjekt å vera i Oslo. Bra folk, og slikt. Så fekk eg tilmed tatt ein aerobic-time. Spenstig. (Eg har framleis gangsperr, 3 dagar seinare.)

På måndag hadde eg hagefest, der berre fine jenter frå tredje klasse på Kongsgård var inviterte. Kremen, med andre ord. Me åt god mat (som Jasmin og Sunniva i stor grad laga, tusen takk, eg elskar dykk), me mimra, me prata, me lo, me klemte kvarandre, me studerte hol i strømpebukser. Det var vakkert.

Før hagefesten, og dagen derpå, gjekk eg på eksamenskonsertane til Silje&Ragnhild (trombone og piano) og Olaug, systera til Liv (trompet). Dei var sjølvsagt superflinke. (No innser eg at det kan sjå ut som Silje&Ragnhild hadde eksamen saman, men nei. Eg plar berre å snakka om dei i par :))

Etterpå gjekk eg og Liv på Bøker og Børst, der me spelte sjakk. Ho sa på førehand at ho hadde spelt 4 gonger før i heile sitt liv. Eg har gått på sjakk-klubb. Kan tru eg er flau. (jamfør der oppe ^)

I Oslo var eg med ein bra gjeng og såg Star Trek. Forvirrande, kreisi, nerdete og dødsbra. I går såg eg og Stine Angels and Demons. Spanande. Det er ordet. Kan tilrå dei båe to, faktisk. Underhaldande er det jo absolutt.

Kleda treng eg ikkje gå mykje inn på, men eg kan seia at mor mi trudde den eine kjolen var ein nattkjole. Takk, liksom.

Dei siste avsnitta har vore litt korte her, ser eg. Dette får verta litt lenger. Dei siste dagane har eg hatt nokre stundar (fleire enn på lenge) der eg har hatt tid til å berre tenkja. Herleg. Og når eg byrjar med det, kan eg anten tenkja på ting som plagar meg (det har eg greidd å unngå, for det meste) eller ting eg gler meg til. Så eg har tenkt i veg på sumarleiren, Sagavoll, og livet generelt som ligg foran meg ådi.

No er det sumarferie. No skal eg leva.

torsdag 4. juni 2009

Neste veke!

Neste veke er den siste for meg på kulturskulen. Der er ein viss sjanse for at eg kjem til å gråta litt. Men i samband med at skuleåret er over, skal altså danseavdelinga ha ope hus. Då kan vener, familie, naboar og kjæledyr (eh ja) koma og sjå på ein "vanleg" dansetime. Dei timane som du ikkje kan gå glipp av, er:

- Moderne: onsdag 10. juni kl. 18:30 (ca ein time)
- Klassisk: torsdag 11. juni kl. 17:30 (ca halvannan time)

Dette går føre seg i Dansens hus ved utenriksterminalen i Stavanger. Kjem du? Klart du gjer.

(dette innlegget er òg lagt ut på dansebloggen)

lørdag 23. mai 2009

Kosmos og kaos

På piknik på torsdag måtte eg vera ærleg med meg sjølv. Rommet mitt, skulearbeidet mitt og kanskje tilmed hovudet mitt er i ein kaotisk tilstand. Kvifor er eg då så roleg? Eg er aleine heime, har masse tid og plass til å rydda opp i alt, og kva vel eg å gjera? Sjå Ugly Betty. Syngja. Skriva brev. Planleggja ei bursdagsgåve. Fleire, faktisk. Og ikkje minst å bruka litt meir tid på å eta og lesa aviser. Er det noko gale med det, då?

Nei, no er slutten så nær at eg treng å ikkje gidda å stressa (rar setning, men likevel). Det har eg gjort lenge nok. Snart er skuleåret over - snart er vidaregåande skule over - så der er ikkje så mykje meir å stressa over. Eksamen er der jo, men altså. Det eg ikkje har lært no, vert eg ikkje ekspert på før eksamen. Så eg får ta det som det kjem heller.

Tykkjer det er passande å ha Stine (som kitlar meg på magen) på film-og-is-besøk to dagar før skriftleg eksamen, eg. Kvifor i all verda ikkje.

tirsdag 12. mai 2009

Blogging og meg

Eg trur eg ventar med å endra bloggtittel.

Sånn elles har eg tenkt at eg kanskje eg skal byrja med eit lite nytt prosjekt. På den same brukaren som denne bloggen, har eg no laga ein danseblogg. Kanskje får eg nokon med meg, kanskje gjer eg det åleine. Men tanken er iallfall at eg skal konsentrera meg om dei danserelaterte opplevingane mine der, så kjem resten her. Men eg får sjå om eg gjennomfører det. Følg gjerne med, om de er interesserte (eg ventar ikkje at nokon som ikkje driv med dans gidd å lesa).

I tillegg er eg med på ein russeblogg. Eg var ikkje heilt sikker på om eg skulle "brifa" med det, men no er det jo berre nokre få dagar igjen, så det får gå greitt. (Edit: no har eg fjerna meg frå bloggen og har difor òg fjerna linken her.) Føremålet med russebloggen er å få superknute. Best å vera ærleg. Men så er det i tillegg litt underhaldande, då :)

tirsdag 5. mai 2009

Filosofi over ein is

Så, eg hadde eigentleg tenkt å venta med å skriva eit nytt innlegg til eg gadd å ta bilete av tinga eg ville visa dykk, men så fann eg ut at eg eigentleg ikkje kom til å gidda på ei stund, så eg droppar det førebels. Vil heller dela litt andre ting.

Har du tenkt på korleis sansane av og til kan overkøyra kvarandre? Sånn til det positive? Det tenkte eg på idag. Når du til dømes sit på ein dobbeldekkarbuss og ser eit dådyr (midt i byen), tenkjer du ikkje på kor bråkete det er der inne. Når du et ein skikkeleg god is med pære- og jordbærsmak, tenkjer du ikkje på kor kaldt det er å halda isen. Når du vandrar i Oslo og pratar med ein hyggeleg NMU'ar om målfolk og festing, tenkjer du ikkje på det vonde gnagsåret på høgrefoten. Når du får masse klemmar og fine ord før du drar frå ein fest, kan det tilmed vera litt mindre stress å sitja på det nattoget og gå på skulen etterpå.

Men somme ting lar seg ikkje overkøyra, iallfall ikkje med ein gong.

Tidevatn går opp og ned
Uendeleg i alt slags ver

lørdag 18. april 2009

Super title me

Okei, eg veit eg bryt ein løfte no ("resultatet av dette får de sjå i neste innlegg"), men fyrst må eg berre spørja dykk om noko.

Eg er litt lei av bloggtittelen. "Velkomen til planeten", liksom? Teit? Ja. Så eg trur kanskje det er på tide å finna ein ny tittel. De får 2 dagar (+-) på å gjera framlegg om tittel. Dersom ingen har framlegg, eller eg ikkje likar dei, så skal eg finna nokon som de kan røysta over, i stilen kva-skal-sykkelen-til-Lisabeth-heita. Eller dersom eg likar fleire av framlegga, så vert det den same prosedyren. Tog dokk an?

(Eigentleg skulle eg kanskje ha endra adressa òg, men. Det får venta litt.)

Ha ein glitrande laurdag! Det skal eg.

torsdag 16. april 2009

Borte bra, men ikkje overalt

Eg kom heim frå USA på tysdag. Men no skal eg hoppa litt bakover i tid.

Resten av tida hjå fæmlien på mor si side var sjølvsagt fantastisk. Så reiste me sørover på torsdag. Til T.O. (Thousand Oaks). Urk. Var det ikkje for at farmor bur der, skulle eg vera glad for å sleppa å reisa der att. De kan lesa litt om byen på vikkipedia, om de vil. T.O. ligg såpass nærme Los Angeles at ein kjenner det. Ein kjenner liksom dei ekle sidene av det amerikanske, og kjem ikkje vekk frå det. I tillegg er det der den andre fæmlien bur, altså dei på far si side. Ikkje misforstå, eg er glad i dei. Men dei er liksom ikkje fullt så enkle å få kontakt med som dei andre. Dei er noko for seg sjølve.

Men farmor er dritkul. Ho er 88 år gamal, trur eg. Ho har flytta ut av huset sitt og inn i ein slags gamleheim, berre mykje finare. Der får ho litt hjelp, men greier seg eigentleg utruleg bra sjølv. Så er ho 100% tilstades, og både hugsar og høyrer perfekt. Den eigentlege grunnen til at me reiste til USA, var for å rydda ut av huset. Altså måtte alle tinga hennar fordelast! Godt at det finst villige søner og barnebarn. (Resultatet av dette får de sjå i neste innlegg.) Me fant alt frå gamle bilete til klede til kjøkkenutstyr til far min sine lekser frå vidaregåande. Gøy! Og med alt dette fekk me plutseleg mykje meir å snakka med farmor om.

Nedturen kom på reisa heim. Eg greidde nemleg å verta forkjøla eit par dagar før. Kjære lesar, dersom du kan unngå det, ikkje fly når du er forkjøla. Eg fekk liksom all smerta i verda lagt saman inn i øyra mine. Ao då, tenkjer du kanskje. Ao då kan ein tenkja når ein snublar og dett på rumpa. Stol på meg, dette vil du ikkje oppleva.

Men okei. No er eg heime og trur kanskje at eg sånn cirka har sove ut. Kanskje greier eg å gå på skulen i morgon, kanskje ikkje.

Kva gjer du når du er sjuk? Eg drikk te og ser teve (o.k.s. fjernsyn). Litt keisamt i lengden.

tirsdag 7. april 2009

Mykji lys og mykji varme

Ja, her er det varmt, gitt!

Eg er i ein solfylt del av verda og nyt det som berre frosne nordmenn kan. I prosessen har eg oppdaga mange stader eg definitivt skal attende til. Berre nemner Ghirardelli's chocolate factory - paradis for folk som elskar is med altfor masse godt til. The pinnacles - paradis for folk som likar utanomjordiske naturopplevingar. New Leaf (butikk) - paradis for folk som vil vera litt alternative utan narkotika og likar god mat og slikt. Twin lakes (strand) - paradis for folk som vil freista ut surfelivet.

Ver med meg neste gong?

torsdag 2. april 2009

Berre tulla!

Eventuelt: aprilsnarr! Patetisk spøk frå mi side, men men.

(Eg har med andre ord framleis tenkt å studera noko språkgreier, og har definitivt tenkt å flytta heimefrå.)

I dag/kveld gjer eg dette:

- prøver å skriva filosofistil
- får det ikkje til
- prøver å rydda huset
- får det ikkje ferdig
- prøver å pakka
- får ikkje roen (trur eg har gløymt noko viktig)

Men etter at eg har gjort alt det, uansett om eg ikkje får det til / ikkje får det ferdig / ikkje får roen, så skal eg søren meg sova. Iallfall litt. Og så skal eg flyyy! Til landet av dei frie og heimen av dei modige! (for å omsetja direkte, slik eg aldri ville gjort, sånn eigentleg)

Dersom nokon har sånn ekstremt god peiling på islamisme og sånn ekstremt reflekterte tankar om demokrati, og helst sånn i samanheng-ish, så gje for all del lyd.

Elles får de ha god påskeferie! Igåvf

onsdag 1. april 2009

Nye idear, kanskje kanskje

I det siste har eg tenkt ganske mykje på framtida mi, sånn der karrieremessig og slikt. Sidan eg skal på folkehøgskule neste år, treng eg ikkje søka på universitet heilt enno, men det er jo greitt å ha ein plan. Og det siste året har eg nesten berre tenkt at eg ville gå noko språkgreier (t.d. lingvistikk eller nordisk), men eg er ikkje lenger heilt sikker på om det er mi greie. Så her er nokre av ideane mine:

- Eg kan jo til dømes studera botanikk. Det gjorde far min. Han likte det. Blomar er fine.
- Eller geologi. Det var jo "ytre krefter"-kapitlet eg likte best i geografifaget.
- Men det som eigentleg fristar mest nett no, det er å verta prest. Tenk deg det, å stå og snakka om det aller viktigaste i livet ditt for eit par hundre menneske kvar sundag, og få betalt for det.

Dersom eg bestemmer meg for det siste, inneber det at eg anten reiser til utlandet for å studera, eller vert buande her og går på Misjonshøgskulen. Det siste er kanskje best. Då kan eg jo bu heime ei stund til.

søndag 29. mars 2009

Sudelida sudelidei

Eg heiter Sara [etternamn] og eg er ein målungdom
Eg sit no i landstyret og kjenner meg så from
Og bokmålsbrukarane ligg i hi men det gjer ikkje eg
For heila helga har eg debattert og hevda meg

Landsmøtet vart ein god suksess
- sudelida sudelidei
Det er alt eg kan seia om det
- sudelida sudelidei
Me vedtok masse bra
Høyrte på det talarane sa
Til og med dansa litt, å ja!
- sudelida sudelidei

Tra la lalala la, fyll opp mitt tomme krus!

(Eigentleg tek eg ingen "credit", som det heiter på godt norsk, for korkje songen eller suksessen til landsmøtet, eller noko anna. Men slik kan det gå. Takk for ei flott helg, målfolk!)

lørdag 21. mars 2009

Så mykje rart kan skje på ein fredagskveld

Eg likar:

- Jakob Håkon Band når dei tar av
- Tou Scene, eit utruleg kult bygg som har masse bra konsertar - eg skulle ha gått der meir
- hyggelege middelaldrande damer som bur i Frankrike og som vert "øvejidde" når teite ting skjer og som pratar på veg heim frå busshaldeplassen
- å få post av NMU, det er heilt annleis enn å få post frå andre organisasjonar, fordi eg faktisk kjenner dei som har skrive breva og lagt dei oppi konvoluttane

Eg likar ikkje:

- fulle folk, særleg unge jenter som ikkje greier å røra på seg
- at tyveri er ein så stor risiko på fullstappa konsertar
- stygge bussjåførar som berre køyrer vekk frå uskuldige folk som er ein tur i minibanken fordi sjåføren er vanskeleg og ikkje lar dei betala med reisekonto
- at folk er pålogga på msn og ikkje svarer når ein sender melding
- å nesten innsjå at eit prosjekt er nesten håplaust, men likevel prøva å halda motet oppe i tilfelle det går bra likevel, fordi det isåfall hadde vore så sjukt verdt det

Dette er iallfall heilt sikkert: Eg må gjera alt eg kan for at resten av denne helga skal vera dritbra. Elles kjem eg til å tenkja for mykje, og det er ikkje bra for meg.

EDIT: Ærleg talt, eg er så jente. *slår seg i panna*

søndag 15. mars 2009

Når eg ein dag får for mykje fritid...

... eller om eg ein dag får for mykje fritid, før eg vert gamal og handicappa altså, då er det mange ting eg vil gjera.

Til dømes vil eg bruka meir tid på dagbokskriving, og gjera meir ut av det. Eg vil nytta fargar, og lima inn polaroidbilete og billettar og kvitteringar og liknande frå gode opplevingar. Og eg vil freista skriva litt annleis enn "standard" og velja litt finare ord. Kanskje eg tilmed kan skriva litt lyrisk.

Ein annan ting eg vil gjera er å laga eit klesplagg. Tenk så gøy å gå med ein kjole eller noko som ein har laga sjølv! Den siste tida har eg samla på DIY-oppskrifter og har store planar om å gjennomføra nokre av dei. Ein dag.

Og eg vil læra meg sjølv litt psykologi, sidan eg ikkje fekk tatt det som fag på vidaregåande. Kanskje eg skal kjøpa ei brukt psykologibok frå då det var valfag. Så vil eg læra å forstå menneskesinnet betre. Eg tenkjer det vert like gøy som filosofi, og vesentleg mindre svevande. Det vert bra.

Det hadde òg vore gøy å læra eit nytt språk. Ein kan kanskje seia at eg kunne lært meg fransk betre, og det vil eg jo òg. Men så er der så mange flotte språk her i verda. Det hadde vore litt kjekt med ei lengre liste over språka eg kan bruka. Og det å putla med grammatikk er jo stas nok i seg sjølv for ei som meg.

Når eg er så godt i gang med ting eg vil læra meg, så hadde det jo vore fantastisk skoj å læra ein ny dansestil. Eg berre nemner tango, stepping, folkedans, vals, bollywood. Rørsle er kanskje den beste forma for kunst. Og så er det så herleg å slå seg laus til vakker musikk.

Denne lista kunne blitt ganske lang. Kan henda skriv eg ein del 2 seinare.

Kva ville du gjort om du plutseleg fekk for mykje fritid?

onsdag 11. mars 2009

Sånne overflatiske utsjånad-greier

(Åtvaring: dårlege mobilbilete. Kameraet mitt ligg i koma.)

I morges, då eg sto opp, såg eg omtrent slik ut:



Og då eg kom heim, såg eg meir slik ut:



Eg kan ikkje akkurat seia at eg har vorte "ei ny kvinne", men det er ganske annleis for det.

søndag 1. mars 2009

Vinterferiar er ei bra tid for å...

... gjenoppdaga filmar, musikk og slikt som ein har gløymt, til dømes:

Malcolm Middleton. Eg skulle skriva melding (anmeldelse) i KK'en, og trong ein "tekst" frå 2008. Platekompaniet, tenkte eg. Der må eg finna noko. Og eg såg i hyllene med ny musikk, og tykte at dette omslaget var litt kult:

Trur kanskje eg hadde sett ei melding av plata i aftenbladet eller noko, der ho sikkert fekk bra kritikk, så eg kjøpte iallfall plata og gjekk heim for å skriva KK-oppgåve. Medan eg gjorde det, fann eg ein ny kjærleik. Og i dag, som akkompagnement til frukosten, var Malcolm der att og song til meg.

"We're having a week off, we're having a rest
Look at the way we cough, it's for the best
The party's over, it's been a long long night
When we get sober, you'll see that I'm right"

Juno.


Har du sett den? Litt i Napoleon Dynamite-stilen, berre litt mer innhald... (eg elskar ND, altså, ikkje misforstå!) No når eg såg Juno for andre gong, la eg meir merke til musikken, som gjer filmen så spesiell. Songen som Juno og Bleeker syng for kvarandre i slutten er kanskje den perfekte kjærleikssongen, på ein litt nerdete og kul måte:

"You're a part-time lover and a full-time friend
The monkey on your back is the latest trend
I don't see what anyone can see in anyone else
But you

(...)

Here is the church and here is the steeple
We sure are cute for two ugly people
I don't see what anyone can see in anyone else
But you"

New Amsterdam.


Då denne serien gjekk på TV, fekk eg sett to episodar før eg fann ut at eg heller burde gjera lekser. Men eg var fascinert, og no i vinterferien fekk eg endeleg sett resten på SurfTheChannel. Det er kanskje ikkje den beste serien i verda, men eg diggar konseptet. Ein mann er på ein måte 400 år, samstundes som han er 35 år. Han dør ikkje og vert ikkje eldre før han finn "den rette". Perfekt fairytale for ein sucker som meg (orsak engelsken. Eg tykkjer eigentleg eg har lov).

"I've watched the world change. Best invention: indoor plumbing. Worst invention: the alarm clock."

Damien Rice. Kanskje ikkje så originalt, men korleis kan ein motstå han?


Ja. Eg meiner eigentleg røysta hans, men han er jo ikkje så galen å sjå på heller.

"What I am to you, is not real
What I am to you, you do not need
What I am to you, is not what you mean to me
You give me miles and miles of mountains
And I'll ask for the sea"

Men nye ting har av ein eller annan grunn berre ikkje vore ein suksess i denne ferien. Då meiner eg mest i filmvegen. Av nye filmar har eg nesten berre sett merkelege/uforståelege/grusomme/bisarre greier. Nesten, altså.

Meir seinare, kanskje...

tirsdag 17. februar 2009

I will write you a song...

Eg har eigentleg ikkje så mykje å seia i dag. Eg har berre ikkje lyst til å lesa meir historiedrit.

Ein ting har eg jo å seia! Fristen for å svara folkehøgskulene er gått ut, og eg svarte Sagavoll. Altså, eg svarte alle, men Sagavoll fekk ja :) så om 6 månader bur eg i Telemark! Eg trur det vert kjempekjekt.

De har sikkert skjønt at eg likar interaktivitet og innspel frå lesarane mine. Så er greia at eg har lyst til å klippa håret. Og eg skal ikkje vera med på Dansefest i år, så eg treng ikkje dultlengde lenger. Altså kan eg gjera kva eg vil. Det er litt fristande og litt skummelt å klippa det kort. Kva tykkjer de? (Dette er mest eit spørsmål til jentene, men òg alle andre som skulle ha ei formeining om hårfrisyrer og meg.)

Sånn elles har eg ein kul i panna. Jepp.

Sjå denne videoen, fordi songen er nydeleg og fordi alle burde ha ein å syngja han til.

onsdag 11. februar 2009

And the moon rose over an open field

Det er litt kjekt å oppdaga at nokon les bloggen min :)

Over til noko heilt anna: Nett no har eg norskstilangst. Men det er ein merkeleg type angst. Det ser om lag slik ut:







(Kanskje det heller kan kallast frustrasjon.) Dersom nokon veit korleis eg skal kurera dette, så gi meg for all del eit bip.

Sånn elles så er svarfristen for FHS rett rundt hjørnet. Eg hadde nesten bestemt meg, men no har eg nesten ombestemt meg. Eg veit at Doc'en har talt (intern greie), men no trur eg faktisk at intuisjonen min taler annleis. Så den skulen eg har lyst til å gå på i dag er Sagavoll. Dersom eg har den same kjensla på fredag morgon, vert det dei som får eit hyggeleg brev av meg. Uansett skal eg oppdatera dykk.

Forresten! Eg meiner ikkje å skryta eller noko, men frå i går er eg leiar i KEM. Ønsk meg lukke til? Og hald på nynorsken folkens, og igåvf - ikkje gløym å vera framifrå! (Det var den beste omsetjinga eg kunne koma fram til av dftba, "don't forget to be awesome". Andre framlegg er velkomne.)

EDIT: Oi då, det siste biletet var for stort. Kva gjer eg med det? Hjelp meg, O kloke vevbrukarar!

torsdag 5. februar 2009

Ny utfordring!


Takk til Ragnhild :)

Dette er utfordringa (eg gidd ikkje omsetja, får håpa de skjønar ;))

1. Gå innpå mine bilder/mapper.
2. Velg den 6 mappen.
3. Finn det 6 bildet.
4. Sett inn på bloggen og skriv litt om det.
5. Inviter 6 nye – link og gi beskjed om utfordringen til dem.

Dette biletet er frå 17. mai 2008, og det er av Kongsgårds Dannede Pigekor. Me er ei lita gruppe jenter som likar å syngja og ha det koseleg, og vanlegvis bruker me ein "skuleuniform" når me har konsert. Men på 17. mai er jo nesten heile poenget med dagen å sjå ekstra fin ut, så det forklårer bunadene og dei andre festkleda. Me hadde ein minikonsert på hovudtrappa før toget byrja. Eg hugsar ikkje kva me song, men det var nok fint uansett. Desse jentene er herlege.

Greitt, no gir eg stafettpinnen til Eva, Jasmin, Liv, Monique, Sigrid (og Helge) og Ulrikke. (Så håpar eg nokon tag'ar Mariell, for eg har lyst at ho skal gjera dette, men ho les sannsynlegvis ikkje bloggen min :P)

søndag 1. februar 2009

Helga som gjekk og året som kjem

Eg har alt fått svarbrev!
... frå alle 4 :S

Ja, altså. Det kom brev i posten i går, men eg opna dei ikkje før no i kveld. Og eg kom altså inn på alle folkehøgskulene eg søkte på. Dette var jo sjølvsagt hyggjelege nyhende for meg, men no må eg velja mellom dei! Hah. Har 3 veker på meg. Førebels ligg Manger høgt.

No er helga i ferd med å, ehm, verta ikkje-helg-lenger, og eg føler ikkje eg har hatt helg før rundt klokka 3 i dag. Men det har vore kjekt, både før og etter :) merkelege greier, eigentleg, eg har liksom følt meg frelst og forelska om kvarandre. (Oi, der avslørte eg meg. Ja, ja.)

Tralala. Det var det eg ville seia.

tirsdag 27. januar 2009

Leppestift, lesing og prinsesse Leia

Kven visste at ei lita sak i ei tube med "pigmenter, olje, voks og bløtgjørende midler" (wikipedia) kunne gi så mykje glede?

Tidlegare har eg hata leppestift, og har berre brukt det på ballettframsyningar. Men så har eg i det siste byrja tenkja at det ikkje er så gale likevel. I går kveld fann eg ein djupraud leppestift i skåpet mitt, nesten ubrukt. Med litt Vaselin oppå var det eigentleg ganske fint. Og i dag var eg så inspirert at eg kjøpte ein ny, visstnok jordbærfarga leppestift. Dette er litt kjekt.

No for tida les eg Popsongar av Frode Grytten. Ganske fint. Ein dag skal eg leita etter alle songane som novellene er inspirerte av. Ein kan aldri høyra for mykje fin musikk. Sjølve boka er interessant oppbygd, og forteljingane er søte/djupe/merkelege. Likar det.

I går gjekk den fyrste Star Wars-filmen på NRK, så eg såg han for fyrste gong sidan den gongen eg sovna på kinoen (eg kan ikkje ha vore eldre enn sju år). Bra film! Og no ynskjer eg at eg hadde tjukt nok hår til å laga Leia-frisyra.

torsdag 22. januar 2009

Ting endrar seg, og eg byrjar verta klar for det.

Endeleg har eg søkt på 4 folkehøgskuler. Det vart Manger, Hardanger (rim!), Sagavoll og Fosen. Om eg kjem inn på alle, trur eg at eg vel Manger. Men det får eg sjå. Har berre nyleg fått ein litt meir interessant grunn til å velja ein skule som er lett å reisa heim frå (og til Oslo, men det er noko anna). Det er mykje å tenkja gjennom. Men det er kjekt.

De har sikkert skjøna at eg har "någe på gang", som det heiter her i området. (De får berre tilgje meg for at det stort sett er det einaste eg snakkar om. Eg må jo det!) Det er difor eg har vore så glad i det siste, og det er difor dagane går så seint.

Så har eg bestemt meg for at de skal få sjå filosofibloggen min. Berre for gøy. Om de er interesserte, då.

Og forresten, yay for Obama! Eg feira med vaniljeis med Bailey's. Prøv det, seriøst.

Ser dykk (somme av dykk, iallfall) i Telemark! God helg =)

søndag 11. januar 2009

... and it did!

Plutseleg har eg byrja tenkja på engelsk. Lang historie, irrelevant, poenget er at eg har sommarfuglar i magen og håpar dei aldri går vekk. De vil forstå om ei stund - får me håpa.

Men eg må ikkje verta for distrahert!

Gløym det, veldig for distraksjonar =)

lørdag 10. januar 2009

Let the happiness come in

Det er heilt merkeleg, eg har vore i så godt humør så lenge no, at eg er nesten redd for at noko skikkeleg gale skal skje. Altså, rundt meg er det alvorlege og triste ting som går føre seg, og eg har sjølvsagt sympati med dei det gjeld, men samstundes har eg det berre så bra at eg ikkje kan skjula det!

Og så har eg plutseleg fått noko heilt spesielt å gleda meg til. Stej tund...

Skuleballet i går var det kjekkaste ballet eg har vore på. Kven visste at det var så mange pene folk på Kongsgård? Kven visste at lærarane kunne dansa? Pluss ein aldri så liten bonus: Marinen. Treng eg seia meir?

Eg har redigert "Neste år?!" og håpar på innspel. I tillegg har eg laga ein filosofiblogg (skuleprosjekt), og når eg kjem i gang med det, skal eg vurdera å leggja ein link her.

onsdag 7. januar 2009

Så mange bra dagar på så kort tid kan ikkje vera sunt.

Eller, når eg tenkjer meg om er det kanskje nett det det er :)

I dag har eg hatt den beste bursdagen eg nokon gong kunne tenkt meg. Eg fekk fine klede, god karakter på ein stil, to bøker, to CD'ar, to ekstremt tejsti kaker, og ei overrasking frå nokre av dei beste menneska på jorda. Tusen hjarteleg takk, alle saman. De er utrulege.

No skal eg berre symja i lukka medan eg har ho. God natt!

torsdag 1. januar 2009

Nytt år, nye klisjéfylte oppsummeringar

No kunne eg ha kopiert og limt inn "året som gjekk"-undersøkjinga frå fjesbok, men eg gir heller ei lita oppsummering, og litt til. (Eg er så original.)

I 2008:
- var eg singel heile året.
- tilbrakte eg 3 veker i kjærleiksbyen og åt den beste maten i verda og snakka det vakraste språket i verda (bortsett frå nynorsk, så klart) og vart betre kjend med ei livsviktig og nydeleg veninne.
- byrja eg å skriva dagbok att, og fann ut at det var litt greitt.
- vart eg medlem av NMU, noko som har hatt store konsekvensar på særs mange område.
- fekk eg mange nye vener, somme veit eg er permanente.
- var eg misnøgd med mykje, men nøgd med meir (trur eg).

I 2009:
- skal eg ut av den vidaregåande skulen og flytta heimefrå.
- vert Barack Obama president i fedrelandet mitt og Sarah Palin er arbeidslaus (ikkje heilt då, men ho bur i alle høve ikkje i Det kvite huset og kjem ikkje til å gjera det heller).
- er den nye ekteskapsloven vedteken og EG ER FOR! I tilfelle de er i tvil.
- kan så mykje godt skje, om me er opne for det.

Dette er år 2009. Kjem me til å hugsa det?