tirsdag 27. januar 2009

Leppestift, lesing og prinsesse Leia

Kven visste at ei lita sak i ei tube med "pigmenter, olje, voks og bløtgjørende midler" (wikipedia) kunne gi så mykje glede?

Tidlegare har eg hata leppestift, og har berre brukt det på ballettframsyningar. Men så har eg i det siste byrja tenkja at det ikkje er så gale likevel. I går kveld fann eg ein djupraud leppestift i skåpet mitt, nesten ubrukt. Med litt Vaselin oppå var det eigentleg ganske fint. Og i dag var eg så inspirert at eg kjøpte ein ny, visstnok jordbærfarga leppestift. Dette er litt kjekt.

No for tida les eg Popsongar av Frode Grytten. Ganske fint. Ein dag skal eg leita etter alle songane som novellene er inspirerte av. Ein kan aldri høyra for mykje fin musikk. Sjølve boka er interessant oppbygd, og forteljingane er søte/djupe/merkelege. Likar det.

I går gjekk den fyrste Star Wars-filmen på NRK, så eg såg han for fyrste gong sidan den gongen eg sovna på kinoen (eg kan ikkje ha vore eldre enn sju år). Bra film! Og no ynskjer eg at eg hadde tjukt nok hår til å laga Leia-frisyra.

torsdag 22. januar 2009

Ting endrar seg, og eg byrjar verta klar for det.

Endeleg har eg søkt på 4 folkehøgskuler. Det vart Manger, Hardanger (rim!), Sagavoll og Fosen. Om eg kjem inn på alle, trur eg at eg vel Manger. Men det får eg sjå. Har berre nyleg fått ein litt meir interessant grunn til å velja ein skule som er lett å reisa heim frå (og til Oslo, men det er noko anna). Det er mykje å tenkja gjennom. Men det er kjekt.

De har sikkert skjøna at eg har "någe på gang", som det heiter her i området. (De får berre tilgje meg for at det stort sett er det einaste eg snakkar om. Eg må jo det!) Det er difor eg har vore så glad i det siste, og det er difor dagane går så seint.

Så har eg bestemt meg for at de skal få sjå filosofibloggen min. Berre for gøy. Om de er interesserte, då.

Og forresten, yay for Obama! Eg feira med vaniljeis med Bailey's. Prøv det, seriøst.

Ser dykk (somme av dykk, iallfall) i Telemark! God helg =)

søndag 11. januar 2009

... and it did!

Plutseleg har eg byrja tenkja på engelsk. Lang historie, irrelevant, poenget er at eg har sommarfuglar i magen og håpar dei aldri går vekk. De vil forstå om ei stund - får me håpa.

Men eg må ikkje verta for distrahert!

Gløym det, veldig for distraksjonar =)

lørdag 10. januar 2009

Let the happiness come in

Det er heilt merkeleg, eg har vore i så godt humør så lenge no, at eg er nesten redd for at noko skikkeleg gale skal skje. Altså, rundt meg er det alvorlege og triste ting som går føre seg, og eg har sjølvsagt sympati med dei det gjeld, men samstundes har eg det berre så bra at eg ikkje kan skjula det!

Og så har eg plutseleg fått noko heilt spesielt å gleda meg til. Stej tund...

Skuleballet i går var det kjekkaste ballet eg har vore på. Kven visste at det var så mange pene folk på Kongsgård? Kven visste at lærarane kunne dansa? Pluss ein aldri så liten bonus: Marinen. Treng eg seia meir?

Eg har redigert "Neste år?!" og håpar på innspel. I tillegg har eg laga ein filosofiblogg (skuleprosjekt), og når eg kjem i gang med det, skal eg vurdera å leggja ein link her.

onsdag 7. januar 2009

Så mange bra dagar på så kort tid kan ikkje vera sunt.

Eller, når eg tenkjer meg om er det kanskje nett det det er :)

I dag har eg hatt den beste bursdagen eg nokon gong kunne tenkt meg. Eg fekk fine klede, god karakter på ein stil, to bøker, to CD'ar, to ekstremt tejsti kaker, og ei overrasking frå nokre av dei beste menneska på jorda. Tusen hjarteleg takk, alle saman. De er utrulege.

No skal eg berre symja i lukka medan eg har ho. God natt!

torsdag 1. januar 2009

Nytt år, nye klisjéfylte oppsummeringar

No kunne eg ha kopiert og limt inn "året som gjekk"-undersøkjinga frå fjesbok, men eg gir heller ei lita oppsummering, og litt til. (Eg er så original.)

I 2008:
- var eg singel heile året.
- tilbrakte eg 3 veker i kjærleiksbyen og åt den beste maten i verda og snakka det vakraste språket i verda (bortsett frå nynorsk, så klart) og vart betre kjend med ei livsviktig og nydeleg veninne.
- byrja eg å skriva dagbok att, og fann ut at det var litt greitt.
- vart eg medlem av NMU, noko som har hatt store konsekvensar på særs mange område.
- fekk eg mange nye vener, somme veit eg er permanente.
- var eg misnøgd med mykje, men nøgd med meir (trur eg).

I 2009:
- skal eg ut av den vidaregåande skulen og flytta heimefrå.
- vert Barack Obama president i fedrelandet mitt og Sarah Palin er arbeidslaus (ikkje heilt då, men ho bur i alle høve ikkje i Det kvite huset og kjem ikkje til å gjera det heller).
- er den nye ekteskapsloven vedteken og EG ER FOR! I tilfelle de er i tvil.
- kan så mykje godt skje, om me er opne for det.

Dette er år 2009. Kjem me til å hugsa det?

onsdag 10. desember 2008

Tida har slutta å vera fienden min for ei stund.

Idag har eg hatt eit nært og traumatisk møte med fortauet. Konsekvensen av det var at eg fekk ein kopp med Twinings Organic Tea då eg kom heim. Noko godt kjem alltid av noko vondt ^^

Har endeleg gjort meg ferdig med boka "Eat, pray, love", som er mykje betre enn ho høyrest ut. Ei kvinne reiser til Italia for å finna "pleasure", India for "devotion" og Indonesia for balanse. (Eg slit med å finna gode norske ord, som de ser.) Eg er inspirert til å gjera noko lignande, ein vakker dag.

Lesedagar er fine. Særleg når ein ikkje heilt veit kva ein skal lesa på, og difor nyttar tida til kjekke ting. Og eg elskar å ha god tid til frukosten. Låt det aldrig ta slut.

søndag 7. desember 2008

"Hjertevarme, julespas og juuulestas"

Kva er betre enn ein dag med berre filosofi, peparkaker, kultur og gode vener? Det er vanskeleg å koma på noko.

Sjekk ut denne franske adventskalenderen og syng og smil. Det gjer godt å vera eit barn nokre minutt om dagen. (Bra er det for fransken òg, dersom det er aktuelt for deg.)

Eg samlar på julesongar på alle språk. Kommentér om du har ein fin song til meg, eller fleire =) han kan handla om Jesus eller nissen eller kva som helst.

Og hugs å tenna to lys.

mandag 1. desember 2008

Eg kjem ikkje til å skriva eit blogginnlegg kvar dag i adventen.

Og det er kanskje like greitt for dykk. Men akkurat i dag vil eg skriva eit litt seint Thanksgiving-innlegg. Sidan eg er amerikansk av opphav, har eg lov til det. På sjølve dagen sat eg forresten og skreiv på særemnet, men eg fekk gresskarpai, då =)

Eg er takksam for:

Gud (okei, to innlegg på rad kor eg nemner Gud, diil vitt itt)
familien min (ja, faktisk! Men dei irriterer meg grenselaust.)
venene mine (sans eux je serais perdue)
at eg bur i Noreg (og ikkje til dømes USA. Det er eit greitt land, det òg, altså. Men Noreg er mykje tryggare. Pluss at eg då sannsynlegvis ville vore einspråkleg.)
skulen min (med flinke lærarar og høge krav - eg har godt av det)
helsa mi (som faktisk er ganske grei, trass i at eg ofte trur ho ikkje er det)
musikk, litteratur, kunst og dei (som kan formidla kjenslene mine betre enn eg sjølv kan)
mat (som held meg levande og ofte gir meg mykje glede, til dømes når eg er i Paris)
blogglesarane mine (som held bloggen min i gang. Heilt sant!)
at eg er singel (det hadde de ikkje trudd! Ikkje at eg hadde hatt noko imot å ha ein kjærast, men på denne måten er eg jo fri til å flørta med kven eg vil.)
at særemnet er over (de aner ikkje kor letta eg er. Seriøst.)
at det finst ein julekalender på norsk fjernsyn som har min type humor (då meiner eg ikkje Blåfjell. Tipp tri gonger.)
[prøver igjen, lagt til 3. desember] nynorsken (me har endeleg funne kvarandre og det er ein livslang kjærleik.)

No har eg forventningar om at ein periode med mykje glede og tid til dei eg er glad i skal byrja. (Innfløkt setning.) God advent, alle saman!

torsdag 27. november 2008

Eg trur på Gud.

I tilfelle de ikkje visste det.

Så får eg ein slik epost som det er vanskeleg for meg å vita kva eg skal gjera med. (Ja, Lisabeth, den du sendte meg.) Det var ein fin bodskap, og det var ikkje tvil om kva føremålet var. Eg følte meg rett og slett pressa til å senda eposten vidare. Men eg likar ikkje å gjera det. Og det er ikkje fordi eg er flau over det eg trur på. Spør de meg om det, så skal de få svar. (Les de dette blogginnlegget, skal de få svar!) Eg veit berre kor irriterande kjedepost kan vera, og kor propaganda-aktig dei kan vera, iallfall i slutten. Dei byrjar alltid fint, så kjem "send denne vidare elles får du ulukke i kjærleiken". Denne var rettnok ikkje dramatisk, men likevel.

"If You Love God... And, are not ashamed of all the marvelous things HE has done for you... Send this forward, also to the person who sent it to you!"

Sorry, Gud. Eg elskar deg, men denne mailen sender eg ikkje vidare.